Aina Landsverk Hagen og Gro Stueland Skorpen har skrive det dei kallar ei «handbok i etnografisk metode», på norsk. Den er retta inn mot førstegongsfeltarbeidaren i sosialantropologi både i form og innhald. Det vil blant anna seie at den vil kunne fungere som førebuande lesing for våre masterstudentar i faget. Eit av forfattaranes formmessige hovudgrep er å nytte sitt eige masterkull frå UiO (2005) som illustrerande døme når det gjeld ulike typer erfaringar og problem som kan dukke opp i løpet av feltarbeidet. Medstudentane si e-postkorrespodanse før, under og etter feltarbeid tener som konkretisering og hjelp til å sjå føre seg kva det vil seie å vere antropologisk feltarbeidar.

Boka er delt i 10 kapittel, der dei første 9 kapittela utgjer dei to hovudbolkane i boka, med kapittel 10 som avrunding. Boka har også eit nyttig vedlegg, blant anna med oversyn over aktuell feltarbeidslitteratur på norsk og engelsk.

Del 1 (kap 1–5) følgjer gangen i eit masterprosjekt i sosialantropologi, frå praktisk førebuing av feltarbeid og prosjektskisse til det første møtet med felten, feltarbeidarroller, teknikkar for innsamling av data og ein viss grad av problematisering av kva data er.

I andre delen (kap 6–9) tek Hagen og Skorpen opp omstende rundt feltarbeidet som dei meiner er viktige sider ved feltarbeidsprosessen, men som ikkje har blitt tematisert i tilstrekkjeleg grad. Her tek forfattarane eit aldri så lite oppgjer med den machodåmen dei meiner følgjer det klassiske «malinowskiske» feltarbeidet, med feltarbeidaren som ein heroisk figur med evne til å skjere gjennom, men der feltarbeidets innhald i seg sjølv får halde fram med å vere litt mystisk. Avmystifisering og fokus på den personlege erfaringa set sitt preg på heile boka, og er etter mi meining noko av det som gjer ho leseverdig, men også noko som kan vere utgangspunkt for kritikk.

Del 2 tek opp tema som tolk og bruk av teknologi, kjenslemessige utfordringar i felten, som frykt, vennskap og intimitet. Her blir også seksuell trakasering tatt opp, noko som er heilt på sin plass som eit fenomen mange masterstudentar har erfaring med, men som er sparsamt omtala i metodelitteraturen. Kap 8 tek antydningsvis føre seg trekk ved den digitale verdas mogelege rolle i forhold til det antropologiske feltarbeidet. Kap 9 er ei nyttig og gjennomtenkt framstilling av forskingsetikk i relasjon til det antropologiske prosjektet.

Boka tek tak i noko som mange som skal gjere feltarbeid for første gong vil kjenne seg att i, nemleg at feltarbeidet står fram som det som gjer deg til ein verkeleg antropolog, samstundes som ein ikkje får utdelt ei detaljert oppskrift for korleis ein gjer det. Ei grunnhaldning hos mange antropologar er at metoden er så tett knytta til tema og prosjekt elles at den vanskeleg lar seg skilje ut og allmenngjerast. Dette trekket gjer antropologi til eit ope og spennande fag, men det kan også, slik forfattarane argumenterer for, gje grunnlag for forestillingar om feltarbeidet som noko mystisk som dei gamle antropologane var best på. Dette vil Hagen og Skorpen gjere noko med.

Greier dei det? Er dette ei bok som gjev førstegongsfeltarbeidaren det han og ho treng?

I tillegg til at boka gjev nyttige perspektiv som til dømes diskusjonen rundt kva data er i kapittel 2, eller presentasjonen av etiske problem i kapittel 9, løfter den også fortenestefullt fram tema som ofte kan vere svært aktuelle for det einskilde feltarbeidet, men ofte ikkje sentrale tema i den aktuelle litteraturen som bruk av tolk, krig og konflikt eller nettbaserte data. Nokre av masterstudentane på 2016-kullet ved UiB las boka i haust [2016]. Det dei likte ved boka og fann nyttig, var ikkje minst at den i større grad enn liknande bøker tilbyr hjelp til å «visualisere» feltarbeidet. Det er eit smart trekk å bruke sitt eige gamle masterkull for å illustrere situasjonar og erfaringar. Det omset uoversiktelege faglege spørsmål til «noko som kan hende meg» og gjer det mogeleg å sjå for seg at dette kan eg gjere, dette lar seg gjennomføre av meg.

Det at ein i antropologien nyttar seg sjølv som person så eksplisitt i forskinga og den særeigne utforminga av kravet til sjølv å kunne planlegge og gjennomføre prosjektet, burde kanskje ha ekstra sterk appell til ein generasjon som, for å seie det forsiktig, er opptekne av sjølvrealisering. Det denne boka gjer er å løfte fram denne subjektive dimensjonen i relasjon til feltarbeidet. Den tilbyr hjelp når det gjeld å forstå dette med «mi sosiale rolle» som ledd i forskingsprosessen. Den yter også trøyst til usikre unge feltarbeidarar og oppfordrar dei til å stole på seg sjølve. Dette er absolutt noko masterstudentar på veg til sitt første feltarbeid kan trenge. Den norske masterutdanninga i sosialantropologi viser studentane stor tiltru og gjev dei eit stort sjølvstendig rom. Dette gjer det ikkje minst viktig å myndiggjere studentane og bygge opp under trua på seg sjølv.

Spørsmålet er likevel om den subjektive dimensjonen kan bli for mykje vektlagt. Personlege erfaringar og idiosynkratisk prega situasjonar kan kanskje av og til vere først og fremst det? Ein kollega på filosofi spurte meg ein gong korleis det eigentleg var med dette med feltarbeidet, kan eit antropologisk feltarbeid eigentleg vere mislukka? Han hadde aldri høyrt om eit mislukka feltarbeid, sa han. Kanskje kan vi av og til komme til å gje inntrykk av at «alt går», av at alt kan vere data?

Den beste medisinen mot dette er kanskje å insistere på «heile pakka», det vil seie at vi i vidareformidlinga av den sterke feltarbeidstradisjonen vi har her i Noreg aldri mister det faglege innhaldet av syne. Antropologiske prosjekt står fagleg sett alltid på skuldrane til andre antropologar og bygger på tidlegare tekster. Det går til og med an å gjere antropologiske forskingsarbeid basert på litteratur. I det meste av denne boka tillet ein seg kanskje å sleppe taket i denne heilskapen. Eit eksempel på ei bok om antropologisk metode som derimot legg stor vekt på det vi litt forenkla kan kalle samanhengen mellom lesing og praktisk feltarbeid, er den vesle artikkelsamlinga redigert av Natalie Konopinski: Doing anthropological research. A practical guide (2014).

Når det gjeld det språklege flyt boka for det meste greitt. Dumt er det difor at boka blir skjemd av ein språkleg tullefeil som på s. 74 der ein nyttar «tekstbok» i staden for lærebok som det framleis heiter på norsk. Endå verre er det når forfattarane på s. 44 presenterer oss for overskrifta «Å henge ut». Dei seinare åra har vi på norsk byrja å bruk «å henge», «å henge med nokon» og kanskje også «å henge ute», noko som er eit fint tilskot til norsk språk, som frå før kanskje ikkje har alt for mange uttrykk å velje i når det gjeld å vere sosial og å vere i lag berre for å vere i lag. Men «å henge ut», det tyder altså noko heilt anna på norsk enn det feltarbeidarar i sosialantropologi bør drive med. Dette burde forlaget ha plukka vekk.

Alt i alt vurderer eg Hjelp, jeg skal på feltarbeid! som ei velkomen og leseverdig bok. Som eg har antyda vil den kanskje først og fremst finne sine lesarar blant våre masterstudentar, men den vil også truleg kunne vere nyttig for ferske feltarbeidarar i andre fag og profesjonar. Sjølv om vi har liknande bøker om feltarbeidet på norsk, som Cato Wadels bok Feltarbeid i egen kultur (1991) eller Katrine Fangens noko breiare anlagte Deltakende observasjon (2004), har boka til Hagen og Skorpen funne sin eigen innfallsvinkel, og det er all grunn til å tru at Hjelp, jeg skal på feltarbeid! blir eit nyttig tilskot til bokfloraen på feltet.

Referanser

Natalie Konopinski (red.) 2014 Doing Anthropological Research. A Practical guide. London, N.Y.: Routledge