Litteraturen er politisk

På 1930-talet skriv Sigurd Hoel litterære artiklar om Knut Hamsun og er forlagsredaktør for dei modernistiske poetane Rolf Jacobsen og Åsmund Sveen. Samtidig er han ein suksessrik forfattar og gift med psykoanalytikaren Nic Waal som gjer han kjend med Wilhelm Reichs fornying av psykoanalysen. Medan Hoel skulle halde seg trygt på den kulturradikale venstresida, skulle både Hamsun, Jacobsen og Sveen fremja nazistisk politikk på kvar sitt vis. Dean Krouk tek utgangspunkt i desse fascinerande intellektuelle samanhengane og stridane i Fascism and Modernist Literature in Norway. Studien er eit nyskapande bidrag i forsking på norsk 1900-talslitteratur, og eit viktig innlegg i diskusjonen om samanhengen mellom litteratur og politikk.

Hovudvekta ligg på samanhengen mellom litteratur, poetikk og nazistiske – eller, i tilfellet Hoel, anti-nazistiske – haldningar. I fire kapittel tek Krouk for seg forfattarskapa til desse både estetisk og politisk ulike diktarane. Forfattarskapa blir gått gjennom kvar for seg, men forholdet diktarane har til nazistisk idéstoff er den raude tråden som knyter dei i hop. Slik skaper Krouk eit nyansert og variert bilete av litteratur og politikk i Noreg frå 1890-åra til etterkrigstida, med vekt på 1930-talet.

Krouk tek utgangspunkt i gjengse analysar av modernisme og fascisme for å framheve vinsten i å lesa estetikk og politikk på eit vis som utvidar forståinga av båe. Litteratur, argumenterer han, gjev eit djupare innblikk i politiske strøymingar, noko som kanskje spesielt gjeld fascisme. Fascismen er «metapolitisk» på det viset at han går utanom tradisjonelle politiske skiljeliner. Dimed kastar dei ulike forfattarane ljos på ulike sider av appellen – eller mangelen på appell – nazismen hadde. Til dels blir lesingane gjort med stort utbyte, medan Krouk på andre punkt kunne tort å vera meir kritisk til eigen argumentasjon.

Det må nemnast som eit positivt trekk at Krouk situerer boka tydeleg: Han skriv som nord-amerikansk akademikar over 70 år etter slutten på krigen, i ein annan språkleg og kulturell kontekst. Som amerikansk skandinavist har Krouk dimed eit outsiderperspektiv han framhevar som ein fordel. I større grad enn norske akademikarar hevdar han å stå utanfor den vanskelege debatten om samanhengen mellom politisk engasjerte forfattarar og litterære tekster. For Krouk framstår det som eit faktum at det er ein samanheng mellom fascismen, modernitetens ymse kriseerfaringar, og modernistiske skrivemåtar. Slik blir for eksempel «Hamsun-problemet» mindre relevant i studien. For Krouk er målet snarare å revurdere forfattarskapa til Hamsun, Sveen og Jacobsen for å leggje vekt på at politikken er ein integrert del av dei estetiske ideala til forfattarane, ikkje eit «brot» i ein elles vellukka forfattarkarrière.

Krouk tek utgangspunkt i Stanley Paynes og Roger Griffins definisjonar av fascismen som ein palingenetisk ideologi med etnisk, sosial eller kulturell reinsing som føremål. Hjå både Hamsun, Sveen og Jacobsen finn han uttrykk for rasehygieniske idéar som var med på å føre dei inn i nazismen. Medan for eksempel fransk fascisme var tett knytt til klassisistiske litterære ideal, hadde ikkje den norske bokheimen noko tilsvarande. Her vart romantikk, norrøn mytologi, folkekultur og primitivisme dei estetiske modellane. I så måte er det noko påfallande at Krouk i gjennomgangen av Hamsun ikkje trekkjer inn fleire nyare, norske arbeid om Hamsuns politikk. Tore Rems Knut Hamsun: Reisen til Hitler (2014) blir flittig sitert. Derimot glimrar for eksempel Frode Lerum Boassons avhandling om Hamsuns vitalisme (Men Livet lever, NTNU 2015) med sitt fråvær.

