Året 2020 vil gå inn i historiebøkene. Eit nytt koronavirus, truleg frå flaggermus, er årsaka. For første gang i moderne tid, har eit anna luftvegsvirus enn influensa A forårsaka ein pandemi; nemleg SARS-CoV-2. Ein så omfattande stenging av det globale samfunnet har ein ikkje sett i nyare tid. No jobbar forskarar verda over utrøytteleg for å kartlegge immunresponsen etter COVID-19 infeksjon. Korleis får ein immunitet, og korleis kan ein ut frå denne kunnskapen lage ein effektiv vaksine? Løysinga ligg i immunforsvaret.