Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Gud gjer ikkje forskjell på folk - På veg mot ein vigselliturgi for likekjønna

Kari Veiteberg (f.1961) kari.veiteberg@bymisjon.no. Veiteberg er bymisjons-prest ved Bymisjonssenteret Tøyenkirken, Oslo. Dr. theol med Kunsten å framføre gudstenester. Dåp i Den norske kyrkja. Ho har publisert ei rekkje artiklar om liturgiske og teologiske emne. Frå 1999–2008 var ho medlem i Nemd for Gudstjenesteliv (NfG) i Den norske kyrkja og var Studierektor ved Liturgisk senter, Trondheim 2009–2012.

  • Side: 303-315
  • Publisert på Idunn: 2015-12-02
  • Publisert: 2015-12-02

Etter haustens kyrkjeval er det allereie klårt at eit fleirtal på Kyrkjemøtet vil gå inn for kyrkjeleg vigsel av menneske med same kjønn. På bakgrunn av erfaringar frå dei nordiske søsterkyrkjene kjem Kari Veiteberg med framlegg om korleis ein slik ny vigselliturgi bør sjå ut.

Spørsmålet om kyrkjeleg vigsel av likekjønna stod sentralt i kyrkjevalet i haust. Organisasjonen Åpen folkekirke gjekk i valkampen inn for ei slik ordning og argumenterte med at den gjeldande kyrkjelege praksisen gjer forskjell på folk og behandlar ekteskap som ifølgje lova er likestilte, på ulikt vis. Valresultatet tyder på at det blir eit fleirtal for kyrkjeleg vigsel av likekjønna på Kyrkjemøtet i 2016. Debatten på Kyrkjemøtet og framover vil derfor ikkje dreie seg om likekjønna par skal kunne gifte seg i kyrkja, men korleis og når dette kan skje. Spørsmåla om måten og tidspunktet for slike vigselhandlingar heng saman.

I 2009 vedtok Stortinget ei ny ekteskapslov der det heiter at «(t)o personer av motsatt eller samme kjønn kan inngå ekteskap» (§1).1 Lova presiser at prestar kan reservere seg ved kyrkjeleg vigsel: «En kirkelig vigsler kan også nekte å foreta vigsel dersom en av brudefolkene er skilt og den tidligere ektefellen lever, eller dersom brudefolkene er av samme kjønn» (§ 13). Lova innskjerper også at ei kyrkjeleg vigselshandling må gjere bruk av ei liturgisk ordning som er vedtatt på Kyrkjemøtet: «Et ekteskap er ugyldig dersom prest i Den norske kirke ikke har fulgt liturgi fastsatt av Kirkemøtet» (§16).

I september 2015 bad Bispemøtet Kyrkjerådet, som er sekretariatet for Kyrkjemøtet, om å leggje til rette for at spørsmålet om vigselliturgi for likekjønna blir ei eiga sak på Kyrkjemøtet i april neste år. Med fleirtal for eit vedtak om å utarbeide ein slik liturgi, vil dette kunne bli endelig vedtatt av Kyrkjemøtet i 2017 eller 2018. Etter mi meining er det liten grunn for at den kyrkjelege byråkratikverna skal kverne altfor langsamt i dette liturgiarbeidet. I denne artikkelen vil eg derfor med bakgrunn i erfaringar frå nordiske søsterkyrkjer, kome med nokre konkrete forslag om korleis ein slik vigselliturgi for likekjønna kan sjå ut. Det dreier seg i det følgjande altså ikkje om forbøn og velsigningsliturgi for allereie inngått ekteskap. Bispemøtet opna allereie i 2008 for at kyrkjerommet kan bli brukt til forbøn og velsigning av homofile par, vel å merke dersom handlingane ikkje har det vedtaket kallar «vigselslignende karakter».2

Ei eller to ordningar?

Eitt av dei grunnleggjande spørsmåla ein må ta stilling til i dette arbeidet, er om Den norske kyrkja skal tilby ei felles ordning for ekteskapsinngåing. Det gjeldande borgarlege ritualet er i dag felles og kjønnsnøytralt. Det er også forsøksordninga for kyrkjeleg vigsel i Svenska kyrkan og i den islandske folkekyrkja. Alternativet er å opere med ei ordning for kyrkjelege vigsel av likekjønna og ei anna for ulikekjønna par. Dette er i hovudsak ordninga i Folkekirken i Danmark. Eit spørsmål som heng nært saman med dette, er kor stor grad av valfridom ordninga skal ha: Skal det vere nokre obligatoriske bibeltekstar eller liturgiske formuleringar for alle kyrkjelege vigslar? Alternativet er at sjølve den borgarlege delen er felles og obligatorisk og det resterande kan utformast etter konteksten. Mellom desse to siste reindyrka alternativa, finst det ulike mellomstandpunkt som det vil vere bryet verd å undersøke nærmare. Fordi Den norske kyrkja er lovleg seint ute i arbeidet med å tilby kyrkjeleg vigsel for likekjønna, er vi no i den heldige situasjonen at vi kan hauste av erfaringane i våre søsterkyrkjer.

For min del trur eg at det mest rimelege vil vere å sikte seg inn mot ei felles ordning. Det vil understreke at ekteskapsinngåinga er likestilt og at det ikkje finst a- og b-ekteskap. Det nye fleirtalet i kyrkjemøtet vil truleg gå inn for ei slik felles ordning nettopp for å understreke at sidan Gud ikkje gjer forskjell på folk, bør ikkje kyrkja gjere det heller. I tillegg, og det er ein ekstra bonus, kan Den norske kyrkja få laga ei betre vigselordning som også vil vere betre for ulike par av ulikt kjønn. For mange ektepar og prestar har i praksis opplevd at den gjeldande ordninga har eit stort forbetringspotensiale. Storparten av dei para som giftar seg i Norge i dag har til felles at dei har ulikt kjønn. Men ellers er det store individuelle forskjellar mellom dei: Nokre par har ikkje budd saman, før mange par har allereie barn, enten felles eller kvar for seg, fleire par kan ikkje få barn eller har bestemt seg for å leve saman barnlause, mange har brotne parrelasjonar bak seg og ein aukande del av dei som giftar seg har ulik religion eller livsyn og også ulikt første-språk. I møte med ein slik mangfaldig røyndom er dei kyrkja si oppgåve å møte dei ulike para med respekt og audmjuke og å leggje til rette for at vigselshandlinga blir opplevd som meiningsfull og verdig nettopp for dette paret. Ein kyrkjeleg vigsel skal vere prega av høgtid og glede, tilby (sam)livstolking og også formidle evangeliet til dei som er til stades. Eg trur mange prestar gjer ein stor og viktig jobb med å leggje til rette for slike gode vigselshandlingar i møte med par i ulike livsituasjonar. Men fleire av oss opplever at nokre av dei obligatoriske bibellesingane og bøneformuleringane gjer ei slik kontekstuell tilpassing vanskeleg. Gir det til dømes meining for ektepar som vil kome til å bli verande barnlause å høyre bibeltekstar om å oppfylle jorda? Eit arbeid med å skape ei god liturgisk vigselordning for par av same kjønn, vil derfor kunne ha som bonus at ein sit igjen med betre vigselliturgi for alle.

Enkelt og greitt

Ekteskapet i vår lutherske tradisjon er ikkje noko sakrament. Det er ei god og tenleg ordning for menneskelivet si skuld. Ekteskapet som institusjon har endra seg opp igjennom historia. Kvinna er ikkje, som ho ofte blir omtalt som i Det gamle testamentet, mannens eigedom. Ein forventar ikkje lenger at kvinna skal underordne seg mannen. Ein kan og vere barnlaus, og framleis ha eit fullgodt ekteskap. Kyrkja vier både dei som ikkje får barn og dei som tidlegare har vore gift.

