Når eg kom tilbake til Oslo som bymisjonsprest i fjor haust, møtte eg eit heilt anna gatebilete enn det eg drog bort frå, for seks år sidan. Kafeane og værestadane har no gjester frå alle delar av verda. Mange Rom frå Romania og Bulgaria, mange polske og spanske, albanske og etiopiske. Fleire kyrkjelydar engasjerer seg for flyktningar og tilreisande. Det er gledeleg og det er framtid. Og det er kristelig, det er å ta kristenkallet på alvor.