Smågnagarsyklus, med store årlege vekslingar i bestandsstorleik, og med lemen som den mest synlege arten, får stor betydning for faunaen i høgfjellet. I gode smågnagarår fråtsar artar som fjellvåk, tårnfalk, røyskatt, fjellrev og raudrev i mat, og samstundes vert det mindre predasjon på fjell- og liryper. Men også for livet under vatn, og særleg for aure, kan smågnagarane gje eit viktig næringstilskot, slik vi har sett det i Øvre Heimdalsvatn, som ligg rett nordaust for Valdresflye.