Analysen av Hamsuns litterær-politiske overlapp er likevel nyskapande og god. Krouk finn ein «reaksjonær-radikal» diskurs i Hamsuns romanar allereie frå Mysterier (1892). Han balanserer det å påpeike kontinuitet i forfattarskapet med å kritisere teleologiske lesingar av forfattarskapet: Sjølv om ein finn ideologiske konstantar i bøkene til Hamsun frå 1890-talet fram til og med 1930-åra, er det ikkje ei medviten utvikling mot eit mål. Perspektivet er nyttig for å forstå fascisme og nazisme også på eit generelt nivå. Einskildelement i fascismen var lånte inn frå ulike politiske og sosiale strøymingar i vestleg modernitet. Hamsuns forfattarskap er på det viset også ein dokumentasjon av desse «sosiale energiane».

Uttrykket «reaksjonær radikal» er lånt frå eit essay av Hamsun sjølv, der han rosar kollegaen August Strindberg. Her kritiserer Hamsun det moderne kulturmennesket som med alskens bedøvingsmiddel prøver å fjerne seg frå ubehageleg medvit. Hamsuns løysing, ei vending mot det umedvitne, er velkjend. Det interessante grepet Krouk gjer, er å kople dette til den seinare nazistiske haldninga til nobelprisvinnaren. I denne samanhengen representerer Mysterier ei karnevalisering av det moderne gjennombrotet, som oppvurderer det irrasjonelle og mørke naturkrefter. Slik representerer romanen ifylgje Krouk det fyrste eksempelet i norsk litteraturhistorie på at estetisk avantgardisme blir knytt til ein antiprogressiv ideologi. Det er ei interessant påvising av at Hamsuns nazisme kan sporast til starten av forfattarskapet, som del av ei gjennomgåande kritisk haldning til moderniteten.

Hakket meir problematisk er gjennomgangen av det Krouk kallar Åsmund Sveens «homoerotiske vitalisme». Krouk er blant dei som det siste tiåret har bidrege til forskinga på diktverket til poeten og den nazistiske kulturarbeidaren Åsmund Sveen. Eit tilsynelatande paradoks denne forskinga stadig har påpeikt, har vore det at Sveen, som budde saman med ein mann og skreiv relativt ope homoerotiske dikt, engasjerte seg for ein ideologi som ville utrydde homoseksuelle.

Krouk tek utgangspunkt i den antisosiale vendinga i queerteorien, der eit viktig poeng er at seksuell avvikarstatus på ingen måte heng nødvendig saman med politisk radikalisme. Påstanden er at Sveen søkte mot ei erotisk frigjering med spirituelt islett gjennom litteraturen, noko han også fann eit utløp for i nazismen. Dette er eit overraskande standpunkt, med tanke på at Krouk – med rette – avviser idéen om at nazismen er ein «politisk perversjon» med særskilt appell til homoseksuelle, slik denne idéen vart popularisert av mellom andre dei tyske eksilkommunistane under andre verdskrigen. Det er interessante samanfall mellom nazismens heilaggjering av det erotiske, og dei spirituelt-erotiske skildringane Krouk viser er eit leiemotiv gjennom forfattarskapet. Særleg interessant er lesinga av diktet «Nykken» frå etterkrigssamlinga Brunnen, der Sveen blandar nasjonalromantikk, homoerotikk og eit kunstnarleg martyrmotiv på ein unik måte.

Likevel, eller nettopp på grunn av dette, kan det vanskeleg seiast at Krouk unngår å forklare Sveens nazisme som på eit eller anna vis intimt knytt til homoseksualiteten. Også her kunne diskusjonen vorte meir nyansert med ein breiare kjeldebruk. «Sveen did not perceive national socialism as a homophobic threat», skriv Krouk (s. 73). Det spørst. Så vidt eg veit, finst det ikkje biografiske indikasjonar på at det var erotisk frigjering som appellerte til Sveen med nazismen. Påstanden kviler på ei litt for enkel slutning frå dei spirituelt-erotiske leiemotiva i Sveens poesi til dei spirituelle ytringane i Sveens propagandaverksemd. Her kunne det for det fyrste vore nyttig med ein refleksjon over i kva grad desse teksttypane kan lesast saman – kva for funksjon har dei, kven er dei meinte for, kor fritt kan Sveen ha stått til å skrive innanfor dei ulike sjangrane? For det andre kunne Krouk med fordel spurt seg om ikkje Sveen kan ha sett medlemskapet i Nasjonal Samling som eit vern mot nazistisk forfylging. Dette finst det faktisk indikasjonar på, slik Svanaug Steinnes har vist i biografien Ei kjelde djup (2003).

