Livsfjern teologi? I Vårt Land i mai gjekk Åste Dokka hardt ut mot teologien i akademia. Ho kritiserte dei teologiske miljøa for å mangla kontakt med kyrkja og for ikkje å delta i den offentlege samtalen. Ho hevda at dagens teologar skriv for kvarandre og for publiseringspoeng, at teologien har vendt seg bort frå menneskelivet og inn mot akademia. Det var betre før, då teologar som Wingren, Bonhoeffer, Jervell og Lønning skreiv oppbyggelege bøker for folk flest.

Det tok ikkje lang tid før teologar tok til motmæle. Dei kjende seg ikkje att i denne karakteristikken. For deltok ikkje dei i den offentlege samtalen kanskje? Nokre sa til og med det motsette, at det no er meir teologi i det offentlege ordskiftet enn nokon gong før. Og at det er blitt meir mangfaldig. Fleire stemmer kjem til orde, ikkje minst kvinner.

Det kan vera på sin plass å kritisera tellekantsystemet i akademia som gjer at teologar må leggja større vekt på akademisk skriving enn på formidling til eit breiare publikum, fordi skrivinga skal vera meriterande. Det er det ikkje vanskeleg å vera samd med Dokka i. Men det er ikkje heile biletet.

I Kirke og Kultur har vi faglege artiklar både med og utan publiseringspoeng. Erfaringa vår er at teologar og andre fagfolk gjerne skriv artiklar og bøker som når lesarar også utanfor det akademiske miljøet. Formidling av fagkunnskap er eit mål, dei skriv ikkje berre for «sine eigne». Mange av dei bidrar dessutan i debattar i media, deltar i panelsamtalar og held foredrag i kyrkjer, bibliotek og kulturhus. Dei er kanskje ikkje så mange, men dei finst!

Teologi og teologisk forsking kan gi oss nye og forfriskande perspektiv – til dømes på velkjende bibeltekstar. I dette nummeret av Kirke og Kultur har vi tankevekkjande artiklar om bibeltolking og bibelomsetting. Marianne Bjelland Kartzow og Morten Beckmann sine artiklar handlar om kun to vers i Det nye testamentet! Lukas 1,38 og Romarane 1,4. Det kan kanskje verka smalt og litt «nerdete», men når problemstillingane kjem fram i lyset forstår vi kva som står på spel. Høyr berre: Når Maria, mor til Jesus, i følgje Lukas omtalar seg sjølv som «Herrens tenarinne», som er «slave» på gresk, er det berre ein metafor eller kan det ha noko men den sosiale røyndomen å gjera?

Morten Beckmann drøftar arbeidet med den siste bibelomsettinga – Bibel 2011 – og viser korleis bibelomsetting kan vera bestemmande for bibeltolking. Han nyttar Romarane 1,4 som døme, eit vers som er sentralt for det teologiske stridsspørsmålet: Har Jesus alltid vore Guds son eller blei han Guds son først ved oppstoda? Kva seier grunnteksten og kva seier Bibel 2011 om dette? Beckmann tar oss med inn i språkverkstaden og skildrar korleis prosessen med bibelomsetting kan gå føre seg.

I debatten om teologifaget i akademia deltar også Geir Hellemo. Men Kirke og Kultur innheld som alltid meir enn artiklar om teologi og forsking. Kjartan Leer-Salvesen har sett i gong ein viktig debatt om taushetsplikt i kyrkja. Tale Birkeland Hungnes skriv om menneskerettane sin plass i diakoni og bistand i det året menneskerettserklæringa fyller 70 år. Anna aktuelt stoff er ei oppsummering av reformasjonsjubileet og ein omtale av den siste boka til Terje Tvedt. Kirke og Kultur har også historisk stoff - om Hans Nielsen Hauge - og litterære bidrag: Eit intervju med Demian Vitanza som har skrive den kritikarroste romanen Dette livet eller det neste om framandkrigaren Tariq frå Halden – og eit nyskrive dikt av Nils-Øivind Haagensen om «desse kvinnene». Han skal få det siste ordet:

så lat teksten seie sitt sanneleg

lat alle menn dilte etter ein mann

men desse kvinnene veit betre

enn å redusere Gud til eit «han»