Gjennom det siste året har me sett eit aukande fokus på klima både her heime og ute i den store verda. For første gong på fleire million år passerte mengde karbon­dioksid i atmosfæren 400 delar per million, den globale middeltemperaturen gjorde eit kraftig byks til ny varmerekord, og i mange land var sommaren og hausten prega av rekordhøge temperaturar og anten tørke eller store nedbørsmengder og flom.

På tampen av året samla nesten alle lands leiarar seg i Paris og bidrog til ein historisk god klimaavtale. Avtalen byggjer på nasjonale planar frå nesten alle verdas land, og tar sikte på å halde den globale temperaturauken godt under 2 grader samanlikna med før-industriell temperatur. Dette vil krevje dramatiske kutt i verdas utslepp av klimagassar, som mot slutten av dette hundreåret må bli mindre enn naturens eige nettoopptak. Noreg har skrive under på at me skal redusere utsleppa med 40 % innan 2030, berre tre stortingsval fram i tid. Dette vil krevje store omleggingar i særleg offshore-, industri- og transportsektorane, og det hastar å koma i gong.

I dette nummeret vil me løfte fram ulike deler av norsk klimaforsking. Øyvind Paasche trekkjer dei lange linjene, og forklarar korleis samspelet mellom land­skaps­ut­vik­ling og klima har bygd landet vårt. Klima formar landskap gjennom forvitringsprosessar, og landskap påverkar igjen klima ved å flytte nedbør og endre temperaturgrenser. Landskapet, og ikkje minst Noregs geografiske plassering, avgjer også i stor grad korleis den globale oppvarminga vil slå ut hos oss. Inger Hanssen-Bauer, Hege Hisdal og Stephanie Mayer bruker data frå klimamodellar til å anslå kor mykje klimaet i Noreg vil endra seg utover i dette hundreåret. Det vert varmare, våtare, og ikkje minst meir styrtregn og flomsituasjonar.

Klimaendringane fører til vanskar for økosystem og samfunn. Markus Lindholm, Frode Stordal, Anders Hobæk og Dag Olav Hessen syner korleis den langhala tusenbeinskrepsen vert påverka av stigande temperatur i fjellet, og dermed kan brukast som ein varslar av klimaendringane – på same viset som gruvearbeidarar brukte kanarifuglar til å sjekke om det var giftige gassar i gruva. Og Terje Wanvik, Rannveig Skoglund, Stina Ellevseth Oseland, Max Koller og Håvard Haarstad gir døme på korleis auka nedbør og hyppigare flomsituasjonar krev lokal flomsikring. Slike tiltak vert typisk gjennomført som hastesaker, gjerne etter at øydeleggingane har kome, og ofte i konflikt med andre omsyn. Korleis handlar me rasjonelt under ulike formar for press?

Klimaforsking kan vera veldig spennande. Algot Peterson gir eit innblikk i korleis ein måler varmeutveksling mellom sjøis og vatnet under, og korleis mindre is kan føre til at vinden lettare kjem til og blandar opp varmt vatn frå djupet, og dermed kan resultera i endå mindre is. Dette er ein effekt som kan bidra til å forsterke klimaendringane. Det vil for veldig mange ha stor interesse om ein kunne klare å varsle klimaet neste vinter eller klima­ut­vik­linga dei neste per tiåra. Grunnlaget for slik varsling ser ut til å ligge i havet, der særleg den store varmetransporten til Golfstraumen gir grunn til optimisme. Helene Langehaug og Tor Eldevik gir oss eit innblikk i ­ut­vik­linga som skjer på dette forskingsområdet.

Den kanskje største usikkerheten når det gjeld klimasystemets respons på aukande innhald av drivhusgassar, er korleis skydekket vil endre seg. Om det blir fleire låge eller fleire høge skyer vil gi heilt ulik respons på klimasystemet. Jon Egill Kristjánsson og Kari Alterskjær gir eit glimt inn i denne spennande forskinga, der stadig meir tyder på at den samla effektane av skyer i eit varmare klima vil vera å forsterka oppvarminga. Dersom det er korrekt, hastar det endå meir med å kutte klimagassutsleppa om 2-gradersmålet skal nås.

I den siste artikkelen tar Kristoffer Rypdal i bruk ein svært forenkla matematisk modell for å illustrere resultata frå dei langt meir kompliserte modellane brukt av FN sitt klimapanel. Han viser at så lenge utsleppa av klimagassar fortsetter å auke, vil temperaturen auke 1,5 til 2 grader for kvar generasjon som går. Berre raske og omfattande reduksjonar i dei globale utsleppa vil kunne halde oss innanfor 2-graders­målet.

Eg vil til sist rette ei stor takk til alle som har sendt inn bidrag til dette temanummeret på klima. Omsyn til plass har gjort at fleire av artiklane først vil komme i seinare nummer av Naturen. Kvaliteten har gjennomgåande vore høg, så den interesserte lesar har mykje å glede seg til både i dette og påfølgande nummer.

Bergen, januar 2016

Tore Furevik

Gjesteredaktør, direktør ved Bjerknes­­senteret for Klimaforskning og professor ved Universitetet i Bergen