Stortinget endra 30. september 2004 grunnlovsføresegna om ytringsfridom. Med dette har Stortinget definert dei konstitusjonelle rammer for avveginga mellom ytringsfridommen og kolliderande interesser. I debatten i Stortinget meinte fleire at forarbeida skal ha vekt når den nye § 100 skal tolkast.

Tidlegare har ikkje dette vore ei særleg praktisk problemstilling i Norge, i og med at det normalt ikkje har vore forarbeid til grunnlovsføresegnene. No er situasjonen ein annan. Både utgreiinga frå Ytringsfridomskommisjonen og tilrådinga frå regjeringa har dei kvalitetane som kjenneteiknar norske lovforarbeid. Det same gjeld i og for seg innstillinga frå kontroll- og konstitusjonskomiteen. I debatten i Stortinget var det særleg justisminister Odd Einar Dørum og stortingsrepresentant Carl Ivar Hagen som uttrykte forventningar til at forarbeida skulle tilleggast vekt.

Forarbeida til grl. § 100 er ei viktig kjelde til kunnskap om kva lovgjevar har meint. Særleg vil dette gjelde fram til domstolane har vorte fortrulege med den nye føresegna. Etter mitt syn er det likevel tvilsamt om norske domstolar skal føle seg bundne av dei føringane som kom til uttrykk i forarbeida.

Kan det stortinget som vedtek ei grunnlovendring, påverke innhaldet gjennom utsegner om tolkinga når det same stortinget ikkje kan endre framlegget? Johs. Andenæs (Statsforfatningen i Norge, 9. utgave Oslo 2004 s. 2930) meinte at slike utsegner normalt berre representerer ei presisering av framlegget, og difor kan ha vekt, men han refererer at det etter Torkel Opsahls oppfatning kan reisast spørsmål om dette. Allereie praksisen med ei rekkje alternative formuleringar av grunnlovsframlegget kan etter mitt syn seiast å vere ei så klar omgåing av omsyna bak forbodet mot endringar av framlegget, at ein heller ikkje bør utleie skrankar for tolkinga frå denne regelen i grl. § 112. Spørsmålet om kva vekt domstolane kan leggje på forarbeida ved grunnlovstolking må difor vurderast frå andre innfallsvinklar.

For det første kan det vere nokså problematisk å fastlegge kva som i tilfelle kan utleiast frå forarbeida. Eit døme her er utsegnene frå fleirtal og mindretal om tilhøvet mellom den nye grl. § 100 og dei varsla endringane av strl. § 135 a, som tek sikte på å senke terskelen for når rasistiske ytringar kan møtast med straff. Fleirtalet la til grunn at desse endringane kan gjennomførast utan hinder av den

nye grl. § 100, medan mindretalet gjekk inn for å vidareføre det sterke grunnlovsvernet av slike ytringar som sist kom til uttrykk i Rt. 2002 s. 1618 (Boot Boys). Sidan fleirtalet ikkje var kvalifisert, framstår føringane i forarbeida som uklare.

For det andre kan det hevdast at dersom forarbeida skal vere bindande for tolkinga, vil dette nokså raskt medføre ei sementering av rettstilstanden på vedtakstidspunktet. Dette følgjer til ein viss grad av konstitusjonens natur og må difor aksepterast. Likevel meiner eg at grl. § 100 må få leve sitt eige liv, og at grunnlovsføresegner bør sjåast på som konstitusjonelle «slingrekantar» som gjev rom for slike pendelsvingningar som mellom anna gjer seg gjeldande i forholdet mellom ytringsfridommen og kolliderande interesser.

For det tredje ??vil ei vektlegging av forarbeida på sikt kunne gjere det vanskeleg å halde fast på ei fornuftig arbeidsdeling mellom statsorgana. Grunnlovsføresegner vil som oftast vere formulerte slik at det er vanskeleg (og kanskje til og med umogleg) å løyse grensespørsmåla i sjølve teksten. Dette har Stortinget høve til å gjere ved formell lovgjeving. At justisministeren i debatten i Stortinget uttalar at det er viktig å gje forarbeida gjennomslagskraft fordi det «... har vist seg umulig å løse en del vanskelige grensespørsmål gjennom selve grunnlovsteksten», kan bane veg for ein uheldig praksis. Etter mitt syn er det berre domstolane som kan disiplinere lovgjevar her, og dei bør difor, når grunnlovsføresegna skal tolkast, utvise stor grad av skepsis til dei føringane som går fram av forarbeida. Stortingets lovgjevingskompetanse etter grl. § 76 flg. må dessutan sjåast i samanheng med prøvingsretten til domstolane. Det er lang tradisjon for at domstolane, når dei tek stilling til om ei lov er i strid med grunnlova, legg stor vekt på Stortingets syn. Allereie i 1969 antyda Torkel Opsahl at domstolane si tolking av skrankane i grl. §§ 97 og 105 var så stortingslojale at ein kunne sjå på den som eit avkall på prøvingsretten (TfR 1969 s. 150, på s. 165). Etter mitt syn gjev rettspraksis knytta til grl. § 96 uttrykk for noko av det same. Dei seinare åra har likevel Høgsterett, rett nok med god drahjelp frå Menneskerettsdomstolen i Strasbourg, nærma seg spørsmålet om (semi-)konstitusjonelle skrankar på ein langt meir sjølvstendig måte. Prøvingsretten har fått større realitet, og det er først og fremst i lys av dette at verdien av den nye grunnlovsføresegna kjem til syne. Det avgjerande er at eit tidsmessig rammeverk med forankring i den nasjonale konstitusjonen vil gjere det enklare for Høgsterett å utvikle sjølvstendige -retningslinjer for avveginga mellom ytringsfridommen og kolliderande interesser basert på tradisjonelle norske verdiprioriteringar. Dersom føringane i forarbeida vert styrande, vil prøvingsretten på nytt miste realitet.

 

Bjørnar Borvik