Lakselus er ein naturleg parasitt som i norske farvatn rammer laks, aure og røye. Som nyklekt larve driv lakselusa med straumen i rundt 14 dagar. I løpet av denne tida må den finne seg ein vert for å overleve. Ved å kartlegge straumen i eit område kan ein berekne drivbana til lakselus, og kvar dei oppheld seg på jakt etter ein vert. Datamaskiner kan i dag med ein fart som tidligare var heilt utenkjeleg, løyse likningar for korleis vatn beveger seg. Den matematiske forståelsen for korleis vasstraumane går er gammal kunnskap kjent frå fleire hundre år tilbake i tid, men det er først ved bruk av dagens reknemodellar at ein detaljert kan berekne korleis vassmassane beveger seg i store område. Modellberekningane viser at lusa kan drive over 100 kilometer frå utsleppskjelda, men også at lakselusa, grunna vertikal plassering nær overflata, opptrer flekkvis i høge konsentrasjonar. Ved noko så enkelt som å symje mot overflata oppnår lakse­lusa maksimal forflytting med minimal innsats. Frivillig eller ei, oppnår den også å bli samla i mindre område med høg lusetetthet.