Den juridiske biten av vigsel for like og ulikekjønna er allereie på plass. Om vi brukar ordlyden frå vigselformularet til borgarleg vigsel,3 kan vi endre ordlyden i vår gjeldande ordning slik. I Allmenne føresegner:

Ekteskap vert inngått ved at kvinne og kvinne, mann og mann, eller kvinne og mann offentleg, i nærvere av vitne og for godkjend (borgarleg eller kyrkjeleg) styremakt, gjev løfte til kvarandre om at dei vil leva saman i ekteskap, og at dette vert sagt offentleg gyldig.

Når vi kjem til sjølve høgdepunktet kan det utformast slik:

For Gud vår Skapars åsyn og i nærvere av desse vitna spør eg deg: Vil du ha (det fulle namnet på mannen eller den eldste personen i det homofile paret eller i det lesbiske paret), som står ved sida di, til ektemake?

L: For Guds åsyn og i nærvere av desse vitna har de no lova kvarandre å leva saman i ekteskap, og gjeve kvarandre handa på det. Difor sannar eg at de er rette ektefolk.

Så enkelt er det. Tek vi bort formuleringa «for Gud vår Skapars åsyn», er dette ei juridisk handling, som altså prestar i Den norske kyrkja kan utføre. Men ein kyrkjeleg vigselliturgi er ikkje berre er ei juridisk handling. Det er ein liturgi med tekstlesing, forkynning, bøn og velsigning. I det følgjande kjem eg med forslag til ein god og tenleg vigselliturgi for alle.

Den noverande ordninga for vigsel og forbønn for borgarleg inngått ekteskap vart godkjend av Kyrkjemøtet i 2003. Før det var det ei endring i 1987 og før det heldt ein seg til Alterboka av 1920. Det blei et nytt ritual i 1889 som med små justeringar blei til Alterbok av 1920 som varte like frem til 1987.

Forskjellen mellom den gjeldande liturgien vår no, og den som blei vedteke i 1987 handlar mest om rekkjefølgja på ledda og moglegheit til deltaking og involvering av fleire enn prest og brudepar. I den gjeldande ordninga seier dei ja til einannan på slutten av handlinga, spenningskurva er stigande. Fleire opplevde at lufta i ballongen gjekk ut for tidleg i 1987-ordninga, som hadde ekteskapsinngåinga i starten, før prestens tale. I den gjeldande ordninga legg ein og til rette for at familie og vener kan delta i liturgien, og det er laga rom for symbolhandlingar, som veksling av ringar.

Erfaringar frå søsterkyrkjene

Den islandske søsterkyrkja var først ute med ei kyrkjeleg vigselordning for likekjønna. I liturgiarbeidet slo ho den svenske kyrkja på målstreken. I det siste har også den danske folkekyrkja opna for slik kyrkjeleg ekteskapsinngåing. Den evangelisk-lutherske kyrkja i Finland har ikkje kome med framlegg til vigselliturgi for likekjønna. I Tyskland har dei ulike delstatskyrkjene forskjellig praksis på dette området. I den evangeliske kyrkja i Hessen og Nassau er det det likestilt vigselspraksis mellom like- og ulikekjønna sidan 2013. Alt tyder på at ei liknande ordning vil bli vedtatt i den evangeliske kyrkja i Berlin-Brandenburg på vårsynoden i 2016.

Etter 1972 har svenske biskopar og kyrkjemøtet handsama saka om kyrkjeleg vigsel fleire gonger. Gjennombrotet kom i 2009. Etter at Riksdagen dette året vedtok ei kjønnsnøytral ekteskapslov, blei det frå og med den 1. november same år mogeleg å vie par av same kjønn i Svenska kyrkan. Det fins ei vigselsgudsteneste for likekjønna side om side med den gjeldande handboka 1986. Desse to ordningane gjeld til ein vedtar ny kyrkjehandbok i 2016. Men i forsøksordninga til den nye kyrkjehandboka frå 2012, som 500 kyrkjelydar no prøver ut, fins det ein, og berre ein, vigselliturgi.4 Der er ordninga nøytral med omsyn til like eller ulikekjønna par. Det er ei vigselgudstenestene som fungerer både for like og ulikekjønna par i alle aldrar. Om ein ikkje feirar gudstenester med 2012 forslaget, så gjeld den gjeldande ordninga frå 1986 for ulikekjønna, og tillegget frå 2009 for likekjønna. Ser vi på høyringssvara frå dei som har nytta 2012 ordninga, som er heilt integrert for alle par, er dei svært positive.5 Sannsynlegvis er det dette som blir den gjeldande ordninga i Svenska kyrkan og det er denne felles vigselliturgien eg referer til som den svenske modellen.

Andre trussamfunn i Sverige som i dag tilbyr vigsel av likekjønna er Stockholms Judiska församling, Liberala Katolska kyrkan, eit par forsamlingar i Svenska Missionskyrkan og to forsamlingar i Svenska Baptistsamfundet.

Neste land til å endre lovstiftinga i Norden var Island, der Alltinget den 27. juni 2010 vedtok ei kjønnsnøytral ekteskapslov. Den islandske, evangelisk-lutherske kyrkja, Þjóðkirkjan, godkjende allereie same dagen eit kyrkjeleg vigselritual for likekjønna. Teknisk sett er det i praksis to forskjellege vigselliturgiar i den islandske kyrkja, fordi som prest kan du velje om du vil bruke 1981 eller 2010 liturgien. Vigselliturgien frå 1981 er openbert ikkje er meint for nokon andre enn heterofile, men ritualet frå 2010 fungerer for alle kombinasjonar av ektefolk.6

Også Folkekirken i Danmark var tidleg ute med å tilby kyrkjeleg vigsel. Den 15. april 2010 arrangerte kyrkjeministeren eit møte med biskopane om korleis kyrkja kan imøtekomme ønskje om ei kyrkjeleg handling når to personar av same kjønn inngår partnarskap. Ein teologisk komité la i september same året fram rapporten, «Folkekirken og registreret partnerskab» som og inneheldt eit ritualforslag.7

Det var først ved regjeringsskiftet i 2011, at ein frå regjeringshald kom med framlegg om ei utviding av sjølve ekteskapsdefinisjonen. Folketinget vedtok 15. juni 2012 at homofile har rett til å gifte seg. Frå og med den dagen kunne likekjønna også vie seg i kyrkja, 8 av dei 11 danske biskopane stod samla bak vedtaket.

Folkekirken har i dag to ritual for vigsel. Dei har den tradisjonelle vigselliturgien for par av ulike kjønn og eit nytt ritual for vigsel mellom to kvinner eller to menn.8 I den nye liturgien er «ægtemand» og «ægtehustru» erstatta med «ægtefeller».

Førebels har ikkje biskopane opna opp for at heterofile kan bruke den nye liturgien. Oppbygginga er den same i dei to rituala, men språket i sjølve «tilspørgslen» av paret er kraftig redusert i det nye. Mellom anna er orda «i hvad lykke Gud den almægtige vil tilskikke jer» forsvunne ut av «tilspørgslen». I det gamle ritual heiter det: «Vil du elske og ære hende/ham og leve med hende i både medgang og modgang, i hvad lykke Gud den almægtige vil tilskikke jer, som en ægtemand bør leve med sin ægtehustru indtil døden skiller jer ad». Cand.theol. og ph.d Benedicte Hammer Præstholm, studielektor på Pastoralseminariet i Aarhus, fortel at både prestar og par av same kjønn undrar seg over at denne setninga har falle bort i det nye ritualet, og vil gjerne ha henne innført igjen.

