Dagens intensive matproduksjon, har truleg ført til evolusjonære endringar hos parasittar. Monokulturar og stor tettleik av vertar kan føre til at parasittane gjer meir skade på verten, fordi verdien av noverande vert blir redusert. Behandling med kjemikaliar og tidleg slakting kan forsterke denne effekten ytterlegare. Parasittar finst ofte i store mengder og har kort generasjonstid, noko som gjer at dei raskt kan respondere på endra miljøforhold. Dette har potensielt store samfunnsmessige konsekvensar, og er difor ei problemstilling det bør setjast fokus på i tida framover.