Det finst tema som dukkar opp med ujamne mellomrom, og som mange har sterke meiningar om så lenge det varer. Den seinare tida har etikken hos juristar og andre yrkesgrupper vore diskusjonstema att. Meir opplæring i etiske spørsmål og betre handheving av etiske retningsliner er mellom dei krava som har vore sette fram.

Etikkdiskusjonane kjem ofte som følgje av medieoppslag. Somtid gjeld det reine lovbrot, som når nokon blir tekne med fingrane langt nede i syltetyet. Slike tilfelle er i grunnen ikkje dei mest interessante i ein etikkdiskusjon. Det hender òg at det blir store oppslag om «pikante» saker med kjende namn der det eventuelt uetiske er vanskeleg å få auge på etter at skodda har letta. Andre gonger er det tydeleg ikkje så farleg: Den returkommisjonsordninga som bonuspoenga for flyreiser utgjorde, var visst ikkje interessant frå ein etisk synsstad (avskaffinga av bonuspoeng for innalandsreiser hadde heilt andre grunnar enn dei etiske). Kanskje var det for mange som hadde fordel av ordninga? Avstanden til dei to blekkhusa som gode embetsmenn heldt seg med, eitt til embetet og eitt til privat bruk, er iallfall stor.

Tradisjonelt har etikk i dei samanhengane som her er aktuelle, gjerne vore knytt til slikt som integritet og det å ta omsyn til og vise respekt for andre menneske. Etikk kan koste: Ein kan måtte seie nei takk til fordelar, og ein kan måtte gjera ein ulønsam innsats for at andre skal få sin rett. Advokaten kan måtte seie nei til eit oppdrag, og kontorsjefen kan måtte avstå frå ei «studiereise». Eller kanskje må dei begge leggje ekstra arbeid i ei sak for at ein klient skal få det han bør ha, enda han lovleg kunne avfeiast med mindre. Døma er trivielle (som dei etiske spørsmåla ofte er), men dei illustrerer poenget.

Grunnleggjande verdiar som ærlegdom og solidaritet burde folk ha med seg heimafrå, som ein del av folkeskikken. Men vi veit at desse verdiane ikkje alltid står like høgt i kurs. Vi ser kvar dag at kjennemerket på at ein har lykkast, først og fremst er pengar og posisjon. Den som kjem seg opp og fram, er vinnar og ideal, enda alle veit at det gjerne har kravt skarpe olbogar og ulykke for andre å koma dit. Innleving i og omsyn til dei behova andre måtte ha, fremjar ikkje suksess. Fleire har peikt på at til og med underhaldning og humor etter kvart er sterkt prega av at ein skal vinne over andre med meir eller mindre blanke våpen og elles trakke på sin neste etter evne.

Utdanningsinstitusjonane kan heilt sikkert gjera meir for å skapa medvit om etiske spørsmål og kanskje også vera med på å skapa haldningar. Men når ideala er

så motstridande, er det grenser for kva ein kan oppnå på dette viset.

Diskusjonane om etiske spørsmål bør ha konsekvensar for utforminga av regelverk og fullmakter. Vi har kanskje vore for tillitsfulle. Vi har gått ut frå at næringsliv, forvaltning og andre område har vore gjennomsyra av dei rette haldningane. Men sjølv om det stemmer for dei aller fleste, skal det ikkje mange avvika til før problemet er stort. Truleg må vi finne oss i at gode rutinar og kontrollmekanismar er det som skal til.

For næringslovgjevinga er diskusjonen i full gang mellom anna om betre regelverk og tilsyn når det gjeld rekneskap og revisjon. Det er nok nødvendig.

Tilsvarande diskusjonar treng ein i forvaltningsretten. Vi har hatt saker om eigentleg korrupsjon, der folk har teke mot pengar for utøving av offentleg mynde. Men hos oss er det neppe god grobotn for slike handlingar. Dels er samfunnet for gjennomsiktig, dels kan nok haldningane framleis vera ei effektiv bremse. Eit større problem er den maktut­øvinga og dei nettverka som er konsekvensar av lovgjeving som tillet vid skjønsutøving på etter måten lågt nivå i forvaltninga. Plan- og bygningslovgjevinga er eit velkjent døme. «Alle» veit at tekniske konsulentar ikkje bør leggje seg ut med saksbehandlarane i kommunen. Men kvifor godtek vi det?

Politikarane held fram med å forsyne forvaltninga med temmeleg drastiske verkemiddel. Seinast i haust vart ordninga med å handheve plan- og bygningslova gjennom konsesjonslova utvida: Bruksendring i strid med plan - eit nokså vagt omgrep - når som helst, kanskje ein generasjon etter kjøpet, kan i verste fall føre til tvangssal av eigedommen, utan omsyn til panterettar og andre hefte. Andre døme på heilt uproporsjonale verkemiddel kan ein finne i oppdrettslovgjevinga.

I straffeprosessen er verkemidla utvida dei seinare åra. Det er skjedd med dei beste føremål, nemleg å verne oss mot terrorisme, narkotikalovbrot og organisert kriminalitet. Men vi veit frå før at der det er mykje makt, er det vanskeleg å unngå misbruk av makt. Skal vi ta rettkome omsyn til grupper som kanskje er mellom dei vi har aller minst sympati med, kan det vera vanskeleg å lite på etikken. Kontroll og innsyn må til. Vi får heller finne oss i at det kan gå ut over effektiviteten.

Etikken er særleg viktig der folk har makt over andre, og ikkje minst juristar er ofte i slike posisjonar. Makta bør lengst råd gjerdast inne av klåre reglar. Her som elles gjeld det at godt gjerde gjev gode grannar.

Kåre Lilleholt