I eit jubileum brukar vi fortida til å fremje verdiar vi er opptekne av i samtida. Difor blir eit jubileum også ein spegel på samtida sine verdiar. I artikkelen skal eg bruke dette perspektivet på feiringa av reformasjonsjubileet 2017.1

Over heile den protestantiske verda har 2017 blitt markert som 500-årsjubileet for starten på reformasjonen. Særleg omfattande har feiringa naturleg nok vore i landet der det starta. I Tyskland var feiringa prega av at det var første reformasjonsjubileet på lang tid som ikkje skjer i ein krigssituasjon (400 år i 1917) eller i ein politisk delt nasjon (450 år i 1967). Fleire av dei viktigaste reformasjonsbyane låg under 450-års feiringa i det tidlegare DDR og var vanskeleg tilgjengelege. No er situasjonen annleis og har skapt grunnlag for ein omfattande Luther-turisme som også gjev jubileet eit større kommersielt potensiale. I Tyskland var 2017 klimaks i ein «Luther-dekade» der ein i ti år hadde feira ulike sider ved reformasjonen. Reformasjonsjubileet 2017 er eit eksempel på det kulturforskarar omtaler som den moderne jubileumsindustrien der staten, sivilsamfunnet og kommersielle aktørar investerer store ressursar i feiringar av fortida. Når dei gjer det må det vere ut frå ei vurdering av at dette er lønsame investeringar, enten utbyte blir målt i pengar, auka medlemstal, større samhald eller betre omdømme. I Tyskland blir det til dømes hevda at Den tyske evangeliske kyrkja si store satsing på jubileet var ein freistnad på å snu ein nedovergåande trend med dramatisk fall i kyrkjemedlemskap.2

Jubilering som minnepolitikk

Når feiring av fortida blir brukt til å fremje interesser og løyse problem i samtida, kallar vi dette minnepolitikk. I artikkelen skal vi sjå nærare på feiringa av reformasjonsjubileet 2017 frå eit minnepolitisk perspektiv. Korleis vart historia om reformasjonen gjenfortalt av ulike jubileumsaktørar og kva fortel desse ulike forteljingane om desse aktørane sine verdiar og interesser? Eg introduserer først nokre omgrep og teoriar i det minnepolitiske perspektivet. Deretter bruker eg dette perspektivet til å presentere nokre eksempel frå reformasjonsfeiringane i Skandinavia med hovudvekt på den norske nasjonale reformasjonsfeiringa i Bergen. Til slutt peiker eg på nokre problemstillingar for vidare forsking.

Den minnepolitiske bruken av fortida, det vil seie at vi hentar fram frå fortida det som passar oss i samtida, gjeld ikkje berre i jubileumstider. Vi er heile tida selektive i vårt forhold til fortida i det vi hugsar og det vi gløymer. Men jubileumstider er likevel spesielle fordi historiske jubile er kulturelle institusjonar som på ein særleg måte fokuserer på og minnest bestemte hendingar.3 Dette er hendingar som ein i ettertida har definert som skilsetjande, dei markerer viktige vendepunkt i historia som ein med jamne mellomrom (eitt år, ti år, hundre år) minnest på ein særskilt måte. Ut frå dette kan vi definere jubile som sykliske markeringar av skilsetjande hendingar.4 I eit minnepolitisk perspektiv blir det ikkje hendinga i seg sjølv, men ettertida si vurdering av kva som er ei skilsetjande hending som bestemmer om ei hending er verd å minnast og markere. Det tyder også at kva ein feirar og korleis ein feirar kan variere med tid og stad.

Jubileumsfeiringar er komplekse fenomen. Jubileet sine målsetningar skal omsetjast i konkrete tiltak og arrangement og det er vanskeleg å vite korleis desse blir mottekne av publikum. For å analysere eit jubileum er det derfor ønskjeleg å vite noko både om målsetning (intensjon) gjennomføring (produksjon) og mottaking (resepsjon).5 Feiring av eit historisk jubileum blir ofte omtalt som ei «forteljing» om fortidige hendingar, men det er viktig å presisere at forteljing her handlar om meir enn talar og tekster. Skal eit jubileum bli engasjerande og famne breitt, må det appellere til mange sansar for å skape minneverdige opplevingar. Det kan vere fruktbart å samanlikne ei jubileumsfeiring med iscenesetjing av eit teaterstykke og bruke eit dramaturgisk eller performativt perspektiv i analysen av jubileumsfeiringar.6 Korleis blei minne om ei historisk hending sett i scene gjennom val av tider, stader, aktørar, symbol osv.? Kva forhold hadde feiringsstadane og feiringstidspunkta til dei historiske hendingane under reformasjonen? Kva symbol blei brukte for å skape reformasjonsopplevingar i 2017?

