Den siste tiårsperioden har vi fått eit mykje livlegare ordskifte om statsrettslege spørsmål enn vi har hatt på lenge. I dette ordskiftet har det vore særleg nyttig å ha med framståande politikarar som Guttorm Hansen og Kåre Willoch.

Den siste av dei har ved fleire høve tatt til orde for ymse reformer som kunne styrke regjeringa i høve til Stortinget. Og i ein kronikk i Aftenposten frå 19. mai 2003 vender han tilbake til dette emnet. Der held han fram at den norske parlamentarismen no nærmar seg ein parodi på den Johan Sverdrup innførte, og at det er avgjerande viktig å vende tilbake til ei styreform som kan trygge langsiktig og planfast styring.

Som nyttige tiltak i den samanheng peikar han både på ei valordningsreform som kan resultere i færre parti, og på innføring av oppløysingsrett. Men tyngdepunktet legg han denne gongen på andre tiltak. For det første tar han no til orde for at Stortinget bør slå fast at regjeringa har rett til å nekte å følgje opp pålegg frå Stortinget i saker som etter Grunnlova eller lov er lagt inn under regjeringa. For det andre ønskjer han at regjeringa skal få tilbake retten til å nekte sanksjon på lovvedtak. Og som eit tredje punkt går han sterkt mot eit framlegg som er kome frå eit stortingsoppnemnt utval om at eit mogeleg straffansvar for statsrådar ikkje lenger skal gjerast gjeldande for Riksretten, men høyre under dei vanlege domstolane.

Denne siste åtvaringa er det sterke grunnar for. Rett nok er det så at Riksretten hjå oss er ein sovande institusjon. Men han er tilgjengeleg om det skulle kome opp alvorlege lovbrot. Og til dagleg er ein godt tent med det parlamentariske reaksjonssystemet som finst. Dei ulike former for kritikk som statsrådar kan utsetjast for, vil for dei aller fleste kjennast så tyngande at det fullt ut veg opp for mangelen på ein formell tiltale for Riksretten. Å forlate dette systemet og i staden opne for søksmål for dei vanlege domstolane, ville invitere til ei rettsleggjering av den politiske striden som ein vanskeleg kan vere tent med.

Går ein vidare til dei to andre hovudtankane Willoch no gjer seg til talsmann for, blir situasjonen ein heilt annan. Her kan det reisast mange og sterke innvendingar.

For å børje med framlegget om at regjeringa skal få tilbake retten til å nekte sanksjon på lovvedtak. Dette er ein tanke som Willoch gjorde utførleg greie for alt i eit grunnlovsframlegg frå 1988. Den gongen peika han på at regjeringa etter den praksis som no blir følgt nok kan stille kabinettspørsmål for å tvinge sitt syn gjennom i lovsaker. Men i så fall må dette gjerast i Odelstinget og Lagtinget kvar for seg. Og skulle lovframlegget bli avvist i Odelstinget, vil det føre til at mange stortingsrepresentantar ikkje får høve til å gje sitt syn til kjenne.

Dette er i og for seg rett nok. Men i slike særtilfelle vil det heller ikkje kome i stand noko vedtak som går tilbake til regjeringa for sanksjon. Dermed ville eit trugsmål om sanksjonsnekting vere eit slag i lufta. Og i alle andre tilfelle vil regjeringa få ei fullgod avklaring på den parlamentariske situasjonen om ho stiller kabinettspørsmål både i Odelstinget og i Lagtinget, slik det har vore vanleg til denne tid.

Det mest djuptgripande framlegget Willoch no tar opp, er likevel framlegget om å ta bort instruksjonsretten for Stortinget i saker som etter Grunnlova eller lov er lagt inn under regjeringa. Her går Willoch til åtak på ein nær 100 år gammal sedvane, som rett nok kan ha noko ulikt innhald alt etter kva for saker det er tale om. Men stort sett er det påtakeleg at dei såkalla kongelege prerogativa, som var eit sentralt punkt i det opphavlege grunnlovsverket, ikkje tolte møtet med det 20. hundreåret og nye samfunnstilhøve. I vår tid ville det t.d. vere utenkjeleg at regjeringa skulle vere einerådande i alt som har med utanrikspolitikken å gjere. Og noko tilsvarande gjeld for saksområde som er overlatne til regjeringa gjennom formell lov. Med dei vide fullmaktene det her er tale om, vil ein instruksjonsrett for Stortinget til sine tider vere eit heilt naudsynt korrektiv til det synet som råder i regjeringa og styringsverket.

All den stund det ikkje finst noko særskilt regulering av instruksjonsretten, vil det setje store krav til sjølvdisiplin og kompromissvilje i Stortinget om ikkje effektiviteten i det parlamentariske systemet skal bli sett i fare. Dette har Stortinget påviseleg ikkje levt opp til i den spesielle parlamentariske situasjonen vi har hatt sidan midten av 1990-åra. Og det stortingsoppnemnde utvalet som har vurdert kontrollfunksjonane til Stortinget, har med god grunn tilrådd at Stortinget i framtida berre nyttar seg av instruksjonsretten i særleg viktige saker.

Ei slik formaning ser Willoch ikkje den ringaste nytte i. Han tar i staden opp framlegg om at Stortinget skal "stadfeste" at ei regjering alltid er i sin fulle rett om ho nektar å følgje opp pålegg frå Stortinget i dei sakene det her er tale om.

Til dette er å seie at eit eventuelt stortingsvedtak i den lei pr. definisjon ikkje vil stå seg mot etterfølgjande stortingsvedtak som går i motsett lei. Ei juridisk bindande regulering vil ein først få om ein går vegen om eit grunnlovsvedtak. Men i ei absolutt form ville eit slikt grunnlovsbod vere jamgodt med å vende tilbake til den gamle embetsmannsstaten. Og her som elles gjeld det at vegen tilbake sjeldan er vegen fram.