Store naturlege endringar både av gradvis og kortvarig karakter kjenneteiknar overgangen frå istid til mellomistid i tidleg holocen. Vi finn ei tilsynelatande klyngje av kortvarige katastrofeliknande hendingar i hundreåra like før 8000 år sidan og stiller spørsmålet om mogelege fellesnemnarar. Trass i mange uløyste prosessar og tilbakekoplingar, finn vi eit komplekst og kopla system av ikkje alltid heilt føreseielege jordprosessar som òg har innverka på samfunnsutviklinga, miljø- og busetnadstilhøve. Likevel har denne henderike perioden, eit serleg godt døme på mangfaldet i geofaga, fått relativt lita merksemd.