Det har dei seinare åra vore eit nokså omfattande ordskifte i Norge om ytringsfridommen og om forholdet til kolliderande rettar og interesser. Med utgangspunkt i Kyrre Eggens doktoravhandling «Ytringsfrihet - Vernet om ytringsfriheten i norsk rett» drøftar forfattaren i denne artikkelen nokre utvalde problemstillingar knytta til forholdet mellom ytringsfridom og personvern. Han meiner at rettskjeldematerialet frå Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg gjev rom for andre interesseavvegingar enn dei som Eggen har peika på i framstillinga si. Avhandlinga til Eggen vart utgjeven på Cappelen Akademisk Forlag i 2002.