I utkastet til ny straffeprosesslov (NOU 2016: 24) er det føreslått at lyd- og biletopptak av forklaringar i tingretten som regel skal erstatta direkte forklaringar i lagmannsretten. Utkastet byggjer blant anna på korleis opptak blir brukt i svenske ankedomstolar. Artikkelen tar for seg skilnader mellom svensk og norsk straffeprosess, og er kritisk til det norske lovutkastet. Det er ikkje slik at ny teknikk alltid betrar kvaliteten og effektiviteten.