Vaksinering er i dag eit av dei viktigaste prinsippa for å motarbeide smittsame infeksjonssjukdomar. Med vaksinering meiner vi materiale frå smittestoff som blir injisert i kroppen, og på den måten introdusert for immunsystemet for å styrke forsvaret mot smittestoffet. Eit slikt smittestoff kan vere virus, bakteriar eller parasittar. Det mange kanskje ikkje er klar over, er at vaksinen sin historie faktisk går mange hundre år tilbake i tid.