Diskusjonen om datalagringsdirektivet har handla mest om kva slags trafikkdata frå e-post, internett og telefon som skal lagrast og kor lenge, og noko mindre om kontroll og tilsyn med lagringa og bruken av informasjonen og innsyn i verksemda. Gjennom dei siste tiåra har vi sett ei sterk utviding av hemmeleg personovervaking som ledd i etterforskinga av lovbrot. Når det no er tale om å overvake (for overvaking bør vi kalle det) personar som ikkje er mistenkte for lovbrot i det heile, blir det desto viktigare med kontroll, tilsyn og innsyn.

Gjennom dei siste 65 åra har samfunnet vårt vore etter måten idyllisk. Folk flest har stor tillit til politi og andre styresmakter, og det er lett å slå seg til ro med at den som har reint mjøl i posen, har lite å ottast. Vidare er det slik at internasjonal, organisert kriminalitet har hardna til, og det er vanskeleg å argumentere mot at også etterforskingsmetodane skal tilpassast nye realitetar. At politisk terrorisme, kva ein no nærare vil leggje i ordet, krev aktiv førebygging frå styresmaktene, er det òg stort sett semje om. Same kva som skjer med datalagringsdirektivet, må vi finne oss i å bli overvaka også i framtida.

Likevel, vi bør ikkje vera for tillitsfulle. Lund-rapporten viste at vi ikkje utan vidare kan gå ut frå at politi og andre styresmakter held seg innafor lova. Det er for tidleg å seie kva den siste utviklinga i Treholt-saka fører til, men det som er kome fram så langt, er ikkje tillitsvekkjande. Sanninga om det som skjedde, synest koma fram stykkevis etter kvart som politi og påtalemakt blir drivne frå skanse til skanse. Også denne gongen får vi høyre at «vi må hugse at det var andre tider». Meir treffande er det å seie at det var dei kritiske røystene den gongen som hadde rett. Utruleg nok synest somme å meine at det enno er for tidleg å skru på lyset.

Nyleg har Riksrevisjonen peikt på at statlege nettverk har vore for dårleg sikra, og at informasjon er komen på avvegar. Det har vist seg før òg at det er for enkelt å få ut personopplysningar frå det offentlege, anten det no er helseopplysningar eller opplysningar frå politiregister. Vi må venne oss til tanken på at det kan finnast brotne kar også i offentleg teneste. Det er ikkje nok berre å bestemme at informasjonen skal sikrast.

Lagring av og tilgang til trafikkdata for e-post, telefoni og internett er, på same måte som hemmeleg overvaking, ut-øving av makt over andre personar. At nokon har makt over andre, kan vi ikkje unngå; slik makt er ein føresetnad for organisering av alle samfunn ut over dei heilt enkle. I vår del av verda har vi likevel oppfatningar om at folk skal ha innverknad på avgjerder om rammene for maktbruken, og avgjerder om kven skal utøve makta. Vidare meiner vi at informasjon om maktbruken lengst råd skal vera tilgjengeleg, at det skal kunne førast eit offentleg ordskifte om maktbruken og rammene for han, og at maktbruken skal kontrollerast. Det er mellom anna for å fremje slike idear at Nobelkomiteen har gjeve fredsprisen til ein kinesisk opposisjonell.

Førebygging og etterforsking av kriminalitet kan ikkje alltid skje i det opne. Vi må godta at noko må vera hemmeleg. Samtidig er det slik at hemmeleghald i seg sjølv er eit eldgammalt og velprøvd maktmiddel. Det gjev makt å kunne seie at eg vernar deg mot ein fare som berre eg kjenner til, anten det no er vonde ånder, hekser, kommunistar, pedofile eller terroristar. Hemmeleghaldet bør derfor ikkje gå lenger enn strengt nødvendig.

Tilsyns- og kontrollordningar har vi hatt lenge – for hemmeleg etterforsking, for overvaking og for lagring og bruk av personopplysningar. Vi har sett at ordningane ikkje alltid har vore gode nok. Domstolane har til dels vike unna si kontrolloppgåve: Saka i Rt. 1987 s. 612, der retten godtok at det ikkje kunne skje nokon reell kontroll med påstått ulovleg overvaking fordi hemmelege opplysningar ikkje kunne leggjast fram for domstolane, er ikkje den mest ærerike i Høgsteretts historie. Merknader i Rt. 2007 s.1573 vitnar heldigvis om ei meir offensiv haldning.

Det finst neppe enkle oppskrifter på korleis tilsyn og kontroll kan bli betre, og her trengst det meir diskusjon. Medverknad frå domstolar og andre utaforståande må vidareførast og styrkjast. Ein må truleg tenkje på tekniske sperrer mot at nokon åleine kan få ut informasjon, og på automatisert sletting. Hemmelegstempling bør falle bort av seg sjølv etter kort tid, om ein ikkje kan vise til sterke mot-omsyn i kvart tilfelle. Personleg ansvar for misbruk, også for underordna, må truleg skjerpast og utvidast i tid. Og slik vidare. Poenget er at ein ikkje berre kan lite på at offentlege tenestemenn gjer det dei skal. Makt over andre kan aldri baserast på tillit.