Det er såleis ikkje uråd å tenkje seg at Sveen både fann ideologisk klangbotn i ein ideologi som ville gjenføde norsk kultur, og at han såg det som strategisk lurt å gå med i eit politisk parti for å sleppe å bli arrestert. At Sveen var ein kritikarrosa poet og målmann, gjorde han tvillaust til ein mann Nasjonal Samling utøvde press mot for å bruke som kulturpolitisk gallionsfigur. Kompleksiteten i dette forholdet risikerer å forsvinne i Krouks elles tankevekkjande analysar. Slik står han òg i fare for å reprodusere eit førestillingsbilete av «den homoseksuelle nazisten» han elles tek til orde for å avvise.

I kapittel 4 blir ein annan modernistisk poet drøfta på ein verkeleg nyskapande måte. Den folkekjære Rolf Jacobsen representerer på sett og vis eit endå meir problematisk tilfelle enn Hamsun. Jacobsen var NS-medlem under krigen, og som redaktør for Glåmdalen publiserte han nazistiske propagandaartiklar. Men der «alle veit» at Hamsun var nazist, har det nazistiske engasjementet til Jacobsen oftare vore dyssa ned og sett som mindre relevant for å forstå diktverket. Jacobsens nazisme har tidlegare vore forstått som ei vidareføring av hatet hans mot det imperialistiske England, og som uttrykk for eit håp om at nasjonalsosialismen skulle stå for ei «sann» form for sosialisme. Medan dette kan stemme, poengterer Krouk at også Jacobsens poetikk har kvasireligiøse og anti-nihilistiske islett som overlappar med nazismen. Jacobsens nazisme kan dimed sjåast i forlenginga av den poetiske kritikken av modernitetens nihilisme. På det viset er modernitets- og teknologikritikken i forfattarskapet meir kompleks enn for eksempel teknologifascinasjonen i italiensk futurisme.

Også i diskusjonen av diktverket til Jacobsen bruker Krouk ei intratekstuell tilnærming, der dei politiske artiklane til poeten blir lesne saman med poesien. Dette er særleg relevant i tilfellet Jacobsen, der nazismen i større grad enn når det gjeld Hamsun har vorte rekna som eit plutseleg brot. Den store mangelen i Jacobsen-resepsjonen, meiner Krouk, er premissen om at «Norway’s principal twentieth-century poet can ‘suddenly’ become a fascist for several years without this exerting some contextual pressure on our understanding of his work» (s. 96). Jacobsens verk må forståast som eit gjennomgåande engasjement med og mot nihilismen, der fascismen framstår som ein av innfallsvinklane for å «gjenfortrylle» verda og gjenskapa metafysisk meining.

Når det gjeld Jacobsen, har det vidare vore ein tendens i forskinga til å lesa diktverket i ljos av Heideggers tankar om poesiens funksjon – men utan å trekkje trådar mellom Heideggers ovundring for nasjonalsosialismen som ein metode for å motverke nihilismen og Jacobsens nazistiske engasjement. Her nyttar Krouk ei verkeleg innovativ tilnærming, og kanskje er det her «utanfråperspektivet» kjem aller mest til sin rett. For Heidegger er det poetiske språket ein aktivitet som tilbyr ein protest mot det teknologiske. Poetisk tenking motverkar nihilismen i den kalkulerande, teknologiske tenkinga. Denne samlesinga av Jacobsens ulike tekster, Heideggers filosofi og Jacobsen-resepsjonen er spennande. Om Jacobsens poesi ikkje er fascistisk, viser gjennomgangen her at einskildelement i modernismens problematisering av den moderne tilstanden kunne føre inn i fascismens utopi om ein gjenfødd og styrkt nasjon.

