Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Arthur Engbergs syn på kunst, kultur og kulturpolitikk - eit ideologisk paradoks eller eit uttrykk for borgarliggjering av sosialdemokratiet

Geir Vestheim, Fil. dr., professor i kulturpolitikk og kulturforvaltning, Høgskolen i Telemark, Bø. Tidlegare professor ved Högskolan i Borås/Göteborgs universitet. Leiar av PhD-programmet i kulturstudiar ved Høgskolen i Telemark. Vestheim har forska og publisert ei rekke bøker og artiklar om kulturpolitikk og kulturinstitusjonar, i Norden og internasjonalt.

  • Side: 27-53
  • Publisert på Idunn: 2014-08-22
  • Publisert: 2014-08-22

Absract

The purpose of the article is to contribute to the research on Swedish social democratic cultural policy in the 1930s in general, and on the career of Minister of Cultural, Educational and Ecclesiastical Affairs, Arthur Engberg (1888–1944), in particular. The methodological approach is a document analysis of a number of his writings and his political speeches, all contextualised to the historical situation in which they were published. The main conclusion is that Arthur Engberg was a spokesman for a liberal - not to say conservative - humanist view on culture and cultural policy. His bourgeois view on culture could be characterized as a political paradox since he represented the Swedish Labour Party - but on the other hand it could also be interpreted as an ideological move to the right by social democrats in Sweden when they conquered a majority of power positions in the Swedish Parliament (Riksdagen) and in the government from 1935 and onwards.

Keywords: Svensk kulturpolitikk, Arthur Engberg, kultursyn, sosialdemokrati

 

Innleiing – formål, problemstillingar og metode

Formålet med denne artikkelen er å gi eit bidrag til forsking om nordisk og spesielt svensk sosialdemokratisk kulturpolitikk i 1930-åra. Konkret er dette knytt til ein studie av skriftene og karrieren til den svenske kulturpolitikaren Arthur Engberg, som var ecklesiastikminister1 i periodane 1932-1936 og 1936-1939 i Per Albin Hanssons regjering. Engberg må ut frå dei posisjonane han hadde kunne seiast å vera den mektigaste og mest framståande kulturpolitikaren i Sverige i 1930-åra.

Eg vil analysere og forstå Engberg ut frå to perspektiv: På den eine sida vil eg presentere og analysere dei kulturpolitiske standpunkta hans i lys av den personlege bakgrunnen hans, sosialt, utdanningsmessig og politisk, og på den andre sida vil eg tolke det han stod for som eit uttrykk for ei allmenn ideologisk utvikling i dei sosialdemokratiske partia i Norden i perioden. Eit gjennomgåande trekk ved utviklinga i denne perioden var at sosialdemokratane også på kulturområdet gav opp den sosialistiske strategien og tileigna seg ein borgarlig-liberal kulturpolitikk, der den nasjonal-liberale folkeopplysningstradisjonen frå 1800-talet vart ført vidare i arbeidarrørsla. ‘Folkeopplysning’ eller ‘folkbildning’ stod sterkt i dei sosialdemokratiske partia i Skandinavia, ikkje minst i Sverige.

Som eit komparativt innslag i analysen kjem Engberg og svenske forhold til å bli samanlikna med norske forhold der det er naturlig.2 Dette munnar ut i følgjande problemstillingar: Kva for grunnsyn på kunst, kultur og kulturpolitikk var det Arthur Engberg gav uttrykk for i mellomkrigstida? Korleis kan ein forstå og forklare dette grunnsynet som eit individuelt perspektiv og som eit uttrykk for den ideologiske utviklinga i sosialdemokratiet?

Den metoden som er brukt for å svara på desse spørsmåla, er analysar av eit utval av skriftlige dokument som Arthur Engberg etterlet seg. Engberg var journalist og redaktør, han hadde mange tillitsverv i Socialdemokratiska Arbetarpartiet og han var riksdagsmann og statsråd. Derfor er det naturlig at avisartiklar, partiskrifter som Engberg har skrivi og eit utval av riksdagstrycket3 er primærkjelder for denne artikkelen. Men det er sjølvsagt begrensa kor mye materiale som det er mulig å gå gjennom i ein kort artikkel. Derfor har eg referansar til eit utval relevant forskingslitteratur om Engberg og svensk kulturpolitikk i mellomkrigstida. Denne litteraturen vil bli brukt fortløpande i framstillinga og eg skal kort nemne dei viktigaste bidraga i neste avsnitt.

Denne artikkelen er bygd opp slik: I avsnittet som følgjer har eg ein kort presentasjon og kommentar til noen utvalde bidrag i den eksisterande forskinga som eg finn relevant for min artikkel. Deretter beskriv eg den historiske konteksten for svensk kulturpolitikk i 1930-åra, og med det som utgangspunkt gir eg eit riss av Arthur Engbergs biografi og den politiske karrieren hans. Så kjem hovuddelen av artikkelen, som er basert på analyse av ei rekke tekster skrivne av Engberg. Stikkorda her er Engberg sitt forhold til klassisismens kulturideal, synet hans på språk, den teaterpolitikken han stod for, kva han la i uttrykket «demokratisk kulturpolitik», Engbergs korte lefling med antisemittiske og kontrarevolusjonære idear og endelig forholdet hans til marxismen. Til slutt prøver eg å trekke noen konklusjonar om det motsetningsfylte og paradoksale i Arthur Engbergs kulturpolitikk.

Kort omtale av relevant forskingslitteratur

Bernt Gustavsson (1991) peiker i doktoravhandlinga si på at den svenske arbeidarrørsla ikkje valde ein kulturseparatistisk veg og satsa på ein eigen proletarkultur som eit alternativ til den borgarlige kulturarven. Den radikale fløya i arbeidarrørsla gjekk inn for ei kritisk overtaking og tilpassing til den borgarlige kullturtradisjonen, og den moderate fløya hadde ei haldning som Gustavsson kallar beundrande overtakande. Engberg var utvilsamt, som vi skal sjå, ein representant for denne gruppa blant sosialdemokratane. Gustavssson skriv grundig om dei ulike opplysnings- og danningsideala i den svenske arbeidarrørsla – ‘medborgarbildningsidealet’, ‘självbildningsidealet’ og ‘nyhumanismens personlighetsbildande ideal’ – og knyter desse ideala til personar som Rickard Sandler, Oscar Olsson og Arthur Engberg. Eg kjem seinare tilbake til det Gustavsson skriv om Engberg. Gustavssons bok handlar først og fremst om Engberg som folkeopplysar, mens eg kjem til å vera meir opptatt av kultur-politikaren, dvs. Engberg som kulturpolitikar for det statsberande sosialdemokratiske partiet.

Sven Nilsson (2003) poengterer at det var først i Arthur Engbergs tid som ecklesiastikminister at det kulturpolitiske arbeidet vart utvida til å gjelde breie lag av det svenske folket. Nilsson skriv at hos Engberg «blandas demokratipatos och kulturidealism».4 Dette blir nok bekrefta i min artikkel, og det eg bidrar med her, er ein gjennomgang og ein analyse av eit større kjeldemateriale over ein lengre periode enn det Nilsson nemner i si bok.

Eit viktig bidrag til forskinga om dei svenske sosialdemokratane sin kulturpolitikk på 1900-talet er Anders Frenanders bok Kulturen som kulturpolitikens stora problem (2005).5 Når det gjeld mellomkrigstida, konkluderer Frenander med at den kulturpolitiske debatten i sosialdemokratiet stod svakt og at det ikkje – trass i enkelte forsøk – aldri vart noen grunnleggande debatt om kulturen si rolle i eit sosialistisk eller sosialdemokratisk samfunn. Sosialdemokratane fall ned på ein klassisk borgarlig kulturtradisjon, og den sosialdemokratiske kulturpolitikken kom til å handle om å spreie denne kulturtradisjonen til arbeidarklassen. Arthur Engberg var ifølgje Frenander ein representant for denne politikken. Dei indre spenningane i arbeidarrørsla mellom trongen til å skapa ein eigen arbeidarkultur eller å overta og tilpasse seg den klassiske borgarlige kulturen, vart aldri fullt ut politisk artikulert, og den kulturpolitiske diskursen i arbeidarrørsla kom derfor til å likne mye på den liberale nyhumanistiske diskursen.

Per Sundgren (2006) skriv om opplysningsarbeidet på venstresida i den svenske arbeidarrørsla frå tida omkring den russiske revolusjonen i 1917 og fram mot folkefrontpolitikken i 1935. Sundgren hevdar at ‘klasskampbildningen’ gradvis blir borte i det svenske kommunistpartiet (SKP) og blir redusert til propaganda og agitasjon.6 Kommunistane såg på sosialdemokratane som ‘sosialfascistar’ og like store fiendar som dei borgarlige. Da Komintern på den 7. kongressen i 1935 skifta taktikk og lanserte folkefrontpolitikken, dvs. samarbeid med sosialdemokratane og progressive liberale i kampen mot fascismen, vart det også ei breiare platform for humanistiske ideal i opplysningspolitikken i arbeidarrørsla totalt. Og når til og med kommunistane gav opp den revolusjonære linja i opplysningspolitikken, gav det ytterligare rom for sosialdemokratisk kompromisspolitikk. Det som stod att, var den humanistiske tradisjonen frå Carl Lindhagen, ein sentral politikar på venstresida i Sverige i mellomkrigstida.

Det Sundgren skriv her, kan bidra også til å forklare utviklinga utover 1930-talet. Det var vanskelig for noen fløy i arbeidarrørsla å hevde revolusjonære og separatistiske standpunkt, også på kulturområdet. Kampen mot den gryande fascismen i Europa hindra dette, og i den kampen var tradisjonelle borgarlige, humanistiske verdiar sentrale.

Historia om det svenske sosialdemokratiet inneheld ein rik litteratur om ‘bildningsarbetet’ eller opplysningsarbeidet i arbeidarrørsla. Men det vil føre for langt å ta opp alt dette her, derfor har eg avgrensa til den litteraturen som er mest direkte relevant for mitt tema og som eg viser til undervegs. Sjå elles den litteraturen som er nemnd i denne fotnota.7

Den historiske konteksten: Eit politisk gjennombrott for sosialdemokratiet

Det er velkjent at 1930-åra var eit gjennombrott for dei sosialdemokratiske partia i dei nordiske landa. På midten av 1930-talet overtok dei regjeringsmakta både i Sverige, Norge og Danmark – og det betydde at dei vart «statsberande» parti for fleire tiår framover.

I den svenske kulturpolitikkhistoria er det rimelig å tala om eit vendepunkt i 1930-åra. Grunnen til at ein kan setta eit skilje her, finn vi ikkje først og fremst i den kulturpolitiske tradisjonen. Snarare kan ein seia at den kulturpolitiske vendinga skyldtest ein ny politisk situasjon generelt. Den gradvise demokratiseringa av Sverige som hadde skjedd gjennom ein hundreårsperiode, fekk i 1930-åra eit tydelig gjennomslag ved at det sosialdemokratiske partiet og fagorganisasjonane – til saman den største folkerørsla noen gong – fekk avgjerande makt over staten.

Frå midten av 30-åra vart arbeidarrørsla det statsberande maktsenteret. Sosialdemokratane var i regjeringsposisjon fleire gonger i 1920-åra med Hjalmar Branting som statsminister, men ingen parti i riksdagen kunne danne fleirtalsregjering aleine, og 1920-åra vart derfor prega av mindretalsregjeringar med relativt kort levetid.

Riksdagsvalet i 1932 vart ein stor framgang for Socialdemokratiska Arbetarpartiet (SAP) og Bondeförbundet. Desse partia representerte begge grupper av folket som var hardt ramma av den økonomiske krisa og arbeidsløysa. Arbeidsløysa ramma arbeidarane sterkast, og fallet i jordbruksprisane ramma bøndene. Samanlikna med riksdagsvalet i 1928 gjekk Socialdemokratiska Arbetarpartiet fram frå 37 % til 41,7 %, Bondeförbundet frå 11,2 % til 14,1 %. I det same valet gjekk Högerpartiet tilbake frå 29,4 % til 23,5 % og på venstresida gjekk Sveriges Kommunistiska Parti (SKP) tilbake frå 6,4 % til 3 %.8 Tendensen i valet var såleis ei mobilisering og samling mot sentrum. Per Albin Hansson vart statsminister, og bortsett frå eit kort mellomspel i 1936 sat han som sosialdemokratisk statsminister i samarbeid med Bondeförbundet fram til krigen.

Men valet i 1932 gav trass i framgangen for sosialdemokratane altså ikkje eit reint fleirtal i riksdagen. For å gjennomføre eit kriseprogram og setta i gang åtgjerder mot arbeidsløysa, måtte sosialdemokratane samarbeide med eit borgarlig parti. Det som låg nærmast, var Bondeförbundet. Socialdemokratiska Arbetarpartiet gjorde i 1933 eit politisk kompromiss med Bondeförbundet, som gjekk ut på at Bondeförbundet støtta store delar av kriseprogrammet til SAP mot at sosialdemokratane kom Bondeförbundet i møte og godtok bl.a. importrestriksjonar på visse matvarer (f.eks. smør).

Denne avtalen – ofte kalla «kohandeln» – braut sund den borgarlige fronten mot sosialdemokratane. Det innebar også at Bondeförbundet som eit borgarlig parti godtok at staten aktivt skulle gripe inn i det økonomiske livet med store offentlige investeringar for å få hjula i gang og setta fart på næringslivet. Den Keynes-inspirerte krisepolitikken vart samtidig grunnlaget for den allmenne velferdspolitikken. Avtalen gav grunnlag for eit parlamentarisk fleirtal i riksdagen og for regjeringar som var leia av sosialdemokratar, enten som reine sosialdemokratiske mindretalsregjeringar med støtte frå Bondeförbundet eller koalisjonsregjeringar saman med Bondeförbundet.

Landsorganisasjonen gjorde eit liknande kompromiss med Svenska Arbets-givareföreningen gjennom Saltsjöbadavtalet i 1938. Dei to partane vart samde om ein hovudavtale som regulerte forholdet mellom partane i arbeidslivet. Arbeidsgivarane sikra seg mot hyppige streikar, dei fagorganiserte oppnådde tryggare arbeidsplassar.

Gjennom desse to kompromissa vart det skapt ei forsoningspolitisk plattform som fekk konsekvensar på alle politikkområde. Avtalene verka disiplinerande på fleire måtar: Gjennom desse historiske kompromissa skaffa sosialdemokra-tane seg kontroll over staten, dvs. over riksdag, regjering og forvaltning. Avtalen med arbeidsgivarane sikra arbeidsfred, gav arbeidsplassar og passiviserte dessutan politisk radikale grupper i arbeidarrørsla.

Det er interessant å samanlikne og sjå at det norske sosialdemokratiske partiet, Arbeidarpartiet, gjekk gjennom ei parallell utvikling: I 1935 danna Arbeidarpartiet regjering saman med Bondepartiet, og grunnlaget for det var det såkalla «kriseforliket», som var ein klar parallell til «kohandeln». Det same året, i 1935, vart den såkalla Hovudavtalen underteikna mellom Landsorganisasjonen og Norsk Arbeidsgiverforening – slik det vart gjort i Saltsjöbadavtalet i Sverige i 1938.

Desse formaliserte avtalene og regjeringssamarbeidet med bondepartia i dei to landa viser at sosialdemokratane var på veg mot det politiske sentrum og at dei hadde vorti ansvarlege reformistiske og parlamentariske parti. Avtalene med arbeidsgivarorganisasjonane skapte stabilitet i arbeidslivet og hindra lokale aksjonar blant dei fagorganiserte.

Jenny Jansson (2012) har analysert bakgrunnen for den reformistiske vendinga i det svenske sosialdemokratiet i 1920-åra og framover. Ho legg sterk vekt på at enkelte leiarar i LO tok initiativ til å passivisere radikale krefter i den sosialdemokratiske rørsla (kommunistar og syndikalistar) for å få slutt på dei mange streikane og den indre splittinga i arbeidarrørsla. Løysinga deira var å propagandere for ein reformistisk ideologi gjennom folkeopplysningsarbeid (folkbildning) gjennom Arbetarnas Bildningsförbund (ABF). Ein sentral person i dette arbeidet var journalisten, populærhistorikaren og studieleiaren Sigfrid Hansson. Jansson poengterer at gjennom folkeopplysningsarbeidet vart den sosialdemokratiske rørsla framstilt som ein vidareførar av den liberale opplysningstradisjonen.

Den utviklinga i Sverige som Jansson analyserer i doktoravhandlinga si, har ein parallell i dei andre nordiske landa og var såleis ikkje eit spesielt svensk fenomen. Det tyder på at det også låg strukturelle og økonomiske endringar til grunn for denne utviklinga, og at den rolla enkeltaktørar spela, berre er ein del av forklaringa. Men eg vil la denne diskusjonen ligge her.

Det viktige er at kontroll over dei eigne organisasjonane og staten vart det strategiske utgangspunktet for sosialdemokratane, og det gjaldt også sosialdemokratisk kulturpolitikk.

Det kulturpolitiske vendepunktet i 30-åra bestod altså ikkje i at det vart gjennomført omfattande og gjennomgripande reformer for kulturlivet, men i at det vart skapt ein politisk situasjon som på lengre sikt gjorde det mulig å legge grunnen for ein reformistisk statlig kulturpolitikk som kunne knytast til eit velferdspolitisk program som i prinsippet skulle omfatte alle samfunnsborgarar, ikkje berre arbeidarklassen.

Den sosialdemokratiske samarbeidspolitikken sette medborgaren, nasjonen og folket – ikkje klassen – i sentrum. Den overordna metaforen for dette var «folkhemmet». Arbeidarklassen vart ikkje lenger sett på som eit revolusjonært historisk subjekt som skulle bryte med den borgarlige tradisjonen.

Det var også tankegangen i ecklesiastikminister Arthur Engbergs vesle valkampbrosjyre Demokratisk kulturpolitik frå 1938. Begrepet kultur vart ikkje problematisert og ordet sosialisme var ikkje nemnt i denne teksten.9 Skriftet var såleis skrivi i kompromisspolitikkens ånd og provoserte ikkje den borgarlige kultureliten. Eg kjem tilbake til denne teksten seinare.

Arthur Engbergs valkampskrift frå 1938 representerer såleis djupare ideologiske endringar i dei sosialdemokratiske partia. Reformismen og avradikaliseringa av dei sosialdemokratiske partia i Norden hang også saman med utviklinga i den internasjonale arbeidarrørsla. Forholdet til Komintern, som var dominert av sentralismen frå Moskva, den indre utviklinga i Sovjet og Stalins terror i 1930-åra, gjorde at fleirtalet av sosialdemokratar vende ryggen til ideen om ein sosialistisk revolusjon. Det innebar at dei godtok det liberale, parlamentariske demokratiet og fagrørsla gjorde avtale med representantane for kapitalismen, arbeidsgivarane. Dermed var grunnen lagd for eit pragmatisk forhold til dei borgarlige partia og «borgarlige» organisasjonar i arbeidslivet og i det sivile samfunnet.

Det er mot denne bakgrunnen eg nå skal vende blikket spesielt mot Engberg og den karrieren som gjorde han til den fremste kulturpolitiske talsmannen for dei svenske sosialdemokratane i 1930-åra.

Arthur Engberg: Bakgrunn og politisk karriere

I perioden 1920-1939 var Arthur Engberg (1888-1944) den mest framståande kulturpolitikaren i SAP. Men interessene hans gjekk vidt og handla ikkje berre om kultur og utdanning. I dei åra han var riksdagsledamot og ecklesiastikminister, var han også engasjert på andre politikkområde, bl.a. forsvarspolitikk, sosialpolitikk, nordisk samarbeid, handelspolitikk og utanrikspolitikk.10

Engberg vart fødd og voks opp på ein mellomstor gard i Hälsingland. Han viste tidlig gode evner og fekk derfor begynne på gymnasiet (allmänna läroverket) i Hudiksvall, der han vart student i 1908. På denne tida var det ikkje vanlig at bondesønner gjekk denne vegen. Dei fleste elevane hadde borgarlig bakgrunn eller embetsmannsbakgrunn.

Men Engberg heldt fram og begynte å studere i Uppsala. Hovudinteressa hans var klassisk filosofi og han var sterkt påverka av professor Axel Hägerström. Engberg vart fil.kand.11 i filosofi i Uppsala i 1913. Han begynte å arbeide med ei doktoravhandling om den greske filosofen Heraklit, men denne avhandlinga vart aldri fullført. Det var politikken som greip fatt i Engberg.

Han vart engasjert i fråhaldsrørsla (nykterhetsrörelsen) mens han studerte i Uppsala. Han var bl. a. sekretær i ein offentlig oppnemnd ‘nykterhetskommitté’ i 1911, og han var i 1914-1917 redaktør av Reformatorn, som var hovudorgan for IOGT. I studietida i Uppsala kom han også med i den sosialdemokratiske foreininga Laboremus, som var ein organisasjon «för studenter och arbetare». Samtidig skreiv han i Arbetarbladet i Gävle og i Social-Demokraten i Stockholm. Han tok eit steg opp i ein politisk og journalistisk karriere da han vart redaktør i Arbetet i Malmø i 1918. Her konkurrerte han blant anna med Ernst Wigforss. Og i 1924 vart han redaktør for hovudorganet til sosialdemokratane, Social-Demokraten.

Den journalistiske karrieren gjekk parallelt med den politiske karrieren. Engberg vart vald inn i Riksdagen, til Andra kammaren,12 i 1917.13 Han kom da saman med bl.a. Per Albin Hanson, Gustav Möller og Per Edvin Sköld. Dei representerte den andre generasjonen av sosialdemokratar som fekk ein maktposisjon i partiet og i Riksdagen, og dei var var arvtakarane etter Hjalmar Branting-generasjonen.

Sten Hemming (1950)14 beskriv Engberg som ein kunnskapsrik, veltalande og skarp debattant som likte å provosere og han kunne bli oppfatta som ein arrogant posør fordi han bevisst brukte kunnskapar om den klassiske europeiske kulturen som våpen i debattar med politiske motstandarar.

Engberg var ecklesiastikminister15 i to periodar, 1932-1936 og 1936-1939. Frå 1940 til 1944 var Engberg landshøvding i Västernorrlands län.

Frå 1932 av hadde han såleis den viktigaste kulturpolitiske posisjonen i landet, og det er derfor all grunn å sjå litt nærmare på kva slags kultursyn Engberg stod for. Det vil eg gjera ved å presentere og analysere utsegner om kultur og politikk han kom med i mellomkrigstida. Analysen av desse utsegnene vil komplettere og fordjupe det bildet vi allereie har av Engberg.

Undervegs vil eg trekke inn andre forskarar som har skrivi om Engberg eller om den politiske konteksten som har betydning for å forstå og diskutere Arthur Engbergs rolle i svensk kulturpolitikk.

Vi bør ha biografien til Engberg og samtidskonteksten in mente når eg nå går over til å presentere og analysere tekster skrivne av Engberg.

Den klassiske tradisjonen som kulturideal

Eit utgangspunkt for å analysere Engbergs kultursyn kan vera ein artikkel som han skreiv i i Malmö-avisa Arbetet 24. februar 1918. Engberg gjorde seg her til talsmann for å styrke fransk språk og litteratur i gymnaset (läroverket). Han gjekk til åtak på ei gymnasreform frå 1904 som reduserte plassen til dei klassiske språka gresk og latin, og dessutan fransk, til fordel for «moderne» språk som engelsk og tysk.16 Engberg skulda dei som stod bak 1904-reforma for «utilitaristisk småklokhet» og meinte dei hadde gjort ein fatal feil:

«Latinet och grekiskan äro icke endast tomma och «döda» språk. De äro nycklar till vår kulturs innersta egenart. De äro uttrycksmedlen för den antika anda, som alltid bevisat sig som den stora förnyaren i kulturens historia. All verklig humanistisk bildning vilar på klassisk grund. Därför äro de klassiska språken oundgängliga förutsättningar för ett bildningssökande, som icke vill nöja sig med fortorkade herbarieblomster, när ängens levande flora finnes att tillgå.

(…)

Det var karakteristisk för de barbarer, som bröto ned den klassiska bildningen, att de jämväl riktade dödsstöten åt det språk, som i modern tid i så utom-ordentlig grad vårdat den klassiska traditionen: franskan17

Det var såleis ingen tvil om kvar Engberg henta dannings- og kulturidealet sitt. Og det var påfallande at han i 1918 – i ei tid da den internasjonale arbeidarrørsla var inne i ein radikal periode – hevda eit synspunkt på kultur og språk som kan karakteriserast som borgarlig konservativt. Sitatet demonstrerer også ein viss kulturarroganse hos Engberg, og den avstanden han markerte til meir folkelige former for kulturaktivitet kom klart til uttrykk i eit langt debattinn-legg som han heldt i Riksdagen i 1921 i samband med behandlinga av statsbudsjettet.18

I dette innlegget tala han i nedsettande former om at Sverige var i ferd med å utvikle ein fornøyelseskultur «under så simpla och grova former, att man verkligen frågar sig, vart vi kommit hän». Som eit eksempel på situasjonen nemnde han det svenske folkets begeistring for ein boksar: «När den svenska nationen ända upp ifrån tronen ned till kojan ligger på knä för en boxare som en stor internationell kulturpersolighet, då kan det vara skäl att ifrågassätta, om det icke finns något ruttet i en dylik kultur». Han kritiserte vidare idrettens «kult för den råa styrkan» og «muskelkulturen» som han oppfatta som eit dekadansefenomen i samtida.

Dette stilte han opp mot undervisninga i den klassiske kulturen og dei klassiske språka, som var det einaste som kunne styrke stilkjensla og skapa ei åndelig foredling. Årsaka til dekadansen fann han såleis i at «man jagade undan den språkkultur, den klassiska och franska språkkulturen, som skänkte det starkaste stödet åt utvecklingen av en språklig kultur även i modersmålet». Han kritiserte statsutskottet19 for «njugghet» og at dei hadde «prutaresynspunkter» på kulturbudsjettet, samtidig som han meinte at kulturbudsjettet burde vera «en verklig krigsbudget, en krigsbudget med vilken det gäller öppna ett fälttog mot okultur och til förmån för en kulturell uppryckning av vår nation i olika avseenden».

Ei side av den ukulturen som ifølgje Engberg måtte bekjempast, var «tråkigheten på landsbygden»:

«Vad är landsbygdens nöjesliv, vad är landsbygdens kulturella intresser i detta nu? Jo, det är dansbanan, och det är dessa sjunde klassens biografer, som nu översvämma landsbygden i de offentliga lokalerna och veva upp sina allra sämsta filmer, en trafik, som sannerligen ej kan verka till ett höjande av den kulturella nivån».20

Den kunsten som folket hadde behov for, meinte han, var den som hadde utgangspunkt i den klassiske stiltradisjonen, for kunst- og kulturformidlinga handla om «stilsinnets tillfredsställelse». Samtidig sa Engberg at kunsten berre kunne overleva om han «inneslutas i folkets kärlek och varda ett liv i folkets eget liv» og ikkje berre var «en parasit på rikemanskasten», for det var ikkje rikdom og luksus som fostra kjærleik til kunsten. Og så lanserte Engberg det kulturpolitiske begrepet han kalla for konstens socialisering:

«Vad skulle det inte betyda för arbetarklassens andliga lyftning, om konsten kunde – må vara i aldrig så blygsam omfattning – hålla sitt intåg i arbetarhemmen! Vilken källa till trevnad och livslust och glädje vore det icke, om stil och skönhet vunne insted i det allra enklaste! Gipskattor och oljetryck få nu vittna om en längtan, som aldrig fick tillfredsställas.

Och här måste arbetarklassen i sin politik börja inrikta sin uppmärksamhet på att få samhället och dess makter till medintressent i arbetet för konstens socialisering, d. v. s. dess tillgängliggörande för de breda lagren.»21

I dette sitatet finn vi nøkkelen til Engbergs kulturpolitiske strategi: Han rekna berre ein type kultur som fullverdig, nemlig den klassiske kulturen og dei kulturformene som var påverka av denne tradisjonen. Han gjekk ut frå at alle samfunnsklassar kunne tileigne seg denne kulturen – det gjaldt berre om å utvikle «stilsinnet» hos det enkelte individet. Det kunne berre gjerast gjennom å gjera denne kulturtradisjonen tilgjengelig for dei samfunnslaga som så langt ikkje hadde hatt tilgjenge til denne kulturskatten. Det var dette han kalla konstens socialisering.

Engberg såg ikkje noe problem i at den kunsten og kulturen som skulle formidlast, hadde sitt utgangspunkt i sosiale, økonomiske og politiske miljø som låg langt frå arbeidarklassen. Tvert imot meinte han at denne kulturtradisjonen hadde eit framtidig utviklingspotensiale nettopp ved å vende seg til dei breie folkegruppene. Det var dette synspunktet han også hevda i teaterpolitikken, som vi skal sjå seinare.

Engberg hadde altså overtatt og var talsmann for eit høgborgarlig kulturideal som han ville føre vidare til arbeidarklassen. Ettersom innhaldet i den kulturen som skulle spreiast, vart tatt for gitt, kom den kulturpolitiske strategien hans berre til å handle om ei meir effektiv tilgjengeliggjering av kulturen. Og det var det staten og dei offentlige institusjonane som skulle ha ansvaret for, ikkje privatkapitalismen og den frie marknaden. Om arbeidarane fekk tilgjenge til den «sanne» kulturen, ville nok «gipskattor och oljetryck» forsvinne frå arbeidarheimane, meinte Engberg.

Engbergs tru på den klassiske kulturen si ibuande siviliserande kraft minner om kultursynet til den engelske kulturanalytikaren Matthew Arnold (1865), som såg på dei beste kunstverka som einaste redning mot intellektuelt forfall, overdriven personleg fridom, opprør og anarki i det britiske samfunnet. Eit fellestrekk mellom Engberg og Arnold var også at dei begge var skeptiske til marknadsliberalismen og dei kalla på staten som den styrande handa – Arnold ut frå ein konservativ ståstad, Engberg ut frå eit sosialdemokratisk perspektiv.22

Men Engberg var ikkje den einaste i arbeidarrørsla som hylla den klassiske borgarlige kulturen og ville spreie han til arbeidarane. Også i Sveriges Socialdemokratiska Vänsterparti (SSV)23 stod den humanistiske tradisjonen med foredlinga av individet gjennom kulturell danning sterkt. Bannerføraren for dette i SSV var Carl Lindhagen, som i 1919 stod bak eit humanistisk manifest som vart publisert i Folkets Dagblad.24

Til og med ein ortodoks marxist som Ture Nerman, som var trufast mot den tredje internasjonalen og var sterkt påverka av den sovjetiske kulturkommisaren Lunatjarskij, uttala seg i nedsettande termer om den kulturen som arbeidarklassen omgav seg med, som bestod av «gipskattor, porslinsfrälsare, oljetryck och plyschalbum».25 Mange kommunistiske ledarar (blant dei Lenin) hadde bakgrunn i ein borgarlig kulturtradisjon og stod fjernt frå folket reint kulturelt. Nermans holdning var derfor ikkje noe unnatak, og denne kulturelle avstanden vart ikkje mindre av dei leninistiske teoriane om kommunistpartiet som beståande av ein elite av profesjonelle revolusjonære. Den kulturelle elitismen var såleis utbreidd også til venstre for det sosialdemokratiske partiet.

Det kultursynet og den kulturpolitiske strategien som Engberg og andre radikale sosialistar gjorde seg til talsmenn for, var i hovudsak den kulturpolitiske strategien som dei sosialdemokratiske partia og borgarlige parti i vesteuropeiske velferdsstatar kom til å gjennomføre dei første tiåra etter andre verdskrigen. Denne strategien kom da til å gå under slagordet «demokratisering av kulturen». Spørsmålet om å spreie «finkulturen» til breiare lag av folket vart oppfatta som eit spørsmål om organisering, fritid og økonomi i formidlinga av ein kultur som vart tatt for gitt som den «gode» kulturen for alle.

I det neste avsnittet skal vi sjå på ei spesiell side av kulturen, som Engberg også skreiv om, nemlig språket. Engberg uttala seg også sterkt om dette, men han var ikkje heilt konsekvent klassisist på dette området.

Språksynet til Engberg

Språksynet til Engberg er interessant i ein kulturpolitisk samanheng. I ein artikkel i Arbetet i 1922 skreiv han at i utdanninga av samfunnsborgarane måtte språket ha ein heidersplass:

«Ett folk bör läras att älska sitt språk och vårda det som en dyrbar arvedel. I språket tonar och vibrerar dess själ, speglas dess sätt att tänka och ge uttryck åt sina tankar. Och är det inte som om språkets arkitektur avbildade kynnets? Månne icke formernas spel är folksjälens utsida? Bakom Hellas’ tungomål med dess vidunderliga smidighet, dess formrikedom, dess nästan ändlösa möjligheter till de finaste nyanser, skymtar den ande, som genom språkets prisma bröt sig till den grekiska litteraturens enastående spektrum. Ingen översättning kan återge den skönhet. Och är icke latinet i sin kalla, stela, linjrena och förnäma korrekthet en bild av det Rom, som gav världen lag, ordning och organisation? Förvisso. I sitt språk har därför ett folk liksom en nyckel till sig självt, en reflex av sitt eget väsen. Och i vården av sitt språk har ett folk den naturligaste och närmast till hands liggande av sina kulturella uppgifter.»26

Engberg viser i denne teksten at han har eit romantisk syn på språket – språket er ei spegling av folkesjela og nasjonane sitt lynne, «en levande organism, en andens instrument». Dessutan er det tydelig at han opererer med eit verdihierarki når det gjeld språk og kultur: Høgst oppe plasserer han gresk og latin, dernest kjem fransk – «latinets sköna dotter» – og etter desse tre kjem dei andre nasjonalspråka i Europa, inkludert svensk. For Engberg var språk, estetikk og logikk lausrivne frå sosiale samanhengar som klasse, politikk, økonomi og makt.

I moderne språksosiologiske termar kan ein karakterisere språksynet hans som diskriminerande, ettersom han opererte med «gode» og «dårlige» nasjonalspråk og at tre nasjonalspråk i Europa vart stilte opp på ein pidestall som stilideal for dei andre.

Om det svenske språket hevda han i ein artikkel i 1935 at «Det må vara sant, att det icke äger franskans skönhet och behag. Det är kargare, knappare och strävare och liknar i det stycket den nordiska natur, där det lever, rör sig och har sin varelse. Men mitt i sin karghet och knapphet erbjuder likvisst det svenska språket en mångfald värden, som det höves varje släktledd att tillvarataga.»27 For Engberg var ikkje grammatikk og språkhistorie det viktigaste, det han etterlyste i Sverige, var «träning i framställningskonst» og «språklig uppfostran».

I dei nemnde artiklane dreia det seg om skriftspråk og skriftspråkskultur. Men Engberg hadde også meiningar om svenske dialektar og deira plass i morsmålssamanheng. I ein artikkel frå 194128 reflekterer han over dialektane si stilling i det moderne industrisamfunnet, og han konstaterer at påverknad frå moderne skolevesen, aviser, bøker, kommunikasjonar og byutvikling stadig set dialektane til sides til fordel for rikssvensk eller «högsvenska». Relasjonen mellom dialektar og talemål på ei side og det standardiserte skriftspråket på den andre sida, beskriv han slik:

«Det gäller bara att inse och behjärta, att skriftspråket är en sak, det talade språket en annan. Skriftspråket formas av pennan efter vedertagna och officiellt fastställda regler. Det har sin egen lagbok, sina egna krav på korrekthet och riktighet. Det är vårt folks gemensamma fordon i samfärdseln mellan människorna. Det öser sina skatter ur det talade språket, ur dess ordförråd och fraseologi. Men det tar upp dem på samma sätt som man tas upp i societeten. Det finns umgängesformer att iakttaga, skick att följa, ton att anslå. Nyförvärvaren måste slipas, fällas in i ramen och regleras. Det måste visas takt och vett.»29

Sitatet demonstrerer at Engberg såg på dialektane som ein ressurs riksspråket kunne ause av og på den måten bli meir nyansert og levande – ikkje omvendt. Han beklaga at folk som naturlig tala dialekt, vart påverka av rikssvensken: «De glömma, att det är mycket mera bildat, hedersamt och förnämligt att väl och vårdat tala sitt bondmål än att väcka medlidande och löje genom att misshandla riksspråket.» Her signaliserer han ei tvetydig holdning – dialektane er ekte og bør brukast på ein naturlig måte av folket, men er ikkje for alle over alt – dei duger ikkje om ein «vil tas upp i societeten». Ein ville ha venta at han som sosialdemokrat hadde problematisert ei slik holdning.

Engberg var merksam på at folk hadde mindreverdskjensle for taletmålet sitt og at det skapte psykologiske barrierar når dei skulle lære den standardiserte rikssvensken. Men Engberg oppfatta likevel ikkje denne situasjonen som eit spørsmål om politisk og økonomisk makt og motsetningar mellom samfunnsklassar, først og fremst såg han det som ei uavvendelig kulturutvikling og som eit pedagogisk og estetisk spørsmål. Nyhumanisten i Engberg gav ikkje rom for politikaren i analysen av forholdet mellom talemål og skriftspråk.

Som svoren tilhengar av den klassiske tradisjonen kan ein hevde at Engberg i framveksten av det moderne svenske samfunnet i 1920- og 1930-åra stod fram som konservativ, ja, nesten aristokratisk, når det gjaldt syn på danning og kultur. Trass i dette var han som ecklesiastikmininster frå 1932 den ledande kulturpolitikaren i arbeidarrørsla. Det kan seiast å vera eit paradoks.

Og i det følgjande skal vi gå dette paradokset nærmare etter i sømmene.

Teaterpolitikk

Arthur Engberg tok i 1933 initiativ til ei teaterutredning. Dette initiativet hadde ei førhistorie: I samband med Andre kammarens behandling av kulturbudsjettet i 1928, heldt Arthur Engberg eit lengre innlegg der han lanserte tanken om eit folketeater.30 I dette debattinnlegget gjekk han til åtak på ledelsen for Dramaten, og han skulda teaterleiinga for å ha gjort nasjonalscenen til «ett fält för vissa futuristiska och ur konstnärlig synpunkt rätt tvivelaktiga experiment». For å understreke det kunsnariske forfallet samanlikna han futurismen på scenen med jazzen i samtidsmusikken – som han karakteriserte i slike vendingar: «Se på jazzen, där det gamla konstnärliga, takter och steg och intellektuellt beräknande draget försvunnit till förmån för någonting, som jag skulle vilja karakterisera som fysiologiska skakningsprocesser!» Eit uttrykk for det same elendet såg han i musikklivet på landsbygda, der trekkspelet – «med dess förfalskning av melodiens egenart och sanning» – var i ferd med å erstatte fiolinen.

Engbergs dom over delar av samtidskulturen var subjektiv og sterk, og følgjande sitat illustrerer korleis han opplevde nye trekk i samtidskulturen som ein trugsel mot det klassiske danningsidealet han sjølv var talsmann for:

«På olika områden av det kulturella livet förmärkes en farlig tendens till upplösning av det intellektuella, sanning, natur, vederhäftighet och klarhet fordrande momentet i konsten. Det pågår, om jag så får uttrycka mig, ett slags «bolsjevisering» av konsten. Det är detta drag som gjort mig betänksam. Och i detta sammanhang gäller min betänksamhet förekomsten av sagda «bolsjeviserande» drag inom den regissörskonst, där man vill ersätta det historiskt och sakligt tillförlitliga och det kulturellt vederhäftiga med alla slags – jag vet inte vad jag skall kalla dem – «påhitt», som avleda uppmärksamheten från verkligheten, vilseleda i stället för att orientera, förbrylla i stället för att upplysa, skapa dunkel, dunst och dimma i stället för att bringa ljus, klarhet och ren luft. Det är mot slikt jag hyser icke blott betänkligheter, utan också någonting, som närmar sig en bestämt och utpräglad avoghet.»31

Han hevda i det same debattinnlegget at «dramatiska teatern i Stockholm synes mig i alltför hög grad vara en liten societetsteater, ett tempel för östermalm-societeten», og han sa at det sakna betydning for eit breiare publikum og derfor ikkje fortente namnet nasjonalscene. Det var berre eit teater som hadde kontakt med dei breie folkegruppene som kunne fortene denne nemninga, meinte Engberg. Og det var der fornyinga måtte ligge: «Jag tror för min del, att den dramatiska konstens förnyelse alltjämt måste sökas på linjen av dennas närmaste kontakt med de breda lagren». Vegen til «folkteatern» var den einaste rette vegen å gå.

Tankane om eit folketeater for breie publikumsgrupper, sosialt og geografisk, hadde Engberg såleis uttala seg om offentlig før han vart ecklesiastikminister. Desse tankane var også utgangspunktet for den teaterutredninga Engberg sette i gang i 1933.

Turneteatera hadde store økonomiske vanskar tidlig i 1930-åra under den verste krisa som hadde ramma verda noen gong. Dramaten var også i hardt ver reint økonomisk og fekk offentlig kritikk for dårlig budsjettstyring Den svenske riksrevisjonen retta skarp kritikk mot Dramaten i 1932 fordi teateret overskreid budsjettet sitt, og det gjekk så langt at riksrevisorane gjorde framlegg om at styresmaktene skulle trekke tilbake dei statlige løyvingane dersom denne situasjonen ikkje betra seg.32

Eit hovudproblem var at det var berre i dei store byane folk hadde tilbod om teater. Operan og Dramaten hadde fått kritikk for å vera Stockholms-sentrerte, både kunstnarisk og i forhold til publikum. I samband med utredninga uttala Engberg at «Jag anser tiden vara inne att försöka avlägsna olikställligheten mellan huvudstaden och det övriga landet i dessa frågor och i stället skapa förutsättningar för ett solidariskt riksintresse av de nationella scenernas vidmakthållande och utveckling».33

Det ulike og urettvise tilgjenget til teaterkunsten som Engberg tala om, skyldtest først og fremst geografiske avstandar og forskjellen mellom by og land, men det var også andre manglar, meinte han. Han kritiserte også innhaldet i det kunstnariske repertoaret til Dramaten og Operan, og han hevda at det ikkje var nok å spreie aktivitetane deira til andre delar av landet:

«Det ligger i sakens natur, att en sådan omgestaltning av de kungliga teatrarnas verksamhet påkallar en betydande utvidgning av det register, inom vilket de för närvarande röra sig. Skola de träda ut ur sin isolering och bli en folkteater i ordets bästa mening så tarvas onekligen härför expansion på både bredden och djupet i fråga om de konstnärliga programmen. Det är genom att stå i intim växelverkan med hela nationens andliga liv, aktualisera tidens stora sociala och psyklogiska problem, anpassa sig efter olika miljöer och deras förutsättningar, kultivera, förfina och fördjupa deras syn på scenenes skapelser, det är genom sådant teatern kan bli en verklig folkteater.»34

Arthur Engberg tala her om eit meir demokratisk teater som i høgare grad skulle innrette seg etter ulike publikumsgrupper og deira føresetnader, men som samtidig skulle oppdra det nye publikumet og «förfina och fördjupa deres syn på scenens skapelser». Og han etterlyste eit samfunnsengasjert teater.

Uttalelsen viser at han stod med eitt bein i den «fine» kunsten som folket burde få del av og med det andre beinet i ein sosialdemokratisk rettferdsfilosofi som sette krav til utviding av det kunstnariske repertoaret. Det var såleis ein konflikt mellom Engbergs beundring for den klassiske kulturen og det politiske engasjementet hans for ein kultur som skulle appellere til dei breie lag av folket.

Resultatet av den utredninga Engberg sette i gang, var at Riksteaterns publikorganisation (RPO) vart oppretta i 1934.35 RPO var ein turneorganisasjon for dei faste profesjonelle teatera som skulle ambulere med oppsettingane frå dei faste scenene.36 Bak ordninga med eit ambulerande profesjonelt teater låg det ein demokratisk ide om at alle skulle kunne komma på teater utan omsyn til kvar dei budde. Om ikkje folket kom til teateret, skulle teateret komma til -folket.

RPO vart etablert og organisert på eit ideologisk grunnlag, det skulle vera ein organisasjon for eit folketeater. Og initiativet kom frå eit politisk parti som hadde sikra seg kontroll med staten og som såg staten som sin fremste reiskap for å oppnå større sosial rettferd på kulturområdet.

Men RPO var likevel knytt til dei store og sentrale teatera. Teaterutredninga og etableringa av RPO var eit forsøk på å demokratisere, dvs. utvide og endre, verksemda til dei store teatera i Stockholm. Det viste seg å vera vanskelig. Det oppstod stadig konfliktar mellom RPO som publikumsorganisasjon og Dramaten og Operan som klassiske borgarlige institusjonsteater som forsvara sin eigen autonome posisjon og forsvara den kunstnariske fridommen.37 Det var her ein tydelig konflikt mellom profesjonelle kunstnariske interesser på den eine sida og kulturpolitiske interesser på den andre. Staten oppretta eit teaterråd der begge partar var representerte for å løyse desse tvistane. Det lyktest ikkje, og frå 1941 begynte RPO med eigne produksjonar. I 1946 bytta organisasjonen namn til Riksteatern.

Men Riksteatern var ikkje det første forsøket på å bringe teateret ut til det svenske folket. I 1910 etablerte ei rekke enkeltpersonar og organisasjonar Skådebanan, som var ein publikumsorganisasjon som skulle arbeide for å bringe teateret ut til det svenske folket, ikkje minst til landsbygda. Folkelige organisasjonar som Arbetarnas Bildningsförbund (ABF), Kooperativa Förbundet, fagforeiningar og nykterhetsloger stod bak.38 Men denne organisasjonen fekk aldri støtte frå staten, trass i at spørsmålet vart reist fleire gonger i Riksdagen.

Men det fanst enda fleire eksempel på teaterinteresse i folkerørslene.

Ved sida av dei store prestisjeteatera hadde det sidan 1890-åra utvikla seg ein meir folkelig teatertradisjon gjennom Folkets Husföreningarna og Riksorganisationen Folkets Hus och Parker (1932). Folkets Hus och Parker var bygd opp av arbeidarrørsla og vart etablert for å skaffe den veksande arbeidarrørsla møtelokale. I løpet av tida fram mot 1940 ekspanderte denne folkerørsla kraftig. I 1938 arrangerte dei svenske folkeparkane over 1000 førestillingar for om lag 880 000 besøkande. Men eit fåtal av desse framsyningane handla om arbeidarklassens livsforhold, mesteparten var folkelige farsar, lystspel og komediar.39 Mot slutten av 30-åra hadde folkeparkane kvar sommar 3,5 millionar besøkarar.40 Folkets Hus och Parker hadde eit breitt register av aktivitetar som omfatta teater (ofte amatørteater), men også framsyningar av profesjonelle teatergrupper, dei arrangerte konsertar, dansetilstellingar, revyar, dei hadde kafear og restaurantar og dei hadde kino.

Det handla såleis om ei brei folkelig kulturrørsle, men dei fekk ikkje statsstøtte – heller ikkje frå ei sosialdemokratisk regjering. Folkets Hus och Parker vart bygd opp ved frivillig innsats og utan støtte frå staten. Og det var eit paradoks, demokratisk sett. Den sosialdemokratiske regjeringa syntest mest interessert i å spreie elitekulturen til større delar av folket, ikkje å støtte ei folkelig kulturrørsle som attpå til var skapt av arbeidarrørsla. Da Riksteaterns publikorganisation vart oppretta i 1934, vart Folkets Hus och Parker berre tildelt roller som mulige arrangørar av turnéframsyningar frå dei store statlige teatera.41

Når det gjeld teaterpolitikk i Sverige, kan vi samanlikne litt med situasjonen i Norge i mellomkrigstida.42 Folketeaterideen43 – som kom til Norden frå Tyskland med organisasjonen Freie Deutsche Volksbühne – vart blant anna uttrykt gjennom danninga av eit privat teaterinitiativ i 1918 for å bygge eit teater som skulle vende seg til breie lag av publikum. I 1928 og 1929 vart det danna folketeaterforeiningar i Bergen og Oslo, og dei stod bak bygginga av Folketeateret i Oslo, som stod ferdig i 1935. Denne teaterbygningen hadde ei politisk-symbolsk betydning for arbeidarrørsla – dette teateret skulle vera folkelig i ordets rette forstand: Det skulle vende seg til arbeidarklassen og det skulle vise både klassiske teaterstykke og teaterstykke som hadde ein spesiell appell til det folkelige publikumet. Men Folketeateret som teaterinstitusjon kom ikkje i gang før i 1952, den økonomiske krisa i mellomkrigstida og den andre verdskrigen kom imellom.

Film og teater var ei fanesak for opplysningsarbeidet i den norske arbeidarrørsla,44 først og fremst gjennom Arbeidernes Oplysningsforbund (AOF), som var ein søsterorganisasjon til det svenske Arbetarnas Bildningsförbund (ABF). Men dei arbeidde med eit alternativt teater og ein alternativ film som hadde klare politiske og ideologiske mål, dei ville skapa ein eigen arbeidarkultur innanfor film og teater som skulle utfylle den borgarlige teater- og filmtradisjonen. Inspirasjonskjelda for denne typen teater var arbeidarteateret i Sovjetunionen og Tyskland i mellomkrigstida.45 Ei drivkraft i dette arbeidet var Gunvor Sartz, som starta Det sosiale teater i 1930. Ein annan teateraktivist i arbeidarrørsla i 30-åra var Olav Dalgard.

Utgangspunktet for denne typen teater var kampen mellom samfunnsklassane, og i den politiske kampen trong arbeidarrørsla eigne kulturinstitusjonar for å styrke posisjonen sin og skapa klassebevisstheit blant arbeidarane, hevda dei. Ein kan såleis seia at det var personar på den radikale fløya i den norske arbeidarrørsla og i Arbeidarpartiet som stod i brodden for dette arbeidet.

Riksteaterideen hadde også ein parallell i Norge. Kyrkje- og undervisnings-departement oppnemnde i 1935 ei nemnd som skulle utarbeide ein analyse og eit forslag til teaterpolitikk i Norge. I 1936 la nemnda fram rapporten sin.46 Nemnda gjekk inn for offentlig støtte til dei eksisterande teatera pluss at det skulle opprettast eit riksteater med eigne oppsettingar. Dei gjorde dessutan framlegg om ei teaterlov. Nemnda heldt fram med arbeidet utover 30-åra til krigen sette ein stoppar for det heile. Arbeidet til nemnda vart tatt opp igjen etter krigen og Riksteaterlova vart vedtatt av Stortinget i 1948.

Dersom vi samanliknar, ser at vi at det var mange likskapar mellom det som hende i den svenske og den norske arbeidarrørsla. Hovudtendensen i den ideologiske utviklinga var den same, men det fanst fleire radikale element blant dei norske sosialdemokratane og dei radikale synspunkta var framleis levande innanfor AOF i 30-åra.47 Det var dei som forfekta ideen om ein alternativ arbeidarkultur. Men dei dominerande ideologiske kreftene vart for sterke og mot slutten av 30-talet hadde sosialdemokratane akseptert at det handla om å støtte dei eksisterande teatera, pluss at dei ville opprette eit riksteater som skulle utfylle verksemda til dei etablerte teatera i Oslo og Bergen.

Den politisk-ideologiske utviklinga i det svenske og det norske sosialdemokratiet gav ikkje grobotn for eit alternativt ‘klasseteater’ eller eit arbeidarteater. Klasseperspektivet var heller ikkje særlig framme i det neste skriftet av Arthur Engberg som eg skal analysere.

«Demokratisk kulturpolitik»

Det dokumentet som oftast blir nemnt når det er tale om kulturpolitikaren Arthur Engberg, er ein valbrosjyre han skreiv til valkampen i 1938, med tittelen Demokratisk kulturpolitik.48 Denne valbrosjyren var dels eit forsvarsskrift for den skole-, kyrkje- og kulturpolitikken som sosialdemokratane hadde ført tidligare i 1930-åra, dels ein pamflett om det prinsipielle kulturpolitiske synet til det sosialdemokratiske partiet.

Engberg innleia brosjyren med å understreke samanhengen mellom kultur-politikken og den allmenne demokratiske politikken som sosialdemokratane stod for. Kulturpolitikken vart her framstilt som eit tiltak der kulturen skulle vera eit instrument eller eit hjelpemiddel for å kvalifisere medborgarane for «det folkliga självstyret», som Engberg formulerte det: «Ty intet folkstyre kan varaktigt bestå och lyckas därest det icke uppbäres av upplysta, ansvarsmedvetna och självstendiga medborgare». For å oppnå dette målet måtte bildningsmonopolet brytast: «Muren mellan folket och bildningsmöjligheterna håller på att raseras. Det är den demokratiska kulturpolitikens förnämsta uppgift att helt avlägsna den», heitte det i brosjyren.

Teksten gav på dette punktet uttrykk for det eg ville kalle ein politisk mobiliserande instrumentalitet, der Engberg argumenterer for demokrati gjennom å formidle kultur for å skapa kunnskapsrike og sjølvstendige samfunnsborgarar.

Men Engberg nøyer seg ikkje med det. Perspektivet i brosjyren rommar også tankar om kva kulturpolitikken skal bidra med for utviklinga av det enkelte individet:

«Men det gåller icke blott att trygga medborgarnas tillträde till förvärvet av färdigheter och insikter. Det gäller även att skapa allmän delaktighet i de andliga skatter, som bildande konst, musik, teater och skönlitteratur representera. Det räcker icke med att dugliggöra sig för livets praktiska uppgifter. Människan vill också tillfredsställa sin skönhetslängtan, sin konstnärliga åtrå, sitt behov av det som övergår tidens och rummets gränser. Hon vill lösas och hjälpas ut ur det vardagliga, det trista och grå. Konstverket, boken, scenens skapelser, tonerna och de eviga budskapen utfylla, ge mening och lyftning åt hennes liv.»49

I dette avsnittet av teksten er det den estetiske og dannande instrumentaliteten som pregar bodskapen, argumentasjonen vender seg til enkeltmennesket som privatperson, og underforstått tala Engberg her om kulturen med stor K, som i praksis var den fine – og særlig klassiske – kunsten, som vi har sett at han dyrka i utsegnene frå 1920-åra. Engberg skreiv at dei fleste ferdigheiter kunne lærast og innøvast, men det gjaldt ikkje alt, for «det som varken kan inläras eller inövas, det som vi uppleva i konst och religion hör också till de omistliga värden, som en demokratisk kulturpolitik har att vårda sig om». Her er det verdt å merke seg at han tala om kunst og religion i same vendinga og at han sidestilte kunstopplevingar og religiøse oppleveringar.

I denne brosjyren kan ein spore ein dobbel bodskap: Vilje til å bruke kunsten politisk for fremja demokratiet på ei side og tanken om å bruke kunsten for å dyrke smaken og det estetiske «stilsinnet» hos den enkelte på den andre. Slik som det var formulert i valbrosjyren, kunne det ikkje støyte mange – heller ikkje borgarlige veljarar. Han tala dessutan om sosialdemokrati, ikkje om sosialisme. Om den sosialdemokratiske kulturpolitikken skreiv han at «Den har målmedvetet slagit vakt om den humanistiska odling, för vilken forskningen och kritikens frihet, respekten för den självständiga personligheten och aktningen för människovärdet äro omistliga livsvillkor».

Og den borgarlige politikaren som ikkje var einig i det, fanst ikkje. Engberg var derfor heilt ukontroversiell her.

Meir problematisk derimot var leflinga hans med raseteoriar og antisemittisme tidlig på 1920-talet. For å kaste lys over dette må vi gå litt tilbake i tid.

Antisemitt og kontrarevolusjonær?

Eg vil ta eit steg tilbake til den tidlige perioden i Engbergs politiske karriere, dvs. tidlig i 1920-åra, da han var redaktør i Arbetet i Malmö. Spørsmålet handlar konkret om Engbergs holdning til raseteoriar, nasjonalisme og den russiske bolsjevikrevolusjonen.

Historikaren Håkan Blomqvist (2001, 2006a og 2006b) har arbeidd mye med spørsmålet om den svenske arbeidarrørsla sitt forhold til rasespørsmål og nasjonalisme i perioden frå ca. 1900 og fram til begynnelsen av 1920-talet. Dei sosialdemokratiske partia i mange europeiske land svikta i stigande grad den internasjonale solidariteten og slutta seg til dei borgarlige regjeringane i dei respektive landa, og dei vart såleis fanga av nasjonalismen og forlet det synet at krigen var ein kapitalistisk krig som ikkje tente arbeidarklassen i noen av dei krigførande landa.

Engberg, som i tiårsperioden 1915-1924 vart rekna som radikal sosialdemokrat, vart også ei tid offer for den bølgja av nasjonalisme og rasebiologi som ramma europeiske folkerørsler, og i den svenske arbeidarrørsla fann ein også eksempel på dette. Engberg var ein av dei. Rasetenkinga vart blant anna tydelig i synet på jødane, som mange betrakta som ein trugsel mot dei andre europeiske folkeslaga. I ein artikkel i Arbetet i mars 1921 under tittelen «Judarna» uttrykte Engberg seg slik:

«I sin erövring av världen har judendomen fullföljt en målmedveten ras-politik. Man har detacherad vissa element att beblanda sig med andra nationaliteter och skapa dessa semitiska blandningstyper, som alltmer inpyra den nationella folkstocken, man har systematiskt underminerat de övriga raserna. Det ligger i denna expansion judendomens hela kynne att vara cell-byggare, att fräta sönder, inifrån uppluckra och förbränna.»50

Det som ligg bakom denne formuleringa, er forestillinga om at jødane som folkegruppe arbeidde ut frå ei samansverging og ein plan om å erobre verda og utrydde kristendommen. Ei viktig kjelde til denne tanken var det falske dokumentet Sions vises protokoller, som det vart påstått at ei gruppe jødar forfatta på ein sionistkongress i Basel i Sveits i 1897. Den første utgåva kom på russisk i 1903, men i perioden fram mot 1920 vart skriftet omsett til 20 språk, blant dei svensk og norsk. Skriftet var allment kjent og støtta opp om folkelige fordommar mot jødane.

Fordommar mot jødane var også utbreidde i det offentlige Sverige. Idehistorikaren Henrik Bachner (2007) skriv følgjande om dette:

«Historically anti-Jewish thinking in Sweden has not differed much from the Christian anti-Jewish tradition prevalent in many other European countries. During the second half of the nineteenth century, perceptions and imagery became increasingly influenced by modern antisemitism. All though no broad, popular antisemitic movement ever emerged, traditional religious and secular anti-Jewish stereotypes remained an integrated and fairly well accepted part of Swedish culture until World War II. Negative perceptions of Jews also influenced popular attitudes as well as restrictive government policies toward Jewish refugees from Nazi Germany during the 1930s.»51

Det Bachner peiker på her, gjaldt også i andre nordiske land. Fordommane mot jødar var ein nedarva tradisjon som var hundrevis år gammal, og enkeltpersonar i arbeidarrørsla var ikkje unntatt frå slike holdningar.

Eit anna tankegods i tida som også nørde opp under jødehatet, var ideen om at det var jødar som stod bak den kommunistiske revolusjonen i Russland. Dei «kvite» tsartilhengarane i Russland bles liv i den gamle antisemittismen i Russland under borgarkrigen ved å kople jødane til den bolsjevikiske revolusjonen. «Jødebolsjevismen» vart eit skjellsord, antisemittisme og kontrarevolusjon vart eitt og same begrep. Håkan Blomqvist (2006b) hevdar for eksempel at tanken om jødebolsjevismen var vanleg i den svenske dagspressa i perioden 1917-1924.52

Som eg har vist tidligare, brukte Engberg uttrykket «bolsjevisering» som skjellsord i eit åtak på modernistisk kunst. Engberg var elles kjend som ein motstandar av den russiske revolusjonen og tok avstand frå den – men han vart likevel rekna som radikalar. Skepsis mot den modernistiske kunsten var heller ikkje uvanlig i arbeidarrørsla, så her var ikkje Engberg den einaste. I eit internasjonalt klima der antisemittisme vart kopla saman med kontrarevolusjonære holdningar, var det lett å hamne på feil side og gjera seg til talsmann for reaksjonære standpunkt.

Det er ikkje spor å finne av antisemittisk slag i skriftene til Engberg etter at han tok over som redaktør av Social-Demokraten i 1924. Og den europeiske fascismen og nazismen i dei seinare 1920- og i 1930-åra tok han klart avstand frå. Den litt aggressive tonen som ein kan spore i tekstar han skreiv om modernistisk kunst, jødane og bolsjevikrevolusjonen før dette, kan for ein del tilskrivast den litt arrogante ovanfrå-og-ned-stilen hans der han som betrevitande elitist snakka «nedover» til dei breie folkemassane. Elitismen hans stod fast, men først og fremst var det ein kulturkonservativ estetisk elitisme som stod i motsetning til politisk og sosiologisk betinga kulturinteresser til den samfunnsklassen han skulle representere, den svenske arbeidarklassen. Eg vil derfor ikkje legge altfor mye vekt på Arthur Engbergs kortvarige lefling med antisemittismen. Men når ein skal få eit heilskapsbilde av Engbergs ideologiske profil, er det av større interesse å studere forholdet hans til marxismen.

Det er temaet for det neste avsnittet.

Arthur Engberg og marxismen

Den allmenne retorikken, fråveret av sosialistisk analyse og argumentasjon og den implisitte aksepten av den klassiske, borgarlige kulturtradisjonen, kan tolkast som eit uttrykk for kompromisslinja i den svenske folkhemspolitikken som også Engberg var eksponent for. Men likevel reiser det seg eit spørsmål: Korleis kunne Engberg samtidig bli oppfatta som radikal sosialist, ja, til og med marxist?

Bernt Gustavsson (1991) har prøvd å svara på dette.53 Gustavsson hevdar at Engberg såg historiefilosofien hos Marx som det primære framfor den historiske materialismen, som han betrakta som ein vitskaplig metode. Historiefilosofien derimot såg han som ein livsanskuelse som skulle førast ut til massane gjennom opplysningsarbeid. Og den marxistiske historiefilosofien såg Engberg ifølgje Gustavsson på som ei vidareutvikling av dei klassiske fridomsideala. Å kjempe for fridommen var målet med den historiske utviklinga. For Engberg gjekk denne vegen via Platon, Sokrates, Kant, Fichte, Hegel og Marx. Kunnskap om den klassiske tradisjonen som sosialismen var ein del av, var derfor nødvendig. Gustavsson skriv at «Engberg använde alltså den klassiska filosofin i kulturdebatten och sökte visa hur socialismen hängde samman med den klassiska tanken om personlighetens frihet.»54 Han hevdar dessutan at «För Engberg leder den insikten till at kampen för socialismen i huvudsak är ett upplysnings- och bildningsarbete.»55 I dette opplysnings- og danningsarbeidet skulle sosialdemokratane ta staten i bruk for å gjennomføre reformer også på det kulturelle området. Gustavsson meiner at Engberg gjorde Marx til idealist og at han ville tillegge ideelle og ideologiske faktorar større betydning i samfunnsutviklinga enn det den tradisjonelle marxismen gjorde, som la vekt på materielle forhold.

Analysen til Gustavsson har sikkert mye for seg reint idehistorisk. Men dei artiklane av Engberg som Gustavsson bygger sin analyse på, vart skrivne i tidsrommet 1918-1920, dvs. kort tid etter partisplittelsen i 1917. Det var relativt tidlig i Engbergs politiske karriere, slik kan ein seia at Gustavssons analyse er basert på eit begrensa empirisk materiale. For å få eit meir heilskaplig syn på den ideologiske profilen til Engberg, bør ein ta omsyn til det han stod for i 1920- og 1930-åra.

Engbergs tolking av marxismen frå ungdomsåra såg vi lite av i dei innlegga Engberg framførte i riksdagen i 1920-åra. Han synest på eit tidlig tidspunkt å ha forlati den sosialistiske samfunnsanalysen og stod i riksdagen fram som ein forsvarar av ideala i den klassiske danningstradisjonen. Det vart enda tydeligare etter at han hausten 1932 vart ecklesiastikminister. Både läroverksreformene og teaterutredninga frå 1933 tok sikte på å fremja den nyhumanistiske og klassiske danningstradisjonen – fransken vart obligatorisk på latinlinja og språkundervisninga generelt vart styrka på kostnad av matematikk og naturvitskap.

Eit anna interessant trekk ved Engberg er den skepsisen eller den motviljen som han viste når det gjaldt modernistiske retningar innanfor kunsten. Vi har sett det i innlegget om teatera som han heldt i riksdagen i 1928, og i det same innlegget gav han jo også nyare folkelige kulturformer, som f.eks. jazzen, ein lite flatterande karakteristikk. Engberg hadde, som eg før har vori inne på, heller ikkje mye til overs for trekkspelet, dansebanen, kinoen og dyrkinga av idretten. Han betrakta alle desse fenomena som forfallsfenomen i samtida.

Gustavsson (1991) skriv at den modernistiske kunsten som slo igjennom i Sverige på 1920-talet, møtte stor skepsis i arbeidarrørsla, men han tolkar Engbergs motvilje også som ein nyhumanistisk kulturpessimisme med referanse til Oswald Spenglers Der Untergang des Abendlandes (1922).56 Dette synest å vera ein treffande beskrivelse av Arthur Engbergs kultursyn. Engbergs einaste botemiddel mot «forflatinga» i den moderne kulturen var å gjenreise respekten for den klassiske kulturen og dei klassiske danningsideala.

Men i tillegg til ei idehistorisk forklaring må ein individuell forklaringsfaktor ikkje gløymast: Engbergs kultursyn var først og fremst eit resultat av akademiske studiar i filosofi i Uppsala, der han var sterkt påverka av filosofen Axel Hägerströms førelesningar om Kant og om sosialismens historie.57 Overbevisninga om at den klassiske kulturen var alle andre overlegen gjorde at han også hadde lita forståing for den proletarlitteraturen som voks fram i samtida. Og det var sannelig eit paradoks ettersom denne litteraturen skildra den samfunnsklassen som han sjølv som politikar representerte.

Konklusjonar

Eg har nå kommi så langt at eg vil trekke noen konklusjonar på grunnlag av den analysen eg har gjort.

Eg vil hevde at Engberg på ein måte stod utanfor og ovanfor arbeidarklassen. I realiteten nedvurderte han livsformene til arbeidarklassen og den samtidige arbeidarkulturen. Engbergs iver etter å overføre den klassiske danninga og kulturtradisjonen til alle, også til arbeidarklassen, kan karakteriserast som ei ovanfrå og ned-holdning. Engberg var såleis ingen demokrat i den betydninga at han respekterte folket sitt bidrag til innhaldet i kulturen. Innhaldet og stilideala var gitte, det gjaldt berre om å overføre dette innhaldet til dei breie lag av folket på den mest effektive måten. Og det såg han først og fremst som eit praktisk spørsmål.

Ut frå det grunnleggande kultursynet sitt kunne Engberg godt ha vori ein konservativ borgarlig politikar. Men sansen hans for ei meir rettferdig fordeling av samfunnsgoda gjorde at han vart sosialdemokrat. Han vart til og med rekna som radikalar blant sosialdemokratane – men det gjaldt opplagt ikkje synet hans på kva som var verdifull kultur og kva for kultur som burde fremjast. Gustavsson (1991) skriv at «Det konstanta draget i Engbergs utveckling är det nyhumanistiska bildningsidealet».58 Sidan dette danningsidealet har sitt sosiologiske og historiske opphav i andre samfunnslag og i ein annan historisk epoke enn den som Engberg verka i, står Engberg fram som ein tilbakeskodande kulturpolitikar.

Eg vil legge til: Ettersom sosialdemokratane på 1930-talet ein gong for alle vende ryggen til den teoretiske sosialismen og vart eit pragmatisk og parlamentarisk kompromissparti som samarbeidde med det borgarlige sentrum, vart det godt rom for å integrere den borgarlige kulturtradisjonen i den statsberande sosialdemokratiske politikken. Det nyhumanistiske danningsidealet som Engberg var talsmann for, kom derfor også til å prege delar av sosialdemokratisk kulturpolitikk for ein lang periode – faktisk heilt fram til den nye kulturpolitikken i 1970-åra. Derfor var det neppe tilfeldig at borgarlige kulturpolitikarar i riksdagen tidlig på 1960-talet viste til Engberg når dei skulle argumentere for å auke kulturbudsjetta. Dei kunne lett identifisere seg med Engbergs kultursyn.

Engberg bar med seg dette idealet heilt frå ungdommen av, og 1930-åra førte ikkje til ei djupare ideologisk forandring hos Engberg. Tvert imot – det nyhumanistiske idealet var fundamentalt i den ideologiske holdninga hans, og da han frå 1932 vart ecklesiastikminister i ei sosialdemokratisk regjering som nærma seg det politiske sentrum, fekk han sjansen til å realisere det han alltid hadde trudd på. Og det som gav han sjansen til det, var at sosialdemokratane nå kontrollerte staten. Sosialdemokratane skapte ingen stat bygd på sosialistiske idear, dei overtok og reformerte den sosialliberale staten. Det var såleis inga absolutt motsetning mellom den borgarlige ideologiske tradisjonen som nyhumanismen var ein del av og den ideologien som låg til grunn for den staten sosialdemokratane overtok.

Engberg kom derfor til å bli den fremste representanten for ein borgarlig-liberal eller kanskje til og med borgarlig-konservativ kulturtradisjon – i sosial-demokratiets namn.

Først mot slutten av 1960-talet talet begynte ein å stille spørsmål ved innhaldet i den kulturen som skulle spreiast til folket. Og det var bortimot 25 år etter at Engberg døde.

Litteratur

Bachner, Henrik (2007) «Anti-Jewish Stereotypes in Swedish Public Discourse», Engage,Issue 5, 2007, s. 1.

Bjørnsen, Egil (2009) Norwegian Cultural Policy: A Civilising Mission? Thesis for the degree of Doctor of Philosophy in Cultural Policy Studies, University of Warwick.

Blomgren, Anna-Maria och Blomgren, Roger (2002) Det ostyrbara pastoratet. Teaterpolitikens nätverk. Högskolan Trollhättan-Uddevalla.

Blomqvist, Håkan (2001) Socialdemokrat och antisemit? Den dolda historien om Arthur Engberg. Carlsson, Stockholm.

Blomqvist, Håkan (2006) Nation, ras och civilisation i svensk arbetarrörelse före nazismen». Carlsson, Stockholm.

Blomqvist, Håkan (2006) «Judebolsjevismen – en antikommunistisk världsbild», i Mari Gerdin och Kjell Östberg, red. Hur rysk är den svenska kommunismen? Samtidshistoriska institutet, Södertörns högskola.

Duelund, Peter, ed. (2003) The Nordic Cultural Model. Nordic Cultural Institute, Copenhagen.

Frenander, Anders (2001) «Kulturpolitik för folkhemmet? Nordisk Kulturpolitisk Tidskrift 2/2001, s. 92-94.

Frenander, Anders (2005) Kulturen som kulturpolitikens problem, Gidlunds förlag, Hedemora.

Gerdin, Marit och Östberg, Kjell, red. (2006) Hur rysk är den svenska kommunismen? Samtidshistoriska institutet, Södertörns högskola.

Gripsrud, Jostein (1981) «La denne vår scene bli flammen…» Perspektiver og praksis i og omkring sosialdemokratiets arbeiderteater ca. 1890-1940. Universitetsforlaget, Oslo.

Gustavsson, Bernt (1991) Bildningens väg. Tre bildningsideal i svensk arbetarrörelse 1880-1930, Wahlström & Widstrand, Stockholm.

Harding, Tobias (2007) Nationalising Culture: The Reorganisation of National Culture in Swedish Cultural Policy 1970- 2002. Doctoral thesis, Linköping University.

Hemming, Sten jr. (1950) «Jonas Arthur Engberg», i Svenskt Biografisk Lexikon, Band 13, Riksarkivet, Stockholm.

Jansson, Jenny (2012) Manufacturing consensus. The making of the Swedish reformist working class. Akademisk avhandling, Statsvetenskapliga institutionen, Uppsala universitet.

Larsson, Tor (2003) «Cultural Policy in Sweden», in Peter Duelund, ed. (2003), s. 181-251.

Lindroth, Bengt (1970) «Målen för den statliga kulturpolitiken», i Idéer i kulturpolitiken (1970), s. 78.

Løken Larsen, Svend Erik (2014) Folkketeatret, Store norske leksikon, henta 27.02.2014.

Melin, Jan, Johansson, Alf W., Hedenborg, Susanna (1997) Sveriges historia. Rabén Prisma, Stockholm.

Moi, Morten (2014) Arbeiderteater, Store norske leksikon, henta 27.02.2014.

Nilsson, Sven (2003) Kulturens nya vägar. Polyvalent, Malmö.

Sundgren, Per (2006) «Klasskampbildning», Nordisk Kulturpolitisk Tidskrift 2:2006, s. 6-48.

Vestheim, Geir (1995) Kulturpolitikk i det moderne Noreg. Det Norske Samlaget, Oslo.

Primærkjelder

Andra kammarens protokoll 1921, gjengitt i Arthur Engberg (1945).

Andra kammarens protokoll, 28 april 1928, trykt opp i Arthur Engberg (1945).

Arbetet, 5. december 1922. Trykt opp i Arthuer Engberg (1945), s. 32.

Engberg, Arthur (1935), artikkel i Tiden, november-desember 1935, gjengitt i Arthur Engberg (1945), s. 90.

Arthur Engberg (1938) Demokratisk kulturpolitik, valbrosjyre for SAP.

Arthur Engberg (1941), artikkel i Vecko-journalen, 20 juli 1941, gjengitt i Arthur Engberg (1945), s. 170-172.

Engberg, Arthur (1945) Tal och skrifter, Tidens Förlag. (Redigert av Rolf Edberg.)

Studier utgivna av kulturrådet (1970) Idéer i kulturpolitiken, Allmänna Förlaget, Stockholm.

1Ecklesiastikminister svara til det norske kyrkjeminister eller kyrkje- og undervisningsminister, som var den vanlege tittelen i Norge før kulturdepartementet vart skilt ut som eige departement i 1981.
2Det ville vera relevant også å gjera samanlikningar med Danmark, men det fell utanfor rammene av denne artikkelen. Sjå for eksempel Peter Duelunds artikkel «Cultural Policy in Denmark» i Peter Duelund, ed. (2003) The Nordic Cultural Model, Copenhagen: Nordic Cultural Institute, s. 31-77.
3’Riksdagstrycket’ svarar til det norske ’stortingsforhandlingar’. Denne dokumentkategorien omfattar både dokument frå regjering og department, komiteinnstillingar (betänkande) og referat frå debattar og vedtak i Riksdagen. Til desse dokumenta er det også knytt offentlige utredningsrapportar (SOU’ar).
4Sven Nilsson (2003), s. 237.
5Frenander (2005), s.82-101.
6Per Sundgren (2006), s. 39-40.
7Sentrale verk i litteraturen om bildningsarbeidet i den svenske arbeidarrørsla er – i tillegg til avhandlinga til Bernt Gustavsson – bl.a. følgjande: Jonas Åkersted (1967) Den litterate arbetaren – Bildningssyn och studieversamhet i ABF 1912-1930, Lars Arvidsson (1985) Folkbildning i rörelse, Thomas Ginner (1988) Den bildade arbetaren. Debatten om teknik, samhälle och bildning inom Arbetarnas bildningsförbund 1945-1970 og Ronny Ambjörnsson (1988) Den skötsamma arbetaren.
8Kjelde: SOS Allmänna val og Statistisk årsbok, her gjengitt etter Jan Melin, Alf W. Johansson, Susanna Hedenborg (1997) Sveriges historia, Rabén Prisma, Stockholm, s. 353.
9Anders Frenander (2001) «Kulturpolitik för folkhemmet?» Nordisk Kulturpolitisk Tidskrift 2/2001, s. 92-94, og Anders Frenander (2005) Kulturen som kulturpolitikens problem, Gidlunds förlag, Hedemora, s. 98.
10Sten Hemming, jr. (1950) Jonas Arthur Engberg, Svenskt Biografisk Lexikon, Band 13, s. 545 ff. Denne artikkelen inneheld mye fakta om Engbergs liv som politikar, og har også ein oversikt over artiklar som Engberg skreiv over lang tid. Mange av dei biografiske opplysningane er henta frå denne artikkelen. Artikkelen til Hemming er skriven i ein beundrande stil og må lesast med eit kritisk blikk. Ca. 200 artiklar og innlegg som Engberg skreiv, vart redigert av Rolf Edberg og publisert etter at Engberg døde, sjå litteraturlista under Arthur Engberg (1945).
11Til nordiske lesarar utanfor Sverige: Fil. Kand. kan best samanliknast med bachelor i dag.
12Sverige hadde tokammerriksdag frå 1867 til 1970. Första kammaren vart vald ved indirekte val, bl.a. av landstinga (fylka), mens Andra kammaren vart vald ved direkte val. Dei to kammera i Riksdagen i Sverige var meir likeverdige enn det som var vanlig i tokammersystem, for eksempel samanlikna med Storbritannia. Dette vart kalla ‘tvåkammarparlamentarism’.
13Engberg var ledamot i Andra kammaren 1918-1940 og i Första kammaren 1941-1944.
14Sten Hemming (1950) «Arthur Engberg», Svenskt Biografisk Lexikon, Band 13, Riksarkivet, Stockholm.
15Det innebar at han hadde ansvaret for områda kyrkje, skole og utdanning og kultur, dvs. at dette svara for eksempel til ansvarsområdet for det tidligare Kyrkje- og undervisningsdepartementet i Norge.
16Denne artikkelen er trykt i Arthur Engberg (1945) og alle sitat er henta derifrå.
17Arthur Engberg (1945), s. 7 og s. 9.
18Andra kammarens protokoll 1921, gjengitt i Arthur Engdahl (1945), s. 15-24,
19‘Utskott’ i Riksdagen svarar til ‘stortingskomite’ i Norge.
20Arthur Engberg (1945), s. 23
21Arthur Engberg (1945), s. 27-28
22Egil Bjørnsen (2009) Norwegian Cultural Policy: A Civilising Mission? University of Warwick, Centre for Cultural Policy Studies, s.43-49. I denne doktoravhandlinga har Bjørnsen blant andre brukt teoriane til Arnold for å beskrive og analysere norsk kulturpolitikk. Arnolds teoriar synest også å vera relevante for å forstå tradisjonen bak Arthur Engbergs kultursyn.
23Sveriges Socialdemokratiska Vänsterparti (SSV) var ei radikal fløy av SAP som vart ekskludert frå partiet i 1917 og danna eit eige parti. Partiet slutta seg til Komintern i 1919, og i 1921 skifta partiet namn til Sveriges Kommunistiska Parti (SKP). I 1967 skifta partiet namn til Vänsterpartiet kommunisterna (vpk) og i 1990 til Vänsterpartiet (v). Ei liknande historisk utvikling skjedde i Norge i 1923 da ei Moskva-tru fløy av Arbeidarpartiet braut ut og stifta Norges kommunistiske parti (NKP).
24Ein grundig analyse av kulturpolitikken i SSV finn vi hos Per Sundgren (2006) «Klasskampbildning», Nordisk Kulturpolitisk Tidskrift 2:2006, s. 6-48.
25Sitatet er frå Nermans småskrifter, her henta frå Sundgren (2006), s. 28.
26Arbetet 5. december 1922. Trykt opp i Arthur Engberg (1945), s. 32.
27Artikkel i Tiden november-december 1935, gjengitt i Arthur Engberg (1945), s. 90.
28Artikkel i Vecko-Journalen 20. juli 1941, gjengitt i Arthur Engberg (1945), s. 170-172.
29Arthur Engberg (1945), s. 171.
30Andre kammarens protokoll, 28 april 1928. Trykt opp i Arthur Engberg (1945) Tal och skrifter III, Tidens Förlag, s. 38-40. (Redigert av Rolf Edberg.)
31Arthur Engberg (1945), s. 39.
32Anna-Maria Blomgren og Roger Blomgren (2002) Det ostyrbara pastoratet. Teaterpolitikens nätverk, Högskolan Trollhättan – Uddevalla, s. 17.
33Her sitert frå Bengt Lindroth (1970) «Målen för den statliga kulturpolitiken», i Idéer i kulturpolitiken, Studier utgivna av kulturrådet. Allmänna Förlaget, Stockholm, s. 78.
34Sitert frå Bengt Lindroth (1970), s. 78.
35Utredninga resulterte i to rapportar: SOU 1934:3 De fasta statsunderstödda teatrarna og SOU 1934:21 Utredning rörande teaterförhållandena i riket.
36Sven Nilsson (2003) Kulturens vägar, Polyvalent, Malmö, s. 219-220.
37Sjå Blomgren og Blomgren (2002), s. 18-19.
38Blomgren og Blomgren (2002), s. 17 og SOU 1934:21.
39Sven Nilsson (1999), s. 215.
40Tor Larsson (2003) «Cultural Policy in Sweden», i Peter Duelund, red. (2003), s. 197-198.
41Tor Larsson (2003), s. 199.
42Jostein Gripsrud (1981) «La denne vår scene blir flammen...» Perspektiver og praksis i og omkring sosialdemokratiets arbeiderteater ca. 1890-1940, Oslo: Universitetsforlaget.
43Svend Erik Løken Larsen: Folketeatret, Store norske leksikon, henta 27.02.2014.
44Geir Vestheim (1995) Kulturpolitikk i det moderne Noreg, Oslo: Det Norske Samlaget, s. 97-130.
45Morten Moi: Arbeiderteater, Store norske leksikon, henta 27.02.2014.
46 Innstilling fra Teaternevnden, opnevnt av Kirke- og undervisningsdepartementet den 26. januar 1935.
47Sjå Geir Vestheim (1995).
48Dei tre første sidene i denne valbrosjyren, som inneheld dei prinsipielle synspunkta, er trykt opp i Arthur Engberg (1945), s. 129-131.
49Arthur Engberg (1945), s. 130.
50«Judendomen», Arbetet, mars 1921.
51Henrik Bachner (2007) «Anti-Jewish stereotypes in Swedish public discourse», i Engage, Issue 5, 200, s. 1.
52Håkan Blomqvist (2006b) «Judebolsjevismen – en antikommunistisk världsbild», i Mari Gerdin och Kjell Östberg, red. Hur rysk är den svenska kommunismen? Samtidshistoriska institutet, Södertörns högskola, s. 54.
53Det følgjande referatet bygger på Bernt Gustavssson (1991), s. 200-214, der han presenterer og diskuterer temaet «Engberg och socialismen».
54Bernt Gustavsson (1991), s. 211.
55Bernt Gustavsson (1991), s. 208.
56Bernt Gustavsson (1991), s. 215-217.
57Bernt Gustavsson (1991), s. 200-203.
58Bernt Gustavsson(1991), s. 227.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon