Endeleg er den nye nordsamiske bibelen her! Dette er ei stor hending ikkje berre for dei som kallar seg kristne og er aktive i samiske kyrkjelydar, men for alle som har ein samisk identitet og kultur, og som nyttar samiske språk. Den nye bibelomsettinga – Biibaal 2019 – kjem i året som er utnemnt både til Bokåret og FNs år for urfolksspråk.

Den førre bibelomsettinga på nordsamisk kom for meir enn 100 år sidan, i 1895. Men deler av denne omsettinga var enda eldre, frå 1870-talet. Sidan den gong har det nordsamiske skriftspråket endra seg vesentleg. Ikkje rart at mange samar i dag – og særleg dei unge – har store vanskar med å lesa, forstå og bruka denne gamle bibelutgåva.

Difor er det gledeleg at dei tre bibelselskapa i Noreg, Sverige og Finland etter 30 års arbeid no har lansert ei bibelomsetting på eit modernisert språk som er tettare på det språket folk nyttar i dag. Dessutan er det lagt vinn på at bibelen skal nyttast på tvers av landegrensene i heile Sápmi. Dette er språkpolitisk viktig for at ikkje majoritetsspråka skal ha altfor stor påverknad på det nordsamiske språket.

Den interessante historia om arbeidet med bibelomsettingar til samisk, der mellom anna tukthusfangen Lars Hætta (dømt for deltaking i Kautokeinoopprøret i 1852) hadde ei vesentleg rolle, skal de få lesa meir om i eit seinare nummer av Kirke og Kultur. Det viktige her og no er å feira den milepælen ei ny samisk bibelomsetting er, etter at samisk språk og kultur lenge var undertrykt av norske styresmakter og majoritetskultur.

Tilhøvet mellom minoritet og majoritet, og mellom ulike språk og kulturar, er også tematisert i nokre av artiklane i dette nummeret av Kirke og Kultur: Inger Furseth undersøkjer om Den norske kyrkja er for homogen etnisk og kulturelt, ved mellom anna å sjå på korleis kyrkja presenter seg sjølv på nettsidene sine.

På hausten kjem ofte debatten for eller imot skulegudstenester. Anne Løvland og Pål Repstad har studert korleis ein kyrkjelyd på Sørlandet balanserer ulike omsyn i si tilrettelegging av gudstenester før jul; profilering av kyrkja sin bodskap og kulturarv på den eine sida, og ønskjet om å bidra til inkludering og gjensidig forståing på den andre.

Kirke og Kultur har også mykje anna å by på: Safet Bektovic gir oss ein opplysande gjennomgang av religionskritikk og sjølvkritikk i islam, medan Åshild Mathisen drøftar tilhøvet mellom kristendom og politikk i Noreg, med eit særskilt blikk på utviklinga i KrF.

Inger Vederhus skriv om betydninga av minnearbeid etter 22. juli, i artikkelen «Naget og dei to tidene». Åtte år etter terroråtaket er det framleis ikkje laga noko varig nasjonalt minnesmerke.Vilde Monrad-Krohn samtalar med forfattarane Ane Oterholm og Bår Stenvik om lygna sin plass i litteraturen, og Liv Kristin Holmberg skriv om sin eigen praksis som scenekunstnar i mellom anna kyrkjerom. Også performance kan vera eit språk som får folk til å forstå –på nye måtar.