Oslo tingrett avsa 23. juli 2010 dom i saka mellom Suraia Rais på den eine sida og Åsne Guldahl Seierstad og Cappelen Damm AS på den andre. Rais fekk medhald i at Seierstad og forlaget hadde krenka hennar rett til privatlivets fred, og ho vart tilkjent 250000 kroner i oppreisings-erstatning. Dommen er anka og vil nok til slutt hamne i Høgsterett. Siste ord er dermed ikkje sagt.

Eg har ikkje noko særleg å innvende til at Seierstad og forlaget vart domfelt av tingretten. Eg er derimot kritisk til domspremissane. Etter mitt syn bygger dommen først og fremst på avvegingsmarkørar som høyrer heime i ærekrenkingsretten, og som ikkje er særleg eigna til å produsere pålitelege resultat i saker om krenking av privatlivets fred.

Det er til saman fem tekstutdrag frå boka «Bokhandleren i Kabul» som er grunnlag for søksmålet. Etter tingrettens syn er det berre to av tekstutdraga som er rettsstridige. Dette gjeld utdraget på s. 22 om at Suraia Rais eigentleg ikkje ville gifte seg med Shah Mohammad Rais, og utdraget på s. 187 om at ho var livredd for å få ei dotter til. Omtalen på s. 21 – om omstenda rundt sjølve frieriet – er av tingretten ikkje vurdert som rettsstridig. Det same gjeld omtalen av korleis Suraia Rais vart behandla av dei andre i familien då ektemannen var vekkreist. Denne er innteken på s. 77. Heller ikkje omtalen av trulovingstida på s. 186 – der det mellom anna kjem fram at dei to var saman om nettene, og at han «skritt for skritt forberedte ... sekstenåringen på bryllupsnatten» – blir av tingretten vurdert som rettsstridig. For tingretten er det sentralt at Seierstads eigne notat ikkje i tilstrekkeleg grad ga dekning for dei to førstnemnte utdraga. For å bruke tingrettens eigne ord: Den som «pretenderer å publisere sanne fremstillinger ... må sørge for at opplysninger om lett identifiserbare personers innerste tanker om personlige og følsomme temaer, har solid forankring» (s. 23 i dommen).

Skadeserstatningslova §3‑6, jf. straffelova 1902 §390 oppstiller først og fremst eit vern mot offentleggjering av sann privatinformasjon. Dette er kjerneområdet. Og sjølv om det likevel neppe kan utelukkast at offentleggjering av usann privatinformasjon i visse situasjonar kan utgjere ei krenking av privatlivets fred, vil eg nok meine at privatinformasjon som er usann – eller vurderingar som ikkje har tilstrekkeleg faktisk grunnlag – normalt bør vurderast med grunnlag i ærekrenkingsreglane. Det som derimot må vere heilt klart, er at domstolane ikkje kan grunngje ein (heilt eller delvis) frifinnande dom i ei sak om krenking av privatlivets fred med at informasjonen var sann, eller at ytraren hadde vore i aktsam god tru. Ei slik grunngjeving minner mest om eit sjølvskudd.

Rett nok framhevar tingretten i tillegg at Seierstads bok ga eit viktig tilskudd til den offentlege debatten om samfunnsforholda i Afghanistan og slik sett var av stor allmenn interesse. Dette inngår sjølvsagt også i grunngjevinga for at dei tre sistnemnte tekstutdraga ikkje var rettsstridige. Men heller ikkje dette premisset blir handtert på ein treffande måte av tingretten. Det kan ikkje vere særleg tvil om at boka til Seierstad var av allmenn interesse. Etter norsk rett er det likevel ikkje slik at ho då står fritt til å offentleggjere sann og sensitiv privatinformasjon om ein identifiserbar afghansk familie utan særlege posisjonar i politikk eller samfunnsliv. For offentlege personar kan dette stille seg noko annleis, og eg nøyer meg her med å vise til EMDs dom i saka Tønsbergs Blad AS and Haukom v. Norway frå 2007.

Den rettsregelen som tingretten her ser ut til å bygge på, minner meir om retts-tilstanden i USA. I saka The Florida Star v. B. J. F. frå 1989 kom US Supreme -Court til at ei kvinne som hadde vorte utsett for ran og valdtekt, måtte tole at avisa omtalte henne med fullt namn. Det vart vist til at valdtekt var eit alvorleg samfunnsproblem, og at avisa difor sette fokus på ei sak av allmenn interesse. Og sidan den saksøkte avisa på lovleg vis hadde fått greie på identiteten til kvinna, måtte avisa som hovudregel ansvarsfritt også kunne offentleggjere namnet hennar i omtalen av saka. Eg meiner at ein slik avvegingsmarkør blir unyansert og gjev altfor store konsesjonar til ytringsfridommen. Den passar ikkje inn i jurisdiksjonar der også personvernet, herunder vernet mot offentleggjering av privatinformasjon, blir sett på som ein grunnlegg-ande menneskerett.

Sidan tingretten kom til at berre to av tekstutdraga var rettsstridige, er eg heller ikkje overtydd om at det utmålte erstatningsbeløpet er i tråd med gjeldande rett. Tingretten viser til Rt.2007 s.687 (Big Brother) og EMDs dom i saka A. v. Norway frå 2009, der saksøkarane vart tilkjent mellom 220000 kroner og 175000 kroner for nokså grove krenkingar av privatlivets fred og omdømmet. Det er sjølvsagt vanskeleg for utanforståande å gjere seg opp ei sikker meining om ytringars krenkingspotensiale, men eg vil likevel meine Seierstad og forlaget vart domfelt for dei to minst krenkande tekstutdraga. Etter mitt syn bør det heller ikkje vere utan betydning at ytringane inngjekk i eit litterært verk, og at skadepotensialet for slike ytringar normalt vil vere noko mindre enn for tilsvarande ytringar framsett i dagspressa. Denne forskjellen bør også visast att i erstatningsutmålinga.