Svensk «førpremiere»

I Sverige fekk reformasjonsmarkeringa ei stor «førpremiere» ved pave Frans si vitjing i Lund og Malmø 31.oktober 2016. Tidspunktet var ikkje tilfeldig valt fordi 31.oktober blir omtalt som «reformasjonsdagen», dagen då Luther, i følgje historia, offentleggjorde sine teser mot avlatshandelen. Paven deltok i ei økumenisk tv-sendt gudsteneste i Lund domkyrkje og seinare i eit stort publikumsarrangement i Malmø Arena. Dette blei den største mediahendinga i reformasjonsmarkeringa i Norden med over 500 akkrediterte journalistar.

Men det var Frans og ikkje Martin som stal showet. Lutherske biskopar og generalsekretærar hadde lite å stille opp mot paven som vart motteken som ei rockestjerne då han kom til Malmø Arena.

Valet av paven som æresgjest og hovudaktør i denne feiringa fortel mykje om dei økumeniske intensjonane bak 2017-jubileet: å bygge fellesskap mellom protestantiske og katolske kyrkjesamfunn.7 Dette blei iscenesett gjennom sjølve invitasjonen, liturgien i domkyrkja og gjennom signering av samarbeidserklæringar. Men vitjinga iscenesette også grensene for dette fellesskapet. Dagen etter forretta paven ei særskild katolsk nattverdsgudsteneste på ein stadion i Malmø og stadfesta med dette det som er offisiell katolsk teologi: at protestantar ikkje er velkomne til katolsk nattverdfeiring.8 Dei som hadde vona at 2017-feiringa skulle overskride dette skilje, vart vonbrotne både ved dette og seinare jubileumsarrangement.

Statleg dansk folkefest

I sjølve jubileumsåret var Danmark det skandinaviske landet som hadde den breiaste og mest omfattande reformasjonsfeiringa. Her utnemnde regjeringa ein komité på 12 medlemmer, inkludert eitt medlem frå Den danske folkekyrkja, som skulle ha ansvar for jubileet. Den statlege organiseringa og den breie samansetninga av komiteen avspegla at feiringa hadde eit nasjonalt sikte. Ho skulle ha som mål å fremje forståinga av reformasjonen si tyding for det danske samfunnet, den danske kyrkja og dansk identitet. Markeringa vart omfattande med store statleg sponsa nasjonale arrangement med offisiell deltaking frå kyrkje, regjering og kongehus, og meir enn tusen lokale arrangement. Reformasjonsdagen 31. oktober vart feira gjennom eit fjernsynsoverført minnemøte i Folketinget der både folketingspresidenten, statsministeren og dronninga talte. Dronning Margrete hadde elles ei sentral rolle i heile feiringa som jubileets «beskytter».

Dansk og norsk forhold til reformasjonen

Det historiske utgangspunktet for reformasjonsmarkeringa i Noreg var på fleire område likt det danske. Som i Danmark vart reformasjonen ei skilsetjande hending med ei statleggjering av det religiøse livet og etablering av ei luthersk majoritetskyrkje. Ei sak som kunne gjere feiringa i Norge 2017 særleg aktuell, var at den fall saman med den formelle avviklinga av statskyrkja, eit ektefødd barn av reformasjonen. Dermed kunne det ligge til rette for ei brei nasjonal minnemarkering av eit stort samfunnskifte i eit år som på ein særleg måte aktualiserte dette skiftet. Men slik gjekk det ikkje. Det vart ikkje teke noko statleg initiativ for markeringa av reformasjonsjubileet og ikkje oppretta nokon statleg komité som i Danmark. Markeringa vart overlate til Den norske kyrkja som oppretta ein kyrkjeleg komité for å koordinere planlegginga og gjennomføringa av jubileet.

Kvifor vart organiseringa av reformasjonsjubileet så forskjelleg i Danmark og Noreg? Ein hovudgrunn til skilnaden ligg truleg i den ulike plassen som reformasjonen har i dansk og norsk identitet. I Danmark inngår reformasjonen som ein positiv del av forteljinga om dansk nasjonsbygging ved at den gav nasjonen Bibelen på «modersmålet» og gjorde kyrkja meir dansk. Den danske sosiologen Margit Warburg meiner at det finst ei samansmelting av førestillingar om kyrkje og nasjon som ho kallar dansk civil religion og at reformasjonen inngår som ei positiv hending i denne civil religionen.9 Dessutan hadde Danmark i denne tida eit tett forhold til reformasjonen sitt kjerneområde gjennom familiære band i kongehuset og mange teologiske kontaktar.10 Mange danske studentar og teologar vitja Wittenberg og fungerte som pådrivarar for reformasjonshendingar i Danmark.

I Noreg har reformasjonen blitt oppfatta som ei endring påtvinga utanfrå gjennom danske aktørar, og som ein del av «fordanskinga» av nasjonen og eit åtak på norsk sjølvstende. «Den siste som hadde kjempet for norsk selstendighet, var ironisk nok den katolske biskopen i Nidaros, Olav Engelbrektson (1480–1538). For mange norske historikere er det derfor han som kommer nærmest til å fylle rollen som en norsk reformasjonshelt».11

Ein norsk reformasjonsby?

Den tradisjonelle norske opplevinga av reformasjonen verkar lite feiringsmotiverande og gjer det vanskeleg å vite korleis iscenesetjing av eit jubileum skal forankrast i stader, hendingar og historiske aktørar. Derfor var det ei krevjande oppgåve når Den norske kyrkja vart utfordra til å velje ein norsk reformasjonsby i eit nettverk av 68 europeiske reformasjonsbyar som skulle besøkast av ein utstillingsbuss. Dei viktigaste hendingane for innføringa av reformasjonen skjedde i Nidaros og Trondheim ville slik sett vere den naturlege byen. Men som vi har sett, handla historia her mest om kampen mot reformasjonen.

Valet fall i staden på Bergen som norsk reformasjonsby. Ut frå det vi har sagt om iscenesetjing av jubile, verkar det som eit krevjande prosjekt å lage reformasjonsfest i Bergen. For det første var byen sin plass i reformasjonshistoria lite dokumentert og kjent. Det var ingen dramatiske hendingar ein kunne fortelje om og ingen kjende «reformasjonsheltar». Tidspunktet i mars kunne heller ikkje spele på hendingar i reformasjonsåret, det var berre bestemt ut frå bussen si rute som uheldigvis fall saman med vinterferien i Bergen. I tillegg kunne også val av fest-sjangeren vere problematisk for reformasjonsjubileet 2017 som skulle vere sjølvkritisk og også få fram reformasjonen sine mørke sider.12

Når arrangørane i tillegg sa dei vil lage folkefest når utstillingsbussen kom til Bergen skapte dei også spesielle forventningar til det som skal skje. «Folkefest» er namnet på ein feiringssjanger som ofte blir brukt i samband med jubile og store idrettsarrangement.13 Det finst ingen offisiell definisjon på folkefest, men vanlege kjenneteikn er at arrangementet skal ha brei appell mot ulike målgrupper og ta i bruk ulike feiringsformer og sjangrar. Festen skal prege staden eller byrommet der den går føre seg og tiltrekke seg også dei som ikkje er spesielt interesserte i temaet for arrangementet slik at det å ha vore med blir eit mål i seg sjølv. Eit kjenneteikn for ein folkefest som verkeleg «tar av» er at folk sjølv lagar festar i festen.

Iscenesetjinga av reformasjonsfesten i Bergen

Når det gjeld sjølve iscenesetjinga (produksjonen) finn vi igjen mange av folkefesten sine kjenneteikn. Byrommet blir teken i bruk gjennom opninga på Torgallmenningen, screening av tesar på eit kyrkjetårn og byvandringar både for store og små. Det er også ei stor sjangerbreidde i arrangementa frå konsertar, gudstenester, konferansar og utstillingar til «salmesykling» og utradisjonelle tevlingar som kappleik i preiking. Sjølv om Bergen før jubileet mangla ein reformasjonshistorie blir denne skapt gjennom feiringa ved å vise kyrkja sin plass i byhistoria og peike på tidlege reformatoriske trekk i den religiøse kulturen i byen (som skikken med bordbøn). Arrangørane hevdar etter jubileet at «begrepet Reformasjonsbyen Bergen er etablert som merkevare både lokalt og nasjonalt».14 Dei kyrkjelege arrangørane klarte å mobilisere samarbeid med universitet, høgskolar, kunst- og kulturinstitusjonar og med kommunen. Feiringa fekk positive omtale frå dei tyske arrangørane bak utstillingsbussen. Og om feiringa mangla lokal forankring i heltar frå reformasjonstida, klarte ein til gjengjeld å mobilisere eit imponerande støttekorps av bergenske heltar frå samtida: artist og regissør Bjarte Hjelmeland, forfattar Gunnar Stålesen, preses i Den norske kyrkja Helga Byfuglien, ordførar Marte Mjøs Persen, reporter Gunnar Stålesen og sist, men ikkje minst, statsminister Erna Solberg. Statsministeren var svært aktiv på heimebanen som prosesjonsdeltakar, talar, paneldeltakar og tekstlesar. I pressa blei henna sterke kyrkjelege engasjement i 2017 omtalt som mogeleg minnepolitisk bruk av jubileet i valåret.15

Festpublikumet

Kva så med publikumsresponsen? Innfrir den krava til at dette kan kallast ein folkefest?

