Kvifor tyr naturvitarar nokså ofte til metaforar som til dømes genspleising, bodbringar-RNA og gittercelle når dei skal lage nye fagtermar? I dei siste tiåra har mange språkforskarar interessert seg for metaforiske orddanningar fordi dei gjev eit godt innblikk i tilhøvet mellom språk og tenking. I nokre tilfelle vert metaforar nytta som pedagogiske verktøy for å gjere vanskeleg fagstoff meir forståeleg for studentar og lekfolk. I andre tilfelle er metaforar ein del av sjølve omgrepsapparatet til fagfolk. Metaforane er då langt på veg ein del av grunnstammen til fagspråket. Det finst også andre ordtypar som bør nemnast, til dømes fagtermar som er oppkalla etter vitskapsfolk, såkalla eponym. Sjølv om dei i liten grad er sjølvforklarande, kan dei fortelje viktig faghistorie.