Å bli pågripen av politiet blir opplevd som dramatisk av dei fleste. Den pågripne vil sjeldan vere førebudd på pågripinga, og særleg der den pågripne har ei perifer rolle – eller kanskje til og med er uskyldig – vil han eller ho ha liten innsikt i bakgrunnen for pågripinga. I alle tilfelle vil alvoret og utryggleiken knytt til det å miste fridommen vere særs oppskakande.

I så godt som alle tilfelle vil det første møtet med tilværet som pågripen vere ein politiarrest. I stor grad består politiarrestane av så kalla glattceller, eller celler som er yttarst spartansk innreia. I politiarresten er det ikkje noko system for fellesskap, og det er ikkje praktisk å gjennomføre besøk av andre enn advokat og lege. Ved sidan av det traumatiske i sjølve arrestasjonen blir dermed den arresterte i kortare eller lengre periodar isolert i ei glattcelle utan anna selskap enn sine eigne tankar.

I ei årrekkje har spørsmålet om bruk av politiarrest ved pågripingar vore ei hovudpine i Noreg. Lang sitjetid i politiarresten har gjentekne gonger blitt påpeikt som problematisk både internrettsleg og etter Noregs folkerettslege plikter. Ved fleire høve er forholda og sitjetida i politiarrestane blitt teke opp av Sivilombodsmannen, og forholda er kritisert av både FNs torturkommisjon og Den europeiske torturførebyggingskomiteen (CPT).

Etter at bruken av politiarrest i 1996 vart kritisert i fleire massemedia, gjorde Sivilombodsmannen i 1997 ei undersøking av forholda i politiarrestane i Oslo og Bergen. Ombodsmannen fann den gongen grunn til å kritisere bruken av politiarrest på fleire punkt, og han uttalte at dei «beste grunner taler etter mitt skjønn for at politiarrestene overhodet ikke blir brukt til internering etter at rettens kjennelse om bruk av varetekt foreligger»2.

Også i 2003 gjorde Sivilombodsmannen undersøkingar av situasjonen. Ombodsmannen fekk då opplyst i brev av 25. februar 2003 frå Politidirektoratet at «en varetektsinnsatt med kjennelse fra retten, kan i dag sitte fra 2–6 dager etter avsagt kjennelse i arresten i fengselet». Ombodsmannen konkluderte med at ei «ordning som innebærer at innsatte blir holdt i politiarrest opp til seks dager etter at fengslingskjennelse foreligger, må klart sies å være i strid med loven».3

I 2005 bad Ombodsmannen igjen om at Politidirektoratet skulle greie ut om sitjetida i politiarrestane i landet. I svarbrev av 19. mai 2005 gav Politidirektoratet uttrykk for at politidistrikta gjennom interne rutinar og instruksar skal leggje til rette for overhalding av reglane om at varetektsfengsla personar skal bli overført frå politiarrest til fengsel innan 24 timar.

Sivilombodsmannen skriv:

De redegjørelser jeg har mottatt fra Politidirektoratet synes å tyde på at det i den senere tid har vært en positiv utvikling i sittetiden i politiarrestene i de politidistriktene som tidligere har hatt de største problemene med å få overført de innsatte til varetektsceller. Det synes videre som om politiet, sammen med kriminalomsorgen, har fokusert sterkt på problemstillingen. Det vises i denne forbindelse bl.a. til direktoratets opplysninger om at politidistriktene har endret sine rutiner og instruksverk for å få redusert sittetiden i arrestene.4

I 2005 var det altså ting som tyda på at ting var i ferd med å bli betre. Det var grunn til å håpe at vi i løpet av relativt kort tid skulle få bukt med problemet med den lange sitjetida i politiarresten. Det var også på trappene ei forskrift om bruk av politiarrest. På bakgrunn av den langvarige kritikken av praksisen med politiarrest tro nemleg forskrift om bruk av politiarrest5 i kraft den 1. juli 2006. Etter forskriften § 3-1 skal den pågripne bli overført frå politiarrest til fengsel innan to døger etter pågripinga, «med mindre dette av praktiske grunner ikke er mulig».

