Kvar haust diskuterast influensavaksinen i media. Vaksineskeptikarane protesterer mot vaksineforkjemparane sine argument. Vi skal ikkje gå inn i denne diskusjonen her, men mange vaksinemotstandarar som uttalar seg har liten kunnskap om kva som faktisk skjer med vaksinen når den kjem inn i kroppen. Kva for prosessar gjer at vaksinen gir vern mot sjukdom? Det vil vi prøve å svare på i denne artikkelen. Vi vil hovudsakleg fokusere på influensavaksinen, sidan det er den vaksinen vi har mest erfaring med. Men mykje av det som blir beskrive her vil også gjelde for svært mange andre vaksiner. Vi håper at vi også kan ta livet av nokre myter på vegen.