«Oppdraget er utført» sto det i ein artikkel om Kirke og Kultur i Vårt Land i fjor sommar. Ein sikta til den rolla Kirke og Kultur har hatt som brubyggjar mellom kyrkja og kulturlivet heilt sidan det blei etablert i 1894. Det er ikkje lenger noka «uoverstigeleg kløft» mellom kyrkja og det almene kulturlivet, slik det til dømes var på 1950- og 1960-talet. I dag er kyrkjene i stor grad arena for ulike kunst- og kulturuttrykk. Men tyder det at «oppdraget er utført» og fullført? Er tilhøvet mellom kyrkje og kultur så harmonisk og ukomplisert at tidsskriftet ikkje lenger har noko å melda? Så langt derifrå! Tilhøvet mellom kyrkje og kultur – eller rettare sagt, kyrkja og kulturane, kyrkja og kunsten - må stadig reflekterast over og diskuterast på nytt.

Det er lenge sidan Den norske kyrkja ga Norske kirkeakademier oppgåva å utarbeida ei kulturmelding. «Kunsten å være kirke» kom i 2005. Mykje har endra seg på dei 13 åra som har gått sidan då. No skal Kyrkjemøtet oppdatera og vidareutvikla arbeidet som starta den gongen. Som eit innspel til refleksjonen, har ei gruppe av kyrkjefolk og kunstnarar etter initiativ frå KULT – Senter for kunst, kultur og kirke – utarbeidd 39 teser og gjennomført ein disputas1! Tesene blei slått opp på kyrkjedøra til Oslo domkirke den 6. mars i år, etter inspirasjon frå reformasjonsjubileet i fjor.

Kva står på spel mellom kunsten og kyrkja no? Er det slik at moderne kunst søkjer uro og det flyktige, medan den truande søkjer ro og det endegyldige? Er det slik at kunsten søkjer det fleirtydige og utfordrande, medan den truande søkjer det oppbyggjelege? Neppe. Gruppa bak tesene framhevar ambivalensen som noko som er felles for kunsten og kyrkja: «Menneskets erfaring med Gud har til alle tider vore motstridande. Kunsten kan hjelpa den truande til å stå i denne ambivalensen.»

Kva kjenneteiknar ambivalensen? Ei openheit for det uvisse, ei erkjenning av at vi ikkje veit, men at vi kan tru og gjera val. Vegane til erkjenning er mangfaldige. Vi er kroppar i tid og rom som sansar og fortolkar tilværet. Både kyrkja og teaterscena er rom for ei slik fortolking. Tesene på kyrkjedøra gir ikkje ferdige svar. Dei peiker på at kunsten kan vera med på å utfordra og fornya kyrkja sine bilete av Gud, menneska og verda. Eg ville lagt til: Kunsten gjev tone, farge, smak og nye ord til religiøs tru og praksis.

Eg les desse tesene først og fremst som ei oppmoding om å sleppa kunsten laus, ikkje som staffasje og pynt, men på sine eigne premissar – og med eigen verdi som erkjenningsveg og fortolkar av både livet og det guddommelege. Kunsten kan også fremja kritikk av kyrkja. Det gjer tesene også: «En kirke som ikke anstrenger seg for å inkludere den menneskelige skaperkraft i sin virksomhet, er en fattig, innelukket kirke.»

Dei 39 tesene seier ingenting om kunsten og kyrkja si rolle som korrektiv til samfunnet, og som utøvar av religions- og maktkritikk. Det er perspektiv eg saknar. Dei kunne også ha peikt på kunsten sitt potensial som brubyggjar mellom ulike religionar og kulturar. Er det noko som er nytt i forhold til kulturmeldinga frå 2005, er det nettopp dette.

I Kirke og Kultur tar vi gjerne oppmodinga frå dei friske tesene. Som ny redaktør er eg glad for å føra ein stolt tidsskriftvisjon vidare i ei ny tid. For oppdraget er ikkje fullført.

Kirke og Kultur vil halda fram med å synleggjera og utforska religionen si rolle i samfunnet. Ikkje berre kyrkja og kristendomen si rolle er aktuell, men også betydninga av andre religionar og livssyn.

Etter nesten 125 år som almenkulturelt tidsskrift vil Kirke og Kultur framleis halda liv i den gode samtalen – både på papir og på nett. Vi vil gi bakgrunnskunnskap som kan gi større forståing om samanhengar og historiske liner, og gi fleire perspektiv og nyansar enn det eit flyktig mediebilete kan. Vi vidarefører tradisjonen med ei brei orientering, ein tverrfagleg og kulturopen profil og høg kvalitet på bidraga. Vi skal også presentera ny forsking innan teologiske og religionsvitskaplege tema. Vi vil jakta på nye stemmer og gjerne sleppa yngre skribentar til. Litteratur og kultur, debatt om estetiske, etiske, religiøse, sosiale og politiske spørsmål skal ha plass i spaltene våre.

Tidsskrift er ingen lukrativ geskjeft. Det er eit arbeid prega av idealisme, frivillig innsats og dugnadsånd. Det er stor grunn til å takka tidlegare redaksjonar for det arbeidet dei har gjort i så mange år.

Vidareføring - og fornying: Alle mine forgjengarar i redaktørstolen var menn og skreiv bokmål. Redaksjonen er også ny: Vebjørn Horsfjord, Elisabeth Tveito Johnsen, Kjartan Leer-Salvesen, Gina Lende og Frøydis Indgjerdingen.

I dette første nummeret vårt av Kirke og Kultur 2018 presenterer vi ei vifte av interessante og velskrivne artiklar:

Ingvill Thorson Plesner drøftar moglege konsekvensar av ny lov om trus- og livssynspolitikk. Vil lova føra til større forskjellsbehandling av trus-og livssynssamfunn, stikk i strid med intensjonen?

Helge Årsheim har forska på protestantisme og protestantisering som prosess, og drøftar om og korleis denne har medverka til demokratisering, økonomisk utvikling og rettsleg orden. Er «det protestantiske» eit fruktbart omgrep?

Marta Norheim skriv om verkelegheitslitteraturen. Ho reiser problemstillinga: Er det eit stort problem at røyndomen blir tatt med inn i fiksjonen? Er det ikkje eit større problem at det vi kallar fakta ikkje er til å stola på, men meir og meir blir prega av fiksjonen?

Kyrkja i mellomalderen hadde eit uttalt syn på kva dyr ein kunne eta og ikkje eta, ikkje ulikt det vi i dag forbind med mat-tabu i andre religionar. Torgeir Landro utforskar mellomalderkyrkja sitt syn på husdyr.

Erik Hillestad bidrar med ei personleg tekst om eigne idol og om kvifor vi treng forbilder i vår tid.

Harald Olsen har i ei årrekke vore oppteken av pilegrimsmål og spiritualitet innanfor ulike religiøse tradisjonar. I artikkelen «Hellig sted» tar han for seg dei historiske røttene til valfartsmåla og drøftar kvifor heilage stader har betydning for religiøs tru og praksis også i moderne tid.

Halvor Moxnes har nyleg gitt ut boka Historia om Jesus. Dette er ikkje ei bok om den historiske Jesus, men om Jesus-resepsjonar og verknadshistorie innanfor både forsking og populærkultur. Artikkelen «Fra arisk til jødisk Jesus» omhandlar Jesustolkingar i nyare europeisk historie.

Historia om Aslak Bolts bibel frå mellomalderen vil nok vera ukjent for dei fleste. Det er ein praktbibel som blei gøymt i murveggen i Nidarosdomen og såleis berga frå reformasjonen. Han vart oppdaga mange år etterpå og er i dag oppbevart i det Deichmanske bibliotek i Oslo. Hans Johan Sagrusten gjenfortel historia med vekt på kva som skjedde då denne bibelen vart funnen og potetprestane og biskop Gunnerus i Trondheim spelte ei viktig rolle.

I høve redaksjonsskiftet har tidsskriftet også fått ein ny visuell profil. Vi vonar de likar det de ser og les. Velkomen til ein ny årgang med Kirke og Kultur!