Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}
<ModellerKapittel 12 av 25

11. Sentrum og periferi – eit varig modelltyranni? Norsk historieskriving i fagkritisk perspektiv

Høgskulen på Vestlandet.

GUNNAR YTTRI er førsteamanuensis i historie ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal. Eitt av forskingsfelta til Yttri er norsk skulehistorie og høgare utdanningshistorie.

SAMANDRAG

Omgrepa «sentrum» og «periferi» fekk ein sentral plass i norsk metodestrid i 1970-åra. Ordskiftet vart eit møte mellom to vitskaplege disiplinar: empirisk orientert historiefag og teori- og modellbyggjande samfunnsvitskap. Artikkelen påviser at nemnde omgrep prega norsk historieskriving i 100 år før striden. Etter 1970 vart dei formande for organisering og skriving av lokal og regional historie i Noreg. Metodiske problem ved dette vert løfta fram. Forfattaren set også eigne tekstar i fagkritisk perspektiv.

NØKKELORD: historieskriving, sentrum, periferi, modell, metode

The concepts of “centre” and “periphery” came into focus in the Norwegian methodological discourse in the 1970s. The discourse was a meeting between two scientific disciplines: the empirically oriented discipline of history, and the theory- and model-building social sciences. This paper demonstrates that even with its empirical orientation, Norwegian historiography were characterized by the concepts of “centre” and “periphery” a hundred years prior to the debate. After 1970, the concepts became structuring for organizing and writing of local and regional history in Norway. The paper highlights inherent methodological problems. This motivates a critical reading of historical texts where the concepts of “centre” and “periphery” play a pronounced or tacit role.

Merknader

Artikkelen har grunnlag i prøveførelesing for graden dr. philos. ved Universitetet i Oslo 8. september 2016. Oppgitt tittel var «Sentrum og periferi i norsk historieskriving». Forfattaren har ingen interessekonfliktar.

11.1 Innleiing

Omgrepa «sentrum» og «periferi» var i framgrunnen i norsk metodestrid i 1970-åra. Historikaren Jens Arup Seip (1905–1992) kritiserte modellbygginga til samfunnsforskaren Stein Rokkan (1921–1979) slik denne kom fram i fleire arbeid i 1960- og 1970-åra. Gitt ordskiftet sin intense karakter og Seip og Rokkan sine rollar innanfor høvesvis norsk historievitskap og norsk samfunnsvitskap, vart ordskiftet formande for tilhøvet mellom historiefaget og samfunnsfaga i Noreg. Ordskiftet fungerte som ei klassisk grensetrekking, gjerne nytta i undervisninga av nye historiestudentar og i den grunnleggjande metodelæra ikring kva som skilde historiefaget frå samfunnsfaga (Kjeldstadli, 1999, s. 143–150). Historiefaget sto då gjerne fram som empirisk basert, oppteke av det unike i menneskeleg handling i tid og rom. Tidsplasseringa til ulike hendingar og handlingar var prinsippet for å forklara hendingar. Historiefaget hadde i det heile ein fri karakter som ikkje let seg innordna i modellar og generell teori.

Men eit slikt fritt arbeidsgrunnlag kan også medføra at historikaren ikkje ser at eiga forsking kviler på innforståtte førestillingar om historisk utvikling og samfunnsstrukturar. Resultata av forskinga kan verta forma eller bestemt av ureflekterte førestillingar og nedarva ikkje-uttalte mønster (Iggers, 2005, s. 2). Nettopp omgrepa «sentrum» og «periferi» synest danna tankemodellar som fleire norske historikarar legg til grunn i sitt arbeid. I denne artikkelen vil eg undersøka dette nærare med nokre fagkritiske nedslag i norsk historieskriving og også i mitt eige arbeid. Utforskinga av bruken av omgrepa «sentrum» og «periferi» i historieskrivinga er ikkje gjort tidlegare, og kan slik vera eit bidrag til norsk historiografi. Siktemålet med granskinga er å styrka medvitet og refleksjonen om norsk historiefagleg identitet og tradisjon.

Metodestriden mellom Seip og Rokkan er då eit godt startpunkt. Artikkelens andre del, om det norske historiefagets eigen historie, norsk historiografi, identifiserer det omstendet at omgrepa «sentrum» og «periferi» i ulike periodar, og hjå retningsgjevande norske historikarar, har spela ei viss formande rolle. Dette utan at omgrepa har vorte skrivne eller direkte nytta, men ved at dei likevel har danna ramme og grunnlag for skrivinga og tenkinga. Artikkelen set nedslag i sentrale norske historiske arbeid frå 1870-åra og fram til om lag 1970. Artikkelens tredje del drøftar korleis samtidige oppfatningar av tilhøvet mellom sentrum og periferi på 1970-talet vart viktig for måten deler av norsk historieforsking vart organisert på, og for skrivinga av lokal og regional historie heilt fram til vår eiga tid. Dei metodiske utfordringane knytt til dette vert løfta fram. Det fagkritiske blikket og omgrepa «sentrum» og «periferi» gir meg i fjerde del høve til å saumfara mi eiga historieskriving. Refleksjon må også evna å vera sjølvrefleksjon.

Nokre klargjerande definisjonar av omgrepa «sentrum» og «periferi» skal få runda av denne innleiinga. Omgrepet sentrum kjem frå det greske kentron. Det tyder midtpunkt eller spiss. Me forstår gjerne sentrum som hovudsete for ein aktivitet, ein viktig stad. Me kan tala om eit maktsentrum, eit økonomisk sentrum og/eller eit kulturelt sentrum, alt etter kva som kjenneteiknar sentrumet, kva det er som gjer det viktig. Omgrepet periferi tyder omkrins eller utkant. Periferi byggjer på adjektivet perifer som kjem frå det greske pherein. Det perifere er det som høyrer til eller ligg i utkanten, det er uviktig, uvesentleg og/eller underordna. I norsk daglegtale er det truleg dei geografiske tydingane, senter og utkant, som kjem til ein når sentrum og periferi vert nytta. Men i vår gransking er det viktig å halda fast ved at sentrum og periferi i tillegg til geografi, også omhandlar makt, økonomi, politikk og kultur.