Ein bør merke seg at ordet «ekteskap» faktisk ikkje er nemnt i ritualet for likekjønna. Grunnen er nok ein omtanke til mindretalet, dei tre biskopane som var motstandarar mot å utvide ekteskapsforståinga. Præstholm tolkar det i alle fall slik: «Det skyldes formodentligt, at de 3 af biskopperne ikke ønskede en udvidelse af ægteskabsdefinitionen – det er i alt fald min tolkning at den manglende brug af ordet ægteskab i ritualet skal ses som en form for hensyntagen til dem.»9

I det gamle ritualet heiter det: «Eftersom I forud har lovet hinanden at ville leve sammen i ægteskab og nu har bekræftet dette for Gud og for os, som er her til stede, og givet hinanden hånd derpå, forkynder jeg jer at være ægtefolk både for Gud og mennesker». I ritualet for likekjønna er «ekteskap» strøke ut: «I har allerede lovet hinanden at ville leve sammen, og nu har I bekræftet det for Gud og for os, som er her til stede, og har givet hinanden hånd derpå. Derfor forkynder jeg jer at være ægtefæller både for Gud og mennesker». «Tillkännagivandet» i den svenske forsøkssordninga lyder: «Ni har nu ingått äktenskap med varandra och bekräftat detta inför Gud.»

Samtidig med den nye ordninga, er altså den gamle ordninga for heterofile ektepar stadig gyldig og i bruk. Ein kan spørje med rettsteologen Kristine Garder: «(M)an har ønsket, at ritualet for homoseksuelle ikke kan besudle vielsesritualet for mand og kvinde. Men hvad gør man så, når heteroseksuelle gerne vil vies efter det nye ritual, fordi de frit kan vælge tekster, og hvad vil begrundelsen for et nej så være?»

Fleire danske prestar opplever no at også heterofile par ber om å bli via med den nye liturgien. Præstholm som også underviser prestar i Danmark på den obligatorisk etterutdanninga, melder om fleire som etterspør løyve til å bruke det nye ritualet også ved vigslar for par av ulikt kjønn, «idet der særligt blev refereret til netop bønnerne og til det frie tekstvalg. Det frie tekstvalg åbner for at teksterne kan vælges sammen med parret og det ser mange præster som en fordel.»10

Fleire av våre danske prestekollegaer meiner at det nye vigselritualet har betre språk og bøner, enn det dei finn i det eldre. Som denne samlingsbøna, klart inspirert av K. E Løgstrups mannakorn i Den etiske fordring: «Jeg holder et andet livs skæbne i mine hænder».

 

Præsten siger:

Lad os alle bede!

Kære Gud,

himmelske Far.

Vores liv er i din hånd. Du følger os gennem dage og nætter.

Vi takker dig for de mennesker, vi deler livet med.

For hvert kærligt blik, i hvis lys vi er modnet,

og for hvert møde, der har åbnet verden.

Vi beder dig,

udspænd din kærligheds himmel over os

og styrk os ved din nåde,

så vi aldrig tøver med

at lægge vores liv i hinandens hænder.

Amen

 

Eller denne avslutningsbøna:

Gud, du, som i dag har velsignet NN og NN.

Velsign os alle.

Åbn vores hjerter,

så vi kan hengive os uden frygt.

Lad dit lys omslutte os.

Lad din nåde løfte os

og lad os ikke gå alene.

 

Eller:

Vi takker dig for,

at vi nu har hørt NN og NN love hinanden

at ville følges gennem livet.

Lad deres løfte minde os om,

hvad vi skal gøre os umage med

i vores liv med hinanden.

 

Når vi no skal kome med framlegg til ein liturgi for alle, kva er det som strykast frå den gjeldande ordninga og kva er det som så å seie, står på spel? Det fins eit forslag tilgjengeleg frå eit ikkje – offisielt kyrkjelege organ: Norges Kristelege Studentforbund (NKS), stod som kyrkja på Island, rett etter vedtaket klar med eit ferdig utarbeidd forslag til ny, kjønnsnøytral vigselliturgi. Denne liturgien legg for dagen eit stort alvor. Komiteen bak vigselliturgien legg to premiss til grunn for kvifor liturgiforslaget deira føreligg: «Det må være en felles vigselsliturgi for samkjønnende og ikke-samkjønnede par, og ritualets ordlyd må anerkjenne ekteskapet som en del av del av en kjærlighetspraksis som inkluderer ikke-seksuell kjærlighet (vennskap) og ønske om rettferdighet og frigjøring for alle mennesker (solidaritetsengasjement).»11

Som Den norske kyrkjas gjeldande vigselliturgi for alle, ser eg for meg ei mindre ordrik ordning enn den som føreligg frå NKS. Nokre få ledd er obligatoriske og likelydande: Det gjeld spørsmåla, løfta og ordlyden for at ekteskapet har funne stad, og også Fadervår og velsigninga. Alt det andre, bibellesingar, bøneformuleringar og velkomstord kan ein ha ulike forslag til som presten i samarbeid med paret kan velje å gjere bruk av.

Orda frå Bibelen

Ein rimeleg konsekvens av at vigselliturgien no skal fungere uansett om ekteparet er av like- eller ulikekjønna, er at Matteus 19,4–6 fell bort som obligatorisk/fast ledd.

Slik står det i den gjeldande ordninga:

Guds ord vitnar om ekteskapet at det er heilagt og ukrenkjande. Det står skrive i Fyrste Mosebok: Gud skapte mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, til mann og kvinne skapte han dei. Gud velsigna dei og sa til dei: «De skal veksa og aukast, fylla jorda og leggja henne under dykk!» 1 Mos 1,27–28a Og vår Herre Jesus Kristus seier: Har de ikkje lese at Skaparen frå opphavet skapte dei til mann og kvinne og sa: «Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si og halda seg til kona si, og dei to skal vera eitt.» Så er dei ikkje lenger to; dei er eitt. Og det som Gud har bunde saman, det skal ikkje menneske skilja. Matt 19,4–6.

Her er 1.Mos 1,27–28 plassert ved sida av Matt 19,4–6 , og teksten er som ein portal, som «innstiftingsord». Det ser altså ut som nokre bibeltekstar er tenkt meir konstituerande for vigselliturgien enn andre. I vår lutherske kyrkje har vi to sakrament, ikkje sju. Det gir teologisk meining å tenkje innstiftingsord for nattverd og i heile den verdsvide kyrkja blir dei framført ved ei kvar nattverdshandling: «i den natta han vart sviken, tok han eit brød».

Den verdsvide kyrkja har ikkje likelydande tekstar når det gjeld dåp, men vår kyrkje les ved barnedåp om korleis Jesus tok imot borna og også misjonsbefalinga. Men når det er dåp av vaksne, les ein ikkje den første bibelteksten. Når ein grev fram slike tekstar til å konstituere eller innstifte handlinga, leitar ein etter ord og handlingar frå Jesu eigen munn. Det kan vere ein godt ting, om ein då ikkje tek orda ut frå samanhengen og vrir dei rundt. Det er ikkje alle ord frå Jesu munn om nattverd, dåp, vigsel og gravferd som høver like godt. Frå Jesu munn kjem «la dei døde gravlegge dei døde», og «han er ikkje død, han søv». Det seier sjølv at desse orda ikkje høver inn i gravferdsliturgien.

Når det gjeld vigsel, så høver det faktisk heller ikkje å bruke orda frå Jesu munn om ekteskap og skilsmisse. Likevel er det desse orda ordninga for vigsel brukar. Det verkar som om Kyrkjemøtet som vedtok denne ordninga i 2003 tenkte: «Det må då finnast innstiftingsord for ekteskapet og!» Og så landa ein på 1. Mosebok og Jesus i Matteusevangeliet som viser til 1. Mosebok i ein diskusjon med farisearane om skilmisse.

I dei lutherske kyrkjene som det er naturleg for Den norske kyrkja å jamføre seg med, finn ein ikkje denne bruken av tekstar, der nokre blir sett fram som grunnlag for sjølve ordninga, som portal eller som innstiftingsord. I ordninga frå gravferd les presten høvelege tekstar frå Bibelen om sorg og håp. Det same bør gjelde i ein vigselliturgi for alle, presten kan lese høvelege tekstar frå Bibelen om kjærleikens gåve og ansvar.

Eit utval av dei følgjande tekstane frå Bibelen vil vi finne i vigselliturgiane:

Frå Nytestamentet: Matt 5,1–16; 6,24–34; 19,4–6; Mark 12,28–34; Luk 6,32–38; 19,1–10; Joh 3,18–24; 10,14–15a; 15,9–17; Rom 12,9–13 (–18); 1.Kor 13, (4–7,13); Gal 3,27–28; 6,2–5; Ef 5,1–2; Fil 2,1–4; Kol 3,12–14; 1. Tess 5, 14–18; 1.Joh 4,2–17 (7–11).

Frå Det gamle testamente: 1.Mos 1;26–28; 1.Sam18,1–3;12b–17,41b–42, Høgs 8,6–7; Esek 36,26–28; Sal 8, 2–10; 32,6.10; 85,9–12; 100 (1b–5); 104, 24–33;108,1–5; Rut 1, 16–17.

Spørsmålet om fritak

Som mange har vore inne på, mellom anna talspersonar for Åpen folkekirke, er det rimeleg at prestar og andre kyrkjeleg tilsette må stå fritt til å reservere seg dersom det strir i mot deira teologiske overtyding å vie to av same kjønn. Dette er også gjeldande praksis i våre søsterkyrkjer. Prestar som seier at dei av teologiske grunnar ikkje vil utføre denne liturgien, slepp å gjere det. I det danske ritualet «Vielse af to af samme køn» er det berre ein fotnote. I noten står det: «Præster, der af teologiske grunde ikke ønsker at andvende dette ritual, er fritaget for at bruge det».12

Svenska kyrkan har vedtak både om vigselrett og retten til å manøvrere unna:

«En enskild präst har vigselrätt men inte vigselskyldighet. Det betyder att en vigselförrättare inom ett trossamfund inte är skyldig att ställa upp som vigselförrättare. Detta är reglerat i Äktenskapsbalken 4 kap, 3§ sista stycket.»

Og om «väjningsrätt»: «En präst kan avstå från att förrätta vigsel eller andra kyrkliga handlingar av olika skäl, tex samvetsbetänkligheter».13 Svenska kyrkan har kome fram til at det i praksis går det an å handtere ulike syn: «Kyrkomötet 2009 konstaterade att det går att hantera olika synsätt i vigselfrågorna utan vare sig absolut vigselplikt eller reglerade bestämmelser om väjningsrätt.»14

Prestar kan reservere seg og vise til dei kollegaene i soknet som vil utføre slike vigselshandlingar. Det siste er viktig. For også dei som ønsker vigsel har rett på å bli møtt med respekt same kor dei bur i landet. Ei formulering som liknar på den som blir brukt i dei svenske forskriftene vil kunne dekke begge desse omsyna, både at kyrkjelege tilsette kan reservere seg av teologiske grunnar og at alle kyrkjemedlemmer får tilgang til å gifte seg i kyrkja. Den svenske forskrifta «Om vigselskyldighet» lyd slik:

Svenska kyrkan har vigselskyldighet. Det betyder att den som tillhör Svenska kyrkan har rätt till vigsel i Svenska kyrkans ordning. Kyrkoherden har skyldighet att se till att en präst utför vigseln.15

Ein god og tenleg vigsel for alle

Som vigselskvinne og liturgisk tilretteleggjar ønskjer eg ein liturgi som tek høgde for paret er mangfaldig. Dei eldre liturgiane har hatt fokus på unge par, men i dag giftar folk seg i alle aldrar og då treng vi tekstar og bøner som speglar dette. Det gjer ein skilnad om det er første eller andre gong og om ein har felles barn eller barn kvar for seg. Det vil og vere stor variasjon i ønskje om medverknad: Kven les tekstane? Vil vener ta del i vigsla med songar og musikk? Skal barna gjere noko?

Kanskje er det eit ønskje om nattverd i vigselen eller dåp. Faste ledd:

  • Innleiingsord, 2–3 variantar

  • Skriftlesing og tale

  • Ekteskapsinngåing

  • Løfte og eventuell ringveksling

  • Forbøn, 2–3 variantar

  • Fadervår

  • Velsigning

 

  • Eventuelt: Vigsel med nattverd

  • Eventuelt: Vigsel og dåp

 

Ein liturgi må ha høve til valfridom og variantar slik at han kan tilpassast dei ulike situasjonane ein blir stilt overfor. Den danske Folkekirken kjem snart til å kunne gjere bruk av den nye liturgien også for par av ulikt kjøn. Eg meiner at Den norske kyrkja, som den svenske og islandske må utarbeide, ein (enkel) liturgi som kan bli brukt av alle, enten det no dreier seg om menneske med same eller ulikt kjøn. Det vi alle har til felles er at vi er ulike. Då kan vi etterkvart også lage nye tekstar som set ord på Den norske kyrkja si lære om ekteskapet i dag på eit forståeleg og poetisk språk. Slik som det heiter i ein folder om kyrkjeleg vigsel som blir delt ut i Lunds domkyrkje.

Att gifta sig är att säga ja till ett liv tillsammans. Vigseln har juridiska konsekvenser, men framför allt är den en gudomlig gåva. Den rymmer personliga löften, bön för de nygifta och Guds välsignelse. En dag för insidan med vackra yttre ramar.

Kvinnor som älskar kvinnor, män och kvinnor som älskar varandra, män som älskar varandra, alla par kan gifta sig i Lunds domkyrka. Svenska kyrkan viger sedan 2009 även samkönade par, något vi är stolta över. Svenska kyrkan vill stödja och välsigna trofasta relationer, både vad gäller par med samma kön och par med olika kön. Kärleken är till för alla!16

Kjelder

https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1991-07-04-47#KAPITTEL_1-1

http://www.domstol.no/no/Ekteskap-og-arv/Vigsel/

www. Svenskakyrkan.se/

www.folkekirken.dk /

http://kirkjan.is/

Vigsel, Oslo Verbum Forlag 2014

http://forbundet.no/

http://www.kristeligt-dagblad.dk/

http://www.km.dk/fileadmin/share/publikationer/betaenkninger/Rapport_om_folkekirken_og_registreret_partnerskab.pdf

http://lundsdomkyrka.se/livets-skeden/vigsel/nagonstans-bortom-universums-horisont/

epost 08.10.2015 frå Benedicte Hammer Præstholm

1https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1991-07-04-47#KAPITTEL_1-1
2vedtak i Bispemøtet 2008 (36/08)
3http://www.domstol.no/no/Ekteskap-og-arv/Vigsel/
4http://www.svenskakyrkan.se/troochandlighet/vigselgudstjanst-mellan-tva-kvinnor-eller-tva-man
5Sjå remissamanställing på www.svenskakyrkan.se/kyrkohandboken.
6http://kirkjan.is/handbok-presta/skraarsofn/handbok-presta/2011/05/Hjónavígsla.-Form-til-reynslu29.pdf
7http://www.km.dk/fileadmin/share/publikationer/betaenkninger/Rapport_om_folkekirken_og_registreret_partnerskab.pdf
8http://www.folkekirken.dk/_Resources/Persistent/f637b71ae77d81e1ac67c6451b96aa7d0e89c688/vielse-af-to-af-samme-k%C3%B8n2.pdf
9Epost 08.10.2015
10Same kjelde
11http://forbundet.no/files/2011/09/2009-02-Forbundet-med-ny-ekteskapsliturgi.pdf
12http://www.folkekirken.dk/_Resources/Persistent/f637b71ae77d81e1ac67c6451b96aa7d0e89c688/vielse-af-to-af-samme-k%C3%B8n2.pdf
13http://www.svenskakyrkan.se/default.aspx?id=647438
14Same side
15Same side
16«http://lundsdomkyrka.se/livets-skeden/vigsel/nagonstans-bortom-universums-horisont/

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon