Domstolane skal prøve om lovgjevinga held seg innafor dei skrankane som følgjer av Grunnlova, og prinsippa for denne prøvinga vart formulert av Høgsterett i plenumsavgjerda i Rt. 1976 s. 1 (Kløfta). Jens Edvin A. Skoghøy gjer i leiarartikkelen i Lov og Rett nr. 4 for 2011 gjeldande at desse prinsippa ikkje kan leggast til grunn for prøvinga av om lovgjevinga er foreineleg med vernet av menneskerettane i EMK. Han tek til orde for at det må utviklast eigne retningslinjer for denne prøvinga. Domstolane må innrømme lovgjevaren ein skjønnsmargin, og denne vil variere med kva artikkel i EMK prøvinga skjer opp mot. Forfattaren er kritisk til dette forslaget, og han meiner at intensiteten i prøvinga ikkje kan fastleggast på ein så enkel og likefram måte som Skoghøy legg opp til.