11.2 Del 1: Tyranniet – i modellane eller i detaljane?

Det var i 1974 at historikaren Jens Arup Seip la fram sin kritikk av modellbruken til samfunnsvitaren Stein Rokkan i føredraget Modellenes tyranni. Analyse av Stein Rokkans anvendelse av en sentrum-periferi modell på norsk historie (Langholm & Maurseth, 1975; Seip, 1983a). Grunnlaget for kritikken var Rokkans omfattande nye tolking av norsk historie etter 1814. Rokkans skrifter og Seips kritikk hadde eit omfang og ein detaljrikdom som ikkje er mogleg å gripa i vår artikkel. Me tek tak i det sentrale åtakspunktet for Seip, Rokkan si framstilling av tilhøvet mellom sentrum og periferi.

Rokkan identifiserte to varige konfliktlinjer i norsk politikk etter 1880. Den eine var ei territoriell konfliktlinje mellom sentrum og periferi, mellom hovudstad og provins. Den andre var ei sosio-kulturell konfliktlinje mellom akademisk utdanna, europeiserte embetsmenn og overklasse i byane, og stadig meir statusbevisste, artikulerte og nasjonsorienterte bønder i landdistrikta. I Rokkans analyse gav den egalitære sosio-økonomiske strukturen på Vestlandet vilkår for «motkultur» og mobilisering langsmed den territorielle konfliktasen, der motsetnaden mellom periferi og sentrum, mellom bygdeinteresser og byinteresser kom fram.

I Rokkans analyse var Sør- og Vestlandet særmerkt mellom andre norske regionar på det viset at det 1) hadde vore ein forsvarsskanse for luthersk ortodoksi og pietistisk fundamentalisme mot byens radikaliserande og sekulariserande innverknad, 2) hadde gjeve særleg god grobotn for fråhaldsrørsla, og 3) var støttepunkt for målrørsla mot riksmålet. (Rokkan, 1987a)

Men Seip hevda at nett slike eksplisitt abstrakte samfunnsvitskaplege modellar som Rokkan la fram, førte til misoppfatningar når dei vart nytta for å forstå historiske fenomen. Utval og tolking av fakta vart styrt av modellane. Teori vart bestemmande og formande, empiri og historiske realitetar vart underordna og tilpassa. «Begrepsstrukturene er på et tidlig tidspunkt frosset fast på en slik måte at de enten utelukker ny iakttagelse eller mistolker den», skreiv Seip (Seip, 1983a, s. 221). Dette var det Seip kalla «modellenes tyranni».

I sitt utførlege tilsvar til Seip understreka Rokkan at modellane han utarbeidde var historisk informerte og dertil kunne utviklast vidare «i den kontinuerlige konfronteringen med data, med historiske virkeligheter» (Rokkan, 1987b, s. 236) med det målet å forklara og å forstå ulike samfunnsfenomen. Han understreka slik det mellombelse i si eiga modellbygging. Som ei oppmoding til både historikarar og samfunnsvitarar, og med eit stikk til den empirisk orienterte Seip skreiv han: «Kanskje kan vi da i fellesskap underkaste oss modellenes ytterst temporære tyranni – for nettopp å kunne stå sterkere i kampen mot det permanente, det langt farligere tyranni, detaljenes» (Rokkan, 1987b, s. 236).

Disputten mellom Seip og Rokkan kan lesast som eit klassisk møte mellom to ulike fag og fagtradisjonar. På den eine sida finn me statsvitskapen og sosiologien som er kjenneteikna av ei nomotetisk (av gresk nomothetikos, av nomos «lov» og ei avleiing av tithenai «oppstilla, etablera») altså det at ein i den faglege verksemda søkjer å stilla opp allmenne og generelle lover. På den andre sida finn me det idiografiske (frå gresk idios «eigen»), historiefaget som rettar seg mot det eineståande og særeigne i fortida. Der samfunnsvitaren er interessert i å konstruera modellar og teoriar, stundom med siktemål om å kunna føresei framtidige utviklingstrekk, vil historikaren si tilnærming vera prega av ei kritisk haldning til modellar og generelle teoriar, tilnærminga vil vera retta mot det einskilde, særskilde og eineståande i fortidige forhold, avgrensa i tid og rom (Knutsen, 2016, s. 62–73; Kjeldstadli, 1999, s. 103–115).

Ei slik teoretisk prinsipiell oppstilling av faglege skilnader og kjenneteikn yter likevel korkje dei historiske aktørane Seip og Rokkan eller verkeleg fagleg praksis rettferd. I praksis vil historie og samfunnsfag ofte kunna dra store vekslar på kvarandre. Fleire av Stein Rokkans teoribygg, modellar og omgrep, fekk i alle fall varige gjennomslag ikkje berre i samfunnsfaga, men også i historiefaget. Historikarar nytta til dømes omgrep som korporativ pluralisme i sine analysar av norsk etterkrigstid (Sejersted, 1993a). Òg omgrepa «sentrum» og «periferi», og Rokkans identifiserte konfliktlinjer, vert stadig nytta i historieskrivinga (Døssland & Løseth, 2006).

Gjennomslag og popularitet mellom historikarar ligg nok i Rokkans sterke historiske orientering, og i det grundige, empiriske arbeidet som låg til grunn for modellar og linjetrekking. Eit viktig utgangspunkt var historikar og geograf Gabriel Øidnes empirisk baserte artikkel frå 1957 om motsetninga mellom Austlandet og Vestlandet (Øidne, 1957). Rokkan og hans medarbeidarar gjekk dertil i gjennom og analyserte eit omfattande materiale frå norske val. Åtferda til norske veljarar vart empirisk undersøkt og plassert i tid og rom. Me kan slik seia at Rokkans historiske sosiologi kryssa den tradisjonelle motsetnaden mellom generaliserande samfunnsfaglege modellar og spesifiserande historisk analyse.

11.3 Del 2: Sentrum og periferi i norsk historieskriving 1870–1970

«Såvidt jeg skjønner, må det være en illusjon å ville forklare i ord alt fra bunden av. Enhver fremstilling som bruker ord, må starte på et grunnlag av stilltiende forutsetninger. Hvor mange forutsetninger man skal ta for gitt, må bli vilkårlig», skreiv Jens Arup Seip i sitt innlegg ved doktordisputasen til Ottar Dahl i 1957 (Seip, 1983b, s. 174). I framhald av førre avsnitt kan dette tydeleggjera at Seip ikkje var nokon reindyrka empirist og hadde heller ikkje empirismen som einerådande ideal.

Sitatet gir oss også ein inngang til vår vidare undersøking av formande år i norsk historieskriving, der nettopp våre omgrep «sentrum» og «periferi» synest vera viktige stillteiande føresetnader. For mykje tyder på at omgrepa «sentrum» og «periferi» var viktige, lenge før debatten mellom Seip og Rokkan. Denne rolla vart spela jamvel om omgrepa ikkje vart uttalte eller skrivne. Me kan likevel sjå korleis «sentrum» og «periferi» og tilhøvet mellom desse, er stillteiande føresetnader og drivande krefter hjå leiande norske historikarar i viktige og formande fasar, i verk som omhandla rikshistorie eller nasjonalhistorie.

Det ligg nær å tru at dette har samanheng med at 1) det langstrakte Noreg har mykje periferi og eit markert sentrum, 2) landet sin geografiske plassering i Europas utkant, og 3) at sentralmakta i historisk viktige periodar låg i København eller i Stockholm.

Den sokalla «vinstrelina» (Kjeldstadli, 1999, s. 66–68) i norsk historieskriving med Ernst Sars (1835–1917) og Halvdan Koht (1873–1965) synest gi døme. Hjå både Sars og Koht vert demokratiet i Noreg verkeleggjort gjennom framveksten av den frie nasjonen Noreg. Ernst Sars sin Udsigt over den norske historie kom ut i fire band mellom 1873 og 1891, og vart viktige i den samtidige nasjonsbygginga. Hjå Sars vert merkeåret 1814 og Noreg si særmerkt demokratiske utvikling forklart med ein lang, indre prosess i folket. Utviklinga vart driven fram av spenning og samband mellom to samfunn – ein norsk orientert periferi med sjølveigande bønder og bygdetinga som demokratiske kjenneteikn, og eit europeisk orientert sentrum med borgarar og embetsmenn. 1814 og den etterfølgande demokratiske utviklinga vart gjort mogleg ved at sentrum med embetsmenn og borgarar, i stor grad av dansk opphav, vert integrert i det norske samfunnet, og tek opp i seg periferien sine demokratiske og nasjonale sinnelag, det Sars kalla «Almen-aand» (Dahl, 1976; Sars, 1877, 1911, 1912).

Medan Sars sin tankegang er prega av evolusjonismens gradvise utvikling, og av idealimens førestilling om at ideen om nasjonen er ei eiga kraft, vert økonomi, materielle tilhøve og klassekamp dei drivande krefter hjå Halvdan Koht. Men også i Koht si særmerkte utforming av den marxistiske historieoppfatninga, der han freistar å sameina nasjonale synspunkt og klassesynspunkt, gir omgrepa «sentrum» og «periferi» meining. Gjennom kamp kjempar nye underprivilegerte klassar – underklassen – i vår samanheng den økonomiske, kulturelle og politiske periferi – seg fram til ein plass og makt i nasjonen – og vert integrerte i det økonomiske, kulturelle og politiske sentrum. Med klassekampen vert også den frie nasjonen utvikla og gjer framsteg. På 1500- og 1600-talet var det borgarane som dreiv kampen, på 1800-talet bøndene, og endeleg var det arbeidarklassa sin tur på 1900-talet.

Både hjå Sars og Koht finn me historiesyn med klåre teleologiske trekk – det vil seia at den historiske utviklinga hadde eit endeleg mål. Hjå Sars låg målet i realiseringa av det parlamentariske demokratiet og den sjølvstendige nasjonen Noreg. Hjå Koht som tok steget frå partiet Venstre til Arbeidarpartiet, låg det historiske målet i at arbeidarklassen sikra seg ein plass i den sjølvstendige nasjonen Noreg (Dahl, 1976; Kjeldstadli, s. 67–69, 1999; Koht, 1998; Svendsen, 2013). Men omgrepa «sentrum» og «periferi» har også spela ei rolle i etterkrigstidas norske historieskriving, historieskriving som i liten grad kan skuldast for å vera skråsiker om framtida. I fleire historiske arbeid etter 1945, anten det er tale om politisk historie eller utanrikspolitisk historie, er dette omgrep som kanskje ikkje vert direkte uttalt, men som likevel ligg under som ein dimensjon i historieskrivinga. Det gir spenning til forteljingane. Endringar i tilhøvet mellom sentrum og periferi, er det som forklarar endringa, tilhøvet mellom sentrum og periferi kjenneteiknar historia.

Sverre Steen (1898–1983) si framstilling av Noregs politiske historie går i slike baner. Men medan Koht såg klassekamp og konflikt og maktkamp, var Steen, omtala som pragmatisk materialist (Kjeldstadli, 1999, s. 68–69) vitne til det lukkelege kompromiss mellom ulike samfunnsinteresser. Den politiske periferi (arbeidarklassen) kjem gjennom demokratiske prosessar og ei større fellesinteresse i folket realisert gjennom krigsåra inn i det politiske maktsentrum – der ein møter og inngår eit kompromiss med borgarlege krefter. «Langsomt ble landet vårt eget», heitte det hjå Steen. Sakte smelta periferien saman med sentrum. Dei siste vart dei første, og dei første skulle framleis få vera med. Det lukkelege resultatet var sosialdemokratiet under Einar Gerhardsen, eller i Sverre Steen sine ord, «borgerlig sosialisme» (Steen, 1969).

Me stoggar litt ved Sverre Steen si nemning, «borgerlig sosialisme». Nemninga er verd å tenkja ikring. I retorikken vert ei slik samanstilling av to omgrep (oftast gjennom eit adjektiv og eit substantiv) som logisk motseier kvarandre, kalla for eit oxymoron. (oxy - skarpsindig – moron - dumt). Oxymoronet vert nytta for å få til ei slåande sjølvmotseiing, eit slags konsentrert og lada paradoks (Eide, 1999; Fafner, 1982). Borgarleg sosialisme – kva er det? Det er omgrepet ein av Noregs mest leste historikarar på 1900-talet skapte for å karakterisera Noreg i etterkrigstida.

Olav Riste (1933–2015), ein nestor i skrivinga av norsk utanrikspolitisk historie og slik gjerne omtala som etterkrigsempirist, skapte i doktoravhandlinga i 1963 eit nytt oxymoron i si historieskriving. Avhandlinga omhandla periferien Noreg sitt forhold til dei sentrale krigførande makter under den første verdskrigen. Det var ein krig Noreg gjorde alt ein kunne for å halda seg utanfor. Ein lukkast med dette og særleg lukkast norsk skipsfart med å segla inn store inntekter. Trass nøytralitet, Riste påviste at Storbritannia var det landet Noreg hadde det mest tillitsfulle samarbeidet med og om det skulle verta uråd å halda seg utanfor krigen, var det på britisk side ein venta å hamna. Noreg var Storbritannias «nøytrale allierte», i ei lagnadstid for Europa var Noreg «the neutral ally» (Riste, 1965).

Borgarleg sosialisme og nøytral alliert er norsk syntetisert historieskriving, valt og utført av nokre av dei fremste i faget. Omgrepa er kraftfulle paradoks, sett saman av omgrep som i tyding står i motsetnad til kvarandre. Båe har i seg spenninga mellom sentrum og periferi. Syntesar i norsk historieskriving har nok i seg fleire slike lada paradoks, og der tilhøvet mellom sentrum og periferi står sentralt. Noreg som utkant i Europa vil då vera eitt utgangspunkt, ulike krefter si bryting på den innanrikspolitiske arena vil vera eit anna.

11.4 Del 3: Nye liner og utfordringar i norsk historieskriving etter 1970

Det er eit herre–knekt-forhold i norsk historieforsking, hevda historikaren Jørn Sandnes (1926–2007) i 1974 i innlegget «Rikshistorie og lokalhistorie – sentrum og periferi i historieforskningen». Herre–knekt-forholdet besto i tilhøvet mellom «rikshistorie» og «lokalhistorie». «Rikshistoria» – forstått som Noregshistorie – vart skrive i Oslo eller i nokre få andre større byar. Lokalhistorie, ei omfattande mengd studiar av historie av ulike lokalsamfunn – bygdebøker, ættesoger og ei rad ulike emneorienterte studiar – vart skrive i periferien, på landsbygda. Herre–knekt-forholdet innanfor historiefaget besto i at rikshistoria, og utøvarane av denne, definerte lokalhistoria og plassen den hadde. Lokalhistoria vart sett som interessant og meiningsfull i den grad den kunne gi kunnskapsbidrag til den nasjonale sogeskrivinga. I den vidare utviklinga av historiefaget tok Sandnes til orde for at norsk lokalhistorie måtte aksepterast på eigne premissar, «a subject worthy of study in its own right». Det måtte bli slutt på at rikshistoria einsidig skulle få definera lokalhistoria. Lokalhistoria måtte vera meiningsfull og relevant for dei menneska som utgjorde samfunnet som historia omhandla. Det måtte verta ein rimeleg balanse mellom ekspertar og grasrot, mellom sentrum og periferi (Sandnes, 1975).

Jørn Sandnes, elev av lokalhistorie- og regionalhistorie-pionéren professor Andreas Holmsen, hadde alt i 1974 ein sentral posisjon i utøvinga av norsk lokalhistorie. I åra som følgde bidrog han i store lokalhistoriske forskingsprosjekt, bidrog til fagets metode, institusjonalisering og profesjonalisering, mykje av dette med utgangspunkt i Trondheim. Han var rektor ved Noregs lærarhøgskule 1981–1984, ved Universitetet i Trondheim 1984–1987, og redaktør i det vitskaplege tidsskriftet for lokal og regionalhistorie, Heimen, i ti samanhengande år, frå 1976–1986 (Tretvik, 2009).

Sandnes stilte ein diagnose for tilhøva slik dei hadde vore og var, og stilte opp eit program for det som burde koma. Innlegget kom på eit tidspunkt der Noreg var i gang med ei stor utbygging av distriktshøgskular. Dei institusjonelle rammene for historieskriving vart endra. Ved fleire av dei nye distriktshøgskulane vart historiefaget etablert i undervisning og i forsking, og gjerne med lokalhistorie som spesialfelt (Jerdal, 1996, 2002; Melle, 1995; Yttri, 2008).

30 år etter Jørn Sandnes si skildring av herre–knekt-forholdet, teikna Aud Mikkelsen Tretvik i boka «Lokal- og regionalhistorie» nye utviklingsliner og gjorde opp ny status. Tretvik skriv at det lokalhistoriske arbeidet i Noreg, trass alt hadde hatt bra omdøme. Gjennom integreringa i høgskular og ved universitet var den akademiske statusen styrkt (Tretvik, 2004).

Evalueringa Noregs forskingsråd gjorde av norsk historiefagleg forsking endå nokre år seinare, i 2008, synleggjorde profesjonaliseringa i faget og mengda av lokal- og regionalhistoriske produksjonar. Norsk lokalhistorisk institutt hadde talt opp over 400 titlar lokalhistorie i 2005; by- og bygdebøker, distriktshistorie, lokal- og regionalhistoriske periodika, lokale og regionale kjeldeutgåver og bibliografiar. Stadig større del av arbeida var gjort av forfattarar med akademisk utdanning. Profesjonaliseringsgraden mellom forfattarar av by-, bygde- og regionalhistorie var på 78 % i 2002. Mange hadde gjort det til sitt yrke og dreiv eiga næring ved å vera lokalhistorikar og utførte oppdragsforsking. Samstundes spela lokalhistorie ei viktig rolle ved dei fleste høgare lærestader i Noreg, frå Agder i sør til Universitetet i Tromsø i nord (Norges Forskningsråd, 2008). Periferien hadde med andre ord fått sine eigne profesjonelle historikarar som burde kunne ta ansvar for å ta i vare den faglege statusen og fagpolitiske balansen.

Med eit bakteppe der norsk historieskriving er rimeleg godt representert i både sentrum og periferi, vender me tilbake til ei metodisk problemstilling, som for so vidt gjeld all historieskriving, men som i seinare år har vorte særleg aktualisert for dei av oss som syslar med skriving av regionalhistorie. I eit fagkritisk perspektiv på fire landsdelshistoriske verk (Vestlandets historie, Agders historie, Trøndelags historie, Nordnorsk kulturhistorie), peika Dag Hundstad i 2012 på at desse arbeida gav lite rom for teoretisk refleksjon. Dette opna for sokalla essensialiseringar. Bestemte trekk ved regionen og folka som budde der vart sett som typiske og naturlege. Verka bidrog kvar på sin måte til å styrka myten om den typiske vestlendingen, den typiske sørlendingen, den typiske trøndaren og den typiske nordlendingen. Frå oppdragsgjevar si side passa dette godt, det var verk som var meint å fungera som byggjesteinar i regionbyggingsprosessar. Regional identitetsbygging vert då viktig. Men fagleg sett er slike essensialiseringar problematiske, dei gir inntrykk av at folk i ein region har stabile, uforanderlege, ekte og typiske karaktertrekk (Hundstad, 2012).

Det genuint historiske ligg i det motsette perspektivet, i det konstruktivistiske og sanningssøkande, eit perspektiv som legg til grunn at mennesket med idear og handlekraft kan forma og endra sin kvardag og også historia. Det konstruktivistiske perspektivet opnar opp for at tilflyttarar til ein region kan spela ei skapande og viktig rolle. Og det kan gi historiske funn som peikar på manglande fellesskap, manglande samarbeid og manglande felles identitet.

Men dei ulike regionhistoriske verka har, slik Hundstad ser det, gitt regionbyggarane, bestillerane av historieverka, eit verktøy som kan synleggjera ein felles historie, eit felles samhøyr og identitet, og dermed legitimera og styrka betalaren av historieverka sin politiske agenda. Kva har dette med omgrepa sentrum og periferi som tema i historieskrivinga å gjera? Spørsmålet er om historikarar som aktivt nyttar desse kategoriane lett gjer seg skuldig i slike «essensialiseringar». Ein av hovudinnvendingane til Seip mot Rokkan sine modellar, var at konfliktlinja sentrum og periferi gav ein uheldig dikotomi. Todelinga gir inntrykk av to eintydige grupper som alltid står i mot kvarandre. I forskingsrådsprosjektet om «Vestlandslæraren» i 1995 tok May-Brith Ohman Nielsen eksplisitt opp dette problemet. Ho hevda at bruken av aksen periferi–sentrum og det tilhøyrande vestlandske motkulturomgrepet, kunne føra til lærde stereotypiar, eller kanskje det me kan kalla akademisk baserte fordommar, både om periferien Vestlandet og sentrumet Oslo (Ohman Nielsen, 1995).

I framhald av dette kan ein stilla spørsmålet om det er slik at særleg vestnorske historikarar og samfunnsforskarar lett grip til Stein Rokkan og Gabriel Øidne når regionale skilnader skal forklarast. Motkulturomgrepet kan fullastast med positive «vestlandske» verdiar: økonomisk entreprenørskap, målsak, sterk kultur, kunnskapsdyrking, sjølvstende og permanent motstand mot sentral autoritet. Eit stort kapittel i Vestlandets historie som kom ut i 2006, tek føre seg tida frå 1700-talet og heilt fram til 2000-talet. Kapitlet har tittelen «Lokalmakt og sentralmakt, periferi og sentrum» (Døssland & Løseth, 2006). Gjer dette at den moderne historia til Vestlandet vert kapsla inn i uheldige dikotomiar, resulterer det i essensialiseringar og akademisk baserte fordommar? Vert historikarane slik ein reiskap for dei som har bestilt og betalt verket? Ser me nærare på det nemnde kapitlet finn me at det er tale om ei kritisk, balansert og mangetydig framstilling. Det er ein type historieskriving som illustrerer at omgrepa sentrum og periferi ikkje automatisk fører til enkle dikotomiar, men opnar opp for ei rikare forståing og ulike tolkingar. Slik sett er teksten heller eit døme på at den kunnige bruken av omgrepa sentrum og periferi, og Rokkan-inspirerte tilnærmingar, kan gi heilt nye historiske innsikter.

11.5 Del 4: Heltar og skurkar i sentrum og periferi

Kritiske spørsmål kan reisast til mitt eige arbeid om skiping og vekst av høgare utdanning i Sogn og Fjordane. Tilhøvet mellom sentrum og periferi er ikkje direkte uttalt i boka «Frå skuletun til campus». Det er likevel ein gjennomgåande dimensjon i viktige deler av arbeidet fordi samband og brytingar mellom sentrale styremakter og regionale høgskular og representantar for desse vert studert gjennom meir enn fem tiår. Teksten «Gjennombrot og kjenneteikn» utgjer saman med boka mi doktoravhandling. I teksten har eg sett boka inn i ei større historisk og teoretisk ramme, og har då aktivt teke i bruk omgrepa sentrum og periferi, og med tilvising til og grunnlag i Rokkan sine arbeid (Yttri, 2008, 2016).

Boka var skriven på oppdrag frå Høgskulen i Sogn og Fjordane. Ikkje berre var dette min arbeidsgjevar, eg var også i fleire år med i leiinga for denne høgskulen. Dertil er samtidshistorie kjenneteikna av at fenomena ein skriv om er under utforming. I forståing og fortolking slepp ikkje historikaren unna samtida og livet han eller ho lever. Eg kjenner meg slik godt att i Jørn Sandnes sine ord om at ekte lokalhistorie er topofili (Tretvik, 2004, s. 15). Topofili tyder kjærleik til staden, stadskjærleik. For min del er det tale om to stader, høgskulen eg har skrive om og fylket institusjonen er plassert i. Men Sandnes var snøgg med å føya til og understreka at det var «kritisk kjærleik» det var tale om. Kjærleik åleine er ikkje nok. Det gode historiske handverket må ha ein tydleg kritisk dimensjon.

Som forfattar av det aktuelle verket er det vanskeleg å vurdera arbeidet med naudsynt distanse. For å få til ei kritisk lesing av mitt eige arbeid vil eg i det vidare gå til den amerikanske historikaren Hayden White som dei siste tiåra har bidrege til at forteljingane i historiefaget har kome i fokus. Trass alle freistnader på objektivitet, intersubjektivitet eller balanse; i dei narrative strukturane kan me finna kva sjanger historikaren skriv innanfor. Er det ein romanse, komedie, tragedie, eller kanskje ein satire? Og ved ei nærlesing kan me kanskje også få auga på kven som er historikarens «helt» og «skurk». Klarar me å identifisera sjangeren og kven som er helten, so kan me også plassera historikarens ståstad (White, 1973, 2003). I skrivinga av avhandlinga (Yttri, 2008, 2016), tenkte eg lite på kva type forteljing eg skreiv, eller kven som var heltar og skurkar. Men med utgangspunkt i omgrepa «sentrum» og «periferi», og Whites forteljingsorienterte tilnærming, vil eg prøva å seia noko om dette no i ettertid.

Truleg ligg det ulike typar forteljingar i verket. Hovudsjangeren er likevel romansen. På våre heimlege strender har Francis Sejersted i Historiefagets fortellinger påvist korleis moderne historieforsking og skriving er knytt til framstegstru og nasjonalstaten si framvekst. Framsteg og skipinga av nasjonalstat gav historia mål og meining. Historia hadde eit mål og målet var godt. Dei som arbeidde fram mot målet var heltar, dei som kjempa imot var skurkar. Sjangeren romanse rommar dette (Sejersted, 2000).

Mi forteljing er ein openberr parallell på det viset at ho er prega av framstegstru og den regionale høgskuleverksemda sin vekst. Slik Koht og Sars gjorde seg skuldige i nasjonsbygging, kan eg skuldast for institusjonsbygging, kanskje jamvel regionbygging. Framsteg og skiping og utvikling av høgare utdanning i Sogn og Fjordane gir mål og meining til historia. Mine heltar er dei som på ulikt vis har arbeidd fram denne utviklinga.

Den sosiale funksjonen til avhandlinga er ikkje berre å gje identitet til høgskule og dei som arbeider der, men også gjera høgskulen kjend og skapa forståing for han i samfunnet ikring – som er eit kunnskapssamfunn. Det er ein historie som ser med sympati på og kanskje også glorifiserer eigen høgskule og eige fylke i samtida.

Det er historia om korleis verksemd i «periferien» vinn fram, veks og utviklar seg, oftast i samspel og samarbeid med «sentrum», men i avgjerande fasar også i usemje eller i kamp mot «sentrum». Lat oss ta føre oss ein av desse usemjene mellom sentrum og periferi på leit etter skurk og helt i mi framstilling. I 1960-åra vart Sogn og Fjordane tre gonger på sentralt hald avskrive som lokaliseringsstad for lærarskule. Arbeidarpartiet med ansvarleg statsråd Helge Sivertsen let sit sakkunnige råd, Lærarutdanningsrådet, ved den leiande pedagogen Eva Nordland i brodden, avgjera at slik lokalisering, om ikkje var umogleg, i alle fall ikkje på nokon måte kunne tilrådast på fagleg grunnlag. Folkegrunnlaget var for lite, bygdene for små og det fanst ikkje brukande fagfolk. Sentralmakta let ekspertisen bestemma dette og sentraliseringspolitikken etter 1945 fekk halda fram. Med andre ord er skurken identifisert som sentralt plassert ekspertise som får bestemma over og setja eintydige grenser for politikken (Yttri, 2008, s. 36–49).

Helten i denne delen av soga er definitivt Kjell Bondevik, kyrkje- og undervisningsminister for Kristeleg folkeparti i Borten-regjeringa 1965–1971. I laupet av si statsrådstid vert det Bondevik som trassar sentralt orientert ekspertise, fører vedtak om skiping av distriktshøgskular fram til vedtak i Stortinget, og som også aktivt ser til at nokre av desse distriktshøgskulane kan skipast i bygdesamfunn.

So er ikkje poenget i forteljinga so enkelt som at dette er periferiens siger over sentrum. Statsråd Bondevik var jo sjølve den politiske sentralmakta, rett nok med eit opphav i periferien. Det er slik heller tale om at sentrum tek ansvar for å styrka periferiens utviklingsgrunnlag. Bondevik tok opp i seg og tok på alvor argument frå ei rad ulike artikulerte samfunnsaktørar både i sentrum og i periferien. Det var argument som gjorde at den sentralt plasserte ekspertisen ikkje lenger fekk råda grunnen åleine. Utbygginga av høgare utdanning skulle utifrå dette ikkje berre stetta visse sentralt fastsette faglege standardar, men også byggja by og bygd i heile Noreg, både sentrum og periferi (Yttri, 2008, s. 50–63).

11.6 Avslutning og konklusjon

Det er tid for å avslutta denne fagkritiske gjennomgangen av omgrepa «sentrum» og «periferi» i norsk historieskriving. Me har sett korleis omgrepa kom i sentrum i norsk metodedebatt i 1970-åra, men også korleis dei til ulike tider har vore viktige for norske historikarar når nasjonal-, regional- og lokalhistorie skal skrivast. I den historiografiske gjennomgangen har det vore naudsynt å avgrensa tida til tidsrommet 1870–1970. Dermed har me ikkje vurdert den grunnleggjande norske historiske skule med føregangsmenn som Rudolf Keyser (1803–1864) og Peter Andreas Munch (1810–1863), og heller ikkje det større mangfaldet som har vakse fram i norsk historieskriving etter 1970 og heilt fram til vår eiga tid. Me held det likevel for sannsynleg at omgrepa «sentrum» og «periferi» kunne ha gitt fruktbare lesingar av til dømes både verk frå 1830- og 1840-åra om framveksten av nasjonen Noreg og den nye retninga kvinnehistorie i 1970-åra, gitt at omgrepa i tillegg til geografi, også rommar økonomi, makt, politikk og kultur. Truleg vil desse omgrepa også vera nyttige i komande historiske arbeid i Noreg. Gitt landets geografi, lokalisering og tradisjonar, kan det nesten synast som om historikaren i Noreg langt på veg er dømd til å arbeida med sentrum og periferi. Men dette er berre tilsynelatande; utvalet av tekstar ovanfor er i mykje bestemt av forfattaren si orientering mot omgrepa «sentrum» og «periferi». Ei rad tekstar i fortid og samtid er ikkje vurderte.

Åtvaringa mot kløyvande dikotomiar og akademisk baserte mytar står uansett fast. Det er tale om omgrep, kall det gjerne modellar, som kan vera nøklar og hjelpemiddel til forståing, anten me les eller skriv historie. Medvit og kritisk refleksjon ikring teori og modellar, uttalte eller stillteiande, er viktig for det moderne vitskapsfaget historie. Faget sitt empiriske grunnlag med tilhøyrande kjeldegranskingar er framleis viktig. Men den strenge empiriske doktrinen om at historikaren 1) kan forska fram eit bilete frå botnen av utan noko førforståing, og 2) alle slutningar utanom dei strengt logiske må ha sitt grunnlag i det som kan observerast og provast, rår ikkje grunnen åleine. Samanhengane historikaren konstruerer ligg ikkje i dei historiske kjeldene, men i historikaren sitt tankearbeid der førestillingar om samanhengar og drivkrefter vert formande. Desse grunnlagsproblema er til stadig drøfting og utvikling i både nasjonale og internasjonale fagmiljø (Bucheli & Wadhwani, 2015; Knutsen, 2016; Myhre, 2014).

Ingen går til eit historisk arbeid utan føresetnader og forkunnskapar. Å syna fram kva premissar som ligg til grunn for forskinga er grunnlag for seriøs og truverdig forsking. Jamvel i språket vårt er det bygt inne teoriar og førestillingar. Dersom ein ikkje er medviten om eller tydleg på kva modellar eller teoriar ein faktisk nyttar, er det også vanskelegare å handsama empirien på vitskapleg vis. Berre ved tydleg uttrykte tankeoperasjonar kan ein slik koma fri frå det modelltyranniet Seip åtvara mot. Tilsvarande kan tydeleggjering av og medvit om teoriar og modellar gi ei trygg ramme for historikarens empiriske kjeldestudiar og slik sikra mot det tyranniet frå detaljane som Rokkan såg faren for.

Norsk historieskriving og historieforteljing finn i dag og åra som kjem uansett stad i ein kommunikativ situasjon i endring. Måten me skriv og fortel historie på, og nyttar omgrep som sentrum og periferi på, må pregast av kven me definerer som mottakarar. Jørn Sandnes heldt fast ved dette i sitt program for norsk lokalhistorie i 1970-åra, Terje Tvedt har understreka det same i ei samtid prega av internasjonalisering og globalisering (Tvedt, 2012). Samstundes er det openberrt at stadig meir grensesprengande kommunikasjonsteknologi legg nye og dels ukjende premissar for historiefaget.

Heller ikkje i framhaldet kan historikaren kvi seg for å ta del i samfunnsbyggjande arbeid om han eller ho bryr seg om landet og verda me lever i. Topofili, kjærleiken til staden eller emnet me skriv har vore nemnt. Dette gjeld likevel ikkje berre historikaren som syslar med lokal- og regionalhistorie. Men kjærleiken må kryssast med kritikk. Francis Sejersted sa det slik:

Historiens sosiale oppgave er dobbel, den skal være befestende og befriende. Den skal bidra til å gi oss fotfeste ved å skape kjærlighet til og respekt for tradisjonen. Samtidig skal den kunne bidra til å befri oss fra fortidens bånd, slik at vi kan bli utviklingens herrer og ikke dens slaver (Sejersted, 1993b).

Dette er ein vakker og kjent passasje frå Sejersted sin forfattarskap. Det er eit avsnitt som rommar medvit om både konstruksjonen og kritikken, og slik opnar opp for både bygging av modellar og teoribruk, og omfattande empiriske kjeldestudiar. Det er eit avsnitt som mange historikarar held ikring og finn styrke i når det skal skrivast historie. Bodskapen til Sejersted kan me kort formulera i ein ordlyd som er lett å hugsa og ta med seg vidare i skrivinga av historie: kritisk kjærleik.

Litteratur

Bucheli, M., & Wadhwani, R. D. (Eds.). (2015). Organizations in time : history, theory, methods. Oxford: Oxford University Press.

Dahl, O. (1976). Norsk historieforskning i det 19. og 20. århundre (3. utg.). Oslo: Universitetsforlaget.

Døssland, A., & Løseth, A. (2006). Lokalmakt og sentralmakt, periferi og sentrum. In O. Grepstad, A. Lillehammer, A. E. Tryti, K. Helle, & E. Sunde (Red.), Vestlandets historie: B. 2: Samfunn (Vol. B. 2, pp. 248–295). Bergen: Vigmostad & Bjørke.

Eide, T. (1999). Retorisk leksikon ([Ny utg.]). Oslo: Spartacus.

Fafner, J. (1982). Tanke og tale : den retoriske tradition i Vesteuropa. København: C.A. Reitzels Forlag.

Hundstad, D. (2012). Historikeren som regionbygger?; et fagkritisk perspektiv på fire landsdelshistoriske verk. Historisk tidsskrift, 91(1), 37–147.

Iggers, G. G. (2005). Historiography in the twentieth century: from scientific objectivity to the postmodern challenge, with a new epilogue by the author (2. utg.). Middletown, CT Wesleyan University Press.

Jerdal, E. (1996). Distriktshøgskolen – alternativ utdanning? I I. Bleiklie (Red.), Kunnskap og makt: Norsk høyere utdanning i endring (pp. 152–184). Oslo: Tano Aschehoug.

Jerdal, E. (2002). Distriktshøgskolen – et reformpolitisk mellomspill? In S. Michelsen & T. Halvorsen (Red.), Faglige forbindelser: Profesjonsutdanning og kunnskapspolitikk etter høgskolereformen (s. 53–86). Bergen: Fagbokforlaget.

Kjeldstadli, K. (1999). Fortida er ikke hva den en gang var : en innføring i historiefaget (3 utg.). Oslo: Universitetsforlaget.

Knutsen, P. (2016). Å forstå historie: vitenskapsteori og forskningspraksis. Kristiansand: Portal.

Koht, H. (1998). Liner i norsk historie. In Ø. Rian (Red.), Historiske perler: norsk historieskrivning gjennom 800 år (pp. 97–107). Oslo: Universitetsforlaget.

Langholm, S., & Maurseth, P. (Red.). (1975). Periferi og sentrum i historien : foredrag ved Nordisk fagkonferanse for historisk metodelære på Røros 16.-20. juni 1974. (Vol. 10). Oslo: Universitetsforlaget.

Melle, O. (1995). Lokalhistorie på høgskulenivå. Historiefaget ved MRDH Volda 1972–1994. Heimen, 32(1), 11–21.

Myhre, J. E. (2014). Historie: En introduksjon til grunnlagsproblemer. Oslo: Pax.

Norges Forskningsråd. (2008). Evaluering av norsk historiefaglig forskning: Bortenfor nasjonen i tid og rom: fortidens makt og fremtidens muligheter i norsk historieforskning. Oslo: Norges forskningsråd.

Ohman Nielsen, M.-B. (1995). Besynge og beskrive: Å spore vestlendingen i tale og tabeller. I R. Høydal (Red.), Nasjon – region – profesjon: Vestlandslæraren 1840-1940 (Vol. nr. 45, s. 43–89). Oslo: Noregs forskingsråd.

Riste, O. (1965). The neutral ally: Norway’s relations with belligerent powers in the first world war. Oslo: Universitetsforlaget.

Rokkan, S. (1987a). Geografi, religion og samfunnsklasse: Kryssende konfliktlinjer i norsk politikk: Oversatt av Lars Alldén og Bernt Hagtvedt. In S. Rokkan (Red.), Stat, nasjon, klasse: Essays i politisk sosiologi: Utvalg og innledning ved Bernt Hagtvedt (s. 111–205). Oslo: Universitetsforlaget.

Rokkan, S. (1987b). Sentrum og periferi, økonomi og kultur: Modeller og data i kliometrisk sosiologi. In B. Hagtvet (Red.), Stat, nasjon, klasse : essays i politisk sosiologi (s. 216–238). Oslo: Universitetsforlaget.

Sandnes, J. (1975). Rikshistorie og lokalhistorie - sentrum og periferi i historieforskningen. In S. Langholm & P. Maurseth (Red.), Periferi og sentrum i historien : foredrag ved Nordisk fagkonferanse for historisk metodelære på Røros 16.–20. juni 1974. (Vol. 10, s. 159–167). Oslo: Universitetsforlaget.

Sars, J. E. (1877). Udsigt over den norske Historie: Første Deel (2. Udg., Vol. D. 1). Christiania: Cammermeyer.

Sars, J. E. (1911). Samlede værker: 1 1–2: Mit barndomshjem; Udsigt over den norske historie (Vol. 1 1-2). Kristiania: Gyldendalske Boghandel.

Sars, J. E. (1912). Samlede værker: 2 3–4: Udsigt over den norske historie (Vol. 2 34). Kristiania: Gyldendalske Boghandel.

Seip, J. A. (1983a). Modellenes tyranni: Analyse av Stein Rokkans anvendelse av en sentrum-periferi modell på norsk historie. I J. A. Seip (Red.), Problemer og metode i historieforskningen: [artikler, innlegg, foredrag 1940–1977] (Vol. 492, s. 199–227). Oslo: Gyldendal.

Seip, J. A. (1983b). Årsaksproblemer. I J. A. Seip (Red.), Problemer og metode i historieforskningen: [artikler, innlegg, foredrag 1940–1977] (Vol. 492, s. 172–183). Oslo: Gyldendal.

Sejersted, F. (1993a). Den norske «Sonderweg». I F. Sejersted (Red.), Demokratisk kapitalisme (s. 163–208). Oslo: Universitetsforlaget.

Sejersted, F. (1993b). Norsk historisk forskning ved inngangen til 1990-årene. Et oppgjør med den metodolgiske individualisme. I F. Sejersted (Red.), Demokratisk kapitalisme (s. 305–328). Oslo: Universitetsforlaget.

Sejersted, F. (2000). Historiefagets fortellinger. I F. Sejersted (Red.) Norsk idyll? Oslo: Pax.

Steen, S. (1969). Langsomt ble landet vårt eget (Vol. 23). Oslo: Cappelen.

Svendsen, Å. (2013). Halvdan Koht: veien mot framtiden : en biografi. Oslo: Cappelen Damm.

Tretvik, A. M. (2004). Lokal og regional historie. Oslo: Det Norske Samlaget.

Tretvik, A. M. (2009, 13. februar 2009 ). Jørn Sandnes: Historiker. Norsk Biografisk Leksikon. Retrieved from https://nbl.snl.no/Jørn_Sandnes

Tvedt, T. (2012). Om metodologisk nasjonalisme og den kommunikative situasjonen ; en kritikk og et alternativ. Historisk tidsskrift, 91(4), 489–653.

White, H. (1973). Metahistory: the historical imagination in nineteenth-century Europe. Baltimore: Johns Hopkins University Press.

White, H. (2003). Historie og fortelling: utvalgte essay. Oslo: Pax.

Yttri, G. (2008). Frå skuletun til campus: Soga om Høgskulen i Sogn og Fjordane. Leikanger: Skald : Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Yttri, G. (2016). Gjennombrot og kjenneteikn : liner i soga om høgare utdanning i Sogn og Fjordane. (dr.philos.), Universitetet i Oslo, Oslo.

Øidne, G. (1957). Litt om motsetninga mellom Austlandet og Vestlandet. Syn og segn, 63(3), 97–114.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon