Nestekjærleik vart eit tydelegare tema i norsk forkynning i løpet av 1700-talet. Det påverka måten ein omtalte politisk makt på. Kongen sitt styrande virke vart omtala som miskunnsamt og kjærleg, men framleis fullstendig nødvendig. Samtidig kunne verdiane om brorskap innebera ei oppvurdering av samfunnet sin eigenverdi. Fellesskapet vart ei eining òg uavhengig av overhovudet, og folk kunne sjølv forma medverka til statleg utvikling.