No finst det sjølvsagt ingen offisiell målestokk for dette, men ut frå det eg har sagt må vi forvente eit stort publikum og samansett publikum som omfattar fleire enn dei som vanlegvis er interessert i temaet for arrangementet. Arrangørane i Bergen har registrert 5 500 publikumsvitjingar, mange av arrangementa var godt besøkt og nokre utselde.16 Men vi veit ikkje kor mange personar desse besøka representerer, kor stor del dei utgjer av befolkninga i byen eller kven dei er. Er det dei som brukar å gå til kyrkje, eller famnar festen vidare? Dette er spørsmål vi ikkje har statistisk grunnlag for å svare på, men både ut frå det samla publikumstalet og observasjonar under arrangementet er det vel grunn til å tru at dette primært blei ein festival for kyrkjefolket og ikkje ein folkefest som mobiliserte bergensarar flest.

Sjølv om eg ikkje meiner at ei samanlikning med idrettsfolkefestar er rimeleg og rettferdig som målestokk, kan det vere interessant å sjå på oppslutninga om ein annan folkefest i Bergen same året: Sykkel-VM. Medan opninga av reformasjonsfesten samla 800 på Torgallmenningen, samla opninga av sykkel-VM same staden ti gonger så mange (8000), 200 000 var ute i byen ein av konkurransedagane og idrettsfesten prega byen.17 Festen tok av som eit karneval og blei identitetsskapande for Bergen som sykkelby. Men med i denne samanlikninga høyrer også spørsmålet om økonomi og ettermæle. Er ein villig til å bruke mykje pengar (til dømes til konsertar med dyre artistar) er det ikkje så vanskeleg å samle eit stort publikum til byfest. Medan den kyrkjelege reformasjonsfesten var basert på ei nøktern og realistisk budsjettering som ikkje gjekk ut over den daglege drifta etterpå, blei sykkel-VM ein økonomisk katastrofe med negative konsekvensar for sykkelsporten sitt ettermæle.18

Luther som «kyrkjeleg lim»

Reformasjonsfesten i Bergen var den første av tre nasjonale markeringar under jubileet. Markeringa av sjølve reformasjonsdagen 31. oktober skjedde gjennom ei fjernsynsoverført økumenisk gudsteneste i Nidarosdomen. Overføringa starta i beste sendetid klokka 19.30 ved at NRK forkorta Dagsrevyen. Med eit sjåartal på 321 000, kvar fjerde tv-sjåar den kvelden, blei dette den reformasjonsmarkeringa som nådde lengst ut. Langt mindre merksemd fekk den tredje nasjonale markeringa som var ein song- og salmekonsert i Oslo konserthus. I hovudstaden har reformasjonsjubileet vore lite synleg og dekninga i riksavisene har også vore minimal. Bortsett frå Klassekampen, er det stort sett berre den kristelege dagspressa (Vårt Land og Dagen) som har skreve om jubileet.

I tillegg til desse nasjonale arrangementa har det blitt gjennomført mange regionale og lokale feiringar som det sprenger ramma for denne artikkelen å gå nærare inn på: Alle norske kyrkjelydar vart oppfordra til å gjennomføre fire temagudstenester som på ulike måtar skulle aktualisere «nåde» som det overordna temaet for jubileet. Verksemda i Kyrkjeakademia vart prega av reformasjonstemaet dette året med over hundre arrangement. Den norske prestestanden er også blitt grundig Luther-oppdaterte ved at 920 prestar har delteke i eit omfattande studiearbeid om reformasjonen og Luthers skrifter.19

Dette siste er interessant ikkje berre vurdert som eit studie- og utdanningsprosjekt. I Noreg har «luthersk» fungert som eit teologisk garantistempel for ulike kristne kyrkjesamfunn og organisasjonar både innanfor konservative og meir liberale miljø. Ein grunn til dette er truleg at ein har hatt ulike Luther-versjonar å identifisere seg med. Den store oppslutninga om studiearbeidet kan tyde på at den mangfaldige Luther ikkje er utdatert, men kan brukast minnepolitisk som eit aktuelt samlingspunkt for samtale i ei folkekyrkje med store spenningar og konfliktar.

Frå Wittenberg 2017 til Stiklestad 2030

At feiringa av reformasjonen i 2017 vart gjennomført parallelt i mange land, gjev grunnlag for interessant komparativ forsking. Kva var likskapar og skilnader mellom markeringane i ulike land og kva fortel desse likskapane og skilnadane ut frå eit minnepolitisk perspektiv om religiøs og nasjonal identitet i dei ulike landa (slik eg har gitt døme på når det gjeld Danmark og Noreg)? Eit anna interessant forskingsfelt er samanlikning over tid med tidlegare feiringar der vi kan undersøke korleis nye målsetningar og tema har kome inn i feiringane (jamfør den økumeniske og sjølvkritiske profileringa av 2017-jubileet).20 Ei samanlikning over tid vil også vere interessant i forhold til eit komande nasjonalt kyrkjeleg jubileum i Noreg, feiringa på Stiklestad i 2030 som det allereie er lagt store planar for.21 Er dette ei feiring som høver betre med norsk identitet enn reformasjonsfeiringa og dermed vil få meir nasjonal støtte? Og korleis blir den minnepolitiske profileringa av 2030-feiringa samanlikna med tidlegare feiringar av denne hendinga, når den skal skje i eit Noreg med større kulturelt og religiøst mangfald?

Litteratur

Bach-Nielsen, C.: Fra jubelfest til kulturår. Danske reformationsfejringer gennom 400 år. Aarhus Universitetsforlag, Aarhus 2015.

Daltveit Slettebø, T. E.: In Memory of Centennial Commemoration in Eighteen Century Denmark Norway (1717–1760). Doktorgradsavhandling, Universitetet i Begen, 2016.

Fra konflikt til fellesskap. Felles luthersk-katolsk minnemarkering av reformasjonen, 2017. Rapport frå den luthersk-romersk-katolske kommisjon for kristen enhet. St. Olav Forlag, Oslo 2015.

Fulsås, N.: 1814 – historie og minnepolitikk. I O. Aagedal, O. , P. K. Botvar og Å. Brottveit (red.): Kunsten å jubilere. Grunnlovsfeiring og minnepolitikk, Pax Forlag, Oslo 2017, s.36–47.

Grung Moe R.S. og J. Z. Meyer (red.): Reformasjonsbyen Bergen. Nasjonal markering i 2017. Bjørgvin bispedømme, Bergen 2017.

Imsen, S.: Da reformasjonen kom til Norge. Cappelen Damm, Oslo 2016.

Joestel, V.: «Hier stehe ich!». Luthermythen und ihre Schauplatze. Kuturreisen 10: 2013. Verlag Janos Stekovics, Wettin-Löbejün 2013.

Kjølsvik, I. (red): Stiklestad mot 2030. Tekster frå nyere Olavsarv. Forlaget Helse – Frelse. Levanger 2014.

Lidaräng, I.: Ett jubileum i tiden. Birgittajubileet 2003 som historiebruk. Tema Kultur og samhälle. Skriftserie 2005: 1. Linköping Universitet. Norrköping 2005.

Lindekleiv, H. M.: «Reformasjonens trøblete sider slipper frem». Vårt Land, 15.januar 2018.

Rasmussen, T.: Hva er protestantisme, Universitetsforlaget, Oslo 2017.

Sonne, A. M. «Det store Luther-show». Information, 31.10.2017.

Stugu, O. S.: Historie i bruk. Samlaget, Oslo 2008.

Stugu, O. S.: Jubileum som minnepolitikk. I O. Aagedal, O. , P. K. Botvar og Å. Brottveit (red.): Kunsten å jubilere. Grunnlovsfeiring og minnepolitikk, Pax Forlag, Oslo 2017, s.25–35.

Aagedal, O. og Å. Brottveit : «Kunsten å jubilere». Nytt norsk tidsskrift. 23, 2006, s. 118–132.

Aagedal, O., A. Hompland og Å. Brottveit: «Folkefestens arkitektur». I D. V. Hanstad (red.): Ski-VM 2011. Planlegging og gjennomføring. Akilles, Oslo 2012.

Aagedal, O. , P. K. Botvar og Å. Brottveit (red.): Kunsten å jubilere. Grunnlovsfeiring og minnepolitikk, Pax Forlag, Oslo 2017.

Aagedal, O.: Jubileet staten ikkje ville feire. Kronikk Aftenposten 25.02.2018.