ESA som tilsynsmyndigheit av finansielle teneste i den indre marknad
- Side: 261-273
- DOI: https://doi.org/10.18261/issn.1504-3061-2020-05-02
- Publisert på Idunn: 2020-06-26
- Publisert: 2020-06-26
For norsk finansnæring er tilgang til EUs indre marknad for finansielle teneste heilt avgjerande. Dette føreset at EFTA-statane finn ei rettsleg haldbar og berekraftig tilknytingsform til EUs finanstilsyn. I 2016 vart forordningane som opprettar EUs finanstilsyn, gjort til del av EØS-avtala, og Noreg tilslutta seg finanstilsyna kort tid etter. EUs finanstilsyn har myndigheit til å gjennomføre tiltak av ikkje-bindande karakter retta direkte mot styresmakter og aktørar i EØS/EFTA-statane. Der det dreiar seg om rettsleg bindande vedtak, derimot, er det formelt EFTAs overvakingsorgan (ESA) som fattar desse. Desse vedtaka vil allereie vere skisserte av eit EU-finanstilsyn. I denne artikkelen undersøkjer eg ESAs rolle som tilsynsmyndigheit av finansielle teneste i EFTA-pilaren. Hovudproblemstillinga for artikkelen er kva slags myndigheit ESA har til å fatte rettsleg bindande vedtak under den valde tilknytingsmodellen.
Nøkkelord: EFTAs tilknytingsmodell, EØS-finanstilsyn, finansielle teneste, finansmarknaden i EU, handheving