Stoffet ryanodin er eit nitrogenhaldig organisk molekyl med giftverknad på menneske og dyr – eit såkalla alkaloid. Stoffet vart lenge brukt som insektmiddel. Det blir utvunne frå ei seljeliknande, tropisk busk (Ryania speciosa) i Sør-Amerika, som har utvikla ryanodin nettopp for å verne seg mot insekt. Og den har lukkast uvanleg godt med dette; stoffet kan nemleg lamme eller gje uløyseleg krampe i all tverrstripa muskulatur hos både insekt og virveldyr på ein særs rask og effektiv måte. Det har lenge vore usemje om den systematiske plasseringa av R. speciosa, men den er i dag plassert i pilefamilien. Det er hittil ikkje blitt utforska om det finst andre tre- eller planteartar som produserer ryanodin. I dette småstykket vert det fortalt om viktige nye oppdagingar som er blitt gjort ved hjelp av dette giftige stoffet.