I artikkelen blir det gjort greie for bakgrunnen for og innhaldet i det sentrale vurderingskriteriet for valet mellom vedtaksforma i Grunnlova §§93 og 26 andre avsnitt ved myndigheitsoverføring til internasjonale organisasjonar. Denne ulovfesta læra om «lite inngripende» myndigheitsoverføring blir problematisert og kritisert i lys av nyare konstitusjonell praksis knytt til EØS og relatert til utviklinga i EU.