I denne artikkelen skal eg sjå nærare på eit knippe lovtekstar som krev at rettssystemet tek stilling til kva som er religiøst, og kva som ikkje er det. Eg vil ta for meg korleis omgrep som religiøs ytringsfridom, trusvedkjenning og unntak for indre forhold i trussamfunn har blitt handsama i nokre aktuelle forarbeid, lovtekster og rettspraksis. Utgreiinga er skodd over ein kronologisk og tematisk lest, og går frå 1960-talet og fram til grunnlovsendringane i 2012.1