1 Innleiing

I desse dagar jobbar Justisdepartementet med innføringa av eit nytt kartleggings- og risikovurderingsverktøy av fangar. Verktøyet har fått det forlokkande namnet OASys (Offender Assessement System). Tanken er at ein på bakgrunn av eit intervju kan predikere om den innsette vil gjere kriminelle handlingar i framtida, samt seie noko om faren for at han vil skade seg sjølv og/eller andre. Eit pilotprosjekt er allereie i gang, og styresmaktene har teke sikte på å ta systemet i bruk ein gong i 2007. På side 3 i den engelske manualen3 heiter det:

«OASys is designed to:

  • assess how likely an offender is to be reconvicted

  • identify and classify offending-related needs, including basic personality characteristics and cognitive behavioural problems

  • assess risk of serious harm, risks to the individual and other risks

  • assist with management of risk of harm

  • link the assessment to the supervision or sentence plan

  • indicate the need for further specialist assessments

  • measure change during the period of supervision/sentence.»

Det kan ikkje vere tvil om at siktemålet med programmet er særs ambisiøst, og fungerer det etter intensjonen kan det bli eit viktig verktøy for å hjelpe innsette til å bli såkalla «lovlydige borgarar». I denne artikkelen vil eg likevel kome med nokre innvendingar mot programmet og peike på ein del farar som eit slikt system kan innebere for den innsette sjølv, for hans eller hennar rettstryggleik og ikkje minst i for den personlege integriteten til fangane.

2 Litt om historikken rundt slike rehabiliteringsmodellar

Til grunn for OASys ligg ein kriminologisk teori, den såkalla «What Works»litteraturen, som kort fortalt går ut på at ein ved å identifisere visse karakteristika, såkalla kriminogene faktorar, kan seie noko om sjansen for at ein person vil gjere kriminelle handlingar i framtida. Desse faktorane er mellom anna lågt utdanningsnivå, «dårlege» haldningar og låg inntekt. Tanken er så at dersom ein reduserer nærværet av dei kriminogene faktorane hos den kriminelle, vil ein også kunne minske tilbakefallsfaren.

Tradisjonelt har det vore nytta to tilnærmingsmåtar for å vurdere risikoen av kriminelle handlingar; den kliniske og den aktuariske. Den kliniske metoden går i hovudsak ut på at saksbehandlaren brukar kliniske intervju med den innsette, samt ser på hans eller hennar kriminelle fortid. På bakgrunn av dette gjer han seg så opp ei meining om tilbakefallsrisikoen. Den aktuariske tilnærmingsmåten går ut på at saksbehandlaren innhentar statistisk materiale og nyttar dette for å seie noko om faren for at den innsette vil gjere nye straffbare handlingar. Framgangsmåten kjem opphavleg frå forsikringsbransjen i USA der ein på 1980-talet tok til å nytte utrekningsmodellar basert på eit stort statistisk materiale for å seie noko om kor høgt ein skulle sette forsikringspremien. Ein gjekk ut frå at til dømes unge sjåførar hadde større risiko for å ende opp i bilulykker enn andre. Dermed vart premiane sette høgare for desse sjåførane. Seinare har dei same intervjumodellane kome inn i psykologien som ein klinisk reiskap i såkalla evidensbasert behandling. Denne utviklinga har av ulike grunnar vorte kritisert frå fleire hald4.

Forskarane som har utvikla OASys, kritiserer sjølv dei aktuariske modellane for å vere for statiske. Desse modellane tar berre utgangspunkt i fangen si kriminelle fortid, påpeikar dei i manualen, og modellane er såleis blinde for at fangar kan utvikle seg og endre seg over tid, slik at risikoen for gjentaking minskar. Dei lanserer derfor dynamiske kriminogene faktorar som til dømes endringar i haldningar, utdanningssituasjon osv. Fordi teoretikarane bak OASys er kritiske til dei tradisjonelle risikovurderingsverktøya, kan dei hevde at systemet er ei nyvinning innanfor «What works»-tradisjonen. Dessutan viser dei til fleire studiar som underbygger at slike sosiale faktorar gir utslag i høve til faren for at ein innsett skal gjere nye straffbare handlingar5. Men sjølv om slike statistiske samanhengar kan påvisast, meiner eg det kan vere grunn til å vere skeptisk til heile denne tenkjemåten. Kan ein verkeleg predikere åtferd hos den enkelte på bakgrunn av visse karakteristika? Dette vil eg kome tilbake til.

