å, desse kvinnene

eg får ikkje nok

av desse kvinnene


ta Matteus frå meg

ta Markus

ta Johannes og Peter og Tomas

ta kvar einaste mann

frå Jerusalem

til Tel Dan


men ikkje

desse kvinnene


eg er ikkje sonen

eg er ikkje den heilage far

eg er søstera som ventar der borte

eg er mora som alltid står klar


eg er Salome

eg er Hanna

eg er Rut

eg er hoppe

eg er binne

eg er ku, ikkje stut


eg er vår mor i himmelen

eg er lat namnet hennar helgast

eg er frels oss frå det vonde

eg er makta og æra


men ikkje sonen

og ikkje faderen

det var ikkje slik eg kom til verda


så lat teksten seie sitt sanneleg

lat alle menn dilte etter ein mann

men desse kvinnene veit betre

enn å redusere Gud til eit «han»


å, desse kvinnene

* Nils-Øivind Haagensen urfremførte (desse kvinnene) i Mariakirkeruinen i Middelalderparken i Gamle Oslo på Påskeaften, i regi av Påske og pasjon.