Denne våren har debatten rast om kva som skal gjerast for barn av foreldre som har tilknyting til terrornettverket IS. Vi har sett sterke bilete frå flyktningeleirar i Syria der barn og kvinner lever under ekstremt vanskelege tilhøve. Behovet for hjelp er akutt, og det hastar med å finna løysingar. Etter først å ha uttalt at ein ikkje ville «løfte ein finger» for å hjelpa, har den norske regjeringa delvis snudd. Ho opnar for at foreldrelause barn kan få koma heim. Men det er framleis svært usikkert når og korleis dette skal skje. Andre – mellom anna Røde Kors, Redd Barna og Den norske kyrkja – har tatt til orde for at alle barn med norsk statsborgarskap må få help til å koma til Noreg, i følgje med foreldra sine. Det er vår moralske plikt og ein opplagt ting å gjera for eit land som er forplikta på Barnekonvensjonen, seier dei. Sverige har nyleg tatt heim barn av IS-krigarar. Det same har Russland, Belgia og Frankrike gjort.

Sjølv om mykje kan være praktisk vanskeleg i denne saka, må ein ting stå fast: Barna er uskuldige offer for vald og feilgrep frå dei vaksne. Dei fortener vern og omsorg, ikkje meir utestenging og liding. Regjeringa har eit klårt ansvar. Det er også grunn til å reagera på korleis desse barna blir omtalt i media – av både politikarar, journalistar og andre: «IS-barna». Heidarlege unnatak finst, men i det store og heile er det denne nemninga som blir brukt. Det er uforståeleg at ein ukritisk vel å snakka om «IS-barn» og slik stemplar ei heil gruppe, og påfører dei skam og skuld for noko foreldra har gjort.

Stigmatiseringa minner om urett det norske samfunnet har gjort før – mot «tyskarbarna» i etterkrigstida. Om vi meiner alvor med å ta imot og integrera barn av IS-foreldre i Noreg, er det første vi kan gjera å endra språkbruken, kvitta oss med den slags merkelappar og kollektiv avstraffing.

Flukt, frykt, terror og tru kan seiast å vere ein klangbotn for fleire av bidraga i dette nummeret av Kirke og Kultur: Kristin Joachimsen skriv om korleis tema som gjestfridom, frykt og migrasjon kjem til utrykk i forteljingar i Det gamle testamentet. Dei bibelske tekstane gir ikkje noko eintydig bilete. Her er både vener og allierte – og framande og fiendar som skal stengast ute. Stig Utnem deler inntrykk frå reiser til Sri Lanka i arbeid for fred og forsoning – før terrorangrepa 1. påskedag, der 253 menneske mista livet og minst 521 vart såra.

Oddbjørn Leirvik spør om det finst ein islamsk humanisme. Ja, svarer han, og diskuterer om denne retninga kan utøva religionskritikk. Randall og Hilde Stephens skriv om den konservative kristne høgresida i USA og deira støtte til Trump. Sofia Sjö analyserer religionen sin plass i nordisk barne- og ungdomsfilm, og Vilde Monrad-Kohn intervjuar forfattar Johan Mjønes om den siste romanen hans Heim.

Vi byr også på eit originalt tverrfagleg møte mellom hjerneforsking, filosofi og teologi, lagt til rette av Marius Timman Mjaaland: Korleis skal vi forstå kategoriar som tid og rom, og korleis tenkja om Gud og religiøs erfaring i lys av den framvaksande livsvitskapen?