Direktivet om urimeleg handelspraksis har som mål å harmonisere medlemsstatane i EU/EØS sine reglar om urimeleg handelspraksis. I motsetnad til bruk av minimumsdirektiv, som har vore mest utbreidd på området for forbrukarvern, krev direktivet om urimeleg handelspraksis totalharmonisering. Kravet om totalharmonisering, i kombinasjon med bruk av ein vid generalklausul og skjønnsmessige vilkår, skaper særlege utfordringar for harmoniseringsformålet. Harmoniseringsteknikken reiser spørsmål om rekkevidda av direktivet, og kor fritt medlemsstatane står i å regulere samfunnsforhold som har berøringsflater til området for forbrukarvern. Artikkelen drøftar nokre utvalde problemstillingar som knyter seg til rekkevidda av direktivet, i lys av nyare praksis frå EU-domstolen. Artikkelen bygger på ei juridisk utgreiing for Konkurransetil-synet datert 7.januar 2011.