Det framandfiendslege Boksaropprøret i Kina i 1900 kosta over to hundre vestlege misjonærar og fleire titusen kinesiske kristne livet, og vart sett på som det verste tilfellet av kristendomsforfølging i nyare tid. Men misjonsinteressa vart fornya og forsterka og misjonærane strøymde til Kina dei neste åra. Oppfatninga var at dei sjølvgode og hovmodige kinesarane var blitt grundig audmjuka. Dei imperialistiske overgrepa mot Kina som var ei viktig årsak til framandhatet, vart ein slags Guds reiskapar for å fremja hans kongedøme. Slik kan vi lesa mye av det som norske og vestlege misjonærar og misjonsleiarar skreiv om Kina, opprøret og misjonen på denne tida.
Tema for denne artikkelen er haldningar til misjon og imperialisme uttrykt i norske misjonstidskrift og norske aviser i tida rundt 1900 med utgangspunkt i Boksaropprøret i Kina. Det vil kome fram at synspunkt på misjon og imperialisme som kan verke sjokkerande og kanskje groteske på oss i dag, slett ikkje var eineståande for norsk protestantisk misjon. Innleiingsvis gir artikkelen historisk bakgrunnsstoff basert på historiske standardverk.