Etter at denne regelen var innført, og etter at ting allereie i 2005 var i ferd med å bli betre, skulle ein tru at problematikken rundt den lange sitjetida i politiarresten snart var historie. Slik har det diverre ikkje gått.

Etter to år med det nye regelverket vart problematikken på ny teken opp av massemedia i 2008. Aftenposten hadde den 15. juli 2008 ein artikkel om at det var registrert 2592 brott på regelen i forskrift om bruk av politiarrest § 3-1 i perioden frå midten av 2006 til midten av 2007. I fleire politidistrikt var det registrert auke frå 2005.6 Aftenposten hadde vore i kontakt med mange av dei større advokatkontora innanfor strafferett i Oslo, og tilbakemeldinga var nokså eintydig: Regelen i forskrifta blir broten oftare enn han blir følgt. Til dømes hadde advokat Bendik Falch-Koslung ført intern statistikk over kor ofte regelen blei broten i saker der det var oppnemnt forsvarar frå Advokatfirmaet Stabell & Co i ein periode på 8–9 månader frå hausten 2007 til sommaren 2008. Falch-Koslung fann at det skjedde brott i ca. 80 % av sakene.

Sivilombodsmannen tok også opp spørsmålet i 2008. Ombodsmannen uttalte då:

Antallet brudd er betydelig (2592) og er i seg selv meget urovekkende. Det er også meget bekymringsfullt at antallet fristbrudd synes å ha økt fra 2005 til 2006/2007 i mange av distriktene som har oppgitt tall for begge perioder.7

Den viktigaste årsaka til at overføringsfristen ikkje vart overhalden, var ifølgje Politidirektoratet at det ofte er vanskeleg å få stilt fengselsplassar til disposisjon av kriminalomsorgen. Maksimal sitjetid i Oslo politidistrikt vart opplyst å vere 15 dagar (!), og fleire av politidistrikta oppgav å ha maksimal sitjetid på 6–7 dagar. Ombodsmannen uttalte at «så vidt betydelige oversittelser av overføringsfristene vil kunne fremstå som problematiske i forhold til Norges menneskerettighetsforpliktelser».

Ifølgje Sivilombodsmannen var det ei tynn utgreiing Politidirektoratet hadde gitt av kva tiltak som var sett i verk for på kort og lang sikt å avhjelpe situasjonen. Sivilombodsmannen gjorde det klart at politiet og direktoratet, i samarbeid med kriminalomsorgen, måtte halde fram arbeidet med å redusere sitjetida i politiarrestane:

Den fastsatte overføringsfristen på to døgn skal følges, og det fastsatte unntaket der «praktiske grunner» ikke gjør det mulig kan bare benyttes unntaksvis. Jeg kan ikke se at unntaket åpner for regelmessige brudd på overføringsfristen, og finner det beklagelig dersom en slik oppfatning har festet seg i politidistriktene.8

Sivilombodsmannen fann altså grunn til å understreke det som eigentleg burde vere opplagt, nemleg at unnataket berre kan brukast i unnatakstilfelle, ikkje som hovudregel. Som opplyst i artikkelen i Aftenposten tyder erfaringa til forsvararane i Oslo på at unnataket heller er hovudregelen.

Trass omfattande merksemd både i media, frå Sivilombodsmannen og frå CPT er det lite som tilseier at forholda er blitt nemneverdig betre. For 2009 var status i september at nesten 1500 personar så langt hadde vore i politiarresten meir enn 48 timar, og på ny vart problematikken teke opp av Aftenposten.9 Så langt ser det dermed ut til at forskrift om bruk av politiarrest ikkje fungerer etter intensjonen. Manglande overhalding av forskrifta skjer sjølv om både forsvararar og påtalemakta skulle vere godt kjende med regelverket, og sjølv om alle partar – også politi og påtalemakt – meiner sitjetida i politiarresten må ned. Og den manglande overhaldinga av forskrifta skjer sjølv om politiet hevdar at dei «jobber hardt for å unngå å bryte regelen».10

Ei problemstilling som tangerer spørsmålet om sitjetid i arresten, er spørsmålet om kor lenge politiet kan halde ein pågripen utan å framstille han for tingretten. Det følgjer av straffeprosessloven § 183 at påtalemakta «snarest mulig og senest den tredje dagen etter pågripelsen [må] fremstille ham [den pågripne] for tingretten». Tidlegare var regelen at den pågripne måtte bli framstilt for tingretten seinast dagen etter pågripinga. Endringa til «senest den tredje dagen etter pågripelsen» skjedde samstundes med innføringa av forskrift om bruk av politiarrest, der regelen om overføring til fengsel innan to døger vart gitt. Føremålet med endringa var å unngå forhasta varetektsfengslingar; lovgivar ønskte å gi påtalemakta tilstrekkeleg tid til å vurdere om det var behov for varetektsfengsling. Ved at fristen for å krevje fengsling blei forlenga, var også tanken at retten kunne stille strengare krav til grunngivinga for at fengslingsvilkåra er oppfylte. Om forholdet mellom sitjetid i politiarrest og frist for framstilling for tingretten vart det sagt:

Departementet understreker at det er en klar forutsetning for forslaget om å utvide fremstillingsfristen at bruken av politiarrest ikke skal øke i forhold til i dag. Dét innebærer at den pågrepne normalt må overføres fra politiarrest til fengsel innen to døgn etter at han er pågrepet.11

Dersom det er riktig at utviding av fristen for framstilling for tingretten fører til færre fengslingar, er dette sjølvsagt positivt. Spørsmålet er likevel om den klare føresetnaden om at bruken av politiarrest ikkje skulle auke, har slått til. I radioprogrammet Dagsnytt 18 på NRK P2 den 8. desember 2009 uttalte advokat Morten Furuholmen at praksis i Oslo er at det aldri skjer overføring frå politiarrest til varetektsplass før etter fengslingsorskurden.12 Også fleire andre forsvararar i Oslo peiker på det same. Ein slik praksis er sjølvsagt ikkje i tråd med intensjonen bak endringa av straffeprosessloven § 183.

Dersom det er riktig at arbeidet med overføring til fengsel konsekvent startar først etter orskurd frå tingretten, tyder mykje på at det er lagt opp til eit system som automatisk fører til brott på forskrift om bruk av politiarrest § 3-1. Det er i tilfelle særs kritikkverdig. Mange høyringsinstansar, blant andre Rettspolitisk foreining,13 var kritisk til utvidinga av fristen for framstilling for tingretten. Det er sørgjeleg dersom det no viser seg at innvendingane til omlegginga var på sin plass, fordi endringa viser seg å få konsekvens for sitjetida i politiarresten.

Årsakene til den omfattande bruken av politiarrest i Noreg er nok mangslungne, men eit hovudproblem synest å vere manglande varetektsplassar i norske fengsel. I tillegg er det altså ting som tyder på at den utvida fristen for framstilling for tingretten – i strid med føresetnadene – kan vere med på å forlenge opphalda i politiarresten. Når vi er kjende med kor tyngjande opphald i politiarresten er, og kva slags skadeverknader langvarig isolasjon kan få, er det urovekkande at vi i Noreg enno ikkje har klart å løyse eit problem som det har vore fokus på i så mange år. Vi må kunne forvente at styresmaktene no tek spørsmålet på alvor, slik at vi kan kome oss bort frå ein situasjon som tydeleg tvinger fram altfor lang sitjetid i politiarrestane. Det vil vere fælt om eit så alvorleg problem – som alle aktørane innanfor rettsvesenet ønskjer til livs – får vare ved inn i endå eit tiår.