Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Arven etter Augustin Girard – Kulturutvikling, kulturpolitikk og demokrati som samfunnsdiagnose

Helge Petersen er cand.philol. i religionsvitenskap fra Universitetet i Bergen, og har med utgangspunkt i sitt møte med et norsk Arbeidskontor i 1995 jobbet med integrasjonsproblemet og utviklingen av en modell for integrering i demokratiske samfunn. I samarbeid med Ingmar Meland, har dette arbeidet resultert i flere artikler og et bokmanuskript om temaet. Petersen skriver her som representant for Forum for kunnskap og kultur (FOKK).

Ingmar Meland er cand.philol. i filosofi fra Universitetet i Bergen, med en avhandling om Edmund Husserls fenomenologi og dens videreutvikling i fransk filosofi. Meland har i mange år vært lektor i ulike kulturfag på Universitetet i Bergen, på Vestnorsk kulturakademi og på Høgskolen i Telemark, studiested Bø. For nærværende sluttfører han sin doktoravhandling om Ernst Cassirers kulturfilosofi. Meland skriver her som representant for Forum for kunnskap og kultur (FOKK).

  • Side: 210-228
  • Publisert på Idunn: 2011-04-06
  • Publisert: 2010-04-06

Our essay addresses the way of thinking cultural policy that Augustin Girard was instrumental in working out and managing within the confines of UNESCO. This way of thinking lies behind the strategies of cultural policy of the industrialized countries in the period following the Second World War, which makes it legitimate to talk about a joint philosophy of cultural policy that transcends national borders. Girard’s basic philosophy and approach is that cultural policy needs to create the conditions for a decentralized and pluralistic ‘cultural democracy’ in which the individual can play an active part. Thus, we argue that the motivation and foundation for Girard’s way of thinking cultural policy is based on a democratic diagnosis of the present, which is implicit in his way of thinking and needs to be explicated and developed further. Departing form Girard’s Cultural development: experiences and policies we clarify what Girard’s way of thinking cultural policy involves and imply. Next, we address a distinct impression we have that Girard’s overarching democratic approach has been toned down to the advantage of the “managerial” aspect of his thinking. Our task in this part of the essay is to assess the instrumental aspect of Girard’s way of thinking and the ultimate purposes that motivates this way of thinking. The relation between these two aspects is unsettled in Girard. Thus, we ask whether Girard’s way of thinking isn’t itself a striking expression of the nihilism he combats, in that it furthers the very features of modernity that it wants to remedy, i.e. the progressive degradation of moral and social relation through processes of capitalization and instrumental rationality. The answer is that it is not, provided that his concern for cultural democracy and the development of a democratic culture is not forfeited.

Key words: Cultural development, Cultural policy, Cultural democracy, Cultural industry, Nihilism.

Cultural policies reflect the fact that man today is faced with the choice between seeking a purblind and despairing escape in nihilism, or resolutely confronting the future. (Augustin Girard.)

1. Innleiing

Formålet med dette essayet er å vise fram aktualiteten i den kulturpolitiske tenkinga som Augustin Girard (1926-2009) var med på å utforme og forvalte innan rammene av UNESCO.1 Det er denne tenkinga som i fylgje Geir Vestheim ligg bak dei kulturpolitiske strategiane i industrilanda i etterkrigstida og som gjer det mogeleg å snakke om «ein kulturpolitisk filosofi som er fellesgods på tvers av landegrenser» (Vestheim 1995, s. 55). Som leietråd tar vi det Christopher Gordon kallar grunnfilosofien til Girard, nemleg at det er opp til politikken å etablere føresetnadene for eit desentralisert og pluralistisk ”kulturelt demokrati” der individet kan spele ei aktiv rolle (Gordon 2009, s. 364). Vår hovudpåstand er at motivasjonen og grunnlaget for den kulturpolitiske tenkemåten til Girard er å finne i ein demokratisk samtidsdiagnose, som er implisitt i tenkemåten hans og som treng ekspliserast og vidareutviklast.

Vi skal røre oss fram mot ei slik eksplisering og mogleg vidareutvikling i tre steg. Vi gjer greie for den kulturpolitiske tenkemåten til Girard med utgangspunkt i to ulike versjonar av den rapporten Girard skreiv for UNESCO, den eine i dansk omsetjing og den andre i engelsk språkdrakt (Girard 1973; 1983). Kva går denne tenkjemåten i grunntrekk ut på? Dinest vil vi prøve å diskutere grunnfilosofien til Girard i høve til eit inntrykk vi har av at det demokratiske aspektet ved tenkemåten til Girard har blitt nedtona til fordel for det forvaltingsmessige, dvs. til fordel for byråkratisk administrerte tiltak og ditto initiert kulturpolitisk forsking. Då består oppgåva fyrst i å vurdere den instrumentelle sida av den kulturpolitiske tenkemåten til Girard og dinest i å karakterisere og vurdere dei overordna måla som motiverer utforminga av den. Til sist skal vi forsøksvis vurdere grunnfilosofien til Girard: Er den utprega målrasjonelle kulturpolitiske tenkjemåten til Girard i seg sjølv eit slåande uttrykk for den nihilismen den gjerne vil motverke eller er den så å seie det einaste demokratiske botemiddelet som nasjonalstatane og det internasjonale samfunnet råder over i kampen mot framandgjeringa i den globale tidsalder? Svaret på spørsmålet ligg i tanken om eit kulturelt demokrati og vidareutviklinga av den. I den samanhengen dristar vi oss til å snakke om demokrati som samtidsdiagnose i samband med Girard.

2. Kulturell utvikling, kulturell handling og kulturpolitikk

Det er ikkje vanskeleg å vere einig med Christopher Gordon når han påstår at Cultural development: experiences and policies «must rank as one of the earliest coherent modern discussions of cultural policy» (Gordon 2009, s. 364), men kva for ei bok er dette og kva er det eigentleg Girard diskuterer så konsekvent?

Augustin Girard vart spurd om å skrive ei bok om det ein var blitt samde om på Den Internasjonale Konferansen om Kulturpolitikkens Organisatoriske, Administrative og Finansielle Aspekt under leiing av UNESCO i Venezia frå den 24. august til 2. september 1970. Boka kom ut på engelsk i 1972. Den breie semja frå møtet i Venezia vart stadfesta på ei rad ministermøte opp igjennom 1970-talet, i Helsinki i 1972, i Jogjakarta i 1973, i Accra i 1975 og i Bogotá i 1978. Det førte til at Girard reviderte boka, med hjelp frå Geneviève Gentil, og gav den ut på nytt i 1983. Den nye utgåva er litt forskjellig frå fyrsteutgåva. Det har m.a. kome til oppdateringar av fakta og justeringar av innhaldet i tråd med ei lett revidert kapittelinndeling, som fylgje av eit tydelegare fokus på ”l’industries culturelles”, skapande kunstnarar og kreativitetens rolle i moderne samfunn, men i alt vesentleg er tankegangen i dei to utgåvene den same. Vi kjem hovudsakleg til å sitere frå den danske omsetjinga av fyrsteutgåva, litt varierande omsett av den legendariske Mogens Boisen (Girard 1973), men viser også gjennomgåande til den siste utgåva (Girard 1983). Her og der har vi føya til tekst frå 83-utgåva, der kor det er uklårt eller manglar noko i den danske utgåva, markert med klammeparentesar.

Det som skjedde på konferansen i Venezia i 1970 var at ei rad regjeringar tok avgjerda om «fra nu af at dække nye behov og tage ansvar for kulturudvikling som en integrerende del af udvikling i det hele taget» (Girard 1973, s. 5). Boka speglar såleis av ei kollektiv tenking, dvs. tenkinga om kulturpolitikk innan UNESCO, og prøver å framstille det tankemønsteret som har tatt form i dette forumet. Dei praktiske alternativa boka presenterer, «ligger langt fra det intellektuelle eller liberale kulturbegreb, som ethvert menneske med en vis uddannelse har», og prøver å gje heile spørsmålet om kulturpolitikk ein rasjonell basis. Det vil seie «at indføre objektivitet og følgelig en rational, eksperimentell indstilling og metode i kulturelle aktiviteter.» (Girard 1973, s. 10). Kort sagt handlar det om å gje kulturpolitikken eit vitskapleg grunnlag. Formålet med å etablere kulturpolitikken på ein slik rasjonell og vitskapleg basis, er å få styresmaktene til å ta kultur på alvor, slik at kulturelle aktivitetar «får tildelt sin rimelige del av nationalindtægten.» (Girard 1973, s. 10).

For Girard er boka ikkje «et personlig essay om kulturel handlen», men ein rapport om kulturutviklinga i den moderne verda, som sameinar det kloke folk har tenkt om denne med det ansvarlege folk tenkjer å gjere for å påverke denne utviklinga gjennom ein medviten kulturpolitikk. Difor er det ikkje heilt korrekt å snakke om ”den kulturpolitiske tenkjemåten til Augustin Girard”, ettersom det er snakk om ei kollektiv og demokratisk framforhandla kulturpolitisk tenking. Boka har likevel eit personleg preg, og det er vanskeleg å komme bort frå at Girard – i kraft av sin person – har hatt avgjerande innverknad på både utforminga og iverksetjinga av denne tenkinga. Det er såleis ikkje urimeleg å sjå på Girard som hovudmannen bak grunnfilosofien i rapporten.

”Rapporten” er fyrst og fremst mynta på kulturbyråkratar, som er den målgruppa Girard gjerne vil gjere «fortrolige med det arbejde, der er udført, og de konklusioner, der er blevet draget, af dem, der i de sidste ti år har beskæftiget sig med hele spørgsmålet om kulturudviklingen i den moderne verden.» (Girard, 1973, s. 9). Det er forholdet mellom kulturutvikling og kulturpolitikk som blir konsekvent framstilt. Gitt bakgrunnen og målgruppa for boka, har Girard strukturert framstillinga si på ein bestemt måte: Han handsamar fyrst spørsmålet om dei overordna måla for moderne kulturpolitikk i det heile tatt. Dinest definerer han mål og midlar i kulturpolitikken, før han til sist går inn på «de offentlige myndigheders rolle i kulturudviklingen» (Girard 1973, s . 5).

