Tre franske forskingstokt til dei nordlegaste stroka i Europa med korvetten La Recherche er eineståande i norsk forskingshistorie. Det var 10–15 franske forskarar med, pluss fire svenske og to danske, men også éin nordmann. Resultata av tokta blei publiserte i ikkje mindre enn 17 rapportar i 26 tekstbind pluss fem store samlingar med kart og bilde. Men i samtida blei ekspedisjonane ikkje lagt mykje merke til. Blant deltakarane var norske Christian Boeck, svenske Lars L. Læstadius, og franske Auguste Bravais som seinare blei ein verdskjent krystallograf.