Både arvemateriale og erfaringa fisk får under oppveksten formar åtferda. I naturen lærer villfisken å søkja etter mat og skjul, og dei som overlever har lært å takla eit miljø der alt er usikkert og det meste varierer både i rom og tid. Men kva med dei trua fiskepopulasjonane; dei som har blitt små på grunn av vassdragsregulering, overfiske eller forureining? Heilt sidan 1860-åra har ein prøvd å redda sterkt reduserte fiskepopulasjonar gjennom utsetting av egg, larvar eller yngel odla fram i klekkerier. Er det eigentleg mogleg for klekkerier å produsere fisk som har same åtferd som villfisk? Vil fisk vaksen opp i fangenskap kunna vike unna predatorar og finna mat etter utsetting? Formar ulike oppvekstmiljø ulik åtferd til fisk? Artikkelen handlar om funn i felt- og akvarie-eksperiment vi ved Universitetet i Bergen har forska på med torsk og laks. Vi har undersøkt og samanlikna åtferda til fisk som har hatt forskjellig fysisk oppvekstmiljø.