Disputas: 2. oktober 2015, Universitetet i Oslo/Université de Paris-Sorbonne

Rettleiarar: Karin Gundersen (UiO) og Bertrand Marchal (Paris-Sorbonne)

Mallarmé: diktaren sitt nærvære

Stéphane Mallarmé, fråværsdiktar. Slik var lenge visittkortet til Mallarmé. Fråværsdiktar og den fråverande diktaren. Fråværsdiktar: besett av inkjet, av det utilgjengelege Idealet, av forfattaren si forsvinning. Den fråverande diktaren: fråverande frå verda føretrekkjer han det manglande brystet til den antikke amasona framfor det levande kvinnebrystet. Fråverande frå samfunnet skriv han i eit elfenbeinstårn for eit knippe av obskure kameratar, eller for ingen, for boka hans treng ikkje lesarar. Fråverande frå teksten forsvinn figuren hans mellom linjene, for å gje plass til orda, til språket si frie utfalding.

Dette er Mallarmé sin figur slik han framstår for mange lesarar, spesielt dersom dei fokuserer på nokre få, utvalde, teoretiske tekstar. Det er interessant å ta det motsette som utgangspunkt: nærværet. Å leite etter Mallarmé sin figur i teksten, korleis han set seg sjølv i scene, korleis han bruker seg sjølv som retorisk verkemiddel. Kva positurar han tek,1 kva etos2 han flottar seg med.

Gjer ein dette, vil ein sjå ei todeling i teksten mellom ein personleg «eg»-figur og ein upersonleg figur som ikkje seier «eg».

Det er denne mystiske, upersonlege figuren som har fått folk til å seie at Mallarmé forsvinn i teksten sin. Men, like gjerne som diktaren si forsvinning, kan ein her sjå tilsynekomsten til det Mallarmé gåtefullt kallar «Figuren som Ingen er». Denne figuren er «Ingen», av di han representerer heile menneskeslekta, og ikkje ein enkelt person. Diktaren fantaserer om eit teater som i framtida skal kunne erstatte religionen, eller verte ein ny, litterær, religion. Her vil ein skodespelar gje kjøt til denne figuren. Skodespelaren må då gje avkall på alt som kjenneteiknar han som person. Han er ikkje lenger «eg», men essensen av den menneskelege subjektiviteten. Det vert han gjennom å spele ut på scena dei «store haldningane» til menneskja, det vil seie haldningane andsynes den tragiske menneskelege lagnaden: angst, opprør, forsoning. Når dei kjenner seg att i denne figuren, vil publikum sjå kven dei er djupast sett, og forsone seg med lagnaden. Og denne tragiske lagnaden gjer for Mallarmé mennesket til den eigentlege guden. Alt tyder på at diktaren søkjer den same effekten når han skriv upersonlege dikt, altså dikt utan «eg»-figur. I desse dikta er tematikken den same som i framtidsteateret Mallarmé ser føre seg, dei same «haldningane» viser seg. Heller enn fråvære kunne ein difor tale om nærvære: nærværet til Figuren som Ingen er, men som alle kan vere.

Når det er sagt, så er denne upersonlege posituren eit heller lokalt fenomen i Mallarmé sitt verk. Han kjem til syne i berre nokre få dikt, som rett nok kanskje er diktaren sine beste, og i alle høve mest fascinerande. I dei fleste tekstane er det likevel ein personleg diktarfigur som trer fram. Og diktaren tek seg mykje bry med å gje seg sjølv ein sosial identitet. Han set seg i scene som det ein kan kalle «Monsieur Mallarmé». Herr Mallarmé er ein franskmann, det er tydeleg. Denne franskheita kjem særleg tydeleg til uttrykk i kontrast til Tyskland og England, dei to landa Mallarmé interesserer seg mest for. Det er òg audsynt at han taler til lesaren frå ein småborgarleg ståstad. Han plasserer seg sjølv i forhold til både proletariatet og adelen. Og han er ein mann: ektemann, elskar, far (son ser vi merkeleg nok ingen teikn på at han er). Mallarmé insisterer mykje på desse rollene. Samstundes lar han lesaren skjøne at dei ikkje er det viktigaste, særleg av di han handsamar dei med ein nonchalant ironi. «Klassekampen» set han til dømes i scene i eit prosadikt som ein innbilt slåsskamp mellom seg sjølv og ein proletar.3 Desse sosiale rollene er i røynda med på å framandgjere mennesket frå sin lagnad, lar Mallarmé lesaren forstå. Med eit «Pauli ord» kan ein seie at her er ikkje franskmann eller tyskar, her er ikkje proletar eller adelsmann (eller småborgar), her er ikkje mann og kvinne; for dei er alle ein i Figuren som Ingen er.

