Artikkelen gir først oversikt over funksjonelle eigenskapar i metalloksid, og omtalar så såkalla multiferroiske materiale, som er ei særs interessant materialgruppe både vitskapleg og teknologisk. Denne materialgruppa kombinerer fleire nyttbare eigenskapar, og er slik sett mangefunksjonelle. Funksjonelle materiale er eit ord som materialfysikarar nyttar når interessa gjeld andre eigenskapar enn dei mekaniske og kjemiske, til dømes magnetiske, dielektriske, optiske, elastiske, elektrisk leiingsevne, og andre intrinsiske («ibuande») eigenskapar. Ferroiske stoff utgjer ei viktig undergruppe av funksjonelle materiale og omfattar spesielt mange oksid av overgangsmetall. Multiferroiske materiale har to eller fleire slike funksjonalitetar samtidig, men her skal vi avgrense oss til kombinasjonen magnetiske og elektriske eigenskapar, som er mest studert og har størst potensiale for bruk. Ordet ferroisk kjem av latin ferrum, som tyder jern, og var opphavleg knytt til jernhaldige stoff, men har seinare fått ei meir generell tyding.