Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}
<ModellerKapittel 18 av 25

17. Modellar for spelar- og talentutvikling i fotball: frå draum til røyndom



Høgskulen på Vestlandet

JOAR FOSSØY er høgskolelektor i idrett ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal. Forskingsområde: idrettshistorie, fotball og media, idrett og profesjonalisering, idrett og samfunn, fair play i kroppsøvingsfaget.



Høgskulen på Vestlandet

EINAR YLVISÅKER er høgskulelektor i idrett ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal. Forskingsområde: Fysisk aktivitet i barnehage og skule, fotballforsking.



Høgskulen på Vestlandet

VEGARD FUSCHE MOE er førstemanuensis i idrett ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal. Forskingsområde: fotballforsking, fysisk aktivitet i skulen, kroppsleg læring, praktisk kunnskap, idrettsfilosofi.

SAMANDRAG

I dette arbeidet studerer me modellar for spelar- og talentutvikling i fotball. Me utforskar Norges fotballforbund sin modell for spelarutvikling, Landslagsskolen, og diskuterer innhaldet i denne i forhold til tre lokale toppklubbar sine sportsplanar. Me avdekkar to gap mellom dei nasjonale og lokale planverka som gjeld verdiar og kunnskap. På basis av desse legg me fram tilrådingar for å forbetra samanhengane mellom modellane og spelarutviklingsarbeidet i fotball.

NØKKELORD: talent, modellar, Landslagsskolen, sportsplan, spelarutvikling

In this work we study models for player and talent development in football. We explore the Norwegian Football Association's model for player development, Landslagsskolen, and discuss the content of this in relation to the sport plans of three local elite football clubs. We reveal two gaps between the national and local models, one regarding values and the other knowledge. Based on these, we present proposals for improving the relationship between the models and the work on player development in football.

Merknader

Forfattarane har ingen interessekonfliktar. Me gjer merksam på at Vegard Fusche Moe er styremedlem i Sogndal Fotball og har vore med og vedteke sportsplanen til klubben. Me ønskjer også å takka Jan Tore Jåstad og Frode Telseth for nyttig bakgrunnsinformasjon til arbeidet.

17.1 Introduksjon

Denne undersøkinga handlar om modellar for spelar- og talentutvikling i fotball. Fotball er ein av verdas mest populære idrettar og har ei stor merksemd i samfunnet (Fossøy mfl., 2017). Det er svært mange som engasjerer seg rundt spelet, og det er mange som deltek i det. Men det er svært fåe som når opp til dei øvste prestasjonsnivåa, sjølv om mange drøymer eller ønskjer seg nettopp dit.

Det finst likevel gode døme på utøvarar som når langt. Det ser ein ved å følgja med på Team Ingebrigtsen. Det er ein kjent norsk dokumentarserie frå NRK som skildrar oppturar og nedturar for løparbrørne Henrik, Filip og Jakob. Dei blir trena av far sin, Gjert Ingebrigtsen. I fotball er det kanskje berre historia om Martin Ødegård som i dag kan måla seg med framgangen til løparbrørne Ingebrigtsen. Forteljingane har i alle fall ein ting til felles. Bak gutane står det ivrige og målretta pappaer som har gjort sitt for å leggja forholda til rette for at gutane skal nå toppen i idretten sin. Både far til Martin, Hans Erik Ødegård, og Gjert Ingebrigtsen, fortel om ei svært aktiv tilrettelegging for sønene sine, om søner som har trena mykje og som har teke eigarskap til treninga og prioritert det framfor det meste anna. At dei har lukkast godt, kan takast som prov på at dei har gjort mykje rett saman. Slik blir forteljingane om Team Ingebrigtsen og fotballtalentet Martin Ødegård gjort om til rollemodellar som andre ønskjer å etterlikna. Så finst det mange andre modellar å sjå til òg.

Me snakkar gjerne om modellar i vitskap, av natur, menneske og samfunn. Modellar spelar ei viktig rolle i liva våre. Dei er om noko. Dei avbildar, representerer eller er kart over verkelegheita. Tenk på den hypotetisk deduktive metode, på kort form berre HDM. Dei tre bokstavane illustrerer den mest brukte og kjente framgangsmåten for å produsera og grunngje vitskapleg kunnskap. Slik blir dei tre bokstavane, HDM, til eit skjema eller eit kart for vitskapleg kunnskapsutvikling.

Modellar kan altså fungera som kart. Dei kan visa veg eller beskriva terreng og blir eit forenkla bilete av verda. Eit godt kart passar til terrenget og gjer det lett å finna fram. Det er også strukturerande ved at det viser fram samanhengar mellom delar. Gode kart er med andre ord nyttige. Dei kan brukast til noko. Dei kan vera verktøyet me bruker til å beskriva verda, utforska ho eller å føreseia noko om ho (Bukve, 2016, s. 53–58).

I denne artikkelen skal me gå nærare inn på ein konkret og praksisnær modell for spelar- og talentutvikling i norsk fotball. Me siktar til Landslagsskolen som frå no av blir skrive på nynorsk. Landslagsskulen er Norges fotballforbund (NFF) sin skuleringsplan for unge lovande fotballspelarar (NFF, 2018b). Den kom i 2014 (Thorsen, 2015). Sidan har den gått gjennom årlege revisjonar. Planen skal brukast til å identifisera, stimulera og utvikla dei mest lovande 12–16-åringar i landet og er primært eit verktøy for landslag og kretsar. Det er også eit sterkt ønskje om at innhaldet til landslagsskulen skal brukast i toppklubbane der dei lovande utøvarane bruker mesteparten av tida si. Derfor vil me i denne artikkelen ta opp om innhaldet til landslagsskulen er i samsvar med spelarutviklingsmodellar som ein finn i lokale toppklubbar sine sportsplanar.

Problemstillinga til undersøkinga vår er: Kva er samspelet mellom innhaldet til landslagsskulen og innhaldet til sportsplanar i lokale toppfotballklubbar? Føremålet til undersøkinga er å sjå om det er gap mellom dei sentrale føringane til NFF og dei lokale fortolkingane av desse føringane. Blir gap avdekka, vil me også koma med tilrådingar om korleis gapa kan handterast.

Vegen vidare går slik: Me ser først inn i talentomgrepet og tidlegare forsking rundt det. Så går me inn på modellar på idretts- og fotballfeltet. Deretter kjem metoden. I funn- og diskusjonsdelen løftar me fram vesentlege element frå landslagsskulen og dei lokale klubbane sine sportsplanar. Me diskuterer likskapar og ulikskapar mellom desse. Analysane viser til at det er store gap mellom innhaldet til landslagsskulen og lokale klubbar sine sportsplanar. Me avdekkar gapa og peikar på nokre moglege grep som kan gjerast for å handtera gapa betre.

17.2 Talentomgrepet

Kva er eit talent i fotball? Korleis kan me velja ut eller identifisera talenta, og korleis kan me utvikla dei? Dette er velkjente problemstillingar i idrettsvitskap som me ser nærare på i denne delen.

Det er ei aukande interesse for talentutvikling. Me har fått fleire oversiktsartiklar (Gledhill mfl., 2017; Haugaasen & Jordet, 2012; Rees mfl., 2016), fagbøker (Aggerholm, 2015; Baker mfl., 2012), ei handbok (Baker mfl., 2017) og fleire populærvitskaplege forteljingar om talentutvikling i idrett (Ankersen, 2012; Coyle, 2009; Epstein, 2013). Desse gir oss eit utal av modellar å arbeida etter. Det første ein ofte møter i denne litteraturen, er ei terminologisk klarering av omgrepet «talent».

Eit talent kan enkelt definerast som ein person eller utøvar sitt potensiale til å oppnå suksess på eit område (Cobley mfl., 2012, s. 3). Dette potensialet kan forståast på minst to måtar. For det første vil det vera avhengig av komponentar som kjem frå arv (t.d. genetikk) og miljø (t.d. treningsmengde, fasilitetar). For det andre viser eit potensiale til noko framtidig som ein ikkje kjenner utfallet av i dag. Dermed må me skilja mellom prestasjonen til ein utøvar her og no og kva som kan vera mogleg for vedkommande å oppnå av framtidig suksess. Eit snevert eller statisk talentomgrep har merksemda retta mot prestasjonar her og no. Eit utvida eller dynamisk talentomgrep legg derimot vekt på utøvaren sitt potensiale til å utvikla seg mot framtidig idrettsleg ekspertise (Ommundsen, 2011).

Skilnaden mellom notidig prestasjon og eit framtidig potensiale, fører oss over til distinksjonen mellom talentidentifikasjon og -utvikling. Talentidentifikasjon handlar om dei prosessane der me vel ut eller selekterer utøvarar som viser, ofte i ung alder, eit potensiale til å nå langt og prestera på eit høgt konkurransenivå i idretten sin. Å velja ut ein spelar til krets- eller landslag i ung alder, er døme på det. Talentutvikling handlar om dei tilrettelagte prosessane som skal gje utøvarane best mogleg lærings- og prestasjonsvilkår. Å leggja til rette for høgare treningskvalitet, vil vera døme på det (Cobley mfl., 2012, s. 5).

I modell 17.1 er samanhengen mellom talentidentifikasjon og -utvikling gjort greie for. Det er mange tidkrevjande utviklingssteg som skal gjennomførast for å nå opp til dei øvste prestasjonsnivåa illustrert til høgre i figuren. Legg også merke til kor sterke seleksjonsprosessane er for å nå heilt fram til eit profesjonelt eller olympisk nivå.

Modell 17.1

Vanlege steg når det gjeld identifikasjon og utvikling av talent med vekt på lagidrettar (etter Cobley og Cooke, henta frå Cobley mfl., 2012, s. 6).

Litteraturen om talentutvikling deler kunnskapsområda i tre: (i) utøvaren, (ii) miljøet rundt utøvaren og (iii) treninga/øvinga til utøvaren (Rees mfl., 2016). Når det gjeld kunnskapar om utøvaren, framhevar Rees mfl. (2016) betydinga av den relative alderseffekten og kor viktige fysiske og psykologiske faktorar er for idrettsleg prestasjon. Dei fremste utøvarane er til dømes kjenneteikna av å vera samvitsfulle og optimistiske. Dei kjem vanlegvis frå miljø som er mindre til middels store, der støtta frå foreldre og trenarar er god. Utøvarane trenar svært mykje og målretta for å nå langsiktige mål (Rees mfl., 2016). Dette er i samsvar med ei norsk undersøking av oppvekstvilkår og idrettsleg utvikling hjå 18 av Norges mestvinnande utøvarar. Utøvarane meiner at det er støtte frå foreldre som har hatt størst betyding for deira idrettslege utvikling (Gilberg & Breivik, 1998). Dernest følgjer lystbetont trening, dyktige trenarar og at suksessen til utøvarane har kome gradvis. Ser ein på forsking som er gjort på Olympiatoppen, viser Andersen (2009) at eininga har spelt ei vesentleg rolle for resultatutviklinga i norsk toppidrett. Han forklarer dette ved at Olympiatoppen har utvikla pålitelege læringsprosessar og gjennom det blitt ein påpasseleg («mindful») organisasjon.

Når det gjeld forsking på fotballfeltet, viser den retrospektive undersøkinga til Haugaasen (2015) at norske elitespelarar har trena minst like mykje som elitespelarar frå andre europeiske land gjennom utviklingsåra sine. Han argumenterer for at treningsmengde ikkje kan vera ei tilstrekkeleg forklaring for seinare skilnader i prestasjonsnivå. Han legg også vekt på at grunnlaget for ei mogleg framtidig profesjonell karriere, blir lagt først og fremst av kvaliteten på treningar. Sæther (2017) si langsgåande undersøking av dei norske fotballtalenta viser også at treningsmengda deira er høg og at det ikkje er nokon vesentleg skilnad i mengda trening mellom spelarar som vart profesjonelle, og dei som ikkje nådde opp til dette nivået. I tillegg løftar han fram betydinga av eit godt, heilskapleg treningsmiljø for utøvarane. Rolla til foreldre, klubb og trenarar vart særleg framheva som viktig. Heilskapstenkinga står sterkt i dag. I ein systematisk gjennomgang av psyko-sosiale faktorarar som er relevante for talentutvikling i fotball, viser Gledhill mfl. (2017) at forskinga på feltet har fått eit meir tydeleg fokus på heilskapen i miljøet til utøvaren dei siste fem åra. Medan det før var rolla og betydinga til enkeltpersonar i eit miljø som vart vektlagt, er det i dag miljøet sitt kollektive ansvar som står i fokus (Larsen mfl., 2013).

17.3 Modellar på idrettsfeltet

Staten har det overordna kollektive ansvaret for idrett og fysisk aktivitet i befolkninga. Det har vore tre meldingar til Stortinget om idrett sidan starten på 1990-talet. Den siste kom i 2012 og fekk tittelen «Den norske idrettsmodellen». Den målber ein politikk som «skal legge til rette for at befolkningen har mulighet til å delta i idrett og fysisk aktivitet på alle nivåer» (Meld. St. 26, s. 7). Ifølgje dåverande kulturminister, Anniken Huitfeldt, handlar modellen om fire ting: at folk er med, frivillig innsats, breidde og topp, samt inkludering (Huitfeldt i VG, 2012).

Samspelet mellom breidde- og toppidrett kjem tydeleg til uttrykk i omtalen av den norske idrettsmodellen. På den eine sida gir breiddeidrett, ifølgje Huitfeldt, aktivitetsglede og fellesskap for mange. På den andre sida er den også ein føresetnad for toppidrett. Ho poengterer:

Når Norge på tross av lavt folketall klarer å hevde seg så godt internasjonalt er det nettopp fordi vi har en idrettsbevegelse som er opptatt både av å rekruttere bredt og dyrke talentene. … Det er med bredden vi når toppen! (Huitfeldt i VG, 2012)

Forholdet mellom breidde- og toppidrett er også tydeleg uttrykt i Norges idrettsforbund (NIF) sitt idrettspolitiske dokument for perioden 2015–2019 (NIF, 2015). Visjonen til NIF er «idrettsglede for alle». Den skal prega all aktivitet, og organisasjonsarbeidet og idrettens verdigrunnlag kviler på denne visjonen. I NIF er det fire verdiar for aktivitet og for organisasjonen. Aktivitetsverdiane er glede, fellesskap, helse og ærlegheit. Organisasjonsverdiane er frivilligheit, demokrati, lojalitet og likeverd. Det er ein kjerneprosess i norsk idrett å levera eit godt aktivitetstilbod til alle. I modell 17.2 blir denne prosessen illustrert.

Modell 17.2

Kjerneprosess i norsk idrett (NIF, idrettspolitisk dokument, 2015–2019, s. 8).

Modellen er enkel og fortel oss at NIF ønskjer å rekruttera variert og breitt i befolkninga. Dei som er i organisasjonen, skal få god og heilskapleg oppfølging slik at medlemmar held fram med deltaking i idrett over eit livsløp, og at organisasjonen også legg godt til rette for høge idrettslege prestasjonar i toppidrett.

Fotball er Norges største idrett og har eit særskilt ansvar for at visjonar, verdiar og kjerneprosessar er i flukt med føringane frå NIF (Larsen & Bergo, 2011). Visjonen til NFF er «Fotballglede, muligheter og utfordringer for alle» (NFF, 2016, s. 2). Visjonen kviler på tre grunnleggjande pilarar: i) fotball for alle, ii) tryggheit og utfordringar + mestring = trivsel og utvikling, samt iii) fair play. Dei tre pilarane utgjer verdigrunnlaget til fotballen i Noreg og er med det ein føresetnad for at NFF skal nå målet sitt som er: Flest mogleg, lengst mogleg, best mogleg! (Larsen & Bergo, 2011). I fotballforbundet ønskjer ein at så mange som mogleg spelar fotball gjennom livsløpet, og at dei som verkeleg vil nå langt, får gode vilkår for å utvikla seg til å bli best mogleg.

Ved å jobba mot fotball for alle skal klubbar legge til rette for ei inkluderande spelarutvikling der alle skal få like gode tilbod. Å skape trivsel og utvikling, handlar i hovudsak om å halde spelarane mest mogleg i, men av og til også utanfor, flyt- eller komfortsona. Tryggheit og meistring handlar også om at det er ein balanse i dei ulike arenaene som spelaren deltek på. Arenamodellen tek opp samspelet mellom fotball, skule, anna trening, familiesituasjon, vener og fritid m.m. Den ligg bak mange av dagens debattar om ei heilskapleg utvikling av unge fotballspelarar (Henriksen, 2010; Larsen mfl., 2013). Fair play handlar om å vise respekt for kvarande både på og utanfor bana. Det er også ei norm om at ein skal følgja reglane til spelet (fair) og gjera sitt beste (play) (Loland, 2015). NFF understrekar at verdigrunnlaget er like mykje verdt uansett kva nivå ein er på i «fotballfamilien». I modell 17.3 blir dei to hovudlinjene, breidde og topp, illustrert. Saman utgjer dei fotballfamilien.

Modell 17.3

Moglege utfall av ein verdibasert breidde- og toppfotball (Larsen & Bergo, 2011, s. 30).

Som modellen viser, skal ei rimeleg fortolking av verdiarbeidet innan fotballen føra til gode utfall som både understøttar ei spelarutvikling innan breidde- og toppfotball.

17.4 Planverk i fotball – om sportsplanar og landslagsskulen

For å utvikla norsk fotball, må ein ha gode planar. Det finst i dag to tydelege planverk frå NFF som skal vera til for å utvikla unge spelarar i breidde- og toppfotballen. Det eine er sportsplanane til klubbane. Dei skal vera klubbane sine styringsdokument når det gjeld den sportslege aktiviteten i klubben og blir eit hjelpemiddel for arbeidet til trenarar og lagleiarar ute i klubbane (Veibust, 2017; Smeland & Seippel, 2015). Med utgangspunkt i klubben sine verdiar og målsettingar, legg sportsplanen grunnlaget for at flest mogeleg spelarar held fram lengst mogleg og utviklar seg best mogleg.

Ein god sportsplan skal ifølgje NFF seie noko om prosess, kriterium, forklaring og konkretisering og vera ei «verktøykasse» med hjelpemidlar for gjennomføring (NFF, 2018a). Den må vera godt forankra i klubben og fungera som ei rettesnor i det daglege trenar- og leiararbeidet. I retningslinjene for utvikling av ein god sportsplan, blir det gjort eit skilje mellom verdi- og aktivitetsarbeid på feltet. Dette blir delt opp i aldersgruppene barne- og ungdomsfotball som er høvesvis 7–12 år og 13–19 år. Sportsplanane er klubbane sine skriftlege fortolkingar av korleis dei ønskjer å leggja til rette for utvikling i både breidde- og toppfotball. Seinare i arbeidet går me inn på innhaldet til tre utvalte sportsplanar som uttrykk for denne typen planverk.

Det andre planverket me skal sjå inn i, er Landslagsskulen. Det er NFF sin skuleringsplan for lovande unge norske fotballspelarar. Modellen vaks fram i ei tid etter at prestasjonane i norsk fotball hadde svinga mykje, særleg på herresida. Landslagsskulen er innretta mot sone-, krets- og landslag. Slik er det ein modell, eller ein sportsplan, som er til for dei mest lovande utøvarane i landet. Men fordi den spring ut av arbeidet som skjer i barnefotballen og ute i klubbane, er det relevant å sjå den i samanheng med klubbane sine sportsplanar. Håkon Grøttland er ansvarleg for landslagsskulen hjå NFF og seier det slik: «Landslagsskolen skal være som en bro mellom bredde og topp og sikre at vi får en helhetlig modell» (Delgado-Rodriguez, 2018).

17.5 Forskingsdesign og metode

Det er ein fortolkande, hermeneutisk forskingslogikk som ligg til grunn i prosjektet då me er opptekne av å forstå modellar på fotballfeltet og bruken av dei. Den hermeneutiske forskingslogikken kan illustrerast som ein spiralliknande vandring mellom forståing/forforståing og data (Bukve, 2016, s. 71). Dette blir også kalla for den hermeneutiske sirkel. Den er kjenneteikna av fleire sirkelstrukturar som forholdet mellom del og heilskap, subjekt og objekt, og mellom hypotesar og materiale (Føllesdal & Walløe, 2000, s. 71). Prinsippet er «at kvar ytring eller kvart tekstelement blir tolka som del av ein heilskap» (Bukve, 2016, s. 71). Det er innhaldet i sirkelstrukturane som grunngjev tolkingane, og det synet om at all grunngjeving må vera sirkulær, kallast for «holisme» (Føllesdal & Walløe, 2000, s. 101).

Eit holistisk grunngjevingsblikk konstruerer data som casar (Bukve, 2016, s. 93). Yin (2009) definerer ein casestudie som ei empirisk undersøking som:

  • undersøkjer eit samtidig fenomen i sin verkeleg kontekst når

  • grensene mellom fenomenet og konteksten ikkje er innlysande klare, og der

  • fleirfaldige datakjelder blir brukte (oversett i Bukve, 2016, s. 122)

I dagens debattar om casestudiar er det vanleg å sjå casen ein undersøkjer som ei større gruppe av hendingar eller tilfelle som viser til fenomen av teoretisk interesse (Bukve, 2016, s. 125). Me har sett at fenomenet i dette prosjektet, talentutvikling, rører ved teoriar om talent- og ekspertiseutvikling. Me ønskjer å undersøkja talentutvikling med basis i modellar på fotballfeltet. Dermed handlar casestudien om talentutvikling der undersøkingseiningane er modellane slik dei står fram i landslagsskulen og utvalte sportsplanar.

17.5.1 Utval av data og analyse

Utvalet av data i denne studien er strategisk og vil basera seg på data frå skriftlege og visuelle kjelder. Utgangpunktet for studien er å gjera ein analyse av modellar og planverk i fotball. Hovudmodellen på sentralt nivå er landslagsskulen. Den er sett saman i dag som ein presentasjon i PowerPoint på 127 lysbilete som vekslar mellom reine tekstbilete, grafiske framstillingar av modellar, tabellar, figurarar, bilde og integrerte videoklipp. Den er delt opp i dei fire hovuddelane: struktur og overordna rammer, faglege prioriteringar, metodikk og pedagogikk, samt øvingar. Modellen er distribuert rundt om til alle kretsansvarlege for spelarutvikling, og den er tilgjengeleg på NFF sine vevsider.

Sportsplanane til tre satsingsklubbar i Sogn og Fjordane er strategisk valt ut. Utvalskriteria gjekk på at klubbane skulle representera satsingslag på seniornivå innan dei to øvste nivåa i landet (i det hovuddelen av dette skrivearbeidet føregjekk), at både dame- og herrefotball var representerte og at klubbane hadde styregodkjente sportsplanar som låg allment tilgjengeleg via vevsider. I tillegg dannar denne studien grobotn for ei vidare oppfølging av moglege tiltak i dei tre nemnte klubbane. Det var også ein del av grunngjevinga for at nettopp desse tre klubbane vart valde ut.

Når det gjeld analysestrategi, har me brukt ein tematisk analyse (Thagaard, 2018) som ser på likskapar og ulikskapar mellom dei to modellnivåa: landslagsskulen og sportsplanane.

17.6 Funn og diskusjon

I denne delen skal me diskutere samspelet mellom innhald og modellar frå landslagsskulen og sportsplanane til tre lokale toppklubbar i Sogn og Fjordane, dvs. Florø Fotball, Kaupanger Fotball og Sogndal Fotball. Dermed ønskjer må å utforska korleis ein nasjonal modell som landslagsskulen blir fortolka gjennom sportsplanar til lokale fotballklubbar. Dette gjer me for å sjå påstandar i samanheng. Er samsvaret mellom ulike modellar og påstandssystem godt, kan me hevda at modellane me bruker er nyttige (Bukve, 2016, s. 56).

Sportsplanane til Florø Fotball (2017), Kaupanger Fotball (2015) og Sogndal Fotball (2016) er omfattande dokument. Planen til Florø Fotball er på 25 sider og vart godkjent av fotballstyret i januar 2017. Kaupanger Fotball sin sportsplan er på 17 sider og har vore gyldig frå juni 2015, medan Sogndal Fotball sin plan er på 40 sider og vart godkjent av styret i januar 2016. Me har analysert dokumenta i tråd med føringar frå malen for sportsplanar til NFF for å sjå på innhaldet (NFF, 2018a). I malen skal følgjande punkt vektleggjast: klubbens verdiar og aktivitetar. Sentralt for verdiarbeidet er å ha visjonar og målsetjingar som veks ut frå fotballens verdigrunnlag, og at klubben har verkemiddel for verdiarbeidet på feltet som gjer at ein kan imøtekoma måla og visjonane sine. Sentralt for aktivitetsarbeidet er at klubben følgjer NFF sine prinsipp for læring og trivsel. I tillegg skal klubbane ha utviklingsplanar som gjeld ulike årssteg. Både verdi- og aktivitetsarbeidet blir i malen delt inn i barne- og ungdomsfotball. Landslagsskulen er også, som me har sett, eit omfattande dokument som er forma som ein presentasjon i PowerPoint for å kommunisera direkte og visuelt med trenarar.

17.6.1 Sportsplanane: verdiarbeidet i klubbane står sentralt – alle skal få delta!

Gjennomgåande i dei tre sportsplanane er det fokus på verdiarbeid og sosiale faktorar både på og utanfor bana. Dette er i tråd med NFF sine retningslinjer (Larsen & Bergo, 2011). Florø Fotball refererer tidleg til NFF sine tre pilarar som saman dannar verdigrunnlaget for fotballen, og dei er tydelege på at all sportsleg aktivitet i klubben skal følgje vedtekne prinsipp og handlingsplanar for arbeidet med fair play i klubben (Florø Fotball, 2017, s. 7). Visjonen til Kaupanger Fotball er at «fotball skal vere moro for alle!» (Kaupanger Fotball, 2015, s. 3). Dei sentrale verdiane deira er kompetent, inkluderande og lagspelar. Her har klubben valt ei fiffig dobbeltyding av akronymet sitt. KIL er lik Kaupanger Fotball som igjen er lik det å vera Kompetent, Inkluderande og Lagspelar. Breiddefotballtilbodet er kjenneteikna av å vera «tilbod om fotballaktivitet til alle som ynskjer det, uavhengig av kvar dei er på ferdigheitsskalaen eller kva fotballambisjonar dei måtte ha» (Kaupanger Fotball, 2015, s. 3).

Kjerneverdiane til Sogndal Fotball er å vera ambisiøs, utviklande, inkluderande og ærleg. Av verdigrunnlaget kan me lesa ambisjonane til klubben. Sjølvforståinga til Sogndal er å vera ein «toppklubb med breiddeavdeling» (Sogndal Fotball, 2016, s. 4). Klubben ynskjer å legge til rette for å utvikle unge fotballspelarar ved å vera ein «utviklingsarena for toppfotball». Det er visjonen (Sogndal Fotball, 2016, s. 3). Men dette betyr ikkje at klubben berre satsar mot toppen. I planen blir det presisert:

Sogndal Fotball ynskjer å tilby eit fotballtilbod og ei fotballoppleving prega av tryggheit, meistring og trivsel i både trening og kamp, samt deltaking i eit sosialt og trygt lags- og klubbmiljø. Sogndal Fotball skal vere ein stor breiddeklubb, og vi ynskjer å vera ein viktig bidragsytar til eit godt barne- og ungdomsmiljø i Sogndal. (Sogndal Fotball, 2016, s. 8)

Verdipåstandane me finn i dei tre sportsplanane ovanfor, viser alle til idrettens grunnverdi om at fotball skal vera for alle.

17.6.2 Landslagskulen: verdien til fotball er fag

Verdipåstandar som me har sett i dei tre sportsplanane, er fråverande i landslagsskulen. Den einaste gongen verdiomgrepet blir brukt i landslagsskulen, ser ein på bilete 27 der overskrifta går slik: «Landslagsskolens faglige hovedverdier». Adjektivet «fagleg» er lagt til verdiomgrepet. Fag blir i denne samanheng forstått slik: «Fotball handler om å overvinne motstand gjennom å håndtere tid og rom. Med og uten ball. All aktivitet i NFF-regi tar utgangspunkt i fotballens egenart» (NFF, 2018b, bilde 27). Dette er for oss den største skilnaden mellom sportsplanane si inkluderande verdiorientering og landslagsskulen sitt faglege verdiomgrep. Kort fortalt, der klubbane sine sportsplanar legg vekt på at alle skal få vera med i eit inkluderande fellesskap, legg kunnskapshaldninga til landslagsskulen vekt på at planen først og fremst skal vera nyttig for å utvikla dei mest lovande spelarane i landet. Frå ein slik skilnad følgjer mykje anna.

17.6.3 Talentidentifisering og -utvikling: seleksjon, differensiering og hospitering

Frå forskingslitteraturen om talent har me tidlegare sett at det er sterke seleksjonsmekanismar i toppidretten (sjå modell 17.1). Ein slik seleksjon kjem også tydeleg til uttrykk i ein av landslagsskulen sine overordna modellar.

Modell 17.4

Nivåa i landslagsskulen (NFF, 2018b, bilde 8).

I modell 17.4 ser ein kva tiltak aldersgruppa 12–16 år kan bli valt ut til å delta på. Frå modellen kan ein lesa ei gradvis spissing av tiltak og av tal deltakarar per tiltak. Frå ein normalfordelt populasjon på klubbnivå, blir ein del spelarar valt ut til å delta på regionale sonesamlingar. Blant desse blir det gjort nye uttak til kretssamlingar der færre får delta. Det er rundt 20 spelarar i ein kretslagstropp. Det er kretslag på U13, 14 og 15, og det er 18 kretsar i landet. Det gir vel 1000 jente- eller gutespelarar over tre årskull. Langt færre får tilbod om landsdelsamlingar og talentleiarar. Det er rundt 50 spelarar som blir uttekne for talentleir for U14, og 40 spelarar som får plass på kvar av talentleirane til aldersstega U15 og U16. Til slutt er det rundt 18 spelarar som utgjer troppen til ein landslagstropp, og som kjent er det berre 11 av desse får starta kampen. Det er ikkje mange når det kvart år blir fødde rundt 56 000 gutar og jenter i landet. No spelar ikkje alle desse ungane fotball, men når ein veit at det er rundt 100 000 gutar og jenter som spelar fotball i aldersgruppa 13–19 år (NFF, 2017), er det, rundt rekna, 0,1–0,2 prosent av desse som når fram til spel på eit landslag. Det er eit uvanleg trongt nålauge. Endå mindre er det om ein ønskjer å spela profesjonell fotball. Av dei nær 265 millionane aktive spelarane i fotball på verdsbasis tilbake i 2006, spelte berre rundt 113 000 av dei profesjonell fotball (FIFA, 2007). Det utgjer vel 0,04 prosent av totalen.

Om me går inn i dei tre sportsplanane, snakkar ein ikkje lenger om seleksjon slik ein tydeleg gjer det i landslagsskulen. I klubbane sine sportsplanar er det dei beslekta orda differensiering og hospitering som rår. Med differensiering meiner klubbane å legge til rette for riktig fotballaktivitet med tanke på motivasjon, modning og ferdigheiter. I planen til Florø blir det peika på at ein skal differensiere for å skape gode føresetnader for tryggleik, meistring og utvikling for alle (Florø Fotball, 2017, s. 17). Her står det at det er ein vesentleg skilnad mellom differensiering og selektering ved at differensiering handlar meir om å leggja opp til treningar der spelarar kan oppleva ei god blanding av meistring og utfordring. Sogndal strekar også under i planen sin at differensiering handlar om å handtera spelarar ulikt, men i positiv forstand (Sogndal Fotball, 2016, s. 20).

Sjølv om sportsplanane ikkje seier noko om seleksjon eller selektering, er ordet hospitering hyppig brukt. Hospitering kjem frå latinsk og betyr opphavleg «å ta inn ein stad som gjest». Kaupanger skriv at hospitering er noko klubben skal tilby talentfulle, ambisiøse og engasjerte spelarar, men at det alltid skal gjennomførast etter spelaren sitt ønskje. Dei følgjer prinsippet «har du gode nok ferdigheiter, og er mentalt og fysisk moden nok, er du gamal nok» (Kaupanger Fotball, 2015, s. 8). Å hospitera, betyr dermed å flytta ein spelar oppover i aldersklassane midlertidig, som ein gjest, til ein stad der spelet har høgare fart og hardare taklingar. Slik kan spelaren få meir motstand og nye utfordringar som ein kan læra av. Det er også ei læring som kan delast med andre, når spelaren kjem heim att til årsklassen og laget der ein har fast tilhaldsplass. I Sogndal og Florø sine sportsplanar blir hospitering sett på som ei form for differensiering, der spelarar i periodar får trena og spelt på eldre årstrinn.

Hospitering kan også by på problem og skapa konfliktar. I eit innlegg i Fotballtreneren skriv Gjelsvik (2018) at hospiteringshysteriet kan skapa mange usikre spelarar. Når ein ung og lovande spelar blir flytta oppover i aldersklassane, møter ein tøffare motstand og spelar meir på det trygge. Støttepasningar og meir forsiktige måtar å bevega seg på, står då i fare for å bli ein del av repertoaret til spelaren framfor den meir framoverlente og leikne spelestilen ein ofte ser når dei fremste spelarane på eit årskull spelar i lag med vener som er like gamle. I tillegg betyr det ofte mykje sosialt å vera heime i sitt eige årskull framfor å vera gjest på kulla til andre.

Alle dei tre sportsplanane tek opp ulike faresider ved hospitering. Belastninga kan bli for stor og skadar kan koma (Kaupanger Fotball, 2015). Sogndal har eit eige avsnitt knytt til korleis konfliktar skal handterast ved hospitering. At tematikken er sensitiv, kan ein også lesa mellom linene når ein får følgjande skildring av prosedyrane for hospitering i sportsplanen til Florø:

Med klubbstyrt hospitering ønsker Florø Fotball at vi følgjer hospiteringsprosessen nedanfor. Hospitering utan at vi har følgt denne prosessen er ikkje i samsvar med klubben sine retningsliner og vil bli rapportert til styret i Florø Fotball.

(A) = spelaren sin trenar

(B) = trenarkoordinator

(C) = spelaren sin akademitrenar

(D) = trenar i spelargruppa der hospitering er aktuelt

(E) = foreldre/føresette

(F) = spelar

1) Hospitering bør initierast av (A), (B) eller (C). Det er desse (og spesielt (A)) som kjenner spelar best og som skal sjå behovet for ekstra utfordringar.

2) Den som initierer (for eksempel (A)) skal kontakte (B), (C) og (D) for å finne ei fornuftig hospiteringsordning.

3) Når vi har komme fram til ei fornuftig ordning skal (A) kalle inn (B), (D) og (E) for å presentere tilrådd hospiteringsordning.

4) (E) snakkar med (F) for å avklare om spelar i heile tatt har lyst, og om spelar ønsker å ta ein prat med (A) og (D) for å avklare og planlegge hospiteringsordning. Spelar må sjøl få valmuligheiten!

5) Hospitant blir tatt i mot og blir presentert for spelargruppa til (D), (A) skal delta på den første treninga. Det er viktig å forklare at hospiterande spelar skal vere med under gitte aktivitetar (trening og/eller kamp) og behandlast som dei andre

(Florø Fotball, 2017, s. 20)

Prosedyren held fram med underpunkt som fortel at hospiteringa skal evaluerast kontinuerleg, og at skriftlege avtalar skal inngåast. Det er prisverdig at klubben har handtert denne ordninga så grundig og seriøst. Samtidig kan det tolkast som eit uttrykk for at klubben ønskjer å vera i forkant på eit mogleg omstridd og konfliktfylt tema.

Me har kalla denne delen for talentidentifikasjon og -utvikling. Ei kjerneutfordring handlar om kva ein legg i omgrepet den talentfulle spelaren. Er det, som me såg i omgrepsavklaringa tidlegare, prestasjonen til spelaren her og no eller er det heller oppfatningar om at spelaren kan ha eit stort potensiale til å nå langt når vedkommande får fleire år på å utvikla seg vidare (Cobley mfl., 2012, Ommundsen, 2011)?

Ein fare ved å velja ut spelarar til sone- og kretslag og deretter vidare til landslag i svært ung alder, er bruken av einsidige vurderingskriterium. I tenåra veit me at det skjer ei svært rask utvikling både fysiske, mentalt og sosialt hjå spelarane. Nokre er tidleg utvikla og hevdar seg godt på grunn av det. Dei er kanskje fødde tidleg på året, er raskare og sterkare enn medspelarane sine og blir derfor lagt meir merke til av trenarane sine. Me har her å gjera med eit fenomen som har fått eit eige namn både i idretten og i skulen. Dei som er fødde tidleg på året, har ein relativ fordel til dei som er fødde seint. Dette er den relative alderseffekten (Rees mfl., 2017). Den blir gradvis viska ut til eldre spelarane blir, men den representerer ei utfordring i fotballen når det gjeld det å leggja merke til ulike sider ved ein spelar. I landslagsskulen er ein klar over denne utfordringa.

Vi har ansvar for å stimulere, påvirke og kartlegge spillere som er i en fase hvor det er store forskjeller i fysiologisk alder. Hvis vi i for stor grad gjør vurderinger basert på prestasjon her og nå, så vil konsekvensen bli at vi implisitt nedprioriterer sent eller normalt utviklede spillere. … Det faktum at spillere født første halvår har vært overrepresentert på våre spillerutviklingstiltak, viser at vi i for stor grad setter likhetstegn mellom nå-prestasjon og potensial (NFF, 2018b, bilde 15).

Me er her tilbake til eit snevert og utvida talentomgrep der det snevre legg vekt på notidig prestasjon medan den utvida forståinga legg vekt på potensialet til utøvaren over tid (Ommundsen, 2011). Ei snever talentoppfatning kan skapa negative forventningar til utøvaren, og det kan føra til at me overser ei rekkje utøvarar som blir seinare fysisk og mentalt modne enn andre. Eit dynamisk talentomgrep som fokuserer på potensialet til utøvaren, kan motverka dette. Dette temaet er også til stades i sportsplanane, men det dukkar opp indirekte via differensieringsomgrepet og er slik ikkje like tydeleg handsama som i Landslagsskulen. I Landslagsskulen praktiserer ein også to uttak i året blant dei som skal på talentleirar for U14. Ein tek ut dei som ein trur vil nå lengst, og som er fødde i første halvår, og ein gjer tilsvarande uttak blant dei som er fødde i andre halvår.

17.6.4 Faget fotball står sterkast i landslagsskulen

Ein vesentleg del av landslagsskulen handlar om faglege prioriteringar knytt til fotballspelet. Heile 35 av dei 127 bileta som utgjer landslagsskulen er via til dette temaet som også blir krydra med ei rekkje videoanimasjonar som eksemplifiserer og klargjer faglege poeng. Dei faglege prioriteringane handlar om ferdigheitsutvikling i fotball, at spelet føregår i ein spel-motspel-kontekst som er utleia av ein overordna modell om speleprinsippa i fotball, at desse speleprinsippa har fleire fasar og at dei skal følgjast opp ulikt på sone-, krets- og landslagsnivå. I tillegg til alt dette følgjer det detaljerte rolleskildringar av kva som kjenneteiknar alle dei 11 spelrollane i spelets tre angreps- og forsvarsfasar. Kort fortalt, detaljeringsgraden av kva ein spelar skal kunna gjera i ulike situasjonar, er svært høg og den er forankra i ein overordna spelmodell som er skildra i modell 17.5.

Modell 17.5

Spelmodellen til Landslagsskulen (NFF, 2018b, bilde 36).

I spelmodellen til Landslagsskulen er det liten tvil om kva som er læringsinnhaldet. Fotball er eit dynamisk og raskt skiftande spel der omstillingsevne og vurdering av balanseforhold står sentralt. Slike faglege perspektiv er langt mindre systematisk omtalt i dei lokale sportsplanane. Her blir ein kjent med omgrep som taktikk og teknikk og kva slags mentale og fysiske ferdigheiter ein ønskjer å påverka på ulike alderssteg. Men ei systematisk framstilling av korleis klubben ønskjer å spela fotball, er ikkje framme i planane. Dette er eit overraskande funn då sportsplanane nettopp skal vera uttrykk for korleis ein ønskjer å driva fram den sportslege aktiviteten på feltet.

Speleprinsippmodellen til landslagsskulen presenterer eit språk som både forenklar og forsterkar dei mest sentrale elementa i fotball. Dette perspektivet tenkjer me kan koma vesentleg meir fram i sportsplanane til klubbane. På den andre sida trur me det vil gi lita meining om sportsplanen til klubbane skal by på like omfattande og detaljerte skildringar om korleis spelroller skal forståast og fotball skal spelast slik ein ser det i landslagsskulen. Då trur me at trenarane ute i klubbane, som vanlegvis brukar av fritida si på trenargjerninga, lett vil drukna i detaljar.

17.7 Diskusjon: modellanes samanheng

I dette arbeidet har me studert modellar for spelar- og talentutvikling i fotball på to nivå – eit sentralt styringsnivå som er uttrykt gjennom landslagsskulen til NFF og eit lokalt toppklubbnivå representert ved tre sportsplanar. Kva er samspelet mellom modellane på desse nivåa? Det har vore problemstillinga vår. Føremålet vårt har vore å avdekka gap og dernest koma med tilrådingar på korleis gapa kan handterast. Me har avdekka gap, og me har sett at dei to tydelegaste handlar om verdiar og kunnskap.

Dei lokale sportsplanane har ei sterk verdiforankring. Ein kjerneverdi i desse er inkludering. Ein annan er fair play. Fotball skal vera for alle. Det går att i alle sportsplanane me har sett på. Slik er det naturlegvis ikkje for landslagsskulen. Den er heller ekskluderande. Seleksjonsprosessane frå krets- til landslag er innretta mot at dei fleste spelarane fell i frå. Ein landslagstropp rommar jo berre nokre fåe spelarar utover dei 11 som startar kampen. Like fullt er det overraskande at verdiforankringa til landslagskulen er svak, og at idrettens kjerneverdi, fair play, ikkje er nemnt ein einaste gong i planen. Å følgja reglane til spelet og gjera sitt beste, er like viktig i toppfotball som i breiddefotball. Med tanke på toppfotballens sterke konkurransesituasjon og presset dette legg på ei rettvis eller «fair» deltaking i spelet, tilrår me at landslagsskulen tek verdiar generelt og fair play spesielt meir på alvor i komande år.

No kan arkitektane bak landslagsskulen hevda at landslagsskulen er verdibasert då den kviler på barnefotballens verdigrunnlag. Dette er rett, men mot denne påstanden vil me likevel hevda at verdidiskusjonar må halda fram og dei må diskuterast i konteksten dei står i. Verdidiskusjonar i toppfotballen uttrykkjer seg annleis enn i breiddefotballen. Ta til dømes verdigrunnlaget til fotballklubben Sogndal. Me har sett at klubben skal vera ambisiøs, utviklande, inkluderande og ærleg. Det er dei fire verdiane klubben sin aktivitet kviler på. Går me gjennom eit par av desse verdiane, kan det oppstå spenningar. Verdien ambisiøs passar godt til Sogndal som toppklubb, men korleis står verdien seg i breiddedelen til klubben? Det kjem nok an på korleis verdien blir forstått. Det er ikkje alle ambisjonar om å vinna og bli best som passar like godt inn i breiddefotballen. Men ein klubb kan også vera ambisiøs på andre måtar. Den kan til dømes ha ambisjonar om at fåe skal fella i frå og slik slutta med fotball i ungdomstida. Det er også ein måte å vera ambisiøs på. Det er nettopp fordi me meiner at diskusjonar om verdiar må tilpassast konteksten dei står i, at me held fast på at landslagsskulen kan ta verdidiskusjonar meir på alvor i planverket sitt.

Når det gjeld kunnskap, er landslagskulen sterk på kunnskapar om fotballspelet og spelrollane som inngår i det. Det er eit fagleg, teknisk og nytteorientert kunnskapsomgrep som blir brukt i landslagsskulen. Det gir trenarane som forstår modellen og som kan bruka den, makt. Dei har makt til å velja ut dei spelarane dei meiner er best i landet til å vinna internasjonale fotballkampar. Sagt med andre ord, Landslagsskulen gir eit klart og tydeleg bilete av eigenarten til fotballspelet og kva ein ønskjer å oppnå som lag, lagdelar og i dei ulike spelarrollane som utgjer laget. Ein slik kunnskap er så godt som fråverande i dei lokale sportsplanane. Dette er det mest overraskande funnet då ein sportsplan, i bokstavleg meining, er ein plan for korleis sporten, dvs. fotball, skal utøvast. Når Landslagsskulen også har virka i snart fem år og har mål av seg å bli brukt ute i klubbane, forsterkar det overraskinga vår. Men denne påstanden kjem også med eit atterhald. Sportsplanane me har sett på vart godkjente for nokre år sidan. Då hadde ikkje Landslagsskulen virka like lenge ute i kretsane eller i klubbane som den har gjort i dag.

Ein grunn til at kunnskapen om eigenarten til fotballspelet er underkommunisert i dei lokale sportsplanane, skuldast truleg at rettleiarmalen frå NFF på dette området ikkje er tydeleg på at eigenarten til spelet skal gjerast eksplisitt i sportsplanane til klubbane. Dette er også overraskande, men det kan skuldast at kunnskapen om fotballspelet er ein type kunnskap som ein tek for gitt at klubbane har ei god hand om uansett. Og på ein måte kan det vera rett. Me høyrer rett som det er at kunnskapen om korleis eit lag skal spela «sit i veggane» til klubben. Kunnskapen har blitt ein del av kulturen til klubben og ein slik kunnskap kan vera vanskeleg å uttrykkja språkleg. Ein har kalla denne typen for taus (Polanyi, 1967). At kunnskapen er taus, betyr at den ikkje uttrykkjer seg skriftleg, ei heller munnleg, men derimot uttrykkjer den seg i måten laget spelar fotball på medan dei trenar eller spelar kamp. Dette er opplagt ein viktig kunnskapsdimensjon ved fotball, men kunnskapen om korleis ein klubb vil spela fotball, må også bli uttrykt språkleg på ein måte som gjer den tilgjengeleg for alle og som kan diskuterast ope i klubbane. Derfor argumenterer me for at det nettopp er kunnskapen rundt eigenarten til korleis ein klubb vil spela fotball som bør uttrykkjast meir tydeleg i sportsplanane. Det trur me vil vekka engasjement og debatt og vera klargjerande for korleis ein klubb ønskjer å stå fram sportsleg. Derfor meiner me at sjølve rettleiarmalen frå NFF bør endrast slik at klubbane langt klarare enn kva tilfellet er i dag, må ta omsyn til spelet fotball og korleis dei vil gjera si lokale fortolking av det. Dette er vår andre tilråding om korleis ein kan handtera gapet mellom landslagsskulen og dei lokale sportsplanane.

Ein annan grunn til at eigenarten til spelet er lite til stades i dei lokale sportsplanane, kan skuldast kompetanse og kva ein er oppteken av ute i klubbane. Det er ein sterk erfaringsbasert kompetanse der. Dei gode trenarane veit kva fotballspelet handlar om når dei er på feltet, men det er ikkje like enkelt å få denne kompetansen til å bli ein tydeleg del av ein klubb sitt sportslege planverk. Derfor bør klubbane satsa systematisk på utviklingstiltak som gjer at gapet mellom praktisk og teoretiske fotballkunnskapar blir mindre. Trenarutdanning og trenarforum trur me er gode døme på slike tiltak. At klubbane bør satsa meir systematisk på slike tiltak, er vår tredje tilråding. Den er også i samsvar med den aukande profesjonaliseringa som skjer i den frivillige idretten.

17.8 Konklusjon

Det samanliknande modellarbeidet vårt har dermed avdekka to gap mellom dei sentrale føringane til landslagsskulen og dei lokale toppklubbane sine sportsplanar. Det første handlar om verdiar, det andre om kunnskap. På tilsvarande vis som at landslagsskulen bør ta lærdom av dei lokale sportsplanane sitt tydeleg fokus på verdiar, så bør dei lokale sportsplanane ta landslagsskulen sine omfattande og tydelege kunnskapsdiskusjonar om korleis fotball skal praktiserast endå meir på alvor. Dette er hovudargumentet vårt. Me har også føreslått at rettleiarmalen for å utvikla sportsplanar frå NFF bør justerast, og at klubbane bør satsa meir på utviklingstiltak som trenarutdanning og trenarforum. Om gapet mellom sentrale føringar og lokale fortolkingar blir mindre, trur me at fleire vil merka utfalla av eit godt grunngjeve utviklingsarbeid i norsk fotball. Slik kan også fleire få oppleva at draumen om spel i framtidas toppfotball kan bli til røyndom.

Litteratur

Aggerholm, K. (2015). Talent development, existential philosophy and sport: on becoming an elite athlete. London & New York: Routledge.

Andersen, S.S. (2009). Stor suksess gjennom små, intelligente feil. Tidsskrift for samfunnsforskning, 50(04), s. 427–458.

Ankersen, R. (2012). The gold mine effect: crack the secrets of high performance. London: Icon.

Baker, J., Cobley, S., Schorer, J., Wattie, N. (eds.) (2017). Routledge handbook of talent identification and development in sport. Oxon & New York: Routledge.

Baker, J., Schorer, J., Cobley, S. (eds.) (2012). Talent identification and development in sport: international perspectives. Oxon & New York: Routledge.

Bukve, O. (2016). Forstå, forklare, forandre. Om design av samfunnsvitskaplege forskingsprosjekt. Oslo: Universitetsforlaget.

Cobley, S.S., Schorer, J., Baker, J. (2012). Identification and development of sport talent: a breif introduction to a growing field of research and practice. I: Baker, J., Schorer, J., Cobley, S. (red.) (2012). Talent identification and development in sport: international perspectives. (s. 1–10). Oxon & New York: Routledge.

Coyle, D. (2009). The talent code. Greatness isn’t born. It’s grown. Here’s how. New York: Bantam Books.

Delgado-Rodriguez, T. O. T (2018). Gjenreisingen av norsk fotball. Henta 15.10. 2018 frå: https://www.fotballtreneren.no/fagartikler/spillerutvikling/gjenreisningen-av-norsk-fotball

Epstein, D. (2013). The sports gene: inside the science of extraordinary athletic performance. New York: Currant.

FIFA, (2007). Big Count 2006: Statistical Summary Report by Gender/Category/Region. Henta 10.01.2019 frå: https://resources.fifa.com/mm/document/fifafacts/bcoffsurv/bigcount.summaryreport_7022.pdf

Florø Fotball (2017). Sportsplan. Godkjent av fotballstyret 09.01.2017. Henta 15.08.2018 frå: https://drive.google.com/file/d/0B1qIeVc20jdab3BlR3c4TDhrRTg/view

Fossøy, J., Moe, V.F., Fretland, F. (2017). Fotball og media i Noreg i eit historisk perspektiv i perioden 1970–2005 – spelet utan ball. I: Andersen, J.R., Bjørhusdal, E., Nesse, J.G., Årethun, T. (red.) (2017). Immateriell kapital - Fjordantologien 2017 (s. 341–361). Oslo: Universitetsforlaget.

Føllesdal, D., & Walløe, L. (2000). Argumentasjonsteori, språk og vitenskapsfilosofi. Oslo: Universitetsforlaget.

Gilberg, R. & Breivik, G. (1998). Hvorfor ble de beste best? Barndom, oppvekst og idrettslig utvikling hos 18 av Norges mestvinnende idrettsutøvere. Oslo: Olympiatoppen & Norges Idrettshøgskole.

Gjelsvik, P. E. (2018). Hospiteringshysteriet i fotballen. Henta 15.12. 2018 frå: https://www.fotballtreneren.no/fagartikler/spillerutvikling/hospiteringshysteriet-i-fotballen

Gledhill, A., Harwood, C., Forsdyke, D. (2017). Psychosocial factors associated with talent development in football: A systematic review. Psychology of Sport and Exercise, 31, 93–112. doi: https://doi.org/10.1016/j.psychsport.2017.04.002

Haugaasen, M. (2015). Retracing the steps towards professional football. Practice engagement characteristics and performance attainment among Norwegian elite youth and senior players. PhD-dissertation, Norwegian School of Sport Sciences.

Haugaasen, M. & Jordet, G. (2012). Developing football expertise: a football-specific research review. International Review of Sport and Exercise Psychology, 5(2), 177–201. doi: https://doi.org/10.1080/1750984X.2012.677951

Henriksen, K. (2010). The Ecology of talent development in sport. PhD-dissertation, Odense: Syddansk Universitet.

Huitfeldt, A. (i VG) (2012). Den norske idrettsmodellen. Henta 10.01.2019 frå: https://www.vg.no/nyheter/meninger/i/w13eA/den-norske-idrettsmodellen

Kaupanger Fotball (2015). Sportsplan. Godkjent av årsmøte KIL. Gyldig frå 10.06.2015. Henta 15.08.2018 frå: https://static1.squarespace.com/static/56d0134f07eaa02c121af38e/t/56df057145bf21f27e16999b/1457456498949/kil_3_0_sportsplan_kaupanger_fotball.pdf

Larsen, C.H., Alfermann, D., Henriksen, K., Christensen, M.K. (2013). Successful talent development in soccer: The characteristics of the environment. Sport, Exercise, and Performance Psychology, 2(3), 190–206. https://psycnet.apa.org/doi/10.1037/a0031958

Larsen, Ø. & Bergo, A. (2011). Verdifullt verdigrunnlag, kap 1, s. 15–36. I: Norges Fotballforbund (2011): Flest mulig, lengst mulig, best mulig – den store barne- og ungdomsfotballboka. Oslo: Akilles.

Loland, S. (2015). Idrettsetikk. Oslo: Akilles.

Meld. St. nr 26 (2011–2012). Den norske idrettsmodellen. Oslo: Kulturdepartementet.

NFF (Norges Fotballforbund) (2016). Handlingsplan 2016–2019. Henta 18.12.2018: https://www.fotball.no/globalassets/nff-org/handlingsplan_2016-2019.pdf

NFF (Norges Fotballforbund) (2017). Årsrapport 2017. Henta 01.12.2018: https://view.joomag.com/nff-nff-%C3%85rsrapport-2017/0449189001518785583

NFF (Norges Fotballforbund) (2018a). Sportsplanmal/forslag til oppsett på en sportsplan. Henta 15.01.2019 frå: https://www.fotball.no/globalassets/klubb-og-leder/kvalitetsklubb/niva1/sportsplan.pdf

NFF (Norges Fotballforbund) (2018b). Landslagsskolen, 127 bilder, PowerPoint-presentasjon.

Ommundsen, Y. (2011). Spesialisere tidlig og plukke talenter – er det så lurt? I Hanstad, D. V. (red) (2011): Norsk idrett. Indre spenning og ytre press (s. 53–68). Oslo: Akilles.

Polanyi, M. (1967). The Tacit Dimension. London: Routledge & Kegan Paul.

Rees, T., Hardy., L., Güllich, A., Abernethy, B., Côté, J., Woodman, T., Montgomery, H., Laing, S., Warr, C. (2016). The Great British Medalists Project: A Review of Current Knowledge on the Development of the World’s Best Sporting Talent. Sport Medicine, 46(8), 1041–1058. https://doi.org/10.1007/s40279-016-0476-2

Smeland, F. & Seippel, Ø. (2015). «For vi kommer ikke til å sitte i styret i all avighet. En studie av norske fotballklubbers arbeid med Kvalitetsklubb.» Oslo: Norges idrettshøgskole.

Sogndal Fotball (2016). Sportsplan. Vedteken av styret i Sogndal Fotball 21.01.2016: Henta 15.08.2018 frå: https://www.kxweb.no/portal/public/content/attachment/download.do?contentCategoryId=20302&filename=c_256_240056_1453765746753.pdf&issueId=&contentId=

Sæther, S. A. (2017). De norske talentene. Hvem lykkes og hvorfor? Oslo: Universitetsforlaget.

Thagaard, T. (2018). Systematikk og innlevelse. En innføring i kvalitative metoder (5. utgave). Oslo: Fagbokforslaget.

Thorsen, I. (2015). Her er landslagsskolen. Fotballtreneren. Henta 10.12.2018 frå: https://www.fotballtreneren.no/fagartikler/spillerutvikling/her-er-landslagsskolen

Veibust, A. (2017). «Klubben er sjef. Punktum.» Ein kvalitativ studie av utfordringar knytt til implementering av sportsplan i kvalitetsklubbar. Masteroppgåve, Sogndal: Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Yin, R. K. (2009). Case study research. Design and methods (4. ed.). Los Angeles: Sage.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon