«Skuld’ tors­ken oss feyle, hvad havde vi da, hva skulle vi føre til Bergen herfra?» Spørsmålet, stilt av 1600-talsdiktaren og presten Petter Dass illustrerer kor viktig tors­ken var for den nordlege luten av landet vårt den gongen: «Han nævnes maae Nordmandens Krone». Dei siste 10 åra har det vore rikeleg med stor, fin torsk i Barents­ha­vet, og Noreg og Russland har sidan 2013 til saman kunna fiska nærare ein million tonn av denne verdfulle ressursen kvart år. Det har ikkje alltid stått så bra til; vi skal ikkje lenger attende enn til slutten av 1980-talet for å finna langt magrare år i torskefisket. Denne store variasjonen i fiskeria på våre viktige fiskeressursar, særleg torsk og sild, har oppteke kystens folk til alle tider, og norske politikarar med, for her står både det daglege utkomet for den ein­skilde og Noregs økonomi på spel. Soga om den moderne hav­fors­kinga i Noreg, som starta med G.O. Sars (1837–1927) er nettopp tufta på dette spørsmålet; kva er det som gjer at fisket varierer så mykje frå periode til periode?