Kva er «alimentær teologi»? Nei, sei det. Eg hadde ikkje høyrt om det før. Men når ein fokuserer på bestemte tema eller spørsmål i lesingar av bibelske tekstar, kan ein oppdaga mykje nytt. Til dømes om mat. Kva er forholdet mellom mat, kjønnsroller og Gud – eller Jahve – i Det gamle testamentet?, spør teolog Anne Katrine de Hemmer Gudne. I artikkelen «Det Kønnede Køkken» utforskar ho dette. Matlaging og måltid i det bibelske materialet fortel mykje om individ og samfunn, om gjestfridom og fest, men også om hierarki og tradisjonell arbeidsdeling. Mennene slaktar og kvinnene bakar brød. Tekstane sine bilete av Jahve viser ein Gud som sørgjer for mat på bordet og gir folket korn, vin og olje.

Frå mat til musikk. Musikk som frigjeringsteologi? Teolog og musikar Carl Petter Opsahl skriv om Aretha Franklin og albumet Amazing Graze som no også er ein kinofilm. Franklin er kjend som ein stor gospelartist og eit viktig symbol for afrikansk-amerikansk frigjering og kampen for sosial rettferd. Dessutan song ho på ein heilt særeigen måte, med stor grad av innleving, improvisasjon og nytolking, Dette er musikk som spring ut av den afrikansk-amerikanske kyrkja. Opsahl er klar i sin dom: Musikken hennar er ei gudsteneste.

Forutan artiklar om mat og musikk, har vi også eit bidrag om humor. Men forfattaren prøver ikkje å vera morosam. Ola Sigurdson tar oss heller med på ei idéhistorisk reise frå antikken til mellomalderen, frå 16- og 1700-talet og fram til vår tid. Han viser at latter og humor kan vera så mangt – arrogant, usømmeleg og spottande, men også sympatisk, tolerant og godlynt. Medan filosofane i antikken var opptekne av måtehald og sjølvkontroll – ikkje for mykje latter – hadde kristendomen eit heilt anna syn på humor og komedien: Det var «The world turned upside down». Tenk berre på Paulus som kallar seg sjølv ein dåre eller Jesus som rir inn i Jerusalem på eit esel. Det høge blir det låge, det låge blir det høge. Og det å le av seg sjølv, blir etter kvart sett på som ein viktig menneskeleg eigenskap.

Dei to vitskaplege artiklane i dette nummeret er skrive av religionshistorikar Berit Thorbjørnsrud og filolog Nora S. Eggen. Thorbjørnsrud tar for seg pave Frans sitt besøk til Emiratane i februar i år: Var det eit historisk viktig besøk? Eggen skriv om Koranen og kjønn, og først og fremst om tolking av utsagnet «hankjønn er ikke som hunkjønn». Inneber dette ei evaluerande vekting mellom kjønna? Utsagnet opptrer i forteljinga om Maryam (Maria) sin fødsel, oppvekst og livsoppgåve.

Når er vi for gamle til å verta foreldre, for gamle til å ha omsorg for barn? Dette er spørsmål som blir tatt opp i intervjuet med forfattar Brit Bildøen. Ho har skrive ein roman om eit par som opplever å få avslag på ein adopsjonssøknad på grunn av alder. Erfaringane frå møta med byråkratiet er ikkje gode og hovudpersonen hemnar seg. Tre vegar til havet er vel verd å lesa.

Vi takkar for følgjet dette året og vonar de ser fram til 125. årgang av Kirke og Kultur i 2020!