Krouk argumenterer slik overtydande for at Jacobsen rett nok var lidenskapeleg nasjonalsosialist i berre ein kort periode, men at den politiske overtydinga likevel kan sjåast som ein forløpar for det seinare kristne engasjementet og konverteringa til katolisismen. Konklusjonen blir at «Jacobsen’s National Socialism may have been temporary, ‘moderate,’ and based on socialist and anti-English principles, but these poems also express his messianic expectation of a heroically and violently transformed world» (s. 105). Såleis eksemplifiserer han det Terry Eagleton har karakterisert som modernismens febrile forsøk på å fylle holet etter Gud med nye totalitetsvisjonar og gudserstatningar. Likevel kan ein også her sakne meir eksplisitte drøftingar av dei ulike sjangrane: Kva gjer eit dikt ulikt ein leiarartikkel i Glåmdalen, ikkje berre med tanke på forfattaren (Jacobsen fekk ferdigskrivne propagandatekster som han, ifylgje Krouk, ofte redigerte til eit meir poetisk språk), men også med tanke på lesaren? Kva for appellstrukturar finn vi i dei ulike tekstene som gjer dei meir eller mindre eigna til å formidle ein ideologisk bodskap?

Den siste forfattaren i Krouks studie er Sigurd Hoel, som fungerer som kontrastfigur. Hoel kombinerte marxisme med psykoanalyse på ein original måte for å formulere ein kritikk av nazismen. Som ektemannen til Nic Waal frå 1927 til 1936 var han velkjend med psykoanalysen til Freud-eleven Wilhelm Reich. For Reich var patriarkatet ei undertrykkande makt som førte til seksuell frustrasjon. Undertrykkinga førte ifylgje Reichs revisjon av psykoanalysen til at menneske søkte etter ein sterk farsfigur – ein førar. Reich gjorde grundig greie for desse teoriane i verket Massenpsychologie des Faschismus, som Hoel kjende til. Hoel og Reich møttest også nesten dagleg medan Reich var i eksil i Oslo frå 1934 til 1939.

Hoel såg prosjektet sitt som ei vidareføring av samfunnskritikken i det moderne gjennombrotet. Psykoanalysen brukte han innovativt, ved å plassere Reichs forklaring på fascismen inn i ein ny nasjonal kontekst. Dette ser ein mellom anna i Møte ved milepelen, der den nazistiske karakteren Hans Berg blir framstilt som eit resultat av ei streng, patriarkalsk oppseding. Hoels fundamentale haldning er at nazismen er noko vi alle har i oss – det er ikkje tale om eit «oss» (sosialistar) mot eit «dei» (nazistar). Snarare er det slik at vi alle risikerer å bli det han, med eit omgrep frå Reich, kalla «wilde Kleinbürger» (ville småborgarar). Hoel revurderte på det viset marxismen, som ifylgje han hadde oversett dei irrasjonelle og konservative kreftene nedfelte i menneskeleg psyke.

Gjennomgangen av korleis Hoel kombinerte psykoanalyse med marxisme for å formulere ein nazismekritikk, er svært god. Krouk argumenterer for at Hoel på dette viset representerer det skandinaviske 1930-talets viktigaste litterære kritikk av nazismen. Når det gjeld kapittelet om Hoel, tek eg meg likevel i å undre meg over i kor stor grad dette er relevant for resten av boka. Hoel er ein samlande karakter, men også ein kontrastfigur i det politisk-litterære miljøet i samtida. Både estetisk og ideologisk framstår Hoel som svært forskjellig frå dei andre forfattarane, og eg saknar generelt at Krouk drøftar nettopp forskjellane mellom desse ulike «casane» meir inngåande. Ein kunne også tenkt seg ein grundigare gjennomgang av Reichs teoriar med referanse til primærtekstene. Kapittelet om Hoel har ein tendens til å bli noko oppsummerande.

Det Krouk poengterer med denne studien, er at modernismen ikkje berre avviser klassisistiske estetiske normer, men også kastar vrak på idéen om at forfattaren skal vera ein etisk vegvisar. Ein forfattar som Hamsun blir dimed ikkje eit avvik frå ein liberal eller politisk progressiv modernismekultur, men snarare ein representant for eit av modernismens kjerneelement: opprøret mot etiske og estetiske normer. Fascism and Modernist Literature in Norway bidreg med spennande nylesingar av både kjende og mindre kjende tekster, og gjev auka innsikt i den komplekse epoken modernismen representerer i norsk litteratur. Men kanskje viktigast er det at Krouk med denne boka gjer ein innsats for å bryte ned skiljet mellom «forfattaren» og «politikken». At litteraturen er politisk, og at skiljet mellom ein forfattars litterære og politiske ytringar gjerne kan problematiserast, er ei svært velkomen påminning.