I august og september 2016 var det massesverming av hårmyggarten russefluga (Bibio pomonae) i høgfjellet i Sør-Noreg. Den er ein av fjorten Bibio-artar i Noreg. På grunn av storleik og utsjånad legg folk lett merke til dette insektet som òg har stor betydning som mat for mellom anna fisk og fugl. Alt på 1600-talet vart slik massesverming skildra på Island. Mengden av fossilfunn av hårmygg viser dessutan at det har vore stor tilførsel av desse insekta til vatn i meir enn 50 millionar år. På dagar med mykje sverming av russefluger kan fisk vera proppfulle med dette insektet. Det er registrert stor førekomst av russefluge kvart tredje år på Hardangervidda i dei to siste tiåra, og det kan tyda på at larvane brukar tre år på å utvikla seg til vaksne insekt, og at det kan vera ei intern regulering hjå larvane som no gjev opphav til sterke årsklassar med tre års mellomrom. Om det siste er tilfelle, skulle neste store sverming koma i 2019.