Ei ny lov om husleigeavtalar tok til å gjelde frå årsskiftet. Lova kjem i staden for husleigelova frå 1939. Delar av den særlege leigereguleringa for bustader etter lova frå 1967 vart oppheva straks, og den strenge reguleringa for førkrigseigedommar i Oslo og Trondheim skal avviklast over ein tiårsperiode. Artikkelen gjev eit oversyn over den nye lova og nokre justeringar som vart gjorde i desember 1999 og mars 2000.