Viktigare enn Herr Mallarmé er altså Ideen om mennesket. Mallarmé hevdar å ha forstått, meir enn andre, kva mennesket eigentleg er. Korleis klarer han det? Ein annan raud tråd i sjølvframstillinga til Mallarmé er det ein kan kalle det epistemiske subjektet. Dette kan hos Mallarmé delast i to positurar: sjåaren og den rasjonelle. Desse figurane er så tett samanvovne med strukturen til verket at lesaren har inntrykk av å sjå og tenkje saman med diktaren. Dei spelar òg ei viktig rolle for diktaren sin etos. Gjennom sjåarfiguren syner Mallarmé seg som ein enkel vismann. I samtida, seier han i eit brev, har ein gløymd å bruke «den mystiske gåva å sjå med augo»4 («fjern ‘mystisk’», legg han til). I slike omstende vil den som hugsar å sjå stå fram som berar av ein kunnskap som dei andre ikkje har. Samstundes er dette ein upretensiøs måte å framstille seg som vismann, for sjåargåva er i røynda tilgjengeleg for alle. Og stundom vert denne figuren reint sjølvironisk, som når han tek posituren som «skodelysten»5 («badaud») på gata, eller når sjåaren blir kikar.6

Den same sjølvironien rammar òg posituren som den rasjonelle kartesianaren. På den eine sida trer forfattarfiguren fram som intelligent, metodisk, forsiktig (somme tider reint gniken). Men på den andre sida misser resonnementa hans ofte sin berrsynte gildskap, særleg når han skal forsvare litteraturen som den einaste sanne verdien. Men Mallarmé prøver ikkje å løyne at resonnementa hans kan vere svake: tvert imot rettar han søkeljoset mot dei, og set dei i scene på dramatisk og komisk vis. Ved eit høve7 står han på scena som ein ingeniør som skal avsløre korleis det litterære maskineriet verkar. Han demonterer maskinen del for del, til han står igjen med den sentrale delen, den som driv det heile, og som viser seg å vere «ingenting». Litteraturen kviler altså på ingenting. Likevel, seier ingeniøren, har vi «rett til» å bruke dette maskineriet, av di vi vil det. Mallarmé freistar altså ikkje å mystifisere publikum, slik det har vorte hevda.8 Det er meir rett å seie at han sjølv gjer eit vitlaust veddemål som han likevel trur vil løne seg: å tru at litteraturen er verd noko, ja, at han er verd meir enn noko anna.

Forfattarfiguren er dermed først og fremst ein forfattar. Også her set diktaren seg i scene i ulike positurar. Forfattarrolla er ei sosial rolle. Diktaren skildrar levande9 samkvemmet sitt med yrkesbrørne sine (ein kamp på liv og død!), med disiplane (som tilber han mot hans vilje!) og med pressa (som absolutt må ha ein kommentar til det eine og det andre frå orakelet!). Her er Mallarmé ein grinebitar, som motviljug gjer alt som vert venta av han. Diktaren er ikkje på sin plass i desse rollene. Samtida er eit «interregnum», mellom kristendomen og den komande litterære religionen. Her er ingen plass for diktaren som dermed er nøydd til halde på med dette fjaset. Viss Mallarmé er ein «engasjert forfattar», og det er han, dreier altså engasjementet seg om å vise kor tom samtida er: «notida finst ikkje»,10 seier han.

Samstundes skriv han òg dikt, vakre dikt som får ein relativt stor og beundrande lesarkrins. Men sjølv er han ein meister i kunsten å minimalisere verdien til sine eigne dikt. Dei er berre «visittkort»,11 seier han, skrivne for å roe folk som kunne verte skremde av dei radikale ideane hans. Ikkje særleg overtydande, men det viser kor sterkt ideen om at det er «noko anna» som eigentleg er det viktige, verkar på Mallarmé. Dette «anna» kallar han Boka med stor B, og då er vi tilbake til Figuren som Ingen er og til framtidsteateret. Mallarmé drøymer i etterlatne notat om å setje seg sjølv i scene som forrettar i ein obskur litterær kultus der han sjonglerer med sidene i Boka, som såleis komponerer seg sjølv. Også dette er ein del av forfattarfiguren hos Mallarmé.

Hovudinntrykket, når ein har lese verket til Mallarmé, er ikkje at diktaren forsvinn, men at han kjem til syne. Og den som kjem til syne er eit menneske, med sin personlegdom, sitt livssyn, sitt humør og sine strategiar. Det er, kan ein seie, diktarfiguren som er den raude tråden gjennom dette verket.

Det mest slåande i sjølvframstillinga til Mallarmé er ironien. Figuren som Ingen er, ein litterær religion, Boka, mennesket som den eigentlege guddomen: Kan dette vere alvor? Ved første augekast gjer Mallarmé alt for å undergrave truverdet til den som framfører denne utopiske diskursen (altså han sjølv). Dei komiske positurane profeten tek er tilsynelatande ikkje tilpassa det alvorlege emnet. For det er alvor. Uansett kva positur Mallarmé tek er det dei same ideane som heimsøkjer han, og desse ideane er radikale. Det er berre ironien som gjer at han ikkje framstår som ein galning.