Artikkelen gir kommentarar og merknader til fire nyare høgsterettsdommar om skadebot for personskade.

Den eine er «skalledommen» i Rt. 1997 s. 883 om skade på ein 34-årig mann som vart skalla ned på gata. Saka gjaldt fastsetjing av skadebotsummen. Det var spørsmål bl.a. om skattepåslaget, om avkorting for skadelidnes medverknad, og om lemping der den ansvarlege var privatperson utan ansvarsforsikring eller formue. Skattepåslaget vart sett til vel 20 %, og den samla skadebotsummen på vel 1 mill. vart lempa til kr. 550.000 som betyr eit frådrag på omlag 48 %.

Den andre er Jensen-dommen i Rt. 1997 s. 1044 om skade på ein 15 årig gut som var på skuletur i Jotunheimen. Kommunen var skadebotansvarleg. Saka gjaldt utmåling. Den gjekk etter skadebotlova § 3-2a som er ein spesialregel om utmåling for den som blir skadd før fylte 16 år. Regelen er bygt på G, grunnsummen i folketrygda, som blir fastsett av Stortinget kvart år og som har auka jamt. Spørsmålet i saka gjaldt tidspunktet for G, om det var G på det tidspunkt då skaden vart konstatert eller G på oppgjers- eller domstidspunktet. Dommen fall ned på det siste.

Ein tredje dom er Dani-dommen i Rt. 1997 s. 771 om tolking av skadebotlova § 3-2a der barnet på 3 år var påført to skadar. Barnet vart først påkjørt av ein bil, slik at han vart lam frå halsen og ned, altså også armar og bein. Guten var medvitlaus og låg i respirator. Han hadde også brekt eine lårbeinet, og til behandling av dette vart begge bein lagt i strekk. Strekket skapte sirkulasjonsskadar som gjorde at begge bein måtte amputerast ved kneet. Trqfikktrygdaren betalte full skadebot for at guten vart lam, dvs. skade nr. 1 som gjorde han 100 % medisinsk og arbeidsinntektsmessig ufør. Saka for Høgsterett gjaldt krav mot sjukehuset for amputasjonsskaden, skade nr. 2, som isolert sett gjorde han 100 % ufør. Fylket vedgjekk ansvaret for amputasjonsskaden, men spørsmålet var om barnet hadde krav på skadebot for skade nr. 2 når han hadde fått full utbetaling etter skadebotlova § 3-2a for skade nr. 1. Høgsterett kom til at skade nr. 2 gav grunnlag for ein tilleggsmeinerstatning etter skadebotlova § 3-2, visstnok basert på 50 % medisinsk uførhet.

Ein fjerde dom er Myhrer-dommen i Rt. 1997 s. 1070 om forelding. Saka gjaldt ei kvinne som påsto å vera påført løysemiddelskade på arbeidsplassen i perioden 1973 til 1984, og kravde skadebot av arbeidsgjevaren. I denne saka hadde fire spesialistar frå tre fagfelt undersøkt henne, men berre ein av dei konkluderte med at ho var blitt påført løysemiddelskade. Høgsterett kom til at skadelidne hadde oppfordring til å reisa sak, i hovudsak på dette grunnlaget, og at foreldingsfristen dermed tok til, slik at forelding skjedde.