3 Den praktiske gjennomføringa

Korleis skal gjennomføringa av OASys gå føre seg? Manualen legg opp til at tilsette ved fengselet skal gjennomføre eit intervju med den innsette der han eller ho skal svare på spørsmål innanfor tolv kategoriar. Desse er:

  1. Kriminell fortid

  2. Analyse av den straffbare handlinga

  3. Husvære

  4. Utdanningsnivå og arbeidsmarknadstilknyting

  5. Finansiell kyndigheit og inntektsnivå

  6. Relasjonar

  7. Livsstil og omgangskrins

  8. Narkotikamisbruk

  9. Alkoholmisbruk

  10. Kjenslemessig tilstand

  11. Tankar og åtferd

  12. Haldningar

I tillegg skal intervjuaren vurdere om det er sannsynleg om den innsette kjem til å skade seg sjølv eller andre alvorleg.

Innanfor kvar av dei tolv kategoriane i manualen er det lista opp detaljerte spørsmål som den innsette må svare på. Innanfor kategori 6 skal han til dømes svare på om han eller ho har blitt utsett for fysisk eller psykisk misbruk av nokon i nær relasjon. Under kategori 10 skal den innsette fortelje om han eller ho har gått med sjølvmordstankar. For kvart spørsmål skal intervjuaren gi poeng frå null til to alt etter kva innsette svarar. På bakgrunn av svara fangen gir, blir det rekna ut ein skår der null er minimum og 168 er maksimum. Dette talet blir så jamført med ein tabell der alle som skårar hundre eller meir reknast for å ha stor sjanse for å bli dømde på ny, medan 41–99 poeng tilseier medium sjanse. Får fangen førti eller lågare på testen, reknar ein med at det er liten sjanse for at han vil gjere nye brotsverk. Det norske prøveprosjektet viser at intervjuet tek rundt ni–ti timar.6

Kven er det som skal gjennomføre intervjua? Etter det eg kan sjå av den engelske manualen, er det ikkje sagt kva slags utdanning eller yrkesbakgrunn intervjuaren skal ha. På side 2 heiter det likevel: «Programmes should be properly managed and staff well trained.»

Enkelte av spørsmåla som den innsette må svare på er av svært sensitiv karakter og omhandlar tema som mange vil ha store problem med å snakke om. Ein skulle derfor tru at intervjupersonen burde ha høg kompetanse og erfaring innanfor til dømes psykologi.

I Noreg har ein likevel valt å la fengselsbetjentar gjennomføre intervjua med den innsette. Intervjuarane må gjennomgå eit tre dagars langt kurs i forkant. Etter mitt skjønn er dette svært problematisk. For det første har ikkje fengselsbetjentar den kompetansen som krevjast for å snakke med innsette om ein del av dei sensitive temaa som blir tatt opp i OASys. For det andre har naturleg nok mange innsette eit vanskeleg forhold til dei tilsette i fengsla. Å rekne med at nokon vil svare sant og oppriktig på spørsmål av så intim karakter som det her er tale om, til personar som dei står i ein så spesiell maktrelasjon til, kan ikkje vere særleg realistisk.

4 Nærmare om spørsmåla

For at lesaren skal få grundigare forståing av presisjonsnivået i OASys vil eg i det følgjande kome med nokre eksempel på spørsmåla og poenggivinga (null poeng er som nemnt beste skår, to er det dårlegaste):

  • To poeng i OASys dersom intervjuaren kjem til at: «the offender is single and has had no relationships behind but would desperately like one» (s. 75 i manualen).

  • Null poeng viss intervjuaren reknar med at den innsette «has no history of relationships through choice, but appears capable of starting and maintaining a relationship» (s. 76 i manualen).

  • To poeng viss den innsette «is not involved in any organised voluntary activities» (s. 79 i manualen).

  • To poeng dersom den innsette «often changes jobs and relationships» (s. 83 manualen).

  • Null poeng dersom den innsette: «has either a long-term job or relationships, or describes a desire for these» (s. 83 i manualen).

  • Null poeng dersom den innsette «appears generally cautious in their lives, avoid dangerous situations and where possible limits risks to life and limb» (s. 83 i manualen).

  • Innsette får to poeng dersom han har vist «cruelty to animals» i barndommen (s. 98–99 i manualen).

5 Kritikk av OASys – ei automatisering av skjønnsutøvinga

«OASys is designed to help practitioners to make sound and defensible decisions», heiter det i den engelske manualen. Systemet skal altså nyttast av saksbehandlarane når dei skal ta stilling til sviktfaren i samanheng med prøvelauslating eller permisjonar. Dette reiser fleire problem etter mitt skjønn.

For det første står ein i fare for å få ei automatisering av skjønnsutøvinga. Dersom ein innsett har fått høg skår på testane, vil naturleg nok sakbehandlaren ha kjennskap til dette og legge vekt på det i den konkrete heilskapsvurderinga. Dette er i og for seg ikkje nødvendigvis problematisk. Faren ligg i at sakbehandlaren meir eller mindre medviten legg uforsvarleg stor vekt på skåren i OASys, slik at heilskapsvurderinga fell bort. Dette nærmar seg i så fall ei slags automatisering av skjønnsutøvinga og rettsbruken som ikkje er gjengs i norsk juridisk metode. Ein kan tenkje seg ein forvaltningspraksis der den underliggande grunngivinga er høg skår på testen, utan at dette kjem fram i vedtaket. Men fleire stader i både retningslinene og motiva til straffegjennomføringslova blir det nettopp peikt på at det skal gjerast ei heilskapsvurdering, sjå til dømes Ot.prp. nr. 5 (2000–2001) s. 155 der det heiter:

«Det må foretas en totalvurdering av sviktfaren ut fra kjennskap man har til innsatte under gjennomføringen, og ut fra sakens dokumenter, tidligere fengselsopphold mv. Rusproblemer kan føre til at overføring er sikkerhetsmessig betenkelig, men dette må vurderes individuelt ut fra hvor aktivt misbruket er, og om man tror man kan kontrollere og håndtere problemet i fengselet vurderes overføring til. Det er ikke gitt begrensninger i overføringsadgangen ut fra bestemte lovbruddskategorier» (mi uth.).

Dersom forvaltningspraksisen utviklar seg i ei retning av heil skapsvurderinga fell bort, vil dette difor vere i strid med straffegjennomføringslova.

For det andre har ein slik fare for automatisering av skjønnsutøvinga også ei etisk side. I 2004 kom Fafo sin rapport om levekår blant innsette. Undersøkinga viste mellom anna at to tredjedelar av dei innsette hadde hatt ein oppvekst prega av eitt eller fleire alvorlege problem. Til dømes var det 29 prosent som opplyste at dei hadde blitt utsett for fysisk eller psykisk mishandling i barndommen eller ungdomsåra. Vidare viste undersøkinga at tretti prosent har opplevd foreldre med rusproblem. Ein tredjedel av fangane i intervjuet hadde vore i kontakt med barnevernet før dei var seksten år. Undersøkinga viste også at fangane hadde eit langt lågare utdanningsnivå enn resten av borgarane. Nesten femti prosent hadde berre fullført ungdomsskule, medan det for befolkninga elles er omtrent ti prosent som har tilsvarande utdanningsnivå. Også tilknytinga til arbeidsmarknaden er det så som så med. Berre 31 prosent av dei spurde i undersøkinga hadde lønna arbeid ved tidspunktet for fengsling.

Som nemnt ovanfor er alle desse karakteristika rekna for å vere kriminogene faktorar i OASys, og vil føre til låg skåre i høve til sviktfarevurderinga. Dei fangane som må seiast å ha dei største sosiale problema, ei stor gruppe, vil derfor gjere det dårlegare på OASys-testen og dermed ha vanskelegare for å få prøvelauslating og permisjonar. Det kan nok vere relevant å legge vekt på slike faktorar i det enkelte tilfelle. Men dersom det er slik at OASys vil føre til ei automatisering av skjønnsutøvinga slik eg har hevda ovanfor, vil det ramme dei fangane som allereie har det verst. Dei med dei største sosiale problema vil automatisk kunne få ei tyngre soning, i form av fråver av permisjonar og lauslating på prøve. Dette er ein utilsikta verknad ved systemet som rammar sterkast dei som allereie har det verst. Dette er etter mitt syn problematisk av etiske grunnar.

6 Ideen om «forbrytarmennesket»

Eitt problem med dei krimonologene faktorane som fører til høg skår i OASys, er at dei kan seiast å vere uttrykk for normalforventningar knytte til den kvite mellomklassen. Eit eksempel kan vere at ein, som nemnt ovanfor, skårar to poeng dersom ein skiftar relasjonar ofte. Det stabile monogame parforholdet er altså betre og tryggare enn seriemonogame forhold eller andre meir utradisjonelle relasjonar. Stipendiat i kriminologi Helene Gundhus peikte på dette i eit foredrag halde på kriminalpolitisk seminar ved Universitetet i Oslo 2. mars 2005. Ho hevda at dei verdiane som ligg til grunn for verktøyet blir usynlege, og såleis blir det umogleg å etterprøve om dei vurderingane som intervjuaren gjer, er riktige.7 Fortolkinga av informasjonen som intervjuaren gjer, kan ikkje etterprøvast fordi han er uttrykk for subjektive og normative interpretasjonar.8 Dette gjer at OASys som tilsynelatande skal byggje på objektive og nøytrale variablar, snarare blir sensitive for dei usynlege haldningane og verdiane som intervjuaren sit med når han tolkar svara frå fangen. Problemet er at desse verdiane umogleg kan prøvast i ettertid, og derfor kan ein ikkje vite om intervjuaren har tolka svara frå fangen slik OASys føreset. Kunnskapen systemet innhentar er derfor ikkje evidensbasert, slik forfattarane sjølv hevdar.

I forlenginga av denne kritikken kan ein også peike på at OASys er uttrykk for ein tanke om at dei menneska som fell utanfor den snevre ideen om «det sunne gjennomsnittsmennesket», er meir tilbøyelege til å gjere brotsverk enn andre. Dette fører tankane mot den italienske kriminologen Cesare Lombroso sine idear om «forbrytarmennesket», som var tonegivande rundt 1900-talet, men som for lengst har blitt avleggs innanfor moderne kriminologi. Lombroso plukka ut bestemte kroppslege indikatorar, på bakgrunn av eit stort statistisk materiale, for å vise at «forbrytaren» hadde visse ytre kjenneteikn.9 Vidare meinte han at forbrytarar var sjølvopptekne, egoistiske og meir forfengelege enn andre. Etter mitt skjønn kan det seiast å gå ei line frå denne teorien til haldningane som ligg til grunn for OASys. Dei menneska som ikkje innfrir forventningane til «normale og sunne» verdiar, haldningar og levesett, blir merka som meir tilbøyelege til tilbakefall enn andre. Dette er eit uttrykk for at ein viss mennesketype gjer meir brotsverk enn andre, og såleis er meir skadelege for samfunnet. Dei som skårar høgt på testen blir såleis dømde på førehand fordi dei er berarar av tilstrekkeleg kriminogene trekk, og dermed sett i bås som «forbrytarmenneske». Eg meiner at dette ein «deterministisk» tankegang som ikkje høyrer heime i eit moderne fengselsvesen. Dei innsette blir frårøva sin integritet og frie vilje.

7 Avslutning

Hedda Giertsen viser i sin artikkel «Oppdelt i småbiter og satt sammen på nytt» korleis kunnskap og informasjon kan nyttast til økt maktbruk og kontroll av fangane.10 Slik kan OASys nyttast til å legitimere makt og maktmisbruk. Innføringa føyer seg derfor inn i ei lang rekkje kontrolltiltak av innsette, og av «nyvinningar» som har som utilsikta verknad at dei legitimerar og opprettheld maktstrukturar. I dette perspektivet inneber innføringa av systemet inga nyvinning. Systemet kan heller seiast å vere keisarens nye klede.