I forordet blir det enkelt formulert kva kulturpolitikk handlar om: Fyrst må ein vite kva som trengs og gjere seg kjent med instrumenta sine. Dinest kan ein planlegge og prioritere, før ein til sist set politikken i verk. Av kulturpolitiske instrument nemner Girard massemedia, organisatoriske fasilitetar, livslang læring (education), miljø og kunstnarstønad (Girard 1973, s. 5). Modellen er slåande enkel i grunnstrukturen: Med utgangspunkt i samankoplinga av kunnskapar om overordna mål, planlegging og prioriteringar av område og aktivitetar, kan ein lage eit system som knyter mål, midlar og resultat saman. Dette systemet er det så opp til dei politiske styresmaktene å ta stilling til. På den måten kan ein fortløpande oppdatere den statlege kulturpolitikken sine oppgåver i høve til nye media, livsstilar og livsmønster i moderne samfunn. Innhaldet i boka er strukturert etter denne modellen, og for å gje lesaren ei kort innføring i korleis Girard tenkjer, skal vi kort gå igjennom boka kapittel for kapittel.

Kapittel 1 handlar om dei overordna kulturelle måla for kulturpolitikken, sett i lys av «det moderne livs skiftende former» (Girard 1973, s. 143). Girard startar såleis med å drøfte det som i siste ende er formålet med kulturpolitikken, med basis i semja frå møtet i Venezia i 1970, dvs. semja om å ta ansvar for kulturutviklinga. Han gjer greie for kva dette inneber og diskuterer kva det vil seie å ta ansvar for kulturutviklinga som ein integrerande faktor i ”det moderne livs skiftande former”. Å ta ansvar for kulturutviklinga i høve til det moderne livs skiftande former, dvs. i ”det moderne”, vil for Girard seie å utarbeide ein heilskapleg politikk for kulturutvikling i moderne og pluralistiske samfunn, dvs. ein politikk som tar opp alle sider ved kulturutviklinga – inkludert etableringa av ein medviten kulturpolitikk. Stikkordet her er modernitet.

Kapittel 2 handsamar spørsmålet om kva kulturlivet (cultural life) tyder for folk flest og dei viktigaste kreftene som styrer det og dei industrielle og teknologiske aspekta ved det. I hovudsak handlar det då om å drøfte dei audio-visuelle media og kulturindustri i pluralis, særleg i den oppdaterte utgåva frå 1983, og innsikta i kva den kulturindustrielle produksjonen har å seie for kulturutviklinga er avgjerande for den innrettinga Girard gir kulturpolitikken. I denne samanhengen har vi valt å tale om forholdet mellom kulturliv og det vi kallar ”det kulturindustrielle kompleks”.

Kapittel 3 og 4 handlar om kulturformidling, det Girard kallar animation, kulturformidlarane (animateurs) si politiske rolle og kva som skal vere det kulturelle innhaldet i utdanninga deira. Generelt sett er kulturformidling bindeleddet mellom midla i kulturpolitikken og dei menneska kulturpolitikken skal vere til gagn for. Det er sjølvsagt menneske som er bindeledd, og ein må difor «revidere vor anskuelse om de mennesker, der vil danne dette led, om deres uddannelse, udrustning og forholdet mellem deres arbejde og livslange uddannelse» (Girard, 1973, s. 10). Her handlar det i våre auge om profesjonalisering og differensiering av kulturformidling i det moderne og om kva profesjonelle kulturformidlarar må ta høgde for, når formene i det moderne livet stadig skiftar.

Dei to påfylgjande kapitla i den danske utgåva (5 og 6) tar opp dei «foreteelser, der altid bliver dårligst behandlet på kulturbudgetter, men af hvilke ikke desto mindre alt det andet er afhængig, nemlig at forbedre de omgivelser, vi lever i, og at opmuntre kreativiteten.» (Girard 1973, s. 10). I den reviderte ugåva frå 1983 er dette emnet slege saman til eitt kapittel om korleis ein skal stø opp under dei skapande kreftene i samfunnet, særleg dei skapande kunstnarane (Girard 1983, kap. 5), men vi vil meine at den fyrste utgåva treff det demokratiske stiktemålet til Girard betre enn den andre, kor den skapande kunstnaren åleine så å seie er blitt berar av den demokratiske og emansipatoriske bodskapen til Girard. Sakleg sett handlar det nemleg, i den demokratiske tenkemåten til Girard, meir om miljøpolitikk og samfunnskunst enn om levekåra til kunstnarar. Etter vår meining handlar det for Girard om kvar i samfunnet dei samfunnsbyggjande kreftene er å finne og om korleis dei kan understøttast, gjennom ein kulturpolitikk innretta mot kulturelt demokrati. Stikkorda er kreativitet og kulturell innovasjon.

Kapittel 7 (kap. 6 i 83-utgåva) etterspør det rasjonelle grunnlaget for kulturpolitikken, dvs. dei kulturpolitiske reiskapane for kulturell handling. Det handlar då om å innføre «en videnskabelig eksperimentell indstilling og metode» i kulturpolitikken, noko som «er umulig uden instrumenter til at måle og dømme.» (Girard 1973, s. 10). Framstilinga drøftar kva dei ulike landa bør gjere for å forme slike (styrings- og vurderings-)instrument for kulturell handling. Det er her kulturforsking blir viktig for Girard, fordi den etablerer grunnlaget for ein rasjonell kulturpolitikk, men den uttømmer likevel ikkje kva det vil seie å innføre ein vitskapleg og eksperimentell innstilling i kulturpolitikken. For oss handlar det i alle fall ikkje berre om å innføre kvantitativ og kvalitativ kulturforsking som ein viktig lekk i det byråkratiske krinslaupet, men også om å innføre eksperimentet som instrument i kulturpolitikken.

I det siste kapitlet (kap. 7 i 83-utgåva) tar Girard igjen opp spørsmålet om kva ein verkeleg ønskjer. Kva for praktiske alternativ har ein? Kva er dei offentlege styresmaktene si rolle i kulturpolitikken? Kva er «forholdet mellem kulturudvikling og udvikling i det hele taget.» (Girard 1973, s. 11) – store spørsmål. Innleiingsvis gjer Girard kort greie for samanhengen mellom den kulturpolitiske modellen og dei fire grunnomgrepa som den er tufta på – kulturliv, kulturutvikling, kulturell handling og kulturpolitikk. Den indre samanhengen mellom desse grunnomgrepa er nøklane til å forstå den kulturpolitiske tenkjemåten til Girard. I det fylgjande skal vi difor prøve å profilere kva dette innvendige forholdet mellom omgrepa går ut på, for å bli i stand til å karakterisere kva grunnfilosofien til Girard består i.

For Girard er ”kulturliv” eit slags paraplyomgrep for «summen af alle de handlinger og indstillinger [attitudes], der indvirker på menneskets evne til at udtrykke sig, bestemme sin stilling i verden, skabe sine omgivelser og kommunikere med alle civilisationer». Måten det kjem til uttrykk på kan utforskast gjennom «forbrug af tid og penge, hvilket kan måles, men omfatter [denotes] også indstillinger på tidspunkter, der ikke er overvejende kulturelle (arbejde, transport)». Omgrepet kulturliv er med andre ord ikkje reservert for det som skjer i ”kulturlivet”, forstått som ”det som skjer i kultursektoren”, men indikerer at kultur finst over alt i samfunnet (Girard 1973, s. 144; 1983, s. 170). I norsk samanheng talar ein gjerne om ”det utvida kulturomgrepet” for å markere dette, og tenkjer oftast på det deskriptive, antropologiske kulturomgrepet som blir brukt i samfunns- og kulturvitskapane.

Sjølv om uttrykket ”kulturutvikling” er tvitydig, er det likevel teneleg og brukbart i mange tilfelle. Som vi alt har vore inne på, får det hjå Girard meining både i høve til ”det moderne” og i høve til utviklinga i einskilde samfunn, t.d. det franske eller det norske samfunnet. Kulturutvikling eller ”kulturell utvikling” (cultural development) blir altså av Girard oppfatta som ein naturleg dynamikk i moderniteten, men også som ein prosess det er mogleg å styre. Den kulturutviklinga som har skjedd i mange land er såleis på den eine sida eit resultat av auka levestandard (økonomisk utvikling) i kombinasjon med teknologiske nyvinningar (teknologisk utvikling). På den andre sida er det samstundes tale om ei kulturell utvikling som kan styrast, og det er i hovudsak den typen kulturutvikling Girard konsentrerer den kulturpolitiske tenkinga om, ikkje dei som “går av seg sjølv”. Samstundes er det likevel slik at den kulturelle utviklinga som ”går av seg sjølv” er med på å motivere til den slags kulturutvikling som kan frambringast og påskundast gjennom aktiv styring.

Uttrykket kulturutvikling er dobbelt tvitydig, seier Girard. På den eine sida «gives det en positiv farve ved dets kombination af individuel og social udvikling med den lineare, kvantitative progression, som økonomisk og videnskabelig udvikling indebærer». For Girard er det er fullt mogleg å snakke om ”lineær” utvikling i samband med auka levestandard og teknologiske nyvinningar, og denne utviklinga er i ei viss meining kulturell. Girard talar såleis om at det kulturelle utviklingsnivået kan målast, ved hjelp av ulike slags indikatorar (kvantitativt). Det er sjølvsagt vanskeleg å finne ein fyllestgjerande sivilisatorisk mal for måling av kulturelt nivå, lat oss t.d. seie ein mal som tar utgangspunkt i graden av balanse og økologisk kommunikasjon med naturen og den planeten som gjør livet vårt mogleg, men måle kan ein gjere så snart ein har målestokkar. Graden av økonomisk vekst, teknologisk innovasjon og materiell levestandard kan kvantifiserast og fungere som målestokkar for lineær vekst.

På den andre sida, når det er snakk om utvikling i samband med kulturliv og kultursektor, kan utvikling tyde å gje folk tilgang til den ”høge” eller ”fine” kulturen, men då er det eigentleg ikkje snakk om utvikling. Då er det snakk om å gje fleire menneske tilgang til bestemte estetiske objekt og verdiar som høyrer til ein dominerande eller hegemonisk subkultur. Viss kultur derimot står for «de forskellige subkulturer i udtrykkets anthropologisk-etnologiske betydning», kan ein kanskje tenkje seg at «hver enkelt subkultur udvikler sig ved at hæve sit kunstneriske skabelsesniveau og udvide spekteret af individuel deltagelse deri?» (Girard 1973, s. 155; 1983, s. 171). Kulturell utvikling/kulturutvikling har såleis tre sider hjå Girard – den som knyter seg til økonomisk og teknologisk utvikling, den som gjeld ulike subkulturar og forholdet mellom dei, og den som meir snevert heng saman med dei estetiske objekta og verdiane til ein bestemt, hegemonisk subkultur. For å få tak i denne samanhengen treng ein både kvantitativ og kvalitativ kulturforsking, i fylgje Girard. Han utelukkar ikkje at det finst andre måtar å få tak i denne samanhengen på, men vitskap er den fremste og mest rasjonelle måten.

Uttrykket ”kulturell handling” (”kulturell aktion”/”cultural action”) er ein interessant konstruksjon frå Girard si side. Det er ei omgrepsmessig nydanning som etter vår meining er lite påakta i forskingslitteraturen. Omgrepet er sett saman av to ord som vanlegvis blir brukt på to heilt ulike område, «idet kulturen tilhører de høje aspirationers og fromme forhåbningers rige, aktionen det, der betragtes som realistisk og i siste instans økonomisk.» Formålet med å knyte dei to orda saman i eitt omgrep, er å antyde at det finst ei form for handling som er av kulturell karakter, at formålet med den [– grounded in the realities of one’s mode of life –] er av kulturell karakter og at dette formål er «at sætte mennesket i stand til gennem kulturen at kontrollere og forme virkeligheden». Ein kan sjølvsagt peike på at det er her virkeligheten viser seg som noko anna, som noko bortanfor kulturell kontroll, men det er på denne måten kultur er å forstå som ein integrerande faktor i utviklinga generelt sett. Utvikling blir såleis per definisjon kulturell utvikling i moderniteten. Den kulturelle handlinga til ulike økonomiske aktørar (agents) er nemleg ikkje ”reint økonomisk”. Den er samstundes kulturelt motivert (”grounded in the realities of one’s mode of life”), diktert av det systemet som påskundar kulturell utvikling og syter for at den økonomiske og teknologiske utviklinga held fram (t.d. investeringar i nye produkt, teknologiske nyvinningar og nye marknader) og har kulturelle konsekvensar. Akkurat kor viktig dette omgrepet om kulturell handling er, formulerer Girard slik:

Så længe der består en spaltning mellem kultur og aktion, vil kultur tendere mod at være esoterisk, begrænset til de få, medens aktion i sidste instans vil være antikulturel [– ”the action of Homo economicus – that is”], og ødelæggende for mennesket. Begrebet »kulturel aktion« giver levende udtryk for genoprettelsen af den harmoni mellem aktion og kultur, [between art and economy], der bestod i det traditionelle samfund, men som er blevet ødelagt af industrialiseringen (Girard 1973, s. 144; 1983, s. 171).

Dette er ikkje romantisk tale, men ein tale i tråd med opplysingas talsmenn. Omgrepet kulturell handling prøver å fange inn eit nivå av handling som går ut over det individuelle og sosiale. ”Kulturell handling” er handling som rettar seg mot kulturutvikling på ulike nivå. Det er målrasjonell handling i høve til slike handlingar og haldningar som verkar inn på den evna mennesket har til å uttrykke seg (subjektivt), bestemme si stilling i verda (sosialt), verke inn på omgjevnadene sine (kulturelt) og kommunisere med andre kulturar (interkulturelt). Kulturliv, kulturutvikling og kulturell handling står såleis i eit innvendig forhold til kvarandre, slik at dei to fyrstnemnde er med på å motivere ulike former for kulturell handling, som i sin tur er utgangspunkt for å utforme politikkar i høve til kultur:

Set i relation til kulturel aktion, defineret som her sket, får udtrykket »kulturpolitik« [’cultural policy’] en precis mening, der hidhører fra ordet »politik« [policy]. En politik er et system af endelige mål (målsætning), praktiske mål og midler, der tilstræbes af en gruppe og bringes til udførelse af en autoritet. Kulturpolitik [cultural policies] kan iagttages i en fagforening, et politisk parti, en uddannelsesbevægelse, en institution, en privat virksomhed, en by eller en regering. Men uanset hvilken dynamisk faktor det drejer sig om [regardless of the agent concerend], involverer en politik eksistensen af overordnede mål (langsigtede), foreløbige mål (på kortere sigt og »målelige«) samt midler (mennesker, penge og lovgivning), kombineret til et klart udtrykt, sammenhængende system.

De mennesker, der i regeringer eller lokale institutioner fastlægger de overordnede mål (»vismend«), er ikke de samme som dem, der fastlægger de foreløbige mål (eksperter) eller midlerne (administratorer); og den proces, ved hvilken kulturpolitik fastlægges, den være sig mere eller mindre demokratisk eller i større eller mindre grad i henderne på »teknokrater«, må altid indbefatte nogle midler til at vurdere resultater og i lyset af disse at revidere de overordnede (ultimate purposes) og de foreløbige mål (objectives) samt midler (means). (Girard 1973, s. 145; 1983, s. 172).

Dette lange sitatet viser kva den kulturpolitiske tenkjemåten til Girard går ut på. Den stør seg på ein slags ”lineær rasjonalitet” som er problematisk, men vanskeleg å komme bort frå. Politikk er ikkje noko ein kjem utanom i den moderne verda. Å ha ein politikk (policy) vil nemleg seie å gå inn i saker med ei medviten haldning, med visse retningsliner, ei line (t.d. ei partiline) som har ei klår retning og klåre mål. Ein politikk kan såleis sjåast på som eit lite system, der ulike motivasjonar er knytt saman med bestemte midlar og bestemte mål. System for handling som er strukturerte på denne måten, er verksame over alt, og ”kulturelle politikkar” (cultural policies) kan ein såleis støyte på i alle slags organiserte aktivitetar.

At det er slik, er tydleg også i den prosessen kor ein bestemt kulturpolitikk blir initiert og etablert. Dei menneska som fastlegg kulturpolitikken har ulike funksjonar i systemet (etter modell frå Platons Staten?), kor ”vismenn” fastlegg dei overordna og langsiktige måla (ultimate purposes), ekspertar fastlegg dei kortsiktige måla (objectives) og administratorane forvaltar midla (means) og set i verk tiltak som skal hjelpe folk til ein betre kvardag. Denne prosessen kan vere meir eller mindre demokratisk eller den kan vere meir eller mindre i hendene på byråkratar og teknokratar, men den må alltid ha innebygd mekanismar som gjer det mogleg å vurdere resultata av politikken og, i lys av desse resultata, å revidere kva som skal vere overordna mål, foreløpige mål og midlar i kulturpolitikken. Slike feedbackmekanismar knyter systema på mikronivå saman med systema på makronivå, slik at ”kultur” og ”handling” blir knytt saman og integrert – ved hjelp av ”kulturell handling” – til ein medviten kulturell politikk: Ein kulturpolitikk. I denne samanhengen blir også kulturforsking viktig, både den kvantitative og den kvalitative, fordi den leverer underlag og ekspertråd til politikarar og (kultur)byråkratar.

Etter vår meining har Girard innsett at det er naudsynt å formidle og balansere den instrumentelle fornuftas herredømme i moderne samfunn (”the action of Homo economicus”) med ei anna slags fornuft. Denne fornufta, slik tolkar vi Girard, er politisk og kommunikativ. Den er målretta og instrumentell, men målet er å gjenopprette kommunikasjonen mellom system og livsverd gjennom former for kommunikativ handling, for å tale med Jürgen Habermas.

Oppsummeringsvis – kva går den kulturpolitiske tenkjemåten til Girard i grunntrekk ut på? Det er ein kollektiv og demokratisk framforhandla tenkjemåte som gir kulturpolitikken i oppgåve å ta ansvar for kulturutviklinga på rasjonell basis. Formålet med kulturpolitikken er i siste ende å leggje til rette for det Girard kallar ”kulturelt demokrati”, slik at det blir mogleg å formidle og etablere dei samfunnsmessige vilkåra for eit aktivt liv i fridom, sjølvoppdaging, vekst og herredøme over eigen lagnad. Kongstanken til Girard – som etter vår meining er fortetta i uttrykket ”kulturelt demokrati” – er såleis å få til ei genuin kvalitativ kulturformidling som tar høgd for kulturutviklingas integrerande funksjon og det potensialet for kulturell handling og demokratisk deltaking som finst i livsverda.

Det er på dette grunnlaget ein med rette kan kalle samtidsdiagnosen til Girard for demokratisk på systemnivå, men samstundes er den modellen for kulturformidling som Girard utformar gjennomgåande målrasjonell. Målet er å vedlikehalde demokratiske praksisar i livsverda. Det er dette som skapar den indre spenninga i tenkjemåten hans. Vi skal vende tilbake til spørsmålet om Girards demokratiske samtidsdiagnose i siste del av essayet. Her skal det i mellomtida handle om eit inntrykk som har festa seg hjå oss, nemleg at det filosofiske og samtidsdiagnostiske aspektet ved tenkjemåten til Girard har blitt trengt tilbake til fordel for det instrumentelle, dvs. til fordel for byråkratisk administrerte tiltak og ditto initiert kulturpolitisk forsking.

3. Kulturelt demokrati, ”det kulturindustrielle kompleks” og overordna mål

Dette inntrykket har festa seg i oss, fordi vi opplever at korkje dei som forskar i kulturpolitikk eller dei som forvaltar han er særleg interesserte i å tenkje prinsipielt om kulturpolitikken og kva som i siste ende er målet med den. Det er på ein måte gjort dét. Girard har gjort dét. Styresmaktene gjer dét, ved hjelp av ”vismenn”. Difor tar forskarane for det meste utgangspunkt i ei bestemt oppfatning av kva kulturpolitikk er, basert på kjennskap til korleis den fungerer i praksis. Med det utgangspunktet forskar forskarane på kva denne politikken gjer, og problematiserer så nokre av dei konsekvensane den har. Det er dette som blir sett på som ”kulturpolitisk relevant forsking”. Byråkratane og forvaltarane tar som oftast denne forskinga ”til etterretning”, og justerer kulturpolitikken i tråd med tidas krav, men er det ikkje på tide å vende tilbake til motivasjonen og dei overordna måla for kulturpolitikken, slik Girard oppfatta dei, og mønstre midla på nytt? Kva er tidas krav? Kva status har den samtidsdiagnosen som Girard byggjer på og kva er i siste ende formålet med kulturpolitikken?

Vi skal prøve å kaste ljos over desse spørsmåla gjennom å stegvis røre oss frå ei eksplisering av tanken om ”kulturelt demokrati” via ein karakteristikk av eit viktig aspekt ved samtidsdiagnosen og fram til ei problematisering av denne samtidsdiagnosen.

Med Christopher Gordon meir enn antyda vi innleiingsvis at omgrepet ”kulturelt demokrati” er nøkkelen til å forstå grunnfilosofien til Augustin Girard. Det er ikkje identisk med ”demokratisering av kulturen” i tydinga ”det er å spreie den fine og høge kulturen til folket”. Dét inneber for Girard ei ”falsk demokratisering”, fordi prosessen går ”ovanfrå og ned”. Difor fungerer ein slik modell for kulturpolitikk også dårleg. Den kommuniserer ikkje med folk, men patroniserer dei. Det er ikkje tilstrekkeleg med gode intensjonar om demokratisering av ”kulturen med stor K”, for folk bryr seg lite eller inkje om slike paternalistiske ovanfrå-og-ned-tiltak. (Jf. Jeanson 1973, s. 101). Tanken er då at ”kultur” ikkje fyrst og fremst er noko som ligg føre, i form av ”kulturelle verdiar” eller ”kulturarv”, men at det nettopp handlar om ”kulturliv” i utvida meining. Det vil seie at kultur finst over alt og alltid er i utvikling.

Alternativet til den falske demokratiseringa av kulturen er for Girard å utvikle eit ”kulturelt demokrati”. Det inneber ein modell for kommunikativ handling som hjelper ulike grupper i samfunnet med å oppleve sin eigen subkultur på best mogleg måte (Girard, 1973. s. 55; 1983, s. 66). Det er ein modell som medfører at ein må akseptere kvardagslivet, livsmønsteret og livsverdiane til subkulturane slik dei faktisk blir levd, som grunnlag for kulturpolitikken. Målet for det kulturelle demokratiet er «at fremme specielle subkulturers selvudtryk og via kommunikationsmedierne at bringe dem i relation til andre, mer universelle subkulturer.» (Girard 1973, s. 56; 1983, s. 70; Vestheim 1995, s.72).

Dette er utgangspunktet for Girard sin visjon om eit kulturelt demokrati: Kulturutviklinga i liten skala (kulturlivet til folk) skal gjerast til gjenstand for kulturell handling, og kulturpolitikken skal relatere det mangfaldige kulturlivet (ulike subkulturar) til den kulturelle utviklinga i stor skala (modernitetens dynamikk) gjennom moderne kommunikasjonsmedia. Sidan kulturutviklinga er å forstå som ein integrerande faktor i det moderne, er det kulturpolitikken si sanne oppgåve å legge til rette for eit kulturelt demokrati, som stør opp under kvalitativ kulturformidling og kulturell innovasjon. Behovet for ei genuin kvalitativ kulturformidling er del av den kulturelle utviklinga og omfattar alle sider av kulturformidlinga på individ- og samfunnsnivå. Problemet med å få til ei slik kvalitativ og medviten kulturformidling heng saman med korleis ein tenkjer forholdet mellom kulturelt demokrati, dei moderne kulturnæringane (the cultural industries) og moderne kommunikasjonsmedia.

Det er i denne samanhengen at Girard er oppteken av moderne kulturnæringar og kommunikasjonsmedia, for kulturformidling og kulturell innovasjon kan ikkje skje utan desse. Ein kan ikkje tenkje eit kulturelt demokrati utan desse. Dei moderne kulturnæringane (the cultural industries) har ei dominerande rolle i kulturlivet og det er såleis uomgjengeleg å ta stilling til deira funksjon i kulturutviklinga. Moderne kommunikasjonsmedia er sjølve del av kulturindustrien og har ei sentral rolle i formidlingsprosessen, ettersom dei både promoterer, kritiserer og vidareformidlar slike kulturgode som medverkar til å formidle mellom subkulturar.

Etter vår meining var Girard framsynt på dette punktet. Han såg denne kulturelle utviklinga og tar i sitt perspektiv høgde for framveksten av den nye mediale konstellasjonen. Hans perspektiv på kulturutviklinga er hovudsakleg kulturpolitisk, ikkje kulturkritisk, og difor legg han fokus på den elektroniske medierevolusjonen og den rolla offentlege styresmakter kan ha i den kommande utviklinga (Girard, 1983, s. 51-61), og det er i den samanhengen han gjennomfører sin analyse av kulturnæringane.2 For å gje ein samla karakteristikk av denne analysen snakkar vi difor om ”det kulturindustrielle kompleks”. Kva er det då snakk om?

Den norske medievitaren Helge Rønning talar om kulturindustrien som ”et kulturindustrielt kompleks”, men brukar då uttrykket mest for å karakterisere den kapital- og eigarkonsentrasjonen som karakteriserer kulturindustrien på produksjonssida: Fjernsynsstasjonar, forlag, plateprodusentar, filmselskap og andre kulturprodusentar eig og kjøper opp kvarandre og kan difor «udnytte hinandens muligheder. Tilsammen udgør de et kulturindustrielt kompleks af enormt omfang og med visse centrale kendetegn samlet i deres varer.» (Rønning 1978-82).

Vi tenkjer i analogi med uttrykket ”det militær-industrielle kompleks”,3 for å markere at det no i mange høve er snakk om samanfallande interesser og samarbeid mellom delar av kulturnæringane, inkludert dei såkalla kreative næringane, den statleg forvalta kulturpolitikken og livspolitikken til samfunnsborgarane, særleg deira bruk og forbruk av kultur. Samanlikninga skal ikkje hovudsakleg takast som ei åtvaring mot farane ved den sterke innverknaden som samanflettinga av kulturnæringar, kulturpolitikk og livspolitikken har på kulturutviklinga, sjølv om det er eit aspekt ved dette komplekset, men for å karakterisere ein vidare, strukturell samanheng. Overordna sett er det då snakk om utvekslingar mellom marknad, stat og sivilsamfunn, som i høg grad er formidla gjennom moderne kommunikasjonsmedia, ettersom media både har ein ”dagsordensfunksjon” og fungerer som bindeledd mellom ulike ”sektorar” i samfunnet. Det kulturindustrielle komplekset er med andre ord eit apparat som knyter saman system og livsverd gjennom ei rad formidlingar som finn stad på ulike nivå og gjennom ulike kanalar.

Vi kan ikkje her utdjupe nærare kva vi meir konkret forstår med det kulturindustrielle kompleks, men uttrykket er med dette lansert, og poenget vårt i denne samanhengen er enkelt nok: Vi meiner at Girard alt på 1970-talet såg denne utviklinga i retninga av ”det kulturindustrielle komplekset” og kva det ville ha å seie for kulturutviklinga at produksjonen, distribusjonen og konsumpsjonen av kultur skjer gjennom moderne media. Han såg at det skapar ugjenkalleleg om på vilkåra for kulturformidling og at kulturpolitikken må ta høgde for desse endra vilkåra. Han såg at kulturnæringane er meir mangfaldige enn det Horkheimer og Adorno ville ha det til og at styresmaktene må legge til rette for å betre tilgangen til kultur, for å betre kvaliteten på dei tradisjonelle kulturformidlingsinstitusjonane, for å betre vilkåra for kreativitet i samfunnet og for å styrke potensialet for produksjon og eksport av kultur på nasjonal basis (jf. Girard 1973, kap. 2; 1983, kap 2, s. 51).

Det springane punktet er her korleis ein i dag skal tenkje det den norske filosofen Hans skjervheim ein gong kalla ”formidlingsproblematikken” (Skjervheim 2001, s. 298). Kan ein eigentleg formidle kultur ved å produsere og distribuere kulturvarer til konsum? Ja, det finst eit flettverk av kulturnæringar og kulturindustri som gjer nettopp det, og som gjer det med suksess, på marknadsøkonomien sine premissar. Men inneber ikkje dette ei monetarisering av kulturen, som dreg kulturen ut av sfæren for det ekte engasjementet og inn i sfæren for det kalkulerbare? Kan ein eigentleg formidle kultur ved å forvalte den gjennom det statlege byråkratiet? Opererer ikkje den offentlege kulturpolitikken også etter instrumentell og operasjonell logikk, ein byråkratisk rasjonalitet, som berre tilsynelatande er kommunikativ? Staten er liksom avsendaren av den lukkelege bodskapen om kultur i alle former og fargar, fyrst og fremst høgkultur og finkultur og den fine folkekulturen, men også den fritidskulturen som folket er mottakarar og utøvarar av.

Skjervheim hadde vanskar med å forstå at marknad og stat fyller den funksjonen som ekte fellesskap og engasjement i livsverda har i det moderne livs skiftande former, men Girard har innsett at formidlingsproblematikken er svært kompleks i moderne samfunn. Han såg at integrasjon på systemnivå er eit vilkår for integrasjon i livsverda og at kulturpolitikk er bindeleddet mellom det mikrososiologiske og det makrososiologiske nivået. For at ikkje den statlege kulturpolitikken skal bli reint instrumentell, slik forstår vi Girard, må den halde motiv, mål og midlar saman og fortløpande revidere forholdet mellom dei. Det er nemleg ikkje berre snakk om formidling av eit kulturelt innhald, men også om å formidle formidlingssamanhengar. Difor må kulturpolitikken ikkje berre administrere ”kulturfeltet”, men også leggje til rette for kulturelt demokrati og vere open for initiativ frå einskildindivid og grupper i samfunnet. Den må ikkje berre leggje til rette for kjøp og sal av kulturgode. Den må ikkje berre leggje opp til styring og kontroll av kulturkroner. Den må også skape gode vilkår for kommunikativ handling.

Når det er sagt, så må det også seiast at samtidsdiagnosen til Girard skriv seg frå 1970-talet. Litt av stilen i boka om kulturell utvikling tar preg av det, og det er vi som koplar Habermas inn i framstillinga. Det har vi gjort for å få eit grep om samtidsdiagnosen til Girard. Kva består denne samstidsdiagnosen i og kva status har denne samtidsdiagnosen i dag, i ”den globale tidsalder” (Giddens 2007) – er den forelda eller treff den framleis noko vesentleg? Er denne samtidsdiagnosen ugyldiggjort eller er den framleis gyldig?

Det kan sjølvsagt stillast spørjeteikn ved den samtidsanalysen Girard byggjer på, men det er heilt sikkert at ein slags samtidsanalyse eller -diagnose for Girard er føresetnaden for å kunne føre ein ansvarleg kulturpolitikk. Vi meinar for vår del at Girard tar høgde for fleire av dei utviklingstrekka som vi har gjort det til ein vane å diskutere under overskrifta ”globalisering” og at dette kjem tydeleg fram dersom ein tenkjer igjennom dei overordna måla for kulturpolitikken som han stiller opp i fyrste kapittel av boka om kulturutvikling og kulturpolitikk. I tråd med Girard sin eigen modell vil ei oppdatering av samtidsdiagnosen hans måtte leie til ei justering av dei overordna måla, som i sin tur kallar på ein revisjon av kva som kunne vere dei nye midla og behova i kulturpolitikken. Nedanfor har vi stilt opp dei måla for kulturell handling som Girard opererer med, i slagordsform og med nokre innspel for eiga rekning, meint som innspel til ein diskusjon av kulturpolitikkens motivasjon og mål i det 21. sekelet.

(1) Fri oss frå det fragmenterande arbeidet (piecemeal, dehumanizing work)! Å takle konsekvensane av eit avhumaniserande/brutaliserande arbeidsliv er for Girard det fyrste målet for kulturell handling (Girard 1973, s. 14; 1983, s. 17). I dag veit vi at arbeidsløysa har kome for å bli, at arbeidslivet blir stadig tøffare og at det blir meir fragmentert dess meir ein prøver å humanisere det. Samstundes blir ”arbeid” stadig fremja av politiske parti og styresmakter som den einaste frelsa for det moderne mennesket, men er det slik? Er arbeid det einaste saliggjerande i vår tid? Kan vi bryte med det offentleg forordna hykleriet rundt arbeidet og tenkje kva som ligg ”bortanfor arbeidssamfunnet”, slik sosiologen Ulrich Beck prøver? Kanskje bør folk få borgarløn når dei engasjerer seg i saker som fremjar kulturelt demokrati og demokratisk deltaking? (Beck, 2004).

(2) Fri oss frå utrivelege miljø! Å gjenvinne kontrollen over det menneskeskapte miljøet er i fylgje Girard det andre målet for kulturell handling «recquired by general development, irrespective of any particular ideology.» Då handlar det for Girard om «[a]t genvinde kontrollen over det byggede milieu ved at udnytte den enestående chance, der bydes af de nye byer, samtidigt med at der indgydes nyt liv i landområderne, kort sagt at formgive vore umiddelbare omgivelser.» (Girard 1973, s. 14; 1983, s. 17). I dag handlar det om å handtere ei miljøkrise av eit heilt anna slag, kor det ikkje rekk å gjere husa og omgjevnadene våre vakre og trivelege. Ein må også gjere dei meir tenelege for overleving. Miljømedvitne arkitektar og ingeniørar må vel i større grad med i kulturpolitisk tenking som sentrale aktørar, for det vi treng no er vel ikkje estetisk pynt, men ein heilt ny og bærekraftig byggeskikk/arkitektur som er energiøkonomisk, miljøvenleg og vakker på same tid?

(3) Fri oss frå den framandgjerande fritida! Det tredje overordna målet for kulturpolitikken er å gje fritida tilbake ein verdi som kulturelement. Det «har sin kilde i behovet for at gengive fritiden dens værdi som kulturelement, det vil sige dens rolle i genskabelsen (recréation) af personligheden, det individuelle udtryk og den sociale kommunikation.» (Girard 1973, s. 15; 1983, s. 18). Forstått som ”kulturelement” kan vi kanskje snakke om fritida som eit rom for refleksjon og rekreasjon av den energien ein treng for ”å kunne seie ja til livet”, men kva verdi har fritid som kulturelement når det i stadig større grad er livsstilsmarknaden som legg føringane for den? Kan den rådande kulturpolitikken, forbrukarkulturen og dei nye kulturindustriane saman fornye det sivile samfunnet og leggje til rette for ein livspolitikk (Giddens 1991. kap. 7) som stimulerer til demokratisk deltaking, eller må vi på dette punktet i større grad rette dei kulturpolitiske reiskapane inn mot å styrke den demokratiske kulturen i kvardagslivet, i sivilsamfunnet og det som i Noreg blir kalla ”frivillig sektor”?

(4) Fri oss frå massekommunikasjonens åk (og the audio-visual bombardment)! Som vi har sett, er massekommunikasjon for Girard ein heilt vesentleg faktor i det moderne kulturlivet. Utviklinga av moderne kommunikasjonsmedia gjer det nødvendig for både individ og samfunn å engasjere seg i den kulturelle sfæren. Det er eit krav det ikkje er mogleg å fri seg frå, «og kravets art gør det mulig også her – […] – at fastslå de overordnede mål for kulturudvikling.» (Girard 1973, s. 15; 1982, s. 19). Massekommunikasjon, forbrukarkultur og stadig raskare endringar har ført til ein ny maskinkultur, kor maskinproduksjonen av dampdrivne motorar er blitt avløyst av maskinproduksjon av elektro- og forbrenningsmotorar (sidan 1890-talet) og maskinproduksjonen av elektronisk apparatur (sidan 1940-talet). Det er denne siste utviklinga som har gjort moderne kulturindustri og massekommunikasjon så umåteleg viktig i moderniteten, og som no har endra karakter med dei såkalla nye media. Takka vere IKT-revolusjonen kan kven som helst kringkaste kva som helst, kva tid som helst og til kven som helst. For Girard handla det om å kunne bruke den nye teknologien aktivt, om ”at udruste ethvert individ til at møde en sådan udvikling, at gøre brug af den som en chance og berigelse og ikke at opleve den passivt som forringende og lemlæstende”. Løyser dei nye sosiale media inn denne draumen eller er dei portalen inn i det den franske filosofen Gilles Deleuze (1926-1994) kalla kontrollsamfunna? (Deleuze, 1990).

Omdanninga av tilveret til folk gjennom strukturendringane i arbeidslivet, bumiljøa til folk, fritida og den massemediale ålmenta spring ut av masseproduksjon og påfylgjande masseforbruk, som endra karakter etter at postmodernismen slo igjennom på 1980-talet. Forbrukarsamfunnet er likevel basert på ein dynamikk mellom produksjon og konsumpsjon som gjer det mogleg å produsere stadig “nye” behov, slik det har vore sidan Marx sine dagar, og takten i omdanninga av tilveret har slege om takka vere moderne teknologi. I våre dagar går omdanninga snøggare enn nokon gang før i historia, noko som i aukande grad produserer eit kulturelt etterslep som det er vanskeleg for det moderne menneske å handtere. Girard formulerer seg slik i samband med denne problematikken:

Masseproduktion og -forbrug kræver en reaktion til gunst for differentiering, personliggørelse, kreativitet, direkte kontakt mellem materialerne og menneskene, hvilket alt sammen er overordnede mål for kulturel aktion.» (Girard 1973, s. 16).

Mangfald (differensiering), personleggjering, kreativitet og meir direkte kontakt med materialar og menneske er overordna mål for kulturell handling, fordi dei er botemiddel mot framandgjeringa i forbrukarsamfunnet, men det høge tempoet i endringstakten endrar ikkje berre endringane i arbeidslivet og den materielle kulturen. Den åndelege kulturen og verdisystemet i det tradisjonelle samfunnet blir òg broten opp, slik at sjølve samfunnsstrukturen knakar i samanføyingane.

Disse forandringer føjer derfor yderligere to overordnede mål til som væsentlig for kulturel aktion. Det første er at udruste ethvert individ til at møde en sådan udvikling, at gøre brug af den som en chance og berigelse og ikke at opleve den passivt som forringende og lemlæstende. Det andet er at sætte mennesket i stand til at genvinde sin personlighed, sine rødder, selvtilstrækkelighed og grunde til en total godtagelse af, »sigen-ja« til livet. (Girard 1973, s. 17).

Måla for kulturpolitikken er altså knytt til arbeidslivet, til miljøet, til fritida og til massemedia. Desse fire områda har på individplan sitt motstykke i differensiering, personleggjering, kreativitet og meir direkte kontakt med den materielle kulturen. Og i tillegg til desse fire siste måla for kulturell handling kjem altså ytterlegare to mål, nemleg oppgåva å utruste individa til å møte kulturutviklinga og setje dei i stand til å seie ”ja!” til livet i den førebels siste moderne verda. Dermed står me, i fylgje Girard, andsynes i alt ti mål for kulturell handling. Dei seks ”individuelle” måla har vi litt tvitydig samla under slagordet nedanfor. Det er snakk om å forstå kultur og kulturpolitikk som eit slags demokratisk system for formidling av formidlingssamanhengar (kulturelt demokrati).

(5) Fri oss frå kulturelle tvangstrøyer! Den høge endringstakten i den globale tidsalder skapar ikkje berre om på arbeidsvilkåra og den materielle kulturen. Den åndelege kulturen og verdisystema i tradisjonelle samfunn blir brotne opp, lemma sund og distribuert på nytt. Kring 1970 såg Girard dei komande vanskane, og gjorde seg til talsmann for ei form for multikulturalisme.

Møtet eller kollisjonen mellom tradisjon og modernitet gjer at styresmakter i alle land må «søge at mestre de vanskeligheder, der organisk ligger i den ene eller den anden form for »bi-kulturalisme«» gjennom ein medviten kulturpolitikk. Målet med ein slik kulturpolitikk er «at skabe en dynamisk ligevægt mellem den individuelle kultur og den universelle.». Dette må ikkje misforståast: «Det ville være en forarmelsens vej og samtidig urealistisk at søge at forene eller sammensmelte dem, eller at ofre den ene for den anden» (Girard 1973, s. 17; 1983, s. 19-20). Girard såg klårt dei komande vanskar med å etablere denne likevekta mellom ulike kulturar:

I de kommende år er en sådan ligevægt i alvorlig fare for at blive forstyrret. Kulturers styrke eller svaghed afhænger mindre af styrken eller svagheden af de værdinormer, de forkynder og forplanter, end af styrken hos de kommunikationsmidler, der udspreder dem. Kulturer med højt udviklet sæt værdinormer vil således kunne forringes ved kontakt med andre, hvis informationsmedier er meget stærke. I mange lande er den yngre generation tilbøjelig til at optage skrøbelige fremmede verdinormer uden at assimiliere dem. Det er derfor en kulturpolitiks opgave at fastslå mål for og midler til en frugtbar vekselvirkning mellem de to kulturer og at etablere de rette kommunikationsmidler. (Girard 1973, s. 17; 1983, s. 20).

Girard låner uttrykket “dei to kulturane” frå C.P. Snow og brukar det til å karakterisere eit meir ålment fenomen. Problemet med ‘dei to kulturane” er nemleg

...udbredt over hele verden, og det er i det land, hvis sprog tales af flest mennesker i verden, at spørgsmålet om »de to kulturer« er blevet reist. Snow tænker på skilsmissen mellem litterær kultur og (natur)videnskablig kultur, men udtrykket kan bevares som betegnelse for en kløft, der er endnu mere generel og bliver stedse bredere, nemlig kløften mellem oplevet [culture as experienced] og indlært kultur [culture that comes from learning]. (1973 s. 18; 1983, s. 21).

Kløfta mellom det ein erfarer og det ein lærer om – mellom ”culture as experienced” og ”culture that comes form learning”, mellom kvardagskunnskap og ekspertkunnskap – utgjer i røynda eit stort demokratisk problem, for ho gjer «borgeren rådvild overfor de beslutninger, der angår ham direkte.» (Girard 1973, s. 18; 1983, s. 21). Men dei problema det medfører å ha ei dobbelt tilhøyrsle er nettopp det som tilbyr ei løysing på det overordna problemet. Over alt i verda er problemet med å «ha rødder, der alligevel ikke forhindrer mobilitet, i at have to eller flere sprog, den universelle nøgle til kulturell ligevægt og herredømmet over éns egen skæbne.» Sidan denne erfaringa er allmenn i den moderne verd, ser Girard framtida i «de kulturelle muligheders mangfoldighed: »multi-kulturalisme« og livslang uddannelse er nær beslægtet – som følge af nødvendigheden af at møde forandringer – og også denne nødvendighed viser os et overordnet mål for kulturel aktion.» (Girard 1973, s. 18; 1983, s. 21). Alle dei nye livsvilkåra i det moderne – knytt til endringar i arbeidslivet, endringar i bumiljøet, i fritidskulturen, i ny teknologi og i grunnsyn og livsinnstilling – byr på like mange kulturelle utfordringar. Dei overordna måla for kulturell utvikling, seier Girard, «bestemmes af, hvad der gør det muligt at neutralisere farerne og udnytte de positive muligheder» som dei kulturelle utfordringane ber med seg. (Girard 1973, s. 19; 1983, s. 21).

Kulturmøte byr på problem i den moderne verda. Vanskane dei skapar har konsekvensar for problemet med individuell og nasjonal identitet. I møte med omdanningsprosessane som moderniseringa fører med seg, blir det ei viktig oppgåve for kulturpolitikken å verne om og vidareutvikle den lokale kulturen på ein stad. Girard gjer her eit skilje mellom ein lokal og ein universell kultur. Han ser ut til å ha laga dette i tråd med skiljet mellom tradisjon og modernitet, slik at den universelle kulturen er identisk med Vestens kultur og lokale kulturar er alle andre kulturar.

Kulturpolitikken skal i denne situasjonen vise vegen ut av rotløyse og eskapisme og leie inn på vegen til individuell og kollektiv identitet: Kultur «tilfredsstiller mit behov for at vide, hvem jeg er, eller rettere sagt til at blive det, jeg gerne vil være, ved at omspænde to kulturer, nemlig en universel kultur og en gruppekultur.» (Girard 1973, s. 19; 1983, s. 21). Kulturutviklinga peikar såleis i retning av eit aktivt liv i fridom for alle, i retninga av sjølvoppdaging, vekst og herredøme over eigen lagnad. Og når pluralismen i levemåtar og livsyn er eit faktum, blir det altså eit overordna mål «at sætte mennesket i stand til at genvinde sin personlighed, sine rødder, selvtilstrækkelighed og grunde til en total godtagelse af, ’sigen-ja’ til livet». Det lyder godt, men har vi grunn til å tru på det lenger? Trur vi på at ein kombinasjon av individualisme og multikulturalisme kan redde oss, eller trur vi snarare at den fører til kulturelt sjølvmord? Korleis skal vi diskutere denne problematikken som ein kulturpolitisk problematikk i tida som kjem? Vi meinar at ein slik diskusjon må handle om korleis ein kan føre ein politikk for demokratisk praksis og deltaking i samfunnet.

4. Demokrati som samfunnsdiagnose

For Girard er kulturpolitikk eit kulturelt fenomen som speglar det faktum at mannetta (Man) står andsynes eit val mellom å anten gje seg over til ein einøygd (purblind) og fortvilande nihilisme eller å møte framtida med opne augo, med ei klårsynt og målmedviten haldning. Spørsmålet i denne siste delen av essayet dreier seg om kva som skil den nihilistiske haldninga frå den klårsynte og målmedvitne haldninga. Vi kan seie det slik: Skilnaden mellom dei to haldningane, den nihilistiske og den demokratiske, er ikkje i hovudsak ein skilnad i metode, men ein skilnad i motivasjon og mål.

Motivasjonen og målet til Girard er demokratisk, og metoden hans er målmedviten, men den er ikkje nihilistisk fordi om den er målmedviten. Tvert om er også metoden til Girard demokratisk. Vi skal forklare kva dette tyder ved hjelp av den norske sosiologen Gunnar L. Aakvaag (2010), og dristar oss med han til å snakke om demokrati som samtidsdiagnose i samband med Girard, men fyrst skal vi seie eit par ord om nihilisme og samtidsdiagnose.

Kva tyder nihilisme i denne samanhengen? Filosofar og sosiologar brukar gjerne uttrykket for å karakterisere ei haldning hjå einskildindivid eller grupper i samfunnet, som avviser ideane, verdiane og normene i ein gitt epoke, ein gitt kultur, eit gitt samfunn eller gitt gruppe i samfunnet tout court. Typisk er det at nihilistiske tendensar viser seg i overgangsperiodar, når raske endringar kastar drastisk om på samfunnsforholda. I Europa er dette særleg tydelege i andre halvdel av 1800-talet. I klår forvissing om at den europeiske kulturen er dømt til undergang, blomstrar dekadanse, katastrofetenking og krisementalitet utover midten av 1800-talet og inn i det tjuande sekelet. Og krisa er i grunn og botn ei meiningskrise. Det vil seie at dei meiningssamanhengane og sosiale banda som var vesentlege for samhald i samfunnet gjekk i oppløysing. Overgangen frå samfunn prega av Gemeinschaft-relasjonar til eit samfunn prega av Gesellschaft-relasjonar (Tönnies), frå mekanisk til organisk solidaritet (Durkheim), kastar individa ut i modernitetens malstraum av nye og stadig nye relasjonar.

Viss vi seier at nihilisme er ein diagnose, kan vi seie at det som blir diagnostisert er eit generelt meiningstap i det moderne, eit meiningstap som oppstår når ein ikkje lenger kan vise til ”gud” som den transcendente garantisten for einskap, samanheng, sanning og meining i tilveret. Forstått som samtidsdiagnose seier nihilismen at det ikkje lenger finst eller kan finnast nokon metafysiske prinsipp eller sikre haldepunkt i tilveret. Hjå Nietzsche står ”nihilisme” såleis for det historiske faktum at dei høgste verdiane har mista sin verdi, i og med at dei levande meiningssamanhengane har brote saman og blitt tingleggjort til ”verdiar” som er ”våre” eller ”deira”. Både aktivisme og likesæla i høve til desse tingleggjorte verdiane blir i siste ende uttrykk for den ubotelege meiningsløysa i den moderne verda, som fører ut i eit endelaust jag etter meining og metafysiske haldepunkt.

Den britiske filosofen Simon Critchley (2004) ser meir bestemt på nihilisme som ein diagnose der det diagnostiserte er ein slags historisk patologi. Denne patologien består i fylgje Critchley i ein dobbel fiasko: (1) Dei rasjonelle verdiane og ideane i opplysinga har ikkje evna å gjennomsyre det stoffet som moralske og sosiale relasjonar er laga av. Opplysingstidas verdiar har kanskje blitt nedfelt i forfatningar og lovverk, på systemnivå, men har ikkje sett seg og verkeleg fått feste i kvardagslivets sosio-kulturelle praksis, i livsverda. (2) Tvert om har opplysingas moralske verdiar medverka til å bryte ned den sosiale veven som moralske og sosiale relasjonar består i, gjennom kapitalisering, rasjonalisering og industrialisering. Fylgjeleg er nihilisme historisk sett resultat av den ”opplysingas dialektikk” som Horkheimer og Adorno analyserte i sitt nordamerikanske eksil. Den sosiologiske og filosofiske diskursen om det moderne består i forsøk på å møte nihilismens problem i akkurat denne situasjonen, kor opplysingstidas verdiar og ideal har spela fallitt og mennesket står utan klåre alternativ (Critchley 2004, s. 11-12).

Det er det generelle meiningstapet i moderniteten og den historiske patologien som Critchley snakkar om som er konteksten for den kulturpolitiske tenkinga til Augustin Girard, som er innforstått med dynamikken mellom det moderne ”funksjons-og-funksjonær-samfunnet” (Durkheim), den kapitalistiske produksjonsmåten (Marx) og Vestens rasjonalitet (Weber).

Men viss nihilisme er diagnosen, kva er då kuren? Critchley skisserer fire vanlege ”botemiddel” mot nihilismen: (1) Å finne kuren gjennom å vende seg til religionen; (2) å avvise at ”nihilisme” overhovudet er eit problem det går an å diagnostisere og føreskrive opplysing og kunnskap som kur og terapi; (3) å akseptere nihilismen som menneskets lodd under moderniteten og praktisere ein pragmatisk og tilpassingsdyktig ”never mind”-nihilisme, kor målestokken er eiga lukke og eigen suksess (passiv nihilisme); (4) å reagere på problemet med ulike former for aktiv nihilisme, det vere seg all slags aktivisme og engasjement for ”viktige saker”, med ”radikal” teoripraksis/praksisteori på den eine ytterkanten og reinspika terrorisme på den andre.

Slik vi ser det, er Girard på det reine med denne situasjonen. For han er det einaste alternativet mennesket har i denne situasjonen å ta ansvar og gå framover. Det tyder i ein viss forstand at einskildindivida er utlevert til sine eigne tilfeldige og resolutte val, til sin eigen lagnad, men samstundes er det deira lagnad å vere moderne individ. Det vil seie at dei er utleverte til kulturell handling. Livet i det moderne er per definisjon kulturliv, og som moderne lever individa liva sine meir eller mindre godt, saman med og for andre som dei meir eller mindre respekterer, i meir eller mindre rettvise institusjonar.

Viss desse institusjonane pretenderer å vere rettvise og demokratiske, vil det seie at det ligg eit krav innebygga i dei om å ta omsyn til det mangfaldet av meiningar, haldingar og handlingar som finst i det samfunnet dei organiserer og kvelvar seg over. I demokratiske samfunn kan ikkje denne situasjonen ganske enkelt avskaffast, anna enn ved eit kupp. Pluralismens faktum kan såleis, i demokratiske samfunn, ikkje gjerast til inkje gjennom blind aktivisme eller einskildindivida sine forsøk på å totalisere sine subjektive perspektiv på tilveret. Dei må formidlast gjennom kulturell handling.

Girard si løysing på problemet med nihilismen, kan vi seie, er såleis å gjere kulturpolitikk til ein formidlingsinstans for meiningssamanhengar, ein instans for formidling av formidlingssamanhengar, som har demokrati både som motivasjon og mål, og som tillike brukar demokratiske prosessar og institusjonar som middel. På denne måten anerkjenner han nihilismen som samtidsdiagnose, men avviser samstundes logikken i ”opplysingas dialektikk” og stiller seg bak ideala frå opplysingstida: Det gjeld å knyte ideane og verdiane frå opplysinga til individa sine liv i den førebels siste av dei moderne verdene.

Med basis i dette resonnementet, er det kanskje mogleg å sirkle inn kva den demokratiske samtidsdiagnosen til Girard går ut på. Vår hovudpåstand er at motivasjonen og grunnlaget for den kulturpolitiske tenkemåten til Girard er å finne i ein radikalt demokratisk grunntanke. Denne påstanden har vi prøvt å gjere sannsynleg ved å greie ut den kulturpolitiske tenkemåten hans, den instrumentelle sida av denne tenkemåten og dei overordna måla som motiverer utforminga av den. No står det igjen å konkretisere kva denne påstanden tyder. Til det hentar vi hjelp frå den norske sosiologen Gunnar C. Aakvaag.

Aakvaag har modig plassert demokratiet i sentrum av den samtidsdiagnostiske debatten som blir ført av filosofar og sosiologar, noko som gjer det mogleg å kritisere den modernitetspessimismen som er kjernen i nihilismen og som har vore med å prege både den filosofiske og den sosiologiske diskursen om det moderne like frå starten av. Han viser korleis ein kan analysere dei sosiale vilkåra for det moderne demokratiet ved hjelp av ein demokratisk samtidsdiagnose inspirert av Jürgen Habermas. Då leiar Aakvaag merksemda over frå teorien om at systemet koloniserer livsverda til den demokratiteorien som Habermas utviklar i Faktizität und Geltung (Habermas 1996).

Kva vil det seie å plassere demokratiet i sentrum av den samtidsdiagnostiske debatten? For det fyrste vil det seie at ein leiar merksemda bort frå meir kjente samtidsdiagnosar. Der klassikarane la vekta på kapitalisme (Marx), formal rasjonalitet (Weber) og solidaritetsform (Durkheim) i sine samtidsdiagnosar, der legg Aakvaag heller vekta på demokrati. Der postklassikarane vidarefører trenden frå klassikarane, «ved å legge vekt på differensiering (Luhmann), økonomi og teknologi (Bell, Castells, Baudrillard), individualisering (Beck, Giddens, Bauman, Sennet), disiplinering (Foucault), pluralisme (Lyotard) osv. » (Aakvaag 2010, s. 6), prøver Aakvaag heller å forstå kva som ligg til grunn for demokratiet og korleis demokratiske prosessar og institusjonar pregar samfunnslivet og kulturutviklinga.

Det tyder, for det andre, at ein ser demokrati som eit gjennomgripande trekk ved moderne samfunn, kor både institusjonar på systemnivå og livsformer i livsverda i aukande grad er prega av demokratiske prinsipp og prosessar. ”Demokratisering av kulturen” tyder ikkje då fyrst og fremst folkeleggjering av kulturlivet, men utbreiing og iverksetjing av demokratiske praksisar på alle område i samfunnet der det er mogleg og ynskjeleg, slik at demokratiske tenkje-, vere- og gjeremåtar er gjenkjennelege som karakteristisk for ein kultur.

Dette tyder igjen, for det tredje, at fokus må liggje på dei normative ideala som ligg nedfelt i kommunikativ handling og «gjør demokratiet – og ikke for eksempel kapitalisme (Marx), formal rasjonalitet (Weber) eller organisk solidaritet (Durkheim) – til det bærende prinsipp i moderne samfunn.» (Aakvaag 2010, s. 12). I den forstand er det snakk om ein radikaldemokratisk samtidsdiagnose.

Utgangspunktet for den demokratiteorien som Habermas utviklar i Faktizität und Geltung, seier Aakvaag, «er at i det øyeblikk vi trer inn i språket, foregriper vi en radikaldemokratisk livsform». Påstanden er problematisk, for demokrati krev eit svært omfattande institusjonelt arrangement som på ingen måte kan utleiast frå det faktum at me er språkbrukarar, men her må vi forstå Habermas rett. Poenget hans er tosidig og dialektisk: Det er gjennom språket at det blir mogleg å institusjonalisere demokratiet og «det er gjennom demokrati man kan institusjonalisere kommunikativ handling og den fornuft, frihet og likhet som følger med rasjonell argumentasjon som koordineringsmekanisme.» (Aakvaag 2010, s. 9).

I fylgje Aakvaag gir samanhengen mellom demokrati, fornuft, fridom og likeverd seg utifrå eit bestemt menneskesyn, som seier at folk er i stand til å styre seg sjølv (dei er fornuftige), at dei sjølve difor skal fastleggje kva lovar og reglar dei skal underleggjast (dei er frie) og at deira interesser såleis også skal telje likt på alle stadia i den politiske prosessen (dei er likeverdige). Dermed kan demokrati idealtypisk betraktast som «et system for frivillig samarbeid mellom personer som gjensidig anerkjenner hverandre som fornuftige, frie og likeverdige» (Aakvaag 2010, s. 10). Dette er opplysingas ideal og normer, som oppmodar individa til å søkje det gode liv og sin eigen autonomi saman med og for andre i rettvise institusjonar (Jf. Ricoeur 1992, s. 169-202).

Kjernen i den deliberative demokratimodellen til Habermas, er det Aakvaag kallar «det demokratiske maktkretsløpet. Dette er en sekvensiell modell for demokratisk menings- og viljesdannelse basert på fire stadier og fire sosiale arenaer med hver sin funksjon». (Aakvaag 2010, s. 10). Modellen startar i det sivile samfunn, som er sfæren for friviljuge samanslutningar utanfor både stat, marknad og privatsfære. Sivilsamfunnet sin funksjon i det demokratiske maktkrinslaupet er «å varsle samfunnet om problemer og konflikter som samfunnsmedlemmene ikke kan løse enkeltvis og som derfor krever kollektive løsninger.» (Aakvaag 2010, s. 11). For at sivilsamfunnet skal kunne oppfylle sin funksjon, må dei varsla sakene setjast på dagsorden i samfunnet. Den funksjonen oppfyller ålmenta, som i prinsippet gir alle lik rett til deltaking, stiller seg open for alle slags tema, lar alle slags argument sleppe til, reknar med at alle deltakarane seier det dei meinar og meinar det dei seier og lar krafta i det betre argumentet vere avgjerande for utfallet av debatten. Herifrå går dei varsla og offentleg diskuterte sakene vidare i modellen til det politiske systemet, kor det blir fatta bindande avgjerder. Dei politiske partia har her ei sentral rolle når det gjeld å fange opp saker frå sivilsamfunnet og ålmenta. Til sist når dei varsla, debatterte og vedtekne sakene fram til det rettsleg-administrative apparatet, som skal implementere vedtaka gjennom forvalting og handheving av lover. Føresetnaden for at dette systemet skal fungere hensiktsmessig, er at det får det Aakvaag kallar «tilstrekkelig påfyll av myndige personer». Dette påfyllet er det i hovudsak oppdragings- og utdanningsinstitusjonane i samfunnet som syter for, t.d. familie, barnehage, skuleverk og høgare utdanningsinstitusjonar, men også vitskap, kunstinstitusjonen og media. Myndige personar er i denne samanhengen «kommunikativt kompetente personer som er vant til og forventer at individuelle og kollektive beslutninger fattes på en måte som ivaretar alles fornuft, frihet og likeverd.» Utan desse, seier Aakvaag, «vil det demokratiske maktkretsløpet aldri bli noe annet enn et tomt skall, en formell prosedyre uten reell substans» (Aakvaag 2010, s. 12).

Denne modellen til Aakvaag, som altså er basert på den deliberative demokratiteorien til Jürgen Habermas, viser korleis det demokratiske krinslaupet har vore med på å institusjonalisere den fornufta, fridomen og likskapen som ligg innebygga i kommunikativ handling. Både modellen og føresetnadene for den kan kritiserast og diskuterast, men vårt siktemål med å ta opp denne modellen er ikkje kritisk. Vi har berre vilja peike på likskapen mellom denne modellen for det demokratiske maktkrinslaupet og den modellen som Augustin Girard tenkjer etter. I tillegg ville vi ganske enkelt antyde korleis modellen til Girard kan tolkast som radikaldemokratisk og peike på korleis tanken om eit kulturelt demokrati kan vidareutviklast. Artikkelen til Aakvaag er i så måte ein god stad å starte, for den som er interessert.

5. Avslutning

Formålet med dette essayet har vore å vise fram aktualiteten i den kulturpolitiske tenkinga til Augustin Girard. Det har vi gjort gjennom å knyte framstillinga vår til påstanden om at motivasjonen og grunnlaget for den kulturpolitiske tenkemåten til Girard er å finne i ein implisitt demokratisk samtidsdiagnose, som treng ekspliserast og vidareutviklast langs dei linene vi så vidt har streka opp. Dei tre hovudpunkta i framstillinga kan betraktast som belegg for denne påstanden, og argumentasjonens gang er å sjå på som ei rørsle frå eksplisering av grunnlaget for tenkjemåten til Girard og fram mot ei mogleg utviding og vidareutvikling av tanken om eit kulturelt demokrati.

Aktualiteten i den kulturpolitiske tenkjemåten til Girard er altså knytt til demokraten Girard, til den demokratiske tenkjemåten hans, til den demokratiske arbeidsmåten hans og til den demokratiske målsettinga hans – kort sagt til grunnfilosofien hans, som får meining i lys av vår tese om ein implisitt demokratisk samtidsdiagnose hjå Girard.

Vi har såleis prøvd å vise kva den kulturpolitiske tenkjemåten til Girard går ut på og at den i sine grunntrekk er demokratisk: Den er kollektivt og demokratisk framforhandla, den gir kulturpolitikken i oppgåve å ta ansvar for kulturutviklinga på rasjonell basis, for på denne basisen å leggje til rette for kulturelt demokrati, slik at det blir mogleg å formidle formidlingssamanhengar og etablere dei samfunnsmessige vilkåra for eit aktivt liv i fridom, sjølvoppdaging, vekst og herredøme over eigen lagnad. På denne måten har Girard på demokratisk vis vore med på å etablere vilkåra for ei genuin kvalitativ kulturformidling som tar høgd for kulturutviklingas integrerande funksjon og det potensialet for kulturell handling og demokratisk deltaking som finst i livsverda.

Har grunnfilosofien til Girard blitt gløymd til fordel for det forvaltingsmessige, dvs. til fordel for byråkratisk administrerte tiltak og ditto initiert kulturpolitisk forsking? Det er vårt bestemte inntrykk at ein i hovudsak har lagt vekt på arbeidet til byråkraten Girard, han som var sentral i arbeidet ned å få i stand moderne kulturforvalting og kulturforsking, og ikkje på arbeidet til demokraten Girard, som seier at formålet med kulturpolitikken er å etablere føresetnadene for eit desentralisert og pluralistisk kulturelt demokrati der individet kan spele ei aktiv rolle – i vår tolking er dette kjernen i den kulturpolitiske tenkjemåten til Girard, som handlar om demokratisk deltaking og innverknad på kulturutviklinga.

Er ikkje den instrumentelle innrettinga av kulturpolitikken likevel problematisk? Og kva med dei overordna måla for kulturpolitikken, må ikkje dei reviderast i lys av samfunnsutviklinga dei siste tretti åra? Må ikkje samfunnsanalysen til Girard oppdaterast?

Når det gjeld det fyrste spørsmålet har vi argumentert for at den instrumentelle innrettinga av kulturpolitikken, slik Girard tenkjer den, fyrst blir verkeleg problematisk når ein tapar motivasjonen for den og målet med den av syne. Då står ein i fare for å gjere kulturpolitikken til det motsette av det den var tenkt å skulle vere: Ikkje ein demokratisk formidlingsreiskap, men ein reiskap for styresmaktmentalitet og biopolitikk.

Når det gjeld det andre spørsmålet, har vi lansert uttrykket ”det kulturindustrielle kompleks” – hopehavet mellom statleg kulturpolitikk, marknaden for kulturelle gode og moderne kommunikasjonsmedia – for å antyde at samfunnsanalysen til Girard ikkje er mindre, men meir aktuell i dag enn for tretti år sidan. Samfunnsanalysen hans må sjølvsagt ”oppdaterast”, og det same gjeld dei overordna måla for kulturell handling som Girard har stilt opp, men i grunntrekk er analysen hans av samfunns- og kulturutviklinga framleis gyldig. Det er fordi Girard har forstått den komplekse formidlingsproblematikken som melder seg i moderne samfunn, i og med framveksten av ”det kulturindustrielle kompleks”, og fordi han implisitt legg demokratiet til grunn i sin samfunnsdiagnose.

Dermed er vi framme ved det tredje punktet, som relaterer seg til spørsmålet om ikkje den kulturpolitiske tenkjemåten til Girard er eit eklatant uttrykk for den nihilismen som den vil motverke, eit uttrykk for den historiske patologien som Horkheimer og Adorno kalla ”opplysingas dialektikk"? Vi meinar at den ikkje er det, nettopp fordi den er tufta på ein demokratisk grunnfilosofi. Den passive nihilismen som Girard kjempar mot, er den likesæla som kjem i kjølvatnet av kulturutviklinga, med auken i materiell velstand og åndeleg naud, stetta av ein marknad for kulturgode til fri bruk. I tillegg er det godt mogleg å kritisere den modernitetspessimismen som er kjernen i nihilismen, ved hjelp av Girard. Ja, det er mykje som er gale og skeivt i demokratiske samfunn, men kva andre system har vi som er betre, gitt at kulturutviklinga går sin gang? Dei kreftene i samfunnet som kanskje vil setje inn metafysiske storleikar og prinsipp (Gud, Naturen, m.fl..) på den staden der demokratiet står, kan også bli høyrde og gjere seg gjeldande i demokratiet, for demokrati er også eit system for gyldiggjering og integrering av meining og verdiar.

Ved å setje demokrati i sentrum for den samtidsdiagnostiske debatten og plassere Girard inn i den, har vi prøvt å vise fram korleis grunnfilosofien til Girard kan forståast og å antyde korleis tanken om eit kulturelt demokrati kan vidareutviklast. Viss demokrati er det bærande prinsippet i moderne samfunn, slik den radikaldemokratiske samfunnsdiagnosen seier, så er det heilt avgjerande å støtte opp om og betre dei sosiale vilkåra for demokratisk deltaking. Det kulturelle demokratiet skal bidra til å trekkje folk inn i den demokratiske prosessen, særleg folk som ”kjenner kvar skoen trykkjer” og som rører seg ute i sivilsamfunnet med meiningane og synspunkta sine. Å bidra til å utvikle ideen om kulturelt demokrati vil såleis seie å bidra til utviklinga og utbreiinga av ein demokratisk kultur. Då peikar sivilsamfunnet seg ut som ein viktig arena for «kommunikativt kompetente personer som er vant til og forventer at individuelle og kollektive beslutninger fattes på en måte som ivaretar alles fornuft, frihet og likeverd.», som kan syte for ekstra påfyll av friske meiningar og myndige personar i det Aakvaag kallar det demokratiske maktkrinslaupet.4

Litteratur

Aakvaag, Gunnar C. (2010). Sosiologisk tidsskrift 01/2010. Oslo: Universitetsforlaget. S. 5-28.

Beck, Ulrich (2004). Globalisering og individualisering. Bind 2: arbeid og frihet. Omsett til norsk av Are Eriksen. Oslo: Abstrakt Forlag.

Critchley, Simon (2004). Very little… Almost Nothing. Death, Philosophy, Literature. Second edition. London and New York: Routledge, Taylor & Francis Group.

Deleuze, Gilles (1990). Post-scriptum sur les sociétés de contrôle. LAutre Journal, nr. 1. Svensk omsetjing av Sven-Olov Wallenstein. Skriftserien Kairos, nummer 4. Kungliga Konsthögskolan, Raster Förlag.

Giddens, Anthony (1991). Modernity and Self-Identity: Self and Society in the Late Moderen Age. Cambridge: Polity Press.

Giddens, Anthony (1997 [1990]). Modernitetens konsekvenser. Oversatt av Are Eriksen. Oslo: Pax Forlag A/S.

Giddens, Anthony (2007). Europe in the Global Age. Cambridge: Polity Press.

Girard, Augustin (1973). Kulturpolitik: Teori og praksis. På dansk ved Mogens Boisen. København: Den danske UNESCO-Nationalkommision.

Girard, Augustin (1983). Cultural development: experiences and policies. Second edition in collaboration with Geneviève Gentil. Paris: UNESCO.

Gordon, Christopher (2009). Augustin Girard (1926-2009): a personal tribute. International Journal of Cultural Policy. Vol. 15, No. 3, s. 363-364.

Habermas (1996). Between Facts and Norms: Contributions to a Discourse Theory of Law and Democracy. Cambridge, Mass.: MIT Press.

Héliot, Armelle (2009). Pour saluer Augustin Girard, un visionnaire de la culture. URL: < http://blog.lefigaro.fr/theatre/2009/07/pour-saluer-augustin-girard.html>. (Sist vitja 07.10.2010.).

Hesmondhalgh, David (2007). The Cultural Industries. Second edition. London: SAGE Publications.

Jeanson, Francis (1973). Sur la notion de ’non public’. Laction culturelle dans la cite. Paris: Éditions de Seuil.

Morin, Edgar (1962). Lesprit du temps. Paris: Bernard Grasset.

Ricoeur, Paul (1992). Oneself as Another. Chicago; London: The Univ. of Chicago Press.

Rønning, Helge (1978-82). Kulturindustri. URL: <http://www.leksikon.org/art.php?n=1479>. Originalopplag i Pax leksikon (1978-82).

Skjervheim, Hans (2001). Kultur og kulturpolitikk – er dei vindskeive i høve til kvarandre? Deltakar og tilskodar og andre essays. 2. opplag. Idé og tanke. Oslo: H. Aschehoug & Co (W. Nygaard).

Vestheim, Geir (1995). Kulturpolitikk i det moderne Noreg. Oslo: Det Norske Samlaget.

1 Essayet er basert på eit større arbeid om Integrering, hermeneutikk og kulturpolitikk (arbeidstittel) som Ingmar Meland og Helge Petersen arbeidar med i fellesskap og eit innlegg som Meland hadde på dagsseminaret ”Augustin Girard in memoriam”, om fransk europeisk kulturpolitikk. Seminaret vart arrangert av Senter for kultur- og idrettsstudier ved Høgskolen i Telemark i samarbeid med Institutt for litteratur, områdestudier og europeiske språk ved Universitetet i Oslo, og fann stad i Bø i Telemark den 10. mai 2010. Forfattarane vi gjerne takke den anonyme fagreferenten i NKT for kommentar og nyttige innspel, som vi har tatt høgde for så langt vi har kunna.
2Armelle Héliot påstår freidig på sin blogg i Le Figaro at Girard ”inventa le concept d’industries culturelles, dans une article de la revue Futuribles daté de 1972” (Héliot 2009). Det er ikkje heilt korrekt, sjølv om han tar opp termen og sett den inn i kulturpolitisk samanheng (jf. Hesmondhalgh 2007, s. 16, note 9).
3 Det uttrykket vart allmennet kjent då president Dwight D. Eisenhower i sin avskjedstale den 17. januar 1961 åtvara mot den sterke innverknaden som samanflettinga av militære, økonomiske og politiske interesser i eit militær-industrielt kompleks hadde på samfunnsutviklinga i USA.
4 Vi har saman prøvd å utvikle ei praksisnær tenking og ein modell rundt denne problematikken, under overskrifta Forum for kunnskap og kultur (FOKK). Bokmanuset med arbeidstittelen Integrering, hermeneutikk og kulturpolitikk gjer greie for korleis vi tenkjer kulturpolitikk i samband med tolkingskonfliktar i den post-sekulære samfunnstilstanden og behovet for ei ny forståing av kva integrering tyder i den førebels siste av dei moderne verdene.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon