I mange år var intelligent liv på Mars eit vel etablert faktum. No er det slik med fakta, at dei sjeldan varer evig. Etter kvart som kanalane på Mars forsvann over i fiksjonslitteraturen, forsvann Marsbuarane med. Heilt borte vart dei endeleg da Mariner 4 tok sine første bilete i juli 1965. Men enno var det von om eincella liv og bakteriar, kanskje? Vikingferdene i 1975 fann ikkje det heller. Heller ikkje roverane Opportunity og Curiosity som tuslar rundt der oppe enno, har funne liv, berre geologi som tyder på at det kan ha vore gode tilhøve for det ein gong. Kanskje vi må grave djupare? Og lære oss meir om bakteriell fossilisering? Litt smått, kanskje, til det brått stig fram ein ny generasjon som seier: «Marsbuar? Det er oss det! Vi skal berre pakke ferdig